Eldar Heide
Tru og meining i gammal tid
Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
43. Dødsrikefjell. Samisk saajve, norrønt Helgafell - og Siggjo, Lyderhorn, Hornelen og Romsdalshorn? 13.08.2023 1:11:38
Dei fleste kjenner Hel og Valhall som dødsrike i norrøn religion. I tillegg var det førestillingar om at slekta hadde eit felles dødsrikefjell i det lokale landskapet. Den tradisjonen ser det ut til at vi langt på veg delte med samane. Ein del slike fjell kan vi framleis peike ut på Island og langs den norske vestkysten, ikkje minst i samiske strøk. Den som døydde inn i eit slikt fjell, slo i ein...
42. Ragnarok-myten: Nordisk, kristen eller iransk-nordisk? Samtale med religionshistorikar Anders Hultgård 30.07.2023 1:00:48
I norrøn mytologi er endetidsmyten blant dei mektigaste. Gudar og jotnar barkar saman, sola sloknar, verda går opp i logar før jorda søkk i havet. Så stig ei ny jord opp og nokre av gudane kjem att til den nye verda. Mange meiner denne myten i stor grad kjem av kristen påverknad. Kva er grunnlaget for det synet, kva er motargumenta, og kva er alternativa? Den som har grave djupast i dette er den s...
41. Lågteknologisk navigasjon. Til Vinland og Miklagard utan kart og kompass. Samtale med seglar Lena Lisdotter Börjesson 16.07.2023 1:36:51
I vikingtida og mellomalderen segla forfedrane våre til Istanbul og Amerika – utan kart og kompass, for ikkje å snakke om GPS og kartplottar. Korleis fann dei fram, og kva slag modell av landskapet hadde dei i hovudet? Lena Lisdotter Börjesson har gjort mange praktiske forsøk som tyder på at med konsentrasjon og erfaring, så kan ein krysse Atlanteren med rimeleg presisjon utan noko slag navigasjon...
40. Stadnamna rundt oss – tidskapslar frå folk før oss. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft 02.07.2023 1:33:27
Namna på stadene rundt oss er tidskapslar som fortel kva folk la merke til og korleis dei tenkte for 200 eller 2000 år sidan. Og namna vi lagar i dag fortel mykje om vår tid og vår kultur. Episoden er ein presentasjon av kva (stad)namn er, grunnleggjande sett, og korleis dei oppstår, korleis dei kan gå tapt og kva namn som lever lengst. Utgangspunktet er namn som uttrykk for korleis mennesket tenk...
39. Jonsokbål og danseplassar – stader gjenbrukte sidan førhistorisk tid 21.06.2023 1:04:31
Jonsok / sankthans / midtsommar er ei stor feiring. Men kor gammal er ho, og kva var innhaldet i feiringa i gammal tid? Det får du høyre om her – og om at mange av stadene folk har feira jonsok på i moderne tid, ofte har minne om kult og folkeliv frå førkristen tid.
38. Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen. Samtale med Åslaug Ommundsen og Synnøve Midtbø Myking 04.06.2023 1:12:23
Nordmenn reiser mykje - i dag og i vikingtida. Men kva med den mørke mellomalderen? Då vart det vel slutt? Nei, Noreg heldt fram som dominerande skipsfartsnasjon i Nord-Europa, og kristendomen førde med seg stor internasjonal kontakt, m.a. gjennom ein skriftkultur som har gjeve oss dei viktigaste kjeldene til norrøn mytologi. Den skriftkulturen er dagens tema. Fleire stikkord: Tospråkleg skriftkul...
37. Kva var opphavet til Loke? Eit forslag 21.05.2023 1:00:47
Den seint nedskrivne tradisjonen om Loke kan sjå ut til å ha lite felles med Loke i dei norrøne mytane. Kan dei likevel ha samanheng? Ja, her får du eit forslag.
36. Det enorme gravfeltet: Hæreid i Hardanger. Samtale med arkeolog Anne Drageset 07.05.2023 1:11:07
Det suverent største gravfeltet på Vestlandet ligg i Eidfjord i Haranger. Kvifor akkurat der? Kva tykte folk var så spesielt med den staden? Svaret må liggja i landskap og geografi - resonnerer vi oss fram til, basert på landskapet rundt, ferdslevegane i området, landskapet ikring andre store gravfelt, opplysningar i dei norrøne tekstane, og samiske offerstader. - Innspela på Hæreid 22. april 2023...
35. Den seine tradisjonen om Loke - lite kjend, fascinerande og utfordrande 23.04.2023 1:08:30
Loke er blant gudane vi har flest opplysningar om i dei norrøne tekstane. Men i tillegg finst det ein omfattande, lite kjend tradisjon om han nedskriven etter mellomalderen. Den tradisjonen er dagens tema. Stoffet er komplekst og vanskeleg å få tak på – slik vi kunne vente, når det gjeld Loke. Då må det bli nokre metodevurderingar òg.
34. Korleis manipulere dvergar? Lynkurs ved filolog Ugnius Vizgirda Mikučionis 16.04.2023 44:06
I norrøn mytologi er det dvergane som lagar omtrent alle dei underfulle tinga, som bomeranghammaren til Tor og Skipet til Frøy som kan segle i lufta. Men dei vil ikkje selja noko, du må presse eller manipulere dei til å laga åt deg det du vil ha. Kvifor det? Og korleis kan du gjera det? Det får du svar på her.
33. Våpenet til Tor – blåseinstrument og vindkule? 09.04.2023 55:22
Alle veit at Tor hadde ein hammar som våpen. Ikkje like mange veit at det var stor variasjon i våpenet hans. Dagens tema er vindvariantar av våpenet. Det kan sjå ut til at Tor kunne sende ut eit vindprosjektil med å blåse i skjegget, som om han blés i eit blåseinstrument, og at han kunne laga lyn og torebrak på den måten. Det kan til og med sjå ut til at han sende ut hugen sin med den vinden. Epis...
32. Einar Selvik om gammal kultur, musikk og meining 02.04.2023 1:15:18
Einar Selvik gjer global suksess med bandet Wardruna. Kva går det musikalske prosjektet ut på, og kva meining finn han i det? Stikkord: Djup reserach, fossegrimen, folkemusikk, tidleg musikk, lyre, fidle, bronselur, bukkehorn, naturtoneskala, verdsmusikk, eigen sjanger, runer, suksess.
31. Kokegroper i arkeologi og filologi. Samtale med arkeolog Marie Ødegaard 26.03.2023 36:07
I kokegrop, norrønt seyðir, kan ein baka mat med glovarme steinar. Denne tillagingsmåten var i Noreg særleg brukt i romartida og folkevandringstida. På somme stader finst det store felt med kokegroper frå gammal tid. Dette er særleg tingstader, kultstader og andre samlingsstader, og ein teori er at kokegroper særleg vart brukte til rituelle måltid. I denne episoden ser vi på kva arkeologisk materi...
30. Samisk magisk fiske på 1100-talet 19.03.2023 35:44
Dreiv samane med trolldom? Tja, det meinte i alle fall nordmannen som skreiv den eldste Noregs-historia, på 1100-talet. Dagens episode er ein metodestudie, der vi ser på korleis folketradisjon nedskriven i moderne tid kan vera til hjelp i tolking av tekstar frå mellomalderen. Sentrale ingrediensar er tørrfisk, blodpølse og samisk trolldom. Andre stikkord: Seid / seiðr, gand, skrei / skreið, Histor...
29. Why are myths so weird? Interview with historian of religion Jan Kozák 12.03.2023 38:12
Many myths are weird, in Old Norse and other mythologies. Why is that? To answer that question, we first need to answer the question of what mythology is. Keywords: Old Norse mythology, theories about mythology, poetry, beyond the horizon, mead of poetry, Kvasir, creation of the world, Ymir, the binding of Fenrir, the unconscious, Jung. - Recorded in Prague 25. November 2022.
28. Fyrste sikre norske kultbygning. Samtale med arkeolog Søren Diinhoff 05.03.2023 45:19
Hadde folk i førkristen tid eigne kultbygningar, slik vi har kyrkjer frå kristen tid? Det har forskarane diskutert lenge, men no er saka avgjord. Det var eigne kultbygningar, og i Ørsta har ein gjort fyrste sikre funn av ein slik bygning i Noreg. I denne episoden snakkar vi med Søren Diinhoff frå UiB, som leidde utgravinga, om funnet, korleis han kan seia at det er ein kultbygning, tidlegare funn...
27. Heimdall, nordstjerna og verdspålen. Ein nygammal teori 26.02.2023 48:49
Heimdall blir gjerne rekna som den gåtefulle av dei norrøne gudane. Det er litt merkeleg, for vi har mange opplysningar om han. Men vi strevar med å få dei til å henge saman og gje meining. Her får du mitt forslag. Stikkord: Verdspålen, himmelkvelven, Nordstjerna, rammegud, opphavstid, endetid, grensegud, far til alle, samisk mytologi, Raedie, finsk mytologi, sibirsk mytologi, stålampe.
26. Fantasy-litteratur. Samtale med litteraturvetar Lykke Guanio-Uluru 19.02.2023 38:07
Fantasy-litteratur gjenbrukar urgamle mytar og eventyr. Kvifor det? Og korleis kan denne litteraturen vera så populær, når livet i dag er fundamentalt annleis enn i den tida mytane og eventyra vart til? Stikkord: Harry Potter, J. K. Rowling, Tolkien, Ringdrotten, ChatGPT, minnekultur, kollektive forteljingar, dikteprosess, resirkulering, arketypar, Jung, tidleg psykologi, Oskeladden.
25. Kosmosmodellar under stjernehimmelen 12.02.2023 47:25
Folk i gammal tid hadde ikkje folk fly og romskip. Men dei kunne observere at vi bur på ei jordskive som himmelen kvelver seg over, roterande rundt eit punkt, nemleg nordstjerna. Korleis tolka folk dette for å få samanheng og meining? I denne episoden går vi gjennom fire kosmosmodellar som folk i nordlege strøk laga seg med å tolke desse observasjonane i lys av ting dei kjende frå dagleglivet. S...
24. Herskarideologi. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist 05.02.2023 46:39
Mange forskarar meiner det var eit sakralt kongedøme i Norden i førkristen tid. Kongane stamma frå gudane, leidde den sentrale kulten og garanterte god avling og velstand i riket. Då var fallhøgda stor, og det ser ut til at kongane i ekstreme tilfelle kunne ofrast. Vi ser nærare bak kjeldene som fortel om dette og teoriane ein har brukt for å forstå dei. Fleire stikkord: Sakralt kongedøme, uår, a...
23. Tabuspråk 30.01.2023 50:39
Tabuord er ord vi helst ikkje skal bruke. I gammal tid kunne ein unngå slike ord for å halde seg inne med makter, eller for å unngå å påkalle makter, eller – for å finte ut makter. Vi har tabuord i dag òg, og nye oppstår, ofte av ideologiske grunnar. Mekanismane er til dels dei same no som før. Stikkord: Tabu, noa, godnemne, overtru, fiske, haill, banning, nestenbanning, norrøne tabu, ved Jupiter!...
22. Eddic poems performed as drama? Interview with Terry Gunnell 22.01.2023 39:11
The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But how were they performed? Were they just sung or recited, or could some of them have been performed as drama? Terry Gunnell believes the answer is "yes" and in this episode he tells us why. Gunnell is professor of folkloristics at the University of Iceland. - Recorded in Prague 25. November 2022.
21. Kropp og sjel i førkristen tid 15.01.2023 54:03
Frå kristen tradisjon kjenner vi todelinga i kropp og sjel, altså at mennesket består av ein materiell og ein ikkje-materiell del. Naturvitskapen seier at berre den materielle delen finst. Korleis tenkte folk seg dette i førkristen tid i Norden? Det snakkar vi om i denne episoden, med utgangspunkt i myten om Ask og Embla. Versjon 2, 16.01.2023
20. Oseberg- og Gokstad-gravene. Samtale med arkeolog Unn Pedersen 08.01.2023 34:49
Oseberg- og Gokstad-funna er mest kjende for dei godt bevarte skipa. Men det var òg eit fantastisk rikt gjenstandsinventar og i Oseberg dessutan eit biletteppe som truleg viser m.a. gravprosesjonen. Dermed gjev desse gravfunna eit einståande innblikk i liv og tanke på 800-talet. I denne episoden snakkar eg med arkeolog Unn Pedersen ved Universitetet i Oslo om dette. Kvifor la folk så m...
19. Loke og Oskeladden - tvillingar, men motsett vinkla 01.01.2023 39:57
Loke i norrøn mytologi og Oskeladden / Oskefisen i eventyra er svært like. Men historiene om dei har motsett synsvinkel, og derfor oppfattar vi dei to som svært ulike. Korleis heng dette henge saman? Kva funksjon har dei to i sine univers? Og kva er nøkkelen til suksessen deira?
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.