Gjengevoll Mangesysleri

Gjengevoll Pludrecast

Business NO ↓ 140 episodes

Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.

Author

Gjengevoll Mangesysleri

Category

Business

Latest episode

Apr 1, 2024

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

65: Noen kommer... 01.11.2021

Tematikken frå førre veke heng framleis litt igjen, for ingen av dyra er sendt til slakt enno. Men vi kan heldigvis venta nye tilskot til flokken, for veldig snart kjem det nye grisungar på garden, og hønsa våre klekker stadig fram nye kyllingar. Det er november, snart er det jul, og vi førebuar oss til dei neste vekene med sal. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne...

64: ...noen går 25.10.2021

Vi er heime åleine på garden for fyrste gong på to månadar, og huset kjennest litt ekstra tomt. Denne veka skal dyra sendast til slakt, og plutseleg kjem livet og døden ekstra nærme. Vi pratar om praktikanten vår Sigrid, om arbeidsmengde og det å dela ansvar på fleire, om slakterifrustrasjon, og om liv og død og store spørsmål. Og om blomsterlauk! Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på epi...

63: Draumen om ein snittblomehage 18.10.2021

Mari bruker hausten til å drøyma om bugnande bed med lekre blomar i alle fargar og fasongar, og har shoppa fleire bøker for å læra meir om snittblomeproduksjon. Til neste år vil vi testa å dyrka ulike sortar blomar i tillegg til grønsakene, og vi har byrja å gleda oss til å planleggja ein ny sesong. Vi har Sigrid frå Sogn Jord- og Hagebruksskule på besøk som praktikant eit par veker, og denne veka...

62: Dugnad og ull 11.10.2021

Vi har hatt dugnad! Denne helga har vi hatt ein super dugnadsgjeng på besøk, og vi har fått gjort masse arbeid i hagen. Vi har meir enn fordobla arealet på åkeren vår, som har blitt omdaupt til Kina, og vi har også fått starta på dreneringsarbeidet til det nye plantefeltet Nederland. Vi har også fått bestilt og levert både ullkardar og spinnerokk, og Mari er i fyr og flamme over spinnekruset ho sk...

61: Sjølvforsyning 04.10.2021

Kva betyr eigentleg sjølvforsyning? Korleis er sjøvforsyninga i Noreg, og kva må vi gjera for å auka han? I denne vekas pludrecast snakkar vi om arealbruk, om miljø, beite, berekraft og rovdyr. Om fulldyrka jord, grønsaker, korn og utmark. For det er faktisk slik at om vi skal fiksa både klimaet, miljøet og global matsikkerheit, så må både Noreg og andre land produsera så mykje mat dei kan på dei...

60: "Ekte bønder" - myter og fakta 27.09.2021

Denne veka snakkar vi om kva denne gardsdrifta EIGENTLEG handlar om. Og så tek vi tak i fordomar innad i bondemiljøet. Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no

59: Foredling av grønsaker 20.09.2021

Vi startar dagen med morgonmøte og planlegging av praktiske oppgåver denne veka, før vi går over til å prata om foredling av grønsaker. Kjetil har nemleg vore på kurs! Vi har óg fått inn eit lyttarspørsmål om dette temaet, så vi pratar ein del om ulike spørsmål knytt til grønsaksforedling: kvifor, korleis, kva? Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på...

58: Meir økologisk mat 13.09.2021

Det er eitt år sidan vi prata om økologisk mat i podcasten, og no tek vi opp att temaet. Vi har nemleg satt i gang prosessen med å debiosertifisera delar av produksjonen vår. I det høvet snakkar vi om korleis vi har tatt den beslutninga, og om kva for utfordringar som ligg i systemet for små produsentar som ynskjer å driva i tråd med ein økologisk bevisstheit.   Vi har også sterilisert grisane vår...

57: Nedlegginga av landbruket 06.09.2021

9 av 10 bønder har lagt ned sidan krigen. No produserer knapt 36.000 bønder meir mat enn 350.000 bønder gjorde i 1950. Vi har vore på teater og sett Teater Vestland si framsyning "Bondetinget". I høve at Norges Bondelag er 125 år har dei valt å setja søkelyset på korleis den største bondeorganisasjonen sjølv har bidrege til utviklinga vi har vore vitne til sidan krigen. Vi produserer myk...

56: Haneslakt og vinterførebuingar 30.08.2021

Etter ei periode med litt for mange hanar i flokken, har vi tynna ein del i rekkene. Haneslakt har vore helgas store gjeremål. og vi pratar litt om korleis ein gjer det og kva ein bør hugsa på.  Resultatet no er ein langt rolegare flokk med nøgde høner, og mykje god mat i frysaren. Elles pratar vi om kva for førebuingar vi treng å gjera i hagen før hausten, og om kva ein kan gjera for å få hagen,...

55: Gardsfellesskapen 23.08.2021

Korleis har den sosiale fellesskapen på garden endra seg dei siste hundre åra? I gamle dagar budde ein i store familiar på gardane, og kanskje fleire familiar saman. Garden var ein arbeidsfellesskap og eit nav for det sosiale livet. I denne episoda av Gjengevoll Pludrecast reflekterer vi litt over om det eigentleg er berekraftig å driva gard på den måten flesteparten av norske bønder gjer i dag: o...

54: Open gard 10.08.2021

Vi har hatt vårt fyrste offentlege arrangement på garden! Ein open gard-dag med kafé, butikk, program og allting. Alle i bygda var invitert, og jaggu om ikkje halve bygda møtte opp også. Vi fortel om korleis det gjekk, korleis vi førebudde oss til dagen og kva som kan forbetrast - og ikkje minst spreier vi masse feelgood om alle dei kjekke folka vi har møtt og kor stas det er å endeleg få treffa b...

53: Evalueringer del 2 02.08.2021

Vi tek opp tråden vi byrja på i episode 51 og fortset evalueringa av alle produkta vi har selt så langt. Denne episoda handlar om vår og sommar 2021.  Korleis går grønsakssalet? Kva har vi selt mykje av? Kvifor skal vi ikkje selja bjørkeessens igjen? Og - kva for idear har vi fått for neste år? Viss du har spørsmål eller tilbakemeldingar på episoda, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjeng...

52: Bytur og avløyseri 26.07.2021

Denne veka har vi hatt vår fyrste ferie frå garden. Tre dagar har vi vore på bytur og forsøkt å kobla av medan vi har hatt verdas beste avløysar Harald til å passa på bruket. Korleis har det vore for avløysaren å ha eineansvar for garden? Og korleis har det vore for for oss å vera bønder i byen og slappa av? (Lettare sagt enn gjort!) Alt gjekk ikkje heilt som planlagt undervegs.   Viss du har spør...

51: Kjærleiksferier og evalueringer 19.07.2021

Etter mykje om og men er purkene våre sendt på kjærleiksferie! Dei skal kosa seg på Osterøy og vonleg kom heim igjen med små grisungar i magen. Denne veka skal vi også på ferie: heile tre dagar med det glade liv i storbyen! Dette vert fyrste gong vi forlatar garden saman, og det ser vi veldig fram til. Vi legg bak oss det fyrste året med podcasting, og i denne episoda byrjar vi oppsummeringa av pr...

50: Episode femti! 12.07.2021

Vi markerer rundt jubileum for podcasten. Tenk at vi straks har laga podcast i eit heilt år! Vi reflekterer litt rundt kva som har skjedd sidan fyrste episode. Er vi "ekte" bønder no? Den siste veka har vi fått vår fyrste bikube og har dermed starta vår nye næring innan birøkt. Vi skal også senda grisane våre på kjærleiksferie og gjer oss klar for sal av grønsaker dei neste sommarvekene....

49: Vatning, planter og sommarferie 05.07.2021

No er det endeleg sommar på ekte! Det vil sei at fellesferien har inntatt landet og folk flest nyt late dagar. "Ferie" på Gjengevoll vert nok ikkje det folk flest forbinder med ferie, men vi nyt i alle fall sommaren og eit litt anna tempo enn vi vanlegvis har.  Ved inngangen til juli ser vi lyset i enden av tunnellen for ein del av dei store oppgåvene vi har jobba med i fyrste halvår. Ar...

48: Det gode liv 28.06.2021

Kva er det gode liv?  Det diskuterer vi i vekas pludrecast med utgangspunkt i boka "The good life" frå 70-talets sjølvbergingspionerar Scott og Helen Nearing. Vi pratar om økonomisk uavhengighet, fritid og sunnheit. Gardsdreng Harald Ottesen Nødtvedt er med som gjest! Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på: Faceboo...

47: Endeleg drivhus! 21.06.2021

Under over alle under - no er drivhuset endeleg ferdig og vi har flytta ut alle plantene.  Så i denne vekas episode pratar vi om allting drivhus. Korleis prosessen har vore, kva har vi gjort der inne, korleis beda ser ut og ikkje minst, alt om den store tomatvandringa. Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjenge...

46: Rikskjendisar 14.06.2021

Denne veka har vi vore med i to nyheitssaker, kor ei av dei var intet mindre enn nyhenda på sjølvaste rikskringkastaren. Stor stas med publisitet!  Vi har og øvd oss på å klyppa sauar, og ikkje minst: No er drivhuset endeleg ferdig. Vi gler oss til å flytta ut alle tomatane. Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook:...

45: Hagen - og bier! 07.06.2021

No går det raskt framover i marknadshagen, og vi fortel om alle endringane som har skjedd ute sidan sist, og alle plantane vi har fått i jorda. Vi pratar og om planane våre om å få bier og starta med birøkting. No har vi vore og handla alt utstyret vi treng, og om nokre få veker får vi våre fyrste bifolk! Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne...

44: Næringsoppgåva, rekneskap og Fiken 31.05.2021

Vi har levert vår fyrste næringsoppgåve! Mari fortel om korleis prosessen med utfylling av skjemaa har vore og kva som er spesielt for landbruksføretak. I det høve pratar vi også litt om korleis det er å bruka Fiken som rekneskapsprogram for landbruk, og kva ein bør vera obs på, for dykk som har lurt på det. Vi går også inn på ein større diskusjon om lønsemd i landbruket og spør: går det an å leva...

43: Hageframskritt 24.05.2021

Vi er tilbake etter ei lita 17. mai-pause og oppdaterer på alt som har skjedd ute. Vi har fått masse hjelp frå gode dugnadsfolk og har tatt nokre sjumilssteg på hagefronten. No er dei fyrste vekstene i jorda og drivhuset på veg opp!  Vi pratar også litt om mental helse, arbeidspress og opp- og nedturer som jordbrukarar. Viss du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara p...

42: Jordbruksoppgjør og bondeopprør 10.05.2021

Denne veka tek vi for oss alt du lurer på (eller ikkje veit at du lurer på) om jordbruksoppgjeret, både generelt og 2021 spesielt.  Fest setebeltet for ei skikkeleg nerdete episode! Visst du har tilbakemeldingar til episoda eller spørsmål du vil vi skal svara på, så ta gjerne kontakt med oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epost: hallo@gjengevoll.no

41: Gjerdetrøbbel og hagearbeid 03.05.2021

Vi gjev siste oppdatering på lammefronten: kor mange lam er komen? Korleis har lamminga gått? Vi pratar også om gjerdesituasjonen på garden, og korleis det å halda styr på dyr kan by på mang ein hovudpine. Særleg sauar med utforskartrang. Vi gler oss til No fence-en kjem i posten! Elles pratar vi om framskritta i hagen og kva som skjer ute for tida. Mykje arbeid vert gjort - mykje arbeid gjenstår....

Listen to the Gjengevoll Pludrecast podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.