Gjengevoll Mangesysleri
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Author
Gjengevoll Mangesysleri
Category
Podcast website
Latest episode
Apr 1, 2024
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
90: Litt for mykje 20.06.2022 38:44
Det er berre å konstatera at no er det mykje. Vi balanserer på grensa til overveldelse. Av nyhende kan vi sei at vi har fordobla tal bifolk og laga tre nye avleggjarar av dei etablerte kubene våre, og vi har sendt avgarde fyrste pulje med grisar til slakt. Vi har kjøpt nye høner for å supplera eggproduksjonen vår. Vi står på for bare livet for å få dei siste beda i hagen ferdig, og vi slåst med ne...
89: Tung vår, lys sommar 13.06.2022 1:03:58
Det har vore ein krevjande vår på fleire måter, som har gjort at vi verkeleg har kjent på tvilen om vi er skapt for å vera bønder. Mykje bekymringer for sjuke dyr, kaldt og vått vêr som har tatt knekken på fleire av plantene våre, manglande inntekter og fleire veker med sjukdom på toppen av det heile har satt oss på prøve. I denne episoda oppsummerer vi utfordringane vi har hatt den siste tida, me...
88: Samliv på gard 23.05.2022 1:03:24
Å kjøpa gard i lag kan vera ein test for eitkvart forhold. Det er mykje arbeid, kanskje liten tid til kjærleiken og lett for at ein ikkje klarer å ha det så bra som ein føler ein "burde" når ein endeleg får leva ut småbruksdraumen. Dette pratar vi om i dagens episode. Korleis klarer vi å ta vare på kvarandre og oss sjølv? Kva er viktig for at vi skal ha det bra? Og kva har vore utfordrin...
87: Bjørkebladsaft og pulpanyre 09.05.2022 44:18
Vi får verkeleg tatt nokre sjumilssteg når det gjeld framgang i hagen for tida. Dagane er lange og vi grev mykje i jorda. No kan vi feira at dei fyrste vekstene er kome ut, både i drivhuset og i dei ferske beda. Sesongen har starta på ekte! Lamminga er nesten over, og vi kan gleda oss over nye tilskot til flokken. Diverre hadde vi også ei tung hending som satte sitt preg på veka som var. Livet er...
86: Våronn 02.05.2022 40:29
Dette er ei av dei travlaste tidene på året for bønder, og det kjenst litt rart å jobba så mykje når resten av samfunnet nyter våren og feirer fridagane som april og mai har å by på. Men vi koser oss med lange dagar ute i finveret. Nesten alle lamma er fødd, og alt har gått bra hittil. Dei siste dagane har vi fått gjort framskritt i hagen, og no dei neste vekene kjem det til å skje mange synlege f...
85: Alle tinga 25.04.2022 47:32
Vi køyrer kjapt gjennom alle tinga - nærmere bestemt gjev vi ei oppdatering på både sauer, høns, grisar, bier og hage. Våronna har starta, jorda er varm, og no er det mykje som skjer over alt! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no
84: Lamming og slaktebetennelse 18.04.2022 55:25
Påske! Lamminga starta tidlegare enn planlagt, og dermed vart påska litt travlare enn vi først hadde tenkt. Ikkje for det, vi har gjort meir enn nok anna til å halda oss aktiv uansett, men for Kjetil sin del har lamminga bydd på litt meir oppstykka nattesøvn. Elles har vi no sådd så mykje forskjellige frø at alle kriker og kroker er fulle av plantar og pluggbrett, vi har tappa bjørkesevje, gjort...
83: Sjølvaksept 11.04.2022 33:10
Mari held på og finna seg sjølv. Ho har til og med starta på eit sjølvutviklingskurs! I dag sveipar vi innom det store temaet sjølvaksept, om det å tillata seg sjølv å vera heile seg, og om korleis ein kan gjenoppdaga sin indre kraft ved å vera snill med seg sjølv. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram:...
82: Starten på ei rørsle 04.04.2022 34:06
Saman kan folk kan flytta fjell! Det er ikkje tull ein gong. Det å vera bonde kan vera einsamt. Og som idealistisk, småskala annleis-bonde kjenner ein seg kanskje ekstra mykje utanfor. Då gjeld det å finna gjengen sin! Vi er mange der ute, vi må berra koma i kontakt med kvarandre. Så i dag har vi ein kjempespanande nyheit til alle dykk! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta...
81: Nedpå dagar og lyttargeografi 28.03.2022 26:11
Det går opp og ned i livet, og kvardagene er ikkje like. Kvifor er det så vanskeleg å akseptera at vi ikkje alltid er på topp? Det pratar vi litt om i dag. Vi snakkar også om kor lyttarane våre er i verda, vi deler eit boktips og snakkar om saueklypping. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysle...
80: Årets fyrste dugnad 22.03.2022 33:25
Denne helga hadde vi dugnadsfolk på besøk og fekk gjort store framskritt inne i fjøset. Snart er det klart til innflytting og klipping av sauer før lamming! Med innearbeidet nesten overstått, ligg vi greit an til å byrja arbeidet ute i hagen. Snøen er snart borte, og då kan vi førebu bed, grøfta, flytta kompost og gjera alle dei andre tinga som må koma på plass før utplanting. Det er mykje gjera,...
79: Drypp frå kurs i holistic management 14.03.2022 1:14:18
Kjetil har vore på kurs i regenerativt landbruk og holistic management (eller heilheitleg forvaltning)! Etter beste evne og i koronapåvirka tilstand gjev han i denne episoda nokre drypp av dei viktigaste prinsippa og lærdomane han har fått. Her er det mykje for oss å setja oss inn i og bruka i planlegginga av gardsdrifta framover! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjern...
78: STORE draumar 28.02.2022 32:13
Sidan sist har Russland gått til krig mot Ukraina, og verda har plutseleg blitt ein skumlare og meir uforutsigbar plass. Men éin ting kan vi alltid vera trygg på: folk kjem alltid til å trenga mat, og vårt yrkes- og livsval som bønder kjenst riktigare enn nokonsinne. For å muntra oss litt opp, løfter vi blikket og ser framover - langt framover. Kva er dei verkeleg store draumane våre? Stikkord: De...
77: Tente vi pengar i 2021? 21.02.2022 1:09:07
Mari er ferdig med rekneskapen for 2021, og no kan vi endeleg ta ein prat om tala! Korleis har det gått med alle prosjektene våre i fjoråret? Kva har vore lønsamt? Kor har pengane gått? Kva for forventninger har vi til inntening framover? Og ikkje minst: gjekk vi med overskot? Desse og mange fleire spørsmål får du svar på i denne pengespesialen kor vi går grundig igjennom gardsøkonomien. Viss du...
76: Kreativitet 14.02.2022 31:58
I dag er temaet kreativitet, skaparkraft og skaparglede. Korleis byggja opp under kreativ energi og korleis inkorporera skaparglede i gardsdrifta? Ikkje minst, kan vi verta flinkare til å gleda oss meir over prosessen i staden for å alltid prøva å koma fortast mogleg til målet? Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysler...
75: Vilje 07.02.2022 53:34
Vi er innesnødd! Dei siste dagane har det kome mykje våt snø, noko som har vist seg å vera ein utfordring både for gårdsbilane og brøyteutstyret. Så no får vi kjenna på noko av sjarmen med å bu på ein avsidesliggjande gard utan brøyteveg. Vi pratar om den dramatiske hendinga der ei av søyene våre brakk beinet og vi måtte bestemma oss for om vi skulle avliva eller prøva å redda henne. Vi valde det...
74: Sårbarheit og beredskap 31.01.2022 45:56
Nett no er det ein likviditetskrise i landbruket som følge av ekstrem prisauke på gjødsel, kraftfôr, straum og andre varer som landbruket er avhengig av. Fleire bønder står i ein akutt situasjon med kreditorer på døra og personleg konkurs rundt hjørnet. Korleis hamna vi der? Kva er årsaka til at vi har eit landbruk som er så sårbar for internasjonale svingningar? Og kva kan gjerast for å endra det...
73: Planar for dyrkesesongen 2022 24.01.2022 51:07
Planteplanen for årets hagesesong er klar, vi har fått mesteparten av frøa våre i posten og er gira for ein ny dyrkesesong! I denne episoda går vi gjennom dei overordna planane våre, kva vi skal dyrka kor, og kva som vert dei største endringane frå i fjor. Vi snakkar òg om nye salskanalar og korleis vi planlegg å diversifisera produksjonen og inntektene. Dei grøne fingrane kriblar og vi gler oss!...
72: 2021 oppsummert 17.01.2022 1:12:09
Godt nyttår! Vi er godt inn ei 2022 allereie, men før vi vender blikket framover, må vi ta ei oppsummering av året som har gått. Det var jo så himla mykje som skjedde i i fjor! Vi klarer ikkje å gå gjennom absolutt alt i laupet av ei episode, men vi gjev det eit hederleg forsøk. Året 2021 var verkeleg eit år for mange fyrste gonger: Fyrste kull med grisungar, fyrste lamming, fyrste år som grønsaks...
71: Jul 🎄 23.12.2021 28:09
Vi klarte det! No er det jul, og skuldrane kan senka seg for ei stund. Vi er ferdig med alle utleveringar for i år og er klare for å seila mjukt inn i høgtida og det nye året. Sola har snudd, det går mot lysare tider og snart er vi klare for å byrja planlegginga av 2022. Fram til det skal vi gjera minst mogleg og vonar du skal det same. Takk for følgjet i år, og snakkast til neste år (etter eit pa...
70: Det heile mennesket 13.12.2021 1:05:11
I dag skraper vi i overflata på eit stort tema, nemlig det heile mennesket. Kva er det, og kva er det vi treng for å kjenna oss heile? Det er jo langt meir til livet enn jobb, produktivitet og prestasjonar. Men kva er det som gjev oss overskot og påfyll? Korleis skapa rom for refleksjon, ro og kreativitet? Kva er åndelegheit og korleis kan vi tillata meir av det i dagleglivet? I denne episoda kjem...
69: Julemarknad 06.12.2021 33:27
Det bakast lefser og kokast karamellar, og i helga har vi vore på superkoseleg julemarknad i Bergen. No er vi godt inn i adventstida, og det betyr at det kunn er veker om å gjera før vi er ferdig med juleinnspurten og kan ta ferie. Det ser vi fram til, men vi prøver også å ha litt julekos undervegs. Har du lyst til å høyra Mari sin yndlingsjulemusikk, kan du søkja opp spelelista "All den fine...
68: Adventsgrisungar og OST 2.0! 29.11.2021 1:06:33
Vi har fått grisungar! Det vil sei, Annabelle har fått grisungar. Vi berre beundrar dei og koser på dei. Beatrix held også på å grisa akkurat no (!), så snart har vonleg alle dei nye komt til verda og ligg og kosar seg i halmen i grisehytta. Forutan grisungar pratar vi denne gongen om ost og gjev ei lita oppsummering av det Mari lærte på ystekurs. (Har du lyst til å høyra episoda frå førre kurs, s...
67: Aldri nok tid 22.11.2021 56:46
I dag er vi innom mange tema når vi oppdaterer på kva som har skjedd sidan sist og alt vi har å gjera fram mot jul. Snøen har kome, julerushet er i gong, kjøtet er tilbake frå slakteriet og vi baker lefser og koker karamellar. Vi har også vore på vår fyrste bondens marknad, Mari har hatt bihulebetennelse og det er ein kamp mot klokka å forsøka å gjera ferdig dei siste tinga som trengst å gjerast u...
66: Kjøtpris 08.11.2021 34:13
Endeleg har vi fått sendt både grisar og lam til slakt, og vi har med det fått ei stor bekymring ut av vegen. Purkene våre gjer seg klare til å få nye grisungar, og vi er litt lettare til sinns. Vi pratar om viktigheita av gode relasjonar med dyra, og så snakkar vi om korleis vi har rekna ut prisen på grisekjøtet vi skal selja. Det er viktig å rekna på alle utgiftane som inngår i produksjonen når...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.