Gjengevoll Mangesysleri

Gjengevoll Pludrecast

Business NO ↓ 140 episodes

Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.

Author

Gjengevoll Mangesysleri

Category

Business

Latest episode

Apr 1, 2024

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

115: Kva gjer du når partnaren din ikkje vil handla på REKO? 20.02.2023

Det å handla på REKO eller handla direkte frå bonden er eit verdival folk tek av ulike grunnar, mellom anna miljømessig berekraft, dyrevelferd, rettferdig inntekt til bonden, rein mat og helse. Men kva gjer ein når ein har ein partnar som ikkje støttar ein i vala og prioriteringane ein gjer omkring mat? Kva gjer ein når han eller ho ikkje tykkjer desse temaa er like viktige som ein sjølv? I dag pr...

114: Gjer du plass for dei store steinane? 13.02.2023

Denne veka titter vi raskt innom for å gi ein oppdatering på korleis det går med hønseflokken vår (vi har hatt storslakt), og for å fortelja ei lita historie om steinar, sand og vatn. Dagens oppmoding er å tenkja gjennom kva du fyllar glaset ditt med. Fyllar du på med dei store steinane fyrst, eller fyller du på med vatn slik at det ikkje vert plass til noko anna? Viss du har spørsmål eller tilbak...

113: Frø! 06.02.2023

Vi har bestilt årets frø til hagen, og med det er hagesesongen 2023 i gang! Planen for kva som skal dyrkast i dei ulike beda er klar, og vi har eit ganske ambisiøst mål om alt som skal vera klart før plantene skal i jorda (mellom anna skal vi dyrka opp ein åker og gjera ferdig vårt nye plantefelt Sveits.) Vi snakkar litt om kva som vil vera dei viktigaste endringane i marknadshagedrifta vår i år s...

112: Kva tenkjer du om pengar? 30.01.2023

I dag pratar vi om eit litt uvant tema, nemleg penge-tankesett. Eller sagt på ein annan måte: kva for slag bevisste og ubevisste historier vi fortel oss sjølv om pengar og rikdom. Folk har ulike syn på pengar, men ein ting er sikkert, og det er at pengesynet vårt har store konsekvensar for våre moglegheiter til å leva eit liv i overflod eller ha ein berekraftig økonomi i drifta vår. Dette er eit v...

111: Tente vi pengar i 2022? 23.01.2023

Når vi no er godt i gang med eit nytt år, er det på tide å sjå på rekneskapen for i fjor. Og etter to år med oppstart og minus i rekneskapen, er vi veldig spente: vart 2022 året kor vi endeleg gjekk i pluss? I denne episoda får du svar på spørsmålet, samt ein gjennomgang av kva for nokre produksjonar som har vore meir og mindre lønsame (eller har gått saftig i minus). Viss du har spørsmål eller ti...

110: Teknologi - bonden sin ven? 16.01.2023

I dag pratar vi litt om ustyrlege vêrar og hanar, og Mari fortel litt om kva ho har lært på helgas agronomsamling. Vi styrer inn på ein liten rant om teknologioptimismen i landbruket og korleis effektiviseringa har hjulpe oss å produsera meir mat på færre bønder. Det vert snakka om som eit effektiviseringseventyr, men effektvisieringa er eigentleg finansiert av at stadig færre bønder tek på seg st...

109: Ønske for året som kjem 10.01.2023

I helga hadde vi ein seremoni som har vorte ein ny tradisjon for oss, nemleg vårt årlege nyttårsritual. I det høve reflekterte vi mykje over året som gikk og året som skal koma, kva vi vil leggja bak oss og kva vi vil utvikla vidare. Vi deler nokre av tinga vi har satt oss som ønske og mål i 2023. Kanskje du kan kjenna deg igjen i nokre av dei? Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episod...

108: Hei 2023! 03.01.2023

Nytt år, nye moglegheiter! Endeleg har vi komt oss hit - til 2023. Fjoråret er lagt bak oss og vi har komt oss heilskinna gjennom desember til januar, den rolege perioda. Sola har snudd, dagane vert lysare. Vi har pusterom, og vonleg snart energi til å byrja å leggja konkrete planar for året foran oss. I denne episoda nemner vi nokre av dei viktigaste minnene vi har frå året som har gått. Som alle...

107: Desember som forsvann 22.12.2022

Endeleg ny pludrecast-episode! No har vi hatt ein lang pause frå podden medan vi har måttet fokusera på desember-sirkuset. Det gode nyhendet er at vi har klart å koma oss fram til jul i god behald! Desember har budd på intense dagar, marknad og utleveringar, lange bakedagar, sjukdom og til slutt eit deilig julebord i byen for å få ein skikkeleg bra slutt på årets sesong. No er det ikkje lenge igje...

106: Korleis går det? 21.11.2022

Vi tek ei pause frå juleførebuingane for å pludra litt og ta ein fot i bakken. Korleis går det? Korleis har vi det? Ikkje så aller verst, eigentleg!  Alt går i perioder, men denne veka startar vi med eit friskt og litt lysare blikk framover. Energien tek seg opp, vi har trua, og snart er det jul. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gje...

105: To-do-lista 07.11.2022

Kva for slags oppgåver er det som skal gjerast på garden på denne tida av året? Det får du eit innblikk i når vi går gjennom gjeremålslista for dei neste to vekene, og "masterlista" for garden som vert kontinuerleg oppdatert i nye versjonar 🙃  Ein ting er sikkert - å driva mangesysleri vert aldri keisamt eller einsidig! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjern...

104: Høns, grisespekk og ull 31.10.2022

Det er travle tider! Vi har framleis mykje foredling av haustens råvarer å gjera, og skal samstundes byrja på juleprodukta, medan vi også må gjera ferdig alt som skal gjerast i hagen før vinteren kjem. I tillegg er det mykje marknadar og salsarbeid for tida, samt at hausten er høgtid for kurs og faglege samlinger. Og vi har mange besøk på garden. Puh!  I denne episoda pratar vi om høns som vert et...

103: Folk treng folk 💚 17.10.2022

Det er Mari sin bursdag! Starten på dagen vart feira med vaflar og is til frukost i lag med gjengen på garden. No er det haust og hyggestemning på Gjengevoll. Vi reflekterer litt over kor kjekt det er å vera fleire på garden, og kor mykje lettare det er å gjera hyggelege ting utan å få dårleg samvit når vi er fleire som gjer det saman. Vi har framleis både dreng og praktikant buande hjå oss, og fe...

102: Vinterførebuingar og inneproduksjon 10.10.2022

Tenk at det allereie er oktober! Vi avsluttar dyrkesesongen ute, og haustar inn dei siste grønsakene. I veka som kjem skal vi ha fokus på produksjon av matvarer vi kan selja på markandene før jul, og omstilla oss til å førebu oss på vinteren. Ute i hagen skal alle beda avsluttast og klargjerast for ein ny sesong. Drivhuset tømmast, ny flis skal leggjast ut i gangane, beda skal få ny næring og jord...

101: Økologisk blomedyrking med Elisa Kolle 26.09.2022

I denne episoda har vi kapra vår eigne, lokale snittblomedyrkar Elisa til å snakka om alt som har med økologisk småskala blomeproduksjon å gjera. Elisa driv Dalahagen i Bjørnafjorden, og dyrkar snittblomar for direktesal i marknadshagen sin på eitt dekar. Kvifor er det viktig å tenkja økologisk også i blomedyrking? Korleis skil Elisa sin hage seg frå konvensjonell, storskala dyrking? Korleis omset...

100: Episode hundre! 19.09.2022

Denne veka feirer vi at vi har laga hundre episodar av pludrecasten! Vi pratar litt om kor mykje som har skjedd sidan vi byrja å laga podcast, og vi snakkar om alle dei tinga vi er takksame for som gjer at feiringa vert ekstra stas. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjen...

99: Pust, kobla på, set grensar (stress-spesial)! 12.09.2022

Dagens episode handlar om folkesjukdomen vi alle har (men kanskje ikkje er klar over), nemleg kronisk stress. Kva er stress og korleis påverkar det kroppen vår? Kva for langsiktige konsekvensar har kronisk stress, og kvifor normaliserer vi det i dagens samfunn? Ikkje minst - kva kan vi gjera for å bryta ut av den onde sirkelen og få eit liv med meir ro, glede og overskot?  Vonar du kan få nytte av...

98: Bondefest 05.09.2022

Vi pustar ut etter ein fortreffeleg helg med mykje hygge og kjekke folk. Denne helga inviterte vi nemleg nye vener og bondekollegaer på fest på garden, noko som nok fortener å verta ein fast tradisjon. Vi snakkar litt om det å danna nye venskap i vaksen alder, viktigheita av sosialt samhald og korleis bønder ofte er ei gruppe som av ulike grunnar er ekstra utsett for einsemd. Vi har også klypt sau...

97: Marknad og skule 29.08.2022

Vi har produsert opp ein del produkt og byrjar å verta klare for hausten. Kjetil og Sigrid har vore på sesongens fyrste marknad. Mari har vore på fyrste samling på agronomlinja for vaksne. Dei neste to åra skal ho vera på ei samling i månaden på Stend jordbruksskule for å få "bondeutdanning". Vi pratar litt om kva ho har lært i helga og kva ho gler seg mest til. P.S. Gi gjerne eit bidrag...

96: Kva skal Mari bli når ho blir stor? 19.08.2022

Vi er tilbake i kvardagen etter nokre veker med sommar og unntakstilstand. Mari har vore på orkesterseminar og fjelltur, og vi begge har vore på byferie i to heile dagar. Hausten nærmar seg, og vi pratar om tider som endrar seg og korleis hausten ofte bring med seg kjensla av nye byrjingar. Mari har i laupet av sommaren fått ei lita openbaring når det gjeld eigen jobb og interessar, og vi pratar e...

95: Traktorlaus gard 09.08.2022

I dag snakkar vi logistikk! Kva er grunnen til at vi ikkje har traktor på garden? Korleis går det, kva saknar vi, og kva hadde vi måtta endra om vi skulle hatt ein traktor? Vi pratar også om fordelane og ulempene ved bruk av ATV og kvifor vi  valte ein sekshjuling framfor ein firehjuling. Og så pratar vi om at hausten ikkje er så verst, og at Mari vil spela musikk. P.S. Gi gjerne eit bidrag til å...

94: Kor kan vi oppskalera? 01.08.2022

I denne vekas episode snakkar vi litt om kva moglegheiter som finst for oppskalering av varer og tenester på garden. Vi snakkar om korleis gardskafeen har gått i sommar, og diskuterer ulike moglegheiter for aktiviteter og besøksverksemd for å få fleire bein å stå på økonomisk. P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjenge...

93: Tempus fugit 25.07.2022

Vi tittar raskt innom denne veka for å snakka litt om grønsaker, sommaren, livet, tida som går og at vi alle skal døy, kanskje snarare enn vi trur. Ingenting utanom det vanlege, altså. P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta g...

92: Veslemøy 18.07.2022

Vi er midt i juli, og sjølv om vêret ikkje gjev inntrykk av det, er sommaren godt i gang. Vi held på med sundagskaféar og jobbar på i hagen, som endeleg har byrja å kasta av seg dei fyrste grønsakene sjølv om det er tolva gradar og konstant regn. Elles sankar vi ville vekster, lagar stadig fleire produkt og rigger oss klare til ein travel haust med mykje sal og marknadsaktivitet. Mykje av denne ep...

91: Dei gode tinga 04.07.2022

I frykt for at vi har klaga litt mykje i podcasten dei siste vekene, prøver vi å kompensera litt i dag! For alt er heldigvis ikkje alt svart, tvert imot er det ganske mykje å setja pris på. Og godt er det ❤️ P.S. Gi gjerne eit bidrag til å dekka utgiftene for å laga denne podcasten ved å vippsa oss eit valgfritt beløp til Gjengevoll sitt vippsnummer 619794! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldin...

Listen to the Gjengevoll Pludrecast podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.