Eldar Heide
Tru og meining i gammal tid
Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
68. Lejre: Arkeologi og segnhistorie. Samtale med kulturformidlar Krister Vasshus 28.07.2024 1:43:34
Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfellet Lejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det noko med landskapet? Geografien? Finst det kansk...
67. Medtaking til fiske. Samtale med tradisjonsberar, folkeminnesamlar og namnegranskar Finn Myrvang 14.07.2024 52:11
Korleis fann folk fram dit fisken stod ute i sjøen før i tida? Og korleis fann dei tilbake til ein god fiskeplass? No har vi både ekkolodd og GPS, men før det? Jo, dei utforska landskapet på både land og sjø, og dei krysspeila mot punkt i landskapet. Rundt dette er det mykje artig tradisjon, både om stadnamn og fiskeplassar frå huldrefolket. Andre stikkord: Fiskelykke, fiskeplass, tabuspråk, hemme...
66. Voluspå. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker 30.06.2024 1:31:42
Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien, men berre Voluspå set opplysningane saman til ei kosmisk verdshistorie, frå skapinga av verda i grå fortid til undergangen langt der framme – og heilt til den nye verda atter stig av havet. I denne episoden gjev vi bakgrunn for diktet og går gjennom teksten nesten strof...
65. Solkult i Noreg? Samtale med lokal entusiast Torill Kobberstad Eide 16.06.2024 1:43:24
Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin heilt inn ein gang til botnen av gravkammeret. Har vi noko liknande hos oss? Ja, vi har norrøne mytar som...
64. Kvifor fascinerer historia? Intervju med journalist Øyvind Arntsen, ex "Museum" 02.06.2024 49:11
Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023
63. Plantar i gammalnordisk medisin, kult og myte. Samtale med arkeobotanikar Jens Heimdahl 19.05.2024 1:44:09
Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi frå plantar, både vi og husdyra våre. Men plantar har òg ei rolle i kult, medisin og myte. Korleis dette var i Norden i gammal tid, får du høyre litt om her. Stikkord: Lækjeurter, læknisgras, medisinplante, romarane, krydder, groblad, ryllik, kamille / kamomill, bulmeurt / villrot / bolmört, ølbrygging, pors, skvattram, humle, røsslyng / ljung, mjødurt,...
62. Språkmøte på vikingferder. Samtale med språkhistorikar Kristin Bech 05.05.2024 1:21:59
Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte? Andre stikkord: dǫnsk tunga, lingua franca, fransk, latin, frisisk; nordiske vikingtidslånord i engelsk, irsk, fransk og russi...
61. Samisk offertradisjon som framleis lever. Intervju med tradisjonsberar Tom Kappfjell 21.04.2024 2:00:57
Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og visse element i religionen har overlevd til i dag. Det er særleg offertradisjon. Den snakkar vi om i denne episoden, med ein som står i tradisjonen. Stikkord: Sørsamis religion, levande offertradisjon, landskap, offersteinar, heilage fjell, takkeoffer, samemisjonen, religionsfrido...
60. Var bygdeborgene kultanlegg? Intervju med arkeolog Jan-Henrik Fallgren 07.04.2024 1:21:33
Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred - så kunne dei forsvara seg der. Men kanskje var det snarare kultanlegg, samlingsstader for byda, litt som kyrkjene i seinare tid? Her får du høyre eit innlegg for det synet. Andre stikkord: Öland, Eketorp, Ismantorp, Skedemosse, Hjerteskeppet, Odensala prästgård, Torshälla, hillforts,...
59. Barneleik før og no. Samtale med kulturhistorikar Audun Kjus 24.03.2024 1:56:38
Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye generasjonar? Korleis oppstår leikar? Kor gamle er dei sentrale leikane våre? Kva skilnad er det på barne- og vaksenleik? Finst det leikforsking? Kva seier i så fall den? Og…korleis går det med tradisjonell leik i dag? Innspela på Bygdøy 6. mars 2024.
58. Lars Mytting om segner og mytar i Hekne-trilogien 10.03.2024 1:43:57
Hekne-trilogien om liv, kjærleik og tragedie i Gudbrandsdalen gjennom tre hundre år trollbind lesarane og er trykt i store opplag. Men kvifor valde Lars Mytting å bygge denne historia på segner og mytar? – Og kvifor skreiv han nokre av dei sjølv? Kvifor meiner han fortida er viktig? Romantiserer han fortida? Her får du nokre svar. Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, norn...
57. Draug, segling, bølgjer og mainnskit. Samtale med historikar Mariann Mathisen 25.02.2024 1:41:41
Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg uti sjøen når du er i fjæra ved naustet ditt. Skal du skremme han bort, så bruk mainnskit . Korleis har førestillingane om draugen oppstått? Kan det vera fysiske og sosiale fenomen på sjøen som ligg bak? Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess,...
56. Seiðr, spinning og ku-lokk 11.02.2024 1:26:34
Den viktigaste forma for trolldom i norrøn kultur var seid . Med den kunne ein dra til seg personar eller ressursar, ein kunne skaffe opplysningar, eller spå. Seid var helst for kvinner, og det var perverst på ein eller annan måte, særleg dersom menn dreiv med det. Men korleis ein gjorde det, det seier kjeldene ingen ting om. Då må vi gjera nokre uvanlege metodegrep. Andre stikkord: seidstav, rokk...
55. Estetikken i norrøn skaldedikting. Intervju med Bergsveinn Birgisson, norrønfilolog og forfattar 28.01.2024 1:31:17
Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøne skaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilideal som heng saman med ein minneteknikk vi kjenne...
54. Samisk religion. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen 22.01.2024 1:25:28
Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del måter, og var ulik på andre måtar, og vi kan sjå at det var kontakt mellom religionane. Kjeldesituasjonen er vanskeleg i begge tilfella, men på ulike måtar. Kanskje er det misvisande å snakke om samisk religion? Innspela i HVLs Medielab 16.11.2023.
53. Samlivsråd i vikingtida. Samtale med familiepsykolog Frode Thuen 29.12.2023 1:26:19
Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem – ut frå normene i dag, og normene den gongen? Kva var for resten normene den gongen, og korleis skilde dei seg frå dagens? Andre stikkord: Kjønnsroller, perversjon, utruskap, blodhemn, ære, status, fredløyse, snikmord, islendingsoger, kongesoger, Soga om laksdølane, Soga om Gisle Sursson,...
52. Ståle i Setesdal og Stállu hos samane – greiner av utgammal julebukktradisjon 18.12.2023 59:40
Over store delar av Nord-Europa har det vore tradisjon for at barn og unge særleg i romjula kler seg ut og går frå hus til hus og gjer spikk og vil ha julemat og drykk. Hos oss no kallar dei fleste dette for å gå julebukk. Men i tradisjonane blir eit slikt følgje òg kalla julesveinar , julegeit og mykje anna, og det er både eit overnaturleg følgje og eit følgje av menneske utkledde som det overnat...
51. Mosegrodde forteljingar i dag. Samtale med forteljar Heidi Dahlsveen 03.12.2023 1:32:33
Kan mosegrodde forteljingar som eventyr og segner ha nokon viktig plass i dagens samfunn? Ja, det er til og med viktig at dei har det. Men korleis kan dei ha det? Vi spør ein profesjonell forteljar. Andre stikkord: populærkultur, Hollywood, dataspel / dataspill / gaming, barnehage, barneskule, personleg utvikling, toleranse, kreativitet, fantasi, kunstig intelligens, Oskefisen / Oskeladden / Askel...
50. Indoeuropeisk religion. Intervju med religionshistorikar Peter Jackson Rova 19.11.2023 1:51:00
Dei fleste språk i Europa stammar frå eit indoeuropeisk urspråk som truleg vart snakka på steppene nord for Svartehavet 3-4 tusen før Kristus. Ganske mykje av det urspråket kan vi rekonstruere. Men kva kan vi rekonstruere av religionen eller ideologien til dei som snakka det språket? Andre stikkord: Vedisk religion, Rigveda, sanskrit, Homer, Illiaden, Odysseen, iransk religion, gammalgresk, Håvamå...
49. Kunne Danmark gjeninnført heidendomen i 1864? Samtale om åsatru, shinto og Japan 1868 med historikar Mark Teeuwen 05.11.2023 1:51:16
På 1800-talet var Japan gjennomgripande buddhistisk. Så vart nasjonen audmjuka av USA i 1868. Då bestemde japanarane seg for å gjeninnføre religionen dei hadde hatt før verdsreligionen kom, i eit patriotisk krafttak – og klarte det, på eit vis. I 1864 opplevde danskane ei liknande nasjonal audmjuking i krigen mot Preussen. Korleis ville Danmark og Norden vore i dag dersom danskane hadde gått same...
48. Førmoderne, folkeleg pedagogikk. Samtale med Jon Bojer Godal, nestor i tradisjonshandverk 22.10.2023 1:45:57
I dag er pedagogikk eit kjempestort fag med mange teoriar og retningar og tusenvis av fagstillingar verda over. Men opplæring og kunnskapsoverføring har folk drive med til alle tider. Korleis gjorde folk det på grasrota i førmoderne tid? Kva prinsipp følgde dei? Det skal vi prøve å seia litt om her, ut frå nokre eldgamle handverk som har ubroten tradisjon fram til vår tid. Sentralt stod eit prinsi...
47. Offersjø i jarnalderen og nøkk-tradisjon på 1800-talet - kan det ha samanheng? Samtale med arkeolog Torun Zachrisson 08.10.2023 1:31:45
Finst det tilfelle der folketradisjon frå moderne tid formidlar minne om offerstader i førkristen tid? Tja, det finst i alle fall tilfelle der det er rimeleg å tru. Dagens tema er ein innsjø i Uppland der tradisjon om nøkken frå 1800-talet høver slåande med ofring av dyr og menneske i jarnalderen. Andre stikkord: Bokaren i Uppland, Menneskeoffer, hesteoffer, folketradisjon, Långbacka-Jan, meisters...
46. Slavic religion. Interview with historian of religion Jiři Dynda 24.09.2023 1:23:17
Our knowledge of Slavic pre-Christian religion is quite limited. This episode gives an overview of what we think we do know – and how.
45. Kva historiesyn hadde Snorre? Samtale med historikar Sverre Bagge 10.09.2023 1:09:46
Skal du skrive lesverdig historie, så må du ha ein ide om kva historie er , som strukturerer dei lausrivne dataa du sit med, til meiningsfulle samanhengar. I vår tid kan ein meine at naturgrunnlaget set avgjerande rammer, eller at alt følgjer av økonomi og produksjonssystem, eller av ideologi, eller av viljen og evnene til enkeltpersonar. Kva var den strukturerande ideen til Snorre og dei andre me...
44. Menneskeofring. Samtale med religionshistorikar Klas Wikström af Edholm 27.08.2023 1:42:26
Var det menneskeofring i førkristen tid i Norden? Det har forskarane diskutert lenge, og mange har meint at det ikkje kan vera sant. Men i ei fersk doktoravhandling svarar religionshistorikaren Klas Wikström af Edholm "ja", basert på gransking av alt tilgjengeleg skriftleg og arkeologisk materiale, og han er det vi snakkar med her. Ei popularisert utgåve av avhandlinga, "Vikingatide...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.