Gjengevoll Mangesysleri
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Author
Gjengevoll Mangesysleri
Category
Podcast website
Latest episode
Apr 1, 2024
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
40: Teknologioptimisme og effektivisering 26.04.2021 54:07
Denne veka tek vi for oss eit stort tema, nemleg korleis teknologioptimisme og fokus på effektivisering kan stå i konflikt til eit berekraftig matsystem. Er vi bakvendte fordi vi tykkjer beitedyr først og fremst bør eta gras? Var alt betre før? Eller er framtida mest mogleg effektiv (inne)produksjon av både dyr og grønt? Kva mister vi i så fall på vegen? Og kva er eigentleg effektivt? Vi sveiper i...
39: Lam! 19.04.2021 32:50
Endeleg har dei fyrste lamma kome til verda. Ragnhild og Fride var dei fyrste ut, og no går vi og ventar på resten. I tillegg til å fortelja om det, pratar vi litt om furtne grisungar, kastrering av gris og framskrittene vi har gjort i hagen dei siste dagane. Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mang...
38: Pludring galore 12.04.2021 51:33
Lamminga er like rundt hjørnet, og vi er peppa! I god pludrestil hoppar vi litt frå det eine til det andre i denne episoda, og sveiper innom ulike tema om kva som har skjedd på garden den siste tida, med eit par avsporingar til landbrukspolitikk, rekruttering, etymologi med meir. Takk til alle som har bidratt til nytt podcastutstyr ved å vippsa nokre kroner til Gjengevoll Mangesysleri (vippsnumme...
37: Himmel og helvete 05.04.2021 46:19
Livet på ein gard går ikkje alltid som planlagt. I dagens episode tek vi dykk gjennom opplevinga av å miste vårt fyrste friske dyr. Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no
36: Påskehelsing 29.03.2021 7:13
Vi tek oss påskeferie frå podkasten, men her er ein helsing med siste mini-nytt frå gården på vegen inn i påsken. Og tusen takk til alle som har vippsa oss pengar til podcastutstyr den siste veka! Kvart enkelt bidrag vert satt veldig pris på, og gjer vegen mot endå betre innahald med ny mikk og lydkort kortare. Om du vil senda oss ein slant, kan du vippsa det til Gjengevoll Mangesysleri, vippsnum...
35: Grisungar! 22.03.2021 38:19
Mesteparten av denne episoda vert via til vekas store hending. Vi har fått GRISUNGAR! Overraskings-grisungar intet mindre, for desse kom heilt bardus på både oss og verda. Vi pratar om oppdaginga, om korleis dei har klart seg dei fyrste dagane og om korleis det er å plutseleg vera ansvarleg for fem nye små vesen. Vi pratar også litt om solsikkespirer, eit nytt produkt vi no testar ut å dyrka og se...
34: Gerda og bjørkesevje 15.03.2021 34:42
Endeleg har Gerda komen til gards. Ho seier brom brom, er ein sekshjuling og skal hjelpa til med kvardagslogistikken på garden. No er også sevja så vidt byrja å stiga i bjørketrea, og vi pratar om planane våre for å sanka og selja både bjørkesevje og bjørkesirup dei næraste vekene. Sevje er det berre mogleg å få tak i nokre få veker i året, og det byr jo på sine eigne utfordringar når det kjem til...
33: Intervju med Mari og Kjetil 08.03.2021 1:02:21
Denne veka er forma på podcasten eit intervju kor du som lytter har fått stilla spørsmåla. Vi har vitjing av Harald Ottesen Nødtvedt som har er programvert for anledninga, og stiller spørsmål både dykk og han lurer på. Har du tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no
32: Oppgjørets time 01.03.2021 49:45
Vekas store hending er at dei to purkene våre er komne! Dei heiter Annabelle og Beatrix, og vi fortel om deira fyrste møte med sin nye heim. Utanom det pratar vi om pengar og økonomi i dagens episode. Kva seier hovudtala så langt? Klarer vi å få drifta til å gå rundt? Kva har vi tent mest på så langt, og går vi i pluss eller minus for 2020? Ikkje minst, kva for produksjonar er mest lønsomme? Vi pr...
31: Å stikka hovudet fram 22.02.2021 38:13
Å vera bedriftseigar inneber å selja ting, å vera synleg og å stikka hovudet fram frå tid til annan. Noko som kan vera skummelt for einkvar, særleg når ein vil gjera alle til lags. I denne episoda pratar vi litt om nettopp det - å tørra å meina ting, å gi inntrykk av at ein kan ting sjølv om ein kanskje ikkje føler det sjølv, dårleg sjølvtillit, impostor syndrome og det å skuffa folk. Har du spør...
30: Regenerativt landbruk 15.02.2021 47:40
Kva er regenerativt landbruk? Vi har prata litt om verdigrunnlaget og prinsippa for drifta vår i tidlegare episodar, men aldri heilt snakka om kva som bind det heile saman. I denne episoda går vi inn i kva vi meiner at regenerativt landbruk er for noko, korleis det stillar seg høve til andre landbruksbegrep, og ikkje minst kvifor vi er opptekne av å driva regenerativt på Gjengevoll Mangesysleri. H...
29: Pønkepurka Ramona 08.02.2021 43:33
I kjent stil pludrar vi oss gjennom fleire ulike tema denne veka, og streifer innom både stort og smått. Vi har drengen Erlend på besøk som skal hjelpa til på garden nokre veker. Marknadshagen må framleis venta på at frosten tiner. Vi har fått liv i snøscooteren, Mari har fått ein ny hobby, og ikkje minst: Kjetil har vore og hilst på den neste bebuaren som skal koma til Gjengevoll: Pønkepurka Ramo...
28: Roleg januar, kyllingar og smørkrise 01.02.2021 34:52
Vinteren er her framleis og snøen ligg som eit tjukt lag over Gjengevoll. Vi oppsummerer dei seinaste vekene og fortel om nokre av dei viktigaste hendingane som har skjedd på garden sidan sist. Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no
27: Marknadshage med Anna Karlsson 25.01.2021 54:47
Lurer du på kva ein marknadshage er og korleis ein kan koma i gong? I vekas pludrecast tek vi ein prat med Anna Karlsson. Ho er hovuddyrkar på det urbane andelslandbruket Fornebu Samdyrkelag og har mykje kunnskap om å få ting til å gro. Vi pratar om grønsaker og berekraftig matproduksjon, og Anna gjev mange gode og konkrete tips til kva ein bør tenkja på når ein skal starta å dyrka. Ikkje minst pr...
26: Våre planar for 2021 - del 2 18.01.2021 1:04:42
Vi fortset der vi slapp i førre episode og deler planane for året. Med marknadshage, lamming, grisar, bier, sundagskafé og meir til, får vi heilt sommerfuglar i magen av å tenkja på alt det kjekke vi skal gjera i 2021! Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no
25: Våre planar for 2021 - del 1 11.01.2021 55:59
2021 er i gong, og vi er gira på å setja i gong med nye og spanande prosjekt dette året! I denne episoda byrjar vi å prata om planane vi har, og vi har mykje å snakka om, så fortsetjing følgjer i neste veke :) Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no
24: Tilbakeblikk på året 28.12.2020 47:00
Passande nok er vi komen til episode nummer 24 når jula ringast inn. Vi pratar om korleis jula er og har vore. Elles tek vi ei lita oppsummering av året som har gått no når 2020 seg slutten med stormskritt. Kva har vi eigentleg gjort i laupet av året? Kva kjem vi til å hugsa aller best frå det merkelege og halsbrekkande 2020? Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar på: Facebook: Gjengevoll M...
23: Jul og drenering 21.12.2020 44:37
No har det endeleg byrja å koma julestemning på Gjengevoll! Vi har vaska og pynta, og ser målet om ein roleg juleferie koma stadig nærare. I denne episoda oppdaterer vi på kva vi har gjort i desember og korleis juleinnspurten med masse REKO-produksjon har vore. Vi pratar også om planene framover og kva vi ser for oss å bruka romjulen og byrjinga av 2021 til. Elles oppsummerer vi frå besøket vi had...
22: Bonden som bedriftseigar 14.12.2020 34:21
Kva inneber det å vera bonde og eiga eigen bedrift? Korleis skil bønder som oss seg frå andre næringar og forretningsverksemder? I denne vekas episode går vi kort inn på dei ulike rollene ein moderne bonde kan ha, og pratar litt om forretningsmodellen vi har valt. Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @manges...
21: Penger og sånn 07.12.2020 48:16
Vi har havna i julerushet - i år som produsentar! Julegåver, julemat og julepynt ser vi langt etter, men vi produserer spiselege julegåver Gjengevoll dag og natt. Vi pratar om korleis vi prioriterer tid, økonomi og energi, og snakkar litt om kva som eigentleg kan kallas å vera rasjonell bedriftsstyring. Og så tenner vi adventslys. Og! Vi har to store nyhende å dela på økonomifronten! Har du spørsm...
20: Siste reis for grisane 30.11.2020 48:17
Denne veka har vi tatt far vel med dei ti slaktegrisane våre. Korleis er det for nye bønder å senda dyr til slakt for fyrste gong? Det får du høyra alt om her. Gjer deg klar for ei kjensleladd episode. Du får også eit miniforedrag om forskjellen på gammalnorsk sau og gammalnorsk spælsau! Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesy...
19: Stammespråk i landbruket med Harald Ottesen Nødtvedt 23.11.2020 47:39
Denne veka har me hatt dreng på garden! Harald har hjelpt oss heile veka og bidrege med godt humør og muskelkraft, og vi snakkar om korleis veka har vore for byguten som har prøvd seg på det landlege livet. I tillegg pratar vi om stammespråk og forkortinger i landbruket. Det er nemleg ei lang liste med ord og uttrykk i denne næringa som ikkje er heilt intuitive å skjøna. Vi gjev difor ein A-B-C i...
18: Gbnr 29/2 - dønn konkret 16.11.2020 37:46
Vi oppdaterer på grisane (dei har vorte flytta ein siste gong før dei snart skal til slakteriet), vi gler oss til å få besøk av Norsk Landbruksrådgjeving, og elles går mesteparten av episoda med til å gå i djupna på korleis eigedomen vår er bygd opp. Du kan fylgja med på kartet (Nibio sitt gardskart) medan vi pratar om dei ulike markslaga og kva vi planlegg å bruka dei ulike områda til. Litt areal...
17: Frå gruff til gira 09.11.2020 39:24
Det er regn, det er mørketid, og denne veka har vi hatt ei ublid vitjing i fjøset som vart skjebnesvanger for fleire av kyllingane våre. Alt i alt eit godt utgangspunkt for å gørra litt. Men så er det rart med det, etter litt pludring vert verda på magisk vis betre. <3 Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til episoda? Ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram:...
16: OST! <3 <3 02.11.2020 50:02
Denne veka handlar det meste om ost og ysting. Mari har nemleg vore på ystekurs i Aurland og er heiltent! Vi pratar om dei gamle, norske ystetradisjonane, om setring og budeier, om ystekultur som har vorte gløymd, om industrien som tok over, og om den nye generasjonen ystare som no hentar fram den gamle kunnskapen. Vi pratar om pasteurisering, om mjølka som råvare, om bakteriar, handverksstoltheit...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.