Eldar Heide

Tru og meining i gammal tid

History NN ↓ 118 episodes

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining

Author

Eldar Heide

Category

History

Podcast website

eldar-heide.net

Latest episode

Jul 2, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

18. Alvedronninga som reiste heim til jul 24.12.2022

Alvane er nemnde mange gonger i dei norrøne kjeldene, ofte i samanheng med æsene (gudane). Men vi får dårleg med opplysningar om dei. Derfor er det ekstra gledeleg å kunne argumentere for at ei alvesegn nedskriven på Island på 1840-talet ganske sikkert eksisterte på 1200-talet òg, og kanskje i førkristen tid. Segna fortel om ei alvedronning som måtte vera hos menneska, men fekk reise heim til sine...

17. På førjulsblot hos ny-heidningar 18.12.2022

Åsatru finst som levande religion i Noreg i dag. Trur dei då at det blir torevêr fordi ein kraftkar køyrer med bukkar over himmelen og slår med hammaren sin? Er det mogeleg å blåse liv i ein religion som har vore daud i 1000 år? Eller er det kanskje ikkje det dei prøver på? Slike spørsmål får du svar på i denne samtalen med høvdingen i Åsatrufellesskapet Bifrost, spela inn i samband med førjulsblo...

16. Ski og norrøn mytologi - Ull og Skade 11.12.2022

I norrøn mytologi er det to som er knytte til skigåing: guden Ull og jotunkvinna eller gudinna Skade. Kva er bakgrunnen for at akkurat dei to er knytte til skigåing? Det snakkar eg med ein skimakar om i denne episoden. Då blir det òg mykje om ski og skikultur generelt i gammal tid.  Stikkord: Ski og jakt, jotunkvinne, samlivsproblem, den mest gåtefulle guden, himmelgud, saueull, aking for lan...

15. Are the Eddic poems really pre-Christian? Interview with Haukur Þorgeirsson 04.12.2022

The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But they are only handed down to us in manuscripts from the 13th century or later, two centuries or more after the conversion. What makes us believe that they really are pre-Christian and not, in fact, composed in the High Middle Ages? The research into this has made substantial progress during the latest decades. Haukur Þorgeirsson at I...

14. Trekantdrama og trolldom i 1324 27.11.2022

To gamle dokument fortel om eit trekantdrama med trolldom og rettssak i Fusa ved Bergen i 1324. Kva opplysningar har vi, og korleis kan vi tolke dei? Stikkord: Forbanning, pakt med djevelen, åndeutsendingar, impotens; sverd, brød og erter i senga, fengselsstraff, tvungen pilgrimsreise. 

13. Kristninga. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist 20.11.2022

Når vart Norden kristna? Kva motiv hadde dei som fekk det til å skje? Kva strategiar brukte dei? Var det store regionale skilnader? Korleis såg prosessen ut frå heidendomens synsvinkel, og frå synsvinkelen til enkeltmenneska som stod midt oppi det?  Innspela 28.10.2022 i HVLs Medielab

12. Odin hengde seg i verdstreet, ofra til seg sjølv 13.11.2022

I fem strofer i Håvamål fortel Odin korleis han i urtida hengde seg sjølv i verdstreet og såra seg sjølv med spjut, som offer til seg sjølv. Der hong han i ni netter og fekk derfor løyndomsfull innsikt frå jotnane, gjennom runekunst og rusdrykk. Desse strofene er blant dei mest drøfta av alle tema i norrøn religion. Vi går detaljert gjennom dei, kommenterer plasseringa i Håvamål og nemner nokre må...

11. Segner.no - ressurs til tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar 06.11.2022

Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland har brukt tusenvis av timar på internettbasen segner.no sidan 1990-talet, med utgangspunkt i lærarutdanninga på Stord. Her fortel dei om tanken bak basen: å bygge ein ressurs for tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar. Dei gjev fyldige døme på bruk av materialet i praktiske undervisningsopplegg, ofte samarbeid mellom norsk, samfunnsfag og kroppsøving.&...

10. Ære og kjønnsroller - sex, blodhemn og mjølkestell 30.10.2022

Vi ser på æressystem i samband med kjønnsroller i vikingtidssamfunnet på Island slik vi møter det særleg i islendingsogene, med sideblikk til lovene vi kjenner frå høgmellomalderen. Stikkord: Analogi mellom stikket i senga og stikket på slagmarka. Menn i trong og nådelaus kjønnsrolle. Rett til å blodhemn for ymt om homofili. Mann og kone med felles ære. Underordna kvinner med stort armslag som «pi...

9. Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen 23.10.2022

I dag snakkar eg med Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland med utgangspunkt i internettbasen segner.no, som inneheld 2600 segner frå Vestlandsfylka, søkbare via tema, kart m.m. Bjørn og Nils Tore har bygd opp basen som ein ressurs for skular og barnehagar. Vi kjem inn på fossegrimen som lærde opp spelemenn og er med i fontena på Ole Bulls plass i Bergen; eit 2,5 liters drikkehorn stole frå dei...

8. Det mytologiske verdsbiletet – bunde til forteljingar 16.10.2022

Innføringsbøker om norrøn mytologi seier gjerne at ein tenkte seg verda som ei skive, med gudane og Åsgard i midten, så menneska og Midgard i ring rundt, så jotnane i Jotunheimane i ring utanom der, og  utanfor der att havet og Midgardsormen. Denne modellen er problematisk. Namnet Utgard er brukt berre éin gong, i ein underleg samanheng, og ser ein breiare i kjeldene, plasserer dei både jotna...

7. Ofringar i myrar og vatn. Samtale med arkeolog Julie Lund 09.10.2022

Kvifor la folk i vikingtida dei aller finaste smykka og våpna sine i myrar og vatn? Er gullskattar i myrar og vatn avgløymde «innskot» i gammal tids «bankar», eller er dei rituelle deponeringar? Er det så stor skilnad mellom offer- eller deponeringsskikkane i eldre og yngre jarnalder som ein har meint? Let folk seg manipulere til å leggja verdigjenstandar i myrar og vatn, eller var dette meiningsf...

6. Tor - macho, latterleggjort og tvitydig 02.10.2022

Tor ser ut til å ha vore den viktigaste guden i sluttfasen av heidendomen. Tor med hammaren, kraftkar og macho, det veit vi. Bondegud og trygg forsvarar av det etablerte samfunnet, guden som nær sagt åleine heldt jotnane i sjakk. Men så vart han latterleggjort? Hm. Og tvitydig? Altså meir komplisert enn vi oppfattar med det same? Ja, slik kan det sjå ut. - På slutten nærare om opphavet til Tor og...

5. Finnish-Karelian and Old Norse mythology. Interview with Joonas Ahola 25.09.2022

In this episode Joonas Ahola presents the central gods / heroes and ritual practices known from Finnish-Karelian mythology and popular traditions, and we discuss differences and similarities with Old Norse mythology. Joonas is a Finnish folklorist and Old Norse scholar at the University of Helsinki. Recorded in Helsinki 8 August 2022.

4. Vardøger - tanken din som varsel og drone 17.09.2022

Eg skisserer ein flik av komplekset ikring vardøger og hug. Det dreiar seg om at vi har ei følgjeånd attmed oss, som ein variant av oss sjølve, som vi ufrivillig sender i veg til andre når vi tenkjer på dei og som dei kan merke fysisk når det skjer. Dette kan fungere som varsel, og rituelle spesialistar kan sende denne følgjeånda i veg medvete, for å skaffe opplysningar eller ressursar.  Fram...

3. Var dei norrøne gudane på stjernehimmelen? Intervju med Gísli Sigurðsson 04.09.2022

Slår ein opp i innføringsbøker i norrøn mytologi, så står det lite eller ingen ting om at gudane eller mytologiske strukturar kan ha samanheng med stjernehimmelen. Dersom dette stemmer, så er det overraskande, for ser ein på etniske religionar kringom i verda, er normalen at himmel-lekamane har ei viktig rolle. I dette intervjuet fortel Gísli Sigurðsson ved det islandske Árni Magnússon-instituttet...

2. Kjernen i norrøn religion: Det finst ikkje gratis lunsj 04.09.2022

I denne episoden pratar Eldar med Gry om det som ser ut til å vera kjernetanken i norrøn religion, basert på forsking av Preben Meulengracht Sørensen, Gro Steinsland, Else Mundal, Margaret Clunies Ross og Jens Peter Schjødt frå 1970-talet til 1990-talet. 

1. Velkomen til Tru og meining i gammal tid! 04.09.2022

Vi presenterer oss og skisserer ideane bak podkasten og ein del om innhaldet.

Listen to the Tru og meining i gammal tid podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.