Eldar Heide

Tru og meining i gammal tid

History NN ↓ 118 episodes

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining

Author

Eldar Heide

Category

History

Podcast website

eldar-heide.net

Latest episode

Jul 2, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

93. Landemerke og gøymestader langs leia, reflekterte i stadnamn 13.07.2025

Korleis har folk tenkt om orientering og landskap når dei har fare med båt langs kysten vår gjennom tusenvis av år? Alle gamlingane er døde, men mange stadnamn har overlevd sidan urgammal tid, og når vi ser dei i samanheng med landskapet, som framleis er det same, så kan vi seia ein heil del – om guddomleg nyttige landemerke, guddomleg gode hamner – og om hamner som folk har gøymt seg i. I Ytre Os...

92. Fallossteinar, brødkorger eller både – òg? Samtale med arkeolog Frans-Arne Stylegar 29.06.2025

Ifølgje vanleg oppfatning er fallossteinar ein funntype frå eldre jarnalder, som symboliserer potens, fordi dei er forma som erigerte ….. øh, … ja. I Sverige blir den same gjenstandstypen rekna som kuleforma og tolka som symbolske … brødkorger. Tolkingstradisjonen legg tydelegvis sterke føringar for kva ein ser i materialet. Går det an å koma lenger i forståinga av desse steinane, kanskje i lys av...

91. Den eldste lova. Intervju med rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde 15.06.2025

Kva slag prinsipp la dei vekta på, dei som utforma dei eldste lovene våre? Kva såg dei som det verste ein kunne gjera? Kva var ikkje så farleg? Kva stilling gav lovene kvinner? Kor tidleg juss har vi vitnemål om? Korleis oppstod lovene? Vart jussen mykje endra av kristninga? Dette, og meir til, får du høyre om i denne episoden.

90. Mytologiske stolpehol. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen 01.06.2025

Vi veit vel mykje om norrøn mytologi? Tja, kanskje er det heller slik at vi veit litt , om dei viktigaste figurane. I dag skal vi snakke om nokre vi berre ser avtrykk av i kjeldene, eit fotspor eller to. Vi ser holet, der det ein gong har stått eit mytekompleks. Dette frustrerer, men kanskje får det oss til å sjå klårare kva tolkingsarbeidet går ut på. Og det er faktisk spennande å grava fram dei...

89. Klangen i landskapet. Samtale med musikkarkeolog Gjermund Kolltveit 18.05.2025

I gammal tid var lyden i landskapet viktig. Folk utnytta lyden som berre var der, og dei utnytta landskapet til å skapa og forsterke lyd – for å kommunisere, og med rituelt føremål. Det kan dreie seg om plassering av hellemaleri og den slags, og om skikkar knytte til klangsteinar og dei underjordiske – heilt fram til vår tid. Kva inneber det at folk kalla ekko for dvergmål?

88. Norrøn mytologi juridisk forstått. Samtale med historikar Anne Irene Riisøy 04.05.2025

I vårt samfunn er det eit skarpt skil mellom religion og rettssystem. Men vi skal ikkje langt tilbake før vitne skulle sverja ved Bibelen. I førkristen tid var rettsstellet nært kopla til religionen. Lovene var gjevne av nornene, gudane søkte til tings når vanskar oppstod, og fredsavtalar kunne sverjast ved religiøse gjenstandar eller gudane, og dei juridiske leiarane var òg kultleiarar. Dette hen...

87. Håvamål. Samtale med norrønfilolog Mikael Males 20.04.2025

Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?

86. Tunkallar og huldrefolk i Nordhordland. Samtale med illustratør og landskapsforvaltar Kjersti Isdal 06.04.2025

Kva skapningar måtte folk tilpasse livet etter i det førmodernejordbrukssamfunnet? Her ser vi på dette i naturmytiske segner frå ein region på Vestlandet. Det blir tunkallar og huldrefolk, magisk felespel og feite huldrekyr, stålkasting, flatbrødbrenning, pining av spedbarn, sensur, huldreelsk, schizofreni og utruskap, jordmor hos dei underjordiske og tjørekrossar over døra. Men kva funksjon hadde...

85. Lynkurs i namnetolking. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft 23.03.2025

Korleis går du fram for å tolke stadnamn? Finst det ein metode? Ja. Er den handverk eller vitskap? Ja. Kanskje pseudovitskap? Nei. Men vanskeleg. Bli med på ein tur gjennom eit landskap fullt av snubletrådar.

84. Ty, solulvar og vårjamdøgn 09.03.2025

Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrfenomen på himmelen, stjernebiletet Ulvekjeften, og...

83. Orddanning gjennom 5000 år. Samtale med filolog Kristin Fridtun 23.02.2025

Korleis oppstår ord? Kva slag tankegang og tankeprosessar ligg bak? Her skal vi gå gjennom ein haug med døme frå dei siste 5000 åra, opp til dagen i dag. Eller, dagen i fjor. Mekanismane er ganske like dei vi såg i stadnamn i episode 40. Innspela på Ås 7.3.2024.

82. Horg i stadnamn, landskap og førkristen kult 09.02.2025

Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn og gardsnamn kringom i landet, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva det var for noko, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Eg gjev mi forklaring i ei vitskapleg bok som kjem ut no, og her får du høyre kva som står i den. Eg har undersøkt landskapet rundt alle stader som heiter noko med...

81. Fordelen med likbrenning. Samtale med arkeolog Terje Østigård 26.01.2025

Kvifor brende folk dei døde gjennom lange periodar av førhistoria? Kan vi forstå meir av det gjennom å studere likbrenning og tankegang rundt det i andre delar av verda i dag? Kva er mest respektfullt – å brenne liket, grava det ned, søkke det ned i vatn, eller leggja det ut til åtselfuglar? Opnar den eine eller andre måten for fleire rituelle og symbolske mulegheiter enn andre? Terje Østigård har...

80. Gand før ganding. Trolldom, sjelsførestillingar og primitiv dominans 12.01.2025

I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange i dag som kjenner ganding som ei form for trolldom, som særleg blir tilskriven samane. Å gande skal vera heilt abstrakt å kaste vondt over nokon. Då har det endra seg veldig frå gand i mellomalderen, som er dagens tema. Då var ein gand fyrst og fremst ein trolldomsutsending, gjerne i dyreham, som skaffa opplysningar eller slost med andre gandar. Men faktisk v...

79. Tidsrekning 2: Døgnet, livet, historia og terminologien. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus 29.12.2024

Korleis heldt folk styr på klokka før dei hadde klokke? Korleis såg arbeidsdagen ut? Når kom 24-delstimen? Kva rolle spela stjernehimmelen som klokke? Visste folk kor gamle dei var før det fanst prestar som skreiv det opp i kyrkjeboka? Kor langt historieperspektiv hadde folk? Kva er tanken bak dei ulike nemningane vi brukar i omtale av tida? Og – finst det heilt andre tidsoppfatningar enn vi har?

78. Tidsrekning 1: årsinndelinga og høgtidene. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus 15.12.2024

I dag har vi ei tidsrekning som er globalt synkronisert på hundredelssekundet, og vi meiner universet er 14 milliardar år gammalt. Men det finst naturfolk som ikkje har tidshorisont på meir enn nokre månader. Korleis var det her i Norden i førkristen tid? Kva slag tidsoppfatning hadde folk? Korleis delte dei inn året, og korleis heldt dei styr på høgtidene sine Dei tykte det nok det var ergerleg a...

77. Samiske trommer. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen 01.12.2024

I samisk kultur har dei rituelle trommene stått sentralt og hatt stor symbolverdi. Å få konfiskert eller uskadeleggjort dei vart ei hovudsak for misjonærane på 16-1700-talet, og i dag er det krav om å få tilbakeført gamle trommer til samiske miljø. Men korleis vart trommene brukte i den gamle kulturen? Kva rolle spela dei? Og kva opplysningar har vi eigentleg om desse tinga? – Innspela i HVLs Medi...

76. Oseberg-teppa: gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Samtale med arkeolog Marianne Vedeler 17.11.2024

Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det kan minne oss om at fortida er eit framandt land....

75. Skirnesmål: mytologisk kjærleiksdrama. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker 03.11.2024

I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går over til forbanning. Fyrst når han trugar henne med uuthaldeleg lyst som ikkje kan sløkkast, gjev ho seg....

74. Gamle vêrmerke – vås eller fornuft? Samtale med seglar Vegard Heide 20.10.2024

Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så er det massevis av gamle vêrmerke som er presise og nyttige den dag i dag. Faktisk kan vi, i gammal tr...

73. Bygdeborgene – mangetydige nøkkelanlegg. Samtale med arkeolog Ingrid Ystgaard 06.10.2024

Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen , Røverkollen eller Slottet ? Seier dette noko om funksjon i førhistorisk tid? Er eigentleg byg...

72. Gresk-romersk, norrøn og samisk religion i kontrast til kristendomen. Samtale med religionshistorikar Christian Hervik Bull 22.09.2024

Gresk-romersk, norrøn og samisk religion reknar vi som etniske religionar. Kva har dei felles? Og på kva måtar skil dei seg frå kristendomen, som erstatta dei? Avstanden er større enn ein skulle tru, på nær sagt alle område, for det dreiar seg om heilt ulike religionstypar.

71. Rusmiddel i gammal tid. Samtale med kulturformidlar Eirik Storesund 08.09.2024

Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel. Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honning, vin, bjor, alu, urnordiske runeinnskrifter, spy...

70. Sakrale stadnamn og religiøst landskap 25.08.2024

Mengdevis av stadnamn vi har rundt oss i dagleglivet vitnar om tru og kult i førkristen tid. Dei fortel om ei religiøs tolking av landskapet – det same landskapet som vi lever i i dag. Bli med på ei reise gjennom dette religiøse landskapet – eller gjennom litt av tankegangen som skapte det.

69. Nornene: Spennande på ein annan måte enn vi trudde. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen 11.08.2024

I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og framtid, og som spinn og vev lagnad / skjebne / öde for menneska. Det er i alle fall det vi har lært, det som står i bøkene og på nettet. Grunnlaget er for det synet er dessverre spinkelt når vi sjekkar mot kjeldene. Men nornene er spennande lell. Dei er klårt knytte til fødsel og fødsels...

Listen to the Tru og meining i gammal tid podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.