Gjengevoll Mangesysleri

Gjengevoll Pludrecast

Business NO ↓ 140 episodes

Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.

Author

Gjengevoll Mangesysleri

Category

Business

Latest episode

Apr 1, 2024

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

140: Påske 🐣 01.04.2024

Hei vår og hei april! Vi har hatt ei god og innhaldsrik påske kor vi har kome nokre dugelere skritt vidare til å verta klare til sesongen.  Om tre veker startar lamminga, og målet er å få gjort så mykje som mogleg av det som hastar mest før den tid kjem. Det er ei kamp mot klokka å få hagen klar og logistikken på plass før alle plantene skal ut og alt allereie er overgrodd.  Nytt i år er at vi opp...

139: Mykje nytt og spanande 11.03.2024

No har vi mykje nytt å melda! Kjetil har fått seg ny jobb (!), og det har på ein måte Mari óg (i meir enn ein betydning). Vil du vita meir, må du lytta til episoda :) Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne po...

138: Korleis arrangera dugnadar? 12.02.2024

Dagane vert stadig lysare og våren kjem stadig nærmare. Det er godt å kjenna at den mørkaste vinteren er bak oss og at vi har ei lang periode med lys og varme foran oss der naturen kjem til live igjen. I denne episoda snakkar vi om våre erfaringer med å arrangera dugnad på garden, og deler eit par tips til ting å tenkja på viss du skal gjera det same. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på...

137: Tente vi penger i 2023? 29.01.2024

Årets mest ettertrakta (?) episode! I denne episoda gjev vi deg alle dei saftige detaljane om økonomien i drifta vår og fasiten for året som har gått. Kva gjekk i pluss? Kva gjekk i minus? Kva for salskanaler har funka best? Kva for produkt har vi selt mest av? Kva for nokre erfaringer har vi gjort oss og korleis vil vi gå vidare med bakgrunn i lærdomane vi har gjort? Fest setebeltet og gjer deg k...

136: Hei 2024! 08.01.2024

Vi har starta på eit nytt år, og med det er det på tide å venda om eit nytt blad i boka om livet på Gjengevoll. Vi har lagt jul og nyttår bak oss, og står i skjæringspunktet mellom å evaluera og reflektera over 2023, og leggja planar for året vi har foran oss. Ei spanande nyheit er at vi køyrer digitalt mangesyslarkurs denne seinvinteren, og at påmeldinga har opna no! Kurset har oppstart 5. februa...

135: Jul og takksemd 18.12.2023

Jula og solsnu nærmer seg med stormskritt, og vi er to slitne bønder som byrjar å sjå lyset i enden av tunnellen. Det har vore ein travel haust og ein røff desember, og vi har fokus på å stå løpet ut fram til julefreden tek oss. I denne episoda prøver vi å muntra oss sjølv opp med å tenkja på kva vi er takknemleg for no når vi står midt i julestria. Vi takkar alle våre lyttarar for å ha holdt følg...

134: Lefser og landbrukspolitikk 27.11.2023

Vi speler inn denne episoda etter dagens lefsebakst. No er det snart desember og julemusikken har fått lov til å entra produksjonslokalet medan vi står og baker. Mari bruker lefsebaksten til å reflektera over livet som bonde og som mangesyslar. I jakta på lønsemd og draumen om å skapa sin eigen jobb, kan det vera lett å gløyma seg sjølv og kva som eigentleg er grunnen til at ein valte eit slikt li...

133: Vi lever! 13.11.2023

Ja, vi er her framleis, skjønt det har vore stilt frå denne kanten ei stund. Det har vore ein del som har skjedd, mellom anna ein del farting fram og tilbake og mykje introspeksjon, men no er vi i gong med juleinnspurten og all bakinga som skal gjerast fram mot jul. Elles: Mari har vunne EM i kor! Vi har flytta hønsa ut i drivhuset for vinteren. Og vi held på å rydda og mala litt i huset. Viss du...

132: Farvel, Fride 02.10.2023

I går sendte vi avgarde årets lam og sauer til slakt. Der vi tidlegare år har slakta ganske få dyr sidan vi har bygd opp flokken, slaktar vi i år ganske mange: sytten stykk. Og blant dei er nokre av dei vaksne sauene og. I denne episoda tek vi særleg farvel med gjerdehopparen Fride, dottera hennar Aurora og fjorårets flaskelam Valeria. Fride har vore med oss frå start, og det er ekstra tungt å ta...

131: Vårt fyrste mangesyslar-kurs 🤩 18.09.2023

Vi har gjennomført vårt fyrste introduksjonskurs for mangesyslarar! Vi samla ein ordentleg triveleg gjeng med ulike folk som hadde det til felles at dei ønsker seg eit annleis og naturnært liv utanfor hamsterhjulet. Vi jobba, snakka, draumte og delte tankane våre ei heil helg i lag, og stemninga var heilt nydeleg. Dette gav meirsmak, og no tenkjer vi på korleis vi kan tilby fleire kurs framover og...

130: Jazzkonsert og Bergen matfestival 04.09.2023

Vi er godt slitne og legg ei innhaldsrik veke bak oss idet vi kan sjå tilbake på ei helg med både matfestival i Bergen og konsert på garden. Det er fyrste gong vi deltek på Bergen matfestival i år, som arrangerast for 24. gong. Vi går gjennom korleis vi førebudde oss, korleis standen såg ut, kva ein må tenkja på når ein står på marknad, og kva for type varer som selte bra. Alt i alt var det ei pos...

129: Utstyr og lagringsplass 28.08.2023

Velkomen tilbake! Mari har vore fleire veker borte kjenst det ut som, på kurs og på fjelltur, men no byrjar kvardagen og hausten å slå inn. I dag er hovudtemaet (og frustrasjonen) lagringsplass, eller mangel på det, og tendensen mange (og kanskje særleg bønder) har til å samla opp ting. Mykje er ting som trengst i drifta, og særleg når ein er eit mangesysleri har kvar periode av året sine ting og...

128: Debiorevisjon 07.08.2023

Vi har hatt vår fyrste debiorevisjon! Det var mykje trivelegare og mykje mindre skummelt enn det vi såg for oss som relativt ferske øko-bønder. No har vi (framleis) økologiske grønsaker, urter og ville vekster, og til hausten vert det økologisk sauekjøt og også fleire økologiske foredla produkt. Elles er framleis ei av årets største nøtter (og årets største frustrasjonar) å finna ut av ein beiteri...

127: Årenes rytme, blomar og heilt mundane ting 31.07.2023

Juli går inn i august og årstidene kverner sin vante gang. Det er framleis sommar, men seinsommaren har ei annan kjensle, ei anna luft og eit anna lys enn forsommaren. Vi har relativt god piff og er relativt optimistiske for tida som kjem, samstundes som vi førebur oss på at tempoet frå sommaren skal gli over i haust-tempo. Vi snakkar litt om årstider og korleis det å bu på gard har endra vårt syn...

126: Tilbake til ein slags kvardag 10.07.2023

Vi har kome oss heilskinna gjennom både bryllup og bryllupsreise, og har no vendt tilbake som nesten nye menneske. Halleluja! I denne episoda får du høyra mest om korleis bryllupet og den store bryllupsfesten vår var (spoiler alert: alt vart heilt fullstendig magisk), men óg litt om den korte, men deilige bryllupsreisa + og tida etterpå.  Vi har til dømes hausta vår aller fyrste sommarhonning og e...

125: Bryllup! 19.06.2023

Vi lever! Jada, vi er her framleis og alt går sin gang på mangesysleriet. Men i tillegg til våronna har det vore litt ekstra mykje for oss å tenkja på dei siste vekene, for vi har samstundes jobba med å førebu oss til BRYLLUP. Er vi ikkje allereie gift, tenkjer du kanskje. Jo, det er vi, men festen fekk vi aldri hatt, og dei fleste fekk ikkje med seg at vi gifta oss heller, for det skjedde i smug...

124: Minisagbruk og ny åker 29.05.2023

No er det snart 1. juni og fyrste sommarmånad! Kjetil er veldig nøgd med å ha fått eit minisagbruk i posten, slik at vi no kan saga våre eigne plank og materialar. Vi snakkar litt om korleis det funkar. Vi snakkar óg litt om sjeldne potetsortar, dyrking av korn, framskritta i hagen og ikkje minst den nye åkeren vi held på å anleggja no midt i våronna. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på...

123: Vårglede, overnatting og komplekse kjensler 15.05.2023

Det er vår! Det plantast! Lamma er ute på beite! Sola skin! Dette bondelivet innbyr til det fulle og breie spekteret av livets store kjensler. Vi er overvelda over alt som skjer i naturen akkurat no og over det faktum at vi får lov å vera ein del av det heile. Samtundes er dei store konstrastane sterke i augeblikka kor vi plutseleg må ta stilling til liv og død, eller til usikkerheita i vår eigen...

122: Bønder, arbeidarar og kampen for like rettar 01.05.2023

Nyheit! Påmeldinga til kurset vårt den 19.-21. mai, introduksjonskurs for småbrukarar og mangesyslarar, har opna. Les meir og meld deg på her: https://gjengevoll.no/introduksjonskurs-for-mangesyslarar/  Gratulerer med dagen! I dag er det 1. mai, og vi feirer kampen for eit rettferdig samfunn med å snakka om jordbruksoppgjeret og bøndene sin kamp for ei anstendig inntekt. Kva har skjedd med forhand...

121: Trillingar! 17.04.2023

Lamminga er over halvvegs, og det går unna i fjosen. Vi har fått mange fleire lam enn i fjor (og våre fyrste trillingar) og snakkar litt om kvifor lammetala varierer frå år til år. Vi kårer også dei beste sauemødrene våre, snakkar om riggen i fjosen og om beiting, parasittar og helse. Elles er det sjukt fine dagar for tida, noko som passar veldig godt sidan det er mykje å gjera ute i hagen. I helg...

120: Lamming og spanande nyhende 11.04.2023

Vi har ein fjos full av høggravide søyer! I denne episoda fortel vi om korleis påska vår har vore, og koreis lamminga har gått så langt. Dei fleste lamma gjenstår, og dagane og nettene våre går no med til jamnlege turer til fjosen. Vi deler og nokre spanande nyhende: Vi skal ha vårt aller fyrste kurs på garden! Himmelfartshelga, 18.-20. (eller 21.,) køyrer vi vår fyrste pilot-runde med vårt heilt...

119: Påskestemning 03.04.2023

Endeleg er vi tilbake etter to veker med influensa på begge to. Og denne episoda er også årets fyrste ute-episode (tatt opp på verandaen)! Det betyr at våren er her for alvor. Vi nyter påskesola, sår masse frø og ventar på at lamminga skal byrja. Sidan sist har også Mari starta ein ny podcast! Den heiter Regenerativt liv og handlar om kjensler, autentisitet, livskvalitet og alt som er knytt til de...

118: Endring og utvikling 13.03.2023

Vi startar vekas episode med å takka for alle dei gode meldingane vi har fått sidan førre veke. Det å få lov til å inspirera og påverka til å skapa ei felles rørsle av engasjerte jordbrukarar, sjølvbergarar, mangesyslarar og bevisste forbrukarar er eit privilegium. Vi snakkar og om det å stadig læra og utvikla seg som bonde og som menneske. Vi er alltid i endring, og dei tinga vi trudde vi visste,...

117: Engasjer deg! (a.k.a. tilskot til marknadshagar) 07.03.2023

Korleis påverka systemet? Korleis endra verda? I dag snakkar vi om det å engasjera seg for å forandra jordbrukspolitikken. Vi snakkar om systemet slik det er i dag, kva som er gale med det og kva som gjer at du kanskje skal engasjera deg likevel - nettopp fordi det trengst å forandrast. Mari fortel om helgas årsmøte i fylkeslaga til Hordaland og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Der vart de...

116: Kvifor du kanskje ikkje skal søkja Innovasjon Norge 27.02.2023

I dag byr vi på ein klassisk pludre-episode der vi oppdaterer om nokre av tinga som har skjedd sidan sist, og litt stream of consciousness-prat. Du får ein god, gammeldags rant om Innovasjon Norge, litt prat om vatningssystemer, pengar, død og fordervelse, litt snakk om kor viktig sola er, og anna snacks. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Face...

Listen to the Gjengevoll Pludrecast podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.