Eldar Heide

Tru og meining i gammal tid

History NN ↓ 118 episodes

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining

Author

Eldar Heide

Category

History

Podcast website

eldar-heide.net

Latest episode

Jul 2, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

118. Knattleik – eit norrønt ballspel. Samtale med norrønfilolog Ugnius Vizgirda Mikucionis 02.07.2026

Det finst mange måtar å kaste bort livet på. Den eine er ballspel, og det hadde dei i Norden i mellomalderen, kalla knattleik . Kva slags spel var det? Kva var reglane? Kva slags bane, ball eller anna utstyr vart brukt? Vart det spela både sommar og vinter? Kva rolle hadde spelet i samfunnet? Kor mykje tid vart kasta bort? Og ikkje minst: Kor mange døydde?

117. Heiden og kristen etikk i den islandske fristaten. Samtale med norrønfilolog Jon Gunnar Jørgensen 18.06.2026

Korleis prøvde ein å førebygge og løyse konfliktar i vikingtida på Island? Det gjaldt eit sett av normer om personleg ære ogfamilieære, alliansar, lojalitet og krav om styrke og handlekraft. Det var ting, lov og rettssaker. Dette kunne fungere, og det kunne føre til tragedie. Med kristendomen kom ein æreskodeks med eit nytt etisk innhald. Her skal vi skissere det gamle systemet og brytinga mellom...

116. Thunder gods around the Baltic. A conversation with ethnolinguist Giuliano Gajetti 04.06.2026

In Northern Europe, traditions about Þórr, Ukko, Perkūnas, and other thunder gods lasted into modern times. The thunder god survived the shift to Christianity better than the other old gods. Why is that? What made the thunder god special? And which parts of these traditions survived? In today’s episode, we look at these questions in cultures around the Baltic Sea.

115. Gullgubbar – små og gåtefulle. Samtale med arkeolog Laurine Albris 21.05.2026

Gullgubbar er bittesmå flak av gull, med stempla bilete av personar og ofte gjenstandar. Dei er frå 5-, 6- og 700-talet, og vi har funne bortimot 4000 av dei, frå store delar av Skandinavia. Gullgubbane er blant dei mest gåtefulle funntypane i nordisk arkeologi. Kva viser motiva? Er det gudar eller menneske, kanskje juridiske avtalar? Kvifor finn vi dei ofte i samanheng med stolpehol? Kvifor er de...

114. Gammalegyptisk religion. Samtale med religionsvetar Pål Steiner 07.05.2026

Gammalegyptisk religion er blant dei eldste vi kjenner. Vi kan følgje han frå nesten 3000 før Kristus til rundt 500 etter. På den tida skjer det store endringar, og ein periode er det faktisk monoteisme. Sola er den viktigaste guden. Dette var før nokon hadde tenkt på coolcation . Men den livgjevande flaumen i Nilen var òg ein viktig guddom, og før verda var det eit urhav, som pyramidane stakk opp...

113. Ord og tanke i det førmoderne jordbruket. Samtale med agronom Arne Vassenden 23.04.2026

Som menneske er vi avhengige av å formidle til folk rundt oss kva vi driv med, kva vi har tenkt å gjera og korleis vi har tenkt det. Slik er det i moderne psykologi og IT, som har sin spesialiserte terminologi, og slik er det i tradisjonelt gardsarbeid. Det meste av terminologien der er ukjend for dei fleste i dag. Men ser vi nærare på han, så får vi gløtt inn i tankeverda til folk for lenge sidan...

112. Namngjeving hos inntrengarar. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft 02.04.2026

Kva gjer folk for å få namn på stadene når dei kjem til eit nytt land? Gjev dei nye namn? Har dei med namn heimanfrå? Låner dei namn frå folk som bur der frå før? Kva skjer i så fall med desse innlånte namna? Kan dei endrast mykje? Låner ein kanskje inn stadnamn med omsetjing frå det lokale språket? Kva er ulikt når landet er bygd frå før og når det er folketomt? Var desse prosessane like i viking...

111. Den tapte gullalderen. Fjellbygdene, jarnvinna og marknader i høgfjellet. Samtale med arkeolog Kjetil Loftsgarden 26.03.2026

Fjellbygdene i Sør-Noreg hadde ein gullalder fram til rundt 1300, der marknader i høgfjellet spela ei stor rolle. Kvifor var det slik, og kvifor tok det slutt? Kva var det slags gull dei hadde der oppe? Kor gjekk vegane opp dit, og mellom aust og vest? Kor høgt kunne folk møtast? Kva skjedde på marknadene, utover handel og slåsting? Og kva fortel folketradisjonane om den tapte gullalderen? Andre s...

110. Personnamn gjennom 2000 år. Samtale med forskar og kulturformidlar Krister Vasshus 12.03.2026

Korleis tenkte folk når dei gav namn til ungane sine i gammal tid? Var det annleis enn i dag? Meinte dei bokstavleg at Stein var ein stein, eller Bjørn ein bjørn? Kvifor heitte ingen Tor eller Frøya? Kan namna fortelja noko om kultur og tankegang den gongen Var det mote i namneskikken? Lånte folk namn frå andre språk? Var det tankar om sjelevandring i namnevalet? Var det kjælenamn? Og kvifor var t...

109. Baldermyten – sentral og tungforståeleg. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen 26.02.2026

Baldermyten er blant dei mest sentrale i norrøn mytologi. Balder er guden som døyr. Han gjer ikkje så mykje anna. Forskarane har tolka myten i mange retningar. Var Balder Kristus? Var han Odin? Var han sommarvegetasjonen som visnar om hausten? Handlar myten om hemn innan familien? Er det eit innviingsritual? Og kva er poenget med mistelteinen, som Balder blir drepen med? Når vi kjem over på spørsm...

108. Frøy – fruktbarheitsgud, vernande konge eller begge delar? Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist 12.02.2026

Frøy var ein av dei viktigaste gudane i norrøn mytologi. Han blir tradisjonelt tolka som ein nokså reindyrka fruktbarheitsgud, ein som sikra god avling og velstand i samfunnet, med sterk interesse for sengehygge. Nyare forsking peikar på at Frøy hadde fleire sider, der herskargjerninga står sentralt, med krig og vern av lov, rett og kosmisk ordning. Javel, men kva har dette å gjera med intim omgan...

107. Kva er poenget med namnegransking? Samtale med namnegranskar og språkhistorikar Kristin Bakken 29.01.2026

Kva er poenget med namnegransking? For å svara på det, må vi seia litt om kva namnegransking går ut på, men særleg må vi skissere korleis den og den namnegranskaren har jobba og tenkt – frå faget oppstod i andre halvdel av 1800-talet. Det blir ein del vitskapsteori, det blir ein del om haldninga til historiske disiplinar i humaniora i dag, og det blir ein del om stadnamn som kjelde til mentalitet...

106. Ganding i nordnorsk samtidskultur. Samtale med folklorist Stein Roar Mathisen 15.01.2026

I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange enno som kjenner ein tradisjon om ganding , eller å gande . Det er noko samane driv med, tenkjer ein seg. Dagens tradisjon er utvikla frå den norrøne som vi snakka om  i episode 80. Men i vår tid har han teke ei heilt anna vending, som vi kan følgje i media dei siste tiåra. Det dreiar seg om å kaste vondt over, å få att tjuvgods, om inngrupper og utgrupper, o...

105. Mote i gammal tid. Samtale med arkeolog Espen Kutschera og etnolog Lena Eikeland Kutschera 01.01.2026

Var det mote i steinalderen? Korleis skifta moten gjennom dei ulike periodane i gammal tid? Kva dreiv utviklinga gjennom dei tusenåra vi kan følgje? Var det berre eit spørsmål om betre idear og betre teknikkar? Eller kledde folk seg ufunksjonelt fordi dei meinte det såg stilig ut? – slik vi gjer i dag? Korleis fungerer klesdrakter frå førhistorisk tid for eit moderne menneske som prøver? Kva motiv...

104. Oskoreia, Odens jakt, Das wütende Heer – indoeuropeisk arv? Samtale med arkeologane Anders Kaliff og Terje Østigård 18.12.2025

I Nord-europa har vi eit vidt utbreidd kompleks av segner og skikkar runt jul og vinterstormar. I Noreg Oskoreia, juleskreia, julereia m.m., i Sverige særleg Odens jakt, i Danmark Odinsjegeren, på tyskspråkleg område Das wütende Heer eller Wode. Kva går desse tradisjonane ut på? Kan det vera slik at kjernen i dei er arv heilt frå det indoeuropeiske urfolket for 5000 år sidan? Innspela 25.11.2025

103. Runer del 2. Intervju med runolog Kristel Zilmer 04.12.2025

Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert runesystem? – eller at vi på Toten har ei lang vikingtidsinnskrift som fortel om krig i Ukraina? Her får du eit variert dryss av runeinnskrifter frå ein periode på 1500 år. Her kjem del 2. Tunestein...

102. Runer del 1. Intervju med runolog Kristel Zilmer 20.11.2025

Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert runesystem? – eller at vi på Toten har ei lang vikingtidsinnskrift som fortel om krig i Ukraina? Her får du eit variert dryss av runeinnskrifter frå ein periode på 1500 år.   Opptaket er delt i to....

101. Kjenningssystemet i skaldediktinga. Samtale med norrønfilolog Bianca Patria 06.11.2025

Skaldediktinga er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Sentralt i denne diktinga står eit svært omfattande system av omskrivingar, som vi kallar heite og kjenningar. Det er eit system av rebusar og kinesiske esker. Diktarane skaper heile tida nye former innanfor eit system av reglar. Det er ein leik med tradisjonen, basert på mytologisk kunnskap. Her prøver vi å forklare dette syst...

100. Forklaring før naturvitskap og psykologi 23.10.2025

I dag har fysikk, astronomi, geologi, medisin, psykologi og andre vitskapar gjeve oss enorm kunnskap om korleis verda og mennesket heng saman. Men trongen til å forstå og forklare, har vi alltid hatt. Kva slag forklaringar laga folk seg den tida kunnskapen mangla?   Andre stikkord: Jutulhogget, fjellskred, lyn og torebrak / torden, dogg, opphavet til verda, spraking i elden, epilepsi,schizofreni,...

99: Mote i døden. Gravtypar gjennom 10 000 år. Intervju med arkeolog Frans-Arne Stylegar 09.10.2025

Er det mote i døden? Ja, det ser sånn ut når vi følgjer gravskikken gjennom siste 10 000 år. Ein gravhaug er vel eingravhaug, og ei gravrøys er vel ei gravrøys? Nei, så enkelt er det nok ikkje. Kva ville du valt? -Med eller utan fotgrøft? Med bautastein? Kanskje stjerneforma steinlegging? På eit nes der alle som fór i båt kunne sjå deg? Eller på høgda ved tunet, der du kunne følgje med på tabbane...

98. Kva er eit vikingskip - eller ei stavkyrkje? Samtale med etnolog Terje Planke 25.09.2025

Kva er eit vikingskip, eller ei stavkyrkje? Det er kanskje ein kopi av eit skip frå vikingtida, eller ei kyrkje frå … stavtida. Nja. Når vi ser nærare på det, så er det komplisert på mange måtar. Det skal vi grava oss ned i her. Kor sanne er skipa som står oppstilte på Bygdøy? Kor lite kan du ha bevart for å kunne rekonstruere noko? Er det nok at skipet kan spela rolla som vikingskip? Velkomen til...

97. Mesopotamisk religion. Samtale med religionsvetar Laura Feldt 11.09.2025

Mesopotamisk religion er den eldste vi har fyldige kjelder til – det er i dagens Irak og tilgrensande strøk i vest. Kva slags religion hadde folk for så lenge sidan? Var det som kristendomen, eller meir som vår førkristne religion her i Norden? – eller til og med som i folketrua vår? Var det sterke gudinner eller dominerande mannsgudar? Var det gudar for naturfenomen, eller var det gudar for gatef...

96. Haugbu og haugbrot på Orknøyane. Samtale med filolog, arkeolog og formidlar Ragnhild Ljosland 28.08.2025

Orknøyane og Shetland var heilt norskspråklege i mellomalderen, som andre norske landsdelar. Språket måtte vike for engelsk på 1700-talet, men mange norrøne ord har overlevd i engelsken til moderne tid, og mykje norrøn folketru har overlevd – ofte knytt til norrøne nemningar. I denne episoden skal vi sjå på korleis tradisjonen om haugbuen og innbrot i gravhaugar har klart seg på Orknøyane. Dette v...

95. Ur-garden – fantasi eller røyndom? Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft 14.08.2025

Kor gamle er gardsnamna våre? Klarer vi å kople gamle gardsnamn saman med arkeologiske data om dyrking på staden? Tja. Ideen om urgarden som ein vedkubbe som vart kløyvd opp i mindre og mindre bruk, som vi kan sjå i namnematerialet – den har fått hard kritikk frå arkeologar, og er problematisk. Men kanskje kan vi berge ideen likevel, i ein kombinert modell. Urgarden er eit sentralt spørsmål både i...

94. Kva driv Eldar Heide? Sommarprat på hytta 31.07.2025

Kva rører seg i hovudet på han som står bak denne podkasten? Det dreiar seg om mykje rart, frå salsadansing til nordlandsbåt, via Odin, plantenamn og sans for praktisk arbeid. Og ein del tankar om forskingsmetode og korleis livet kan brukast. Gry klarte å lokke Eldar til å bli med på denne episoden, der han er gjest.

Listen to the Tru og meining i gammal tid podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.