Gjengevoll Mangesysleri
Gjengevoll Pludrecast
Kva inneber det å gje opp livet og karrieren i byen og flytta på landet for å verta småbrukarar? I Pludrecast, gardspodden til Gjengevoll Mangesysleri, kan du følgja Mari og Kjetil på deira reise frå byfolk til heilstøpte bønder. I podden pratar dei om å starta og driva gard, kvardagen og utviklinga på Mangesysleriet, og større tema som livet, forretningsutvikling, politikk og berekraftig matproduksjon.
Author
Gjengevoll Mangesysleri
Category
Podcast website
Latest episode
Apr 1, 2024
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
15: Er det etisk å ha husdyr? 26.10.2020 52:21
I denne vekas episode (dryge 20 minutter inn) dykkar vi inn i store og viktige spørsmål knytta til etikk og dyrehald: Er det greit at vi menneske held dyr i fangenskap og drep dei for mat? Er det mogleg å forsvara dyrehald ut frå eit etisk standpunkt? Kva tenkjer vi om å ha dyr på garden og senda dei til slakt? Og kva ville alternativet til husdyrproduksjon ha vore? Vi rekk ikkje gje nokre bastant...
14: Pengar ut, hyggje inn 19.10.2020 45:56
Denne veka har vi vore på storhandling, og den største investeringen har vore ein sekshjuling! Den skal fungera som traktor på garden, og vi gler oss til å få ein maskin som kan gjera litt tungt arbeid for oss. Vi har og handla ein del utstyr som vi skal innreia produksjonslokalet med, der vi etter kvart skal få oss eit velutstyrt kjøken. Der pengane har floge ut, har hyggjen floge inn, og veka va...
13: Plog på fire bein, første REKO og verdas beste lefser 12.10.2020 44:32
I denne vekas episode er det ikkje måte på kva vi byr på! Frå grisar på tur og ein grønsakshage i fullstending omvelting, til første utlevering på REKO-ringen, lefsebaking og nyklekka kyllingar i hønsehuset. Vi svipper også innom litt politikk; Kjetil pratar om det å vera produsent, og Mari har harselert med Bondelaget . Finn oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epo...
12: Den vanskelege kvardagsbalansen 05.10.2020 44:28
Denne veka tek vi opp eit tema som er aktuelt for mange, nemlig utfordringen med å finna balanse i kvardagen. Det er vanleg å føla seg overvelda frå tid til annan, men kva skal ein gjera når det skjer heile tida? I denne episoda deler Mari og Kjetil om eigne utfordringar i kvardagen, om utbrenthet, stress og kjensla av å ikkje strekkja til. Og kanskje det vanskelegaste: Å akseptera at ein er bra o...
11: Økologisk mat 28.09.2020 42:44
Vi startar med å fortelja om kva som har skjedd sidan sist: mellom anna har vi lagt julegrisane ut for sal ( bestill her !), Mari har gått kjøkkenhage-berserk etter økologiske frø på Solhatt og Kjetil har hatt eit magisk griseaugeblikk. Hovudtemaet i episoda er økologisk mat. Kva er krava til økologisk produksjon, og kvifor har vi valt å ikkje prøva å sertifisera maten vår som økologisk sjølv om v...
10: Slakting av høns (og: sauane er her)! 21.09.2020 43:17
Episode ti! Kjetil har vore på kurs om hald og slakting av fjørfe, og gjev oss ei oppsummering frå det. Vi frusterer oss samstundes over kor vanskeleg det er å slakta dyr lokalt og i liten skala her til lands. Vi vil ha fleire lokale slakteriar! Elles er den store nyheita på Gjengevoll at saueflokken vår er komen! Det er vi så glade for at vi vert litt emosjonell på slutten der. Send oss gjerne ti...
9: Korleis få eit småbruk til å gå rundt? 14.09.2020 44:40
Korleis kan ein klara å få eit småbruk til å gå rundt økonomisk? Som heilt nye bønder har vi førebels ikkje fasiten, men dette spørsmålet er naturleg nok noko vi er opptekne av. Om ein er småbrukar og lokalmatprodusent, handlar alt om korleis ein kan nytta ressursane ein har og tilføra mest mogleg verdi til produkta. Samstundes er ein avhengig av forbrukarar som veit å verdsetja dei unike produkt...
8: Kva bør egget kosta? 07.09.2020 45:13
No er grisane komen til gards. Vi pratar om korleis det gjekk å få dei til Gjengevoll og korleis dei første dagane som grisebønder har vore. Er grisane slik vi såg for oss? Elles fortel Mari litt om marknadshagekurset ho har vore på, og dreg i gong ein diskusjon om prisen på mat. Kva bør maten kosta? Kva er riktig pris for gode kvalitetsprodukt? Kva er rettferdig løn for bonden? Vi snakkar litt o...
7: Mange ting for første gong 31.08.2020 48:30
For ei veke! Vi byrjar så smått å koma inn i ein slags kvardagsrutine, men det er framleis mykje som er nytt. Vi har hatt vår første dugnad, vårt første besøk, solgt våre første egg og gjort ein heil del andre ting for først gong. Vi førebur oss òg på å få griser, vi byggjer kompostplass og Mari har også hatt sine første arbeidsdagar i ny jobb(!). Alt dette, og meir til, pratar vi om direkte frå...
6: Første veke som bonde 24.08.2020 41:15
Vi rapporterer frå det ny tilveret som bonde etter ei veke på Gjengevoll Mangesysleri! Korleis har dei første dagane vore? Korleis er det å bu på landet? Og kva er dei viktigaste prosjekta vi skal i gong med den første tida? Denne veka pludrar vi om høns, egg, katt, rekneskap og verdien av gode naboar. Mellom anna. Du finn oss på: Facebook: Gjengevoll Mangesysleri Instagram: @mangesysleriet Epos...
5: Korleis finna riktig gard? 17.08.2020 43:27
Vi har endeleg flytta inn på Gjengevoll Mangesysleri! Medan vi nyt sommervarmen på terrassen, reflekterer vi litt over prosessen vi har hatt med å finna garden vår. Landbrukseigedomar vert sjeldan lagt ut på det opne markedet. Korleis kan du finna eigedomar når du kjem utanfrå landbruket og ikkje veit kor du skal leita? Vi gjev nokre tips om det. Vi pratar og ein del om kva for slags kriteriar vi...
4: Vi har fått høns! (og nervøst samanbrot) 10.08.2020 37:43
Av og til er verda litt overveldande, og denne veka har vi stukke fingeren i jorda og roa litt ned etter ein tid med mykje stress. Moralen er: det er heilt greit å ta seg ei pause ein gong iblant, også når ein er i flyttemodus og livet er snudd på hovudet. Og: vi har fått høns! Høyr om våre første klukkhøner, om kvifor vi har valt å ha islandshøns, og om korleis vi ser for oss den langsiktige høns...
3: Kjem vi til å mista alle venene våre? 03.08.2020 36:53
Er livet på landet berre idyll? I denne episoda av Gjengevoll Pludrecast pratar vi om kva vi er redd for å gi avkall på når vi flyttar frå byen til bygda. Mellom anna: Kjem nokon til å gidda å vitja oss? Eller kjem vi til å mista alle venene våre? Vi oppdaterar òg litt om ståa for griseplanane våre (eller rettare sagt, griseforvirringa). Kva for type gris skal vi ha? Kor skal dei bu? Vert det rib...
2: Kvifor Gjengevoll Mangesysleri? 27.07.2020 50:24
Mari og Kjetil oppdaterar om kva som har skjedd sidan sist (stikkord: tømmerfrakting på smalete veger, mange timer i bil, handling av masse verktøy og mykje knoting med nettside). Vi pratar også ein del om bakgrunnen for navnet Gjengevoll Mangesysleri. Kva er eit mangesysleri, og kor kjem Gjengevoll frå? Følg oss på Instagram @mangesysleriet, lik vår blodferske Facebookside Gjengevoll Mangesysler...
Episode 1: Hei podden! 20.07.2020 22:45
Bli med og følg ferda vår frå byfolk til bønder! I første episode av gardspodden Pludrecast vert du presentert for Kjetil og Mari, og får litt innsyn i korleis i all verda vi havna her: på terskelen til å flytta på gard og byrja vårt nye liv på eit vestlandsk mangesysleri. Følg oss på Instagram: @mangesysleriet
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.