Avisa Hordaland
Historia om Bømoen
Bømoen-saka har herja vossebygda i over tolv år. Det starta då Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret og det private selskapet Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget. Sidan har framtida kring flyplass, luftsport, idrett og frilufsliv i det gamle millitærområdet stadig vore i det blå. Historien inneheld alt frå storslagne planar om tusen bustadar og næring, skjebnesvangre Facebook-likes og omstridde avtalar - til frustrerte grunneigarar, engasjerte innbyggjarar og splitta politikarar. Bømoen-saka har slett ikkje mangla dramatikk, nervar, vendingar, konflikt og steile fron...
Author
Avisa Hordaland
Category
Podcast website
Latest episode
Mar 6, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Episode 12 - «Tillit til det motsette er bevist» 06.03.2026 34:35
Ordføraren frå Sp og varaordføraren frå Ap jobbar tett saman i den vanskelegaste saka på Voss dei siste åra. Tonje Såkvitne og Benedicte Kragh kjem i studio og snakkar om dei krevjande møta, oreigning og moglege nye forhandlingar med grunneigaren på Bømoen. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 11 - Den omstridde frontfiguren 30.01.2026 17:03
Andreas Håland Hemli har som dagleg leiar i Voss fallskjermklubb stått ufiltrert i kampen for tilværet på Bømoen. Han og styret i klubben hevdar Bømoen AS boikottar han, og fortel om eit sjokkerande advokatmøte. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 10 - Anna rettar kraftig kritikk mot partiet 16.01.2026 48:51
Anna Lussand Selheim melde seg ut av Senterpartiet etter maratonhandsaminga av den minnelege Bømo-avtalen i desember. No går ho hardt ut mot partileiinga og tidlegare stortingsrepresentant Nils T. Bjørke si rolle bak kulissane. Bjørke og ordførar Tonje Ljones Såkvitne kjem også i studio for å svara kritikken i denne episoden. See omnystudio.com/l...
Episode 9 - Maratonmøte og vegen vidare 09.01.2026 45:36
Etter intense forhandlingar vart ein minneleg avtale mellom Voss herad og Bømoen AS lagt fram for politikarane rett før jol. Eit sju timar langt heradsstyremøte enda likevel med utsetjing av saka. Ordførar Tonje L. Såkvitne snakkar her om dramatikken i desember og vegen vidare. SV-politikar Margrethe Arm fortel kvifor dei raudgrøne "kameratane" er kritiske...
Episode 8 - Skjebnetid for fallskjermklubben 09.12.2025 37:55
Den største konflikten på Bømoen har utan tvil vore mellom grunneigar Bømoen AS og Noregs største idrettslag av sitt slag, nemleg Voss fallskjermklubb. Dagleg leiar Andreas Hemli Håland og styreleiar Per Magne Kristiansen fortel om den særs spente situasjonen dei står i om dagen. Har klubben ei framtid på Voss? See omnystudio.com/listener f...
Episode 7 - Frå moglegheitsstudie til 1000 bustadar 14.06.2025 16:16
Ein moglegheitsstudie frå 2011, som vart laga som eit samarbeid mellom Voss kommune og Forsvarsbygg, viste korleis Bømoen kunne utnyttast i framtida. Studien låg også til grunn for det kontroversielle og mykje omtalte planforslaget med 1000 bueiningar i Bømoen. Fleire har teke til ordet for at den 14 år gamle studien bør bli tillagt meir vekt i saka. Se...
Episode 6 - Ekstremsportveko og kampen for framtida 07.06.2025 42:07
Ekstremsportveko har halde pusten medan utsiktene for vidare drivstoffleveranse på Bømoen har vore i det blå. Denne veka vedtok politikarane endeleg ei mellombels løysing, som redda luftsport under årets festival. Dagleg leiar Tord Bakke Arvesen og hans forgjengar Kjetil Kriken tek turen i podkaststudio for å snakka om Ekstremsportveko si fortid, notid og fram...
Episode 5 - Den krevjande saka 30.05.2025 49:28
Langdryg, krevjande, konfliktfylt. Tre ord som på mange måtar kan oppsummera Bømosaka. I denne episoden fortel ei rekkje politikarar om korleis det har vore å forhalda seg til Bømoen som folkevald både før og no, refleksjonar kring deira eigne forhold til området og vegen vidare i saka. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 4 - Slaget i heradsstyresalen 22.05.2025 30:59
I juni 2024 kjem områdereguleringsplanen for Bømoen endeleg opp til politisk handsaming. Det vart dramatisk, særleg i formannskapet der handsaminga av Bømplanen inneheldt «alt». Her fortel sentrale, politiske aktørar om det som skjedde bak kulissane då området vart regulert. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 3 - Engasjement, aksjon og mobilisering 16.05.2025 29:29
Det store folkeengasjementet har verkelg prega Bømosaka, og særleg dei siste åra har vossingane mobilisert for det naturskjøne området. Det heile kulminerte i ein større aksjon utanfor Tinghusplassen då politikarane skulle behandla områdereguleringsplanen for Bømoen i juni 2024. Jan Fredrik Fleischer Tønjum og Benedicte Watvedt Skaug...
Episode 2 - Kvifor kjøpte ikkje kommunen Bømoen? 09.05.2025 21:06
Voss kommune fekk forkjøpsrett då Bømoen skulle seljast i 2012. Den valde politikarane å ikkje nytta seg av, og Voss var heller aldri med i bodruden då området vart seld seinare same år. Det har mange angra på sidan. Fleire av dei som var med i vossapolitikken den gongen opnar her opp om då Bømoen glapp for kommunen. See omnystudio.com...
Episode 1 - Dette er Bømosaka 30.04.2025 17:04
Bømoen-saka har prega Voss i lang tid. Heilt sidan Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret i 2012, og Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget, har framtida kring flyplass, beredskap. luftsport, idrett og friluftsliv i det gamle millitærområdet stadig verka å vera i det blå. I denne introduksjonsepisoden går H...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.