Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Author
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Category
Podcast website
Latest episode
Jul 5, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Episoden der lyden spelar på bortebane 30.06.2025 38:26
I dagens episode – som dessverre tek eit steg eller ti tilbake på det tekniske planet – tar Hobberst og Salten likevel fram dei store brillene for å snakke om HamKam-kampen. Dei går gjennom sjølve kampen, delar ut børs til spelarane, og ser nærare på kva som gjekk bra og mindre bra. Det blir også tid til litt tipping, ein runde med fantasy-prat, og ein kort kikk på den kommande kampen mot KFUM. De...
Bryne i medvind og motvind – og litt Görlich i sidebrisen 25.06.2025 51:04
I denne ferske episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte føre seg 1–1-kampen borte mot Sarpsborg. Dei to går og grundig inn på det som har vorte ein snakkis i Bryne-krinsar: den noko spesielle situasjonen med Luis Görlich, som valde å kjøpa seg ut av kontrakten med klubben. Kvifor skjedde det, og korleis handterte Bryne det i media? Hobberst og Salte sparar ikkje på meiningane når dei dis...
Eliteserien er tilbake – og det er brått meiningstvang igjen 19.06.2025 51:31
Podkastferien er over, og duoen er tilbake – småbleike, middels opplagde, men klare for å meine ting igjen. Først blir det litt snakk om treningskampen mot FK Haugesund. Var det noko som såg bra ut? Kanskje. Var det noko som såg litt så som så ut? Definitivt. Deretter skal den heilage bunken med lytterspørsmål plukkast frå kvarandre. Ingenting er for smalt, for breitt eller for kranglete – alt ska...
Bryne mot Sandefjord, børs, odds og trenarrykter! 06.06.2025 42:00
Hobberst og Salte tek deg gjennom oppgjeret mot Sandefjord – med spelarvurderingar, analyse og prat om korleis Bryne leverte. Dei sjekkar om det var pengar å hente på oddsen denne runden, og fantasy-laget får seg ein grundig gjennomgang – kven leverte, og kven svikta? I tillegg snakkar dei om rykta som går: Er hovudtrenar Kevin Knappen på veg bort? HamKam skal visstnok ha han på blokka – bør Bryne...
Siger, håp og marknadssjef i studio 29.05.2025 1:37:10
I vekas episode av Eder & Galle går Hobberst og Salte gjennom den sterke innsatsen mot FFK, der Bryne tok med seg tre nye poeng. Optimismen spreier seg i studio – faktisk så mykje at dei byrjar å tru på nye tre poeng heime mot Sandefjord til helga. Denne gongen har dei og fått med seg marknadssjef i Bryne FK, Bjørn Hagerup Røken, som svarar på misnøya rundt kampopplevingane på stadion så langt...
Poeng i Drammen, cupen glapp, kritikken traff – og Fredrikstad lurer i horisonten 21.05.2025 1:00:26
I vekas episode av Eder & Galle tek Hobberst og Salte oss med tilbake til 16. mai i Drammen, der Bryne drog på bortekamp mot Strømsgodset. Med låge forventningar i bagasjen lurte duoen på om det i det heile tatt var mogleg å få med seg poeng heim. Men Bryne svara med innsats og effektivitet – og jammen vart det ein lukkeleg tur tilbake i taxi mot Gardermoen. Riktignok ikkje utan ei viss uro og...
Nederlag, gevinst og tur til Drammen 15.05.2025 1:28:50
I denne ferske episoden av Eder & Galle snakkar Hobberst og Salte om nederlaget mot Molde. Trass i skuffelsen meiner dei at Molde er eit betre lag enn tabellplasseringa tilseier – det synte dei tydeleg på bana. Likevel er det eit surt tap for gutane, som hadde håpa på meir mot laget frå rosenes by. Men det finst lyspunkt: Tippinga har endeleg gjeve avkastning! Denne veka har dei treft blink, o...
Cupnerver, klokkeklar scoring og neste stopp: Molde! 09.05.2025 55:27
I denne episoden tek me dykk med til den dramatiske cupkampen der Bryne sikra seg vidare avansement med eit mål heilt på tampen – berre to minutt før det ville blitt straffesparkkonkurranse. Med høg puls og lågt blodtrykk går me gjennom den intense avslutninga, der Bryne verkeleg viste cupform og kjempa seg vidare. Vidare tek me for oss lytterspørsmål. Til slutt rettar me blikket mot neste kamp: M...
Gutar mot menn på Lerkendal 05.05.2025 46:11
Det vart brutalt då Bryne tok turen til Lerkendal – ein kamp der Rosenborg viste kvar skapet skal stå. Det vart gutar mot menn, og det prega både resultatet. Vi går gjennom spelarane ein etter ein og en vi ser òg framover, for det kjem ein ny kamp: Cupkamp mot Brann på onsdag. Ein moglegheit til å slå tilbake, vise karakter og kanskje overraske. Vi diskuterer kva som må til for å tukte eit Brann-l...
Brannslukkinga gjekk skeis 30.04.2025 56:40
I denne episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salten oss med på tur til Bergen – byen mellom dei sju fjella – der Bryne tok ein tidleg 2–0-leiing mot Brann. Alt såg lovande ut, men historia har ein tendens til å gjenta seg, og som før: det heldt ikkje. På overtid rakna det, og Brann stakk av med alle poenga. Det vart ein tung heimtur for duoen som allereie i forkant hadde åtvara seg sjølve...
Frå Torvastad til Bergen – og eit lam på vegen! 25.04.2025 1:04:34
I den nyaste episoden av podkasten Eder & Galle diskuterer Hobberst og Salte Bryne sin 3–1-siger over FK Haugesund. Dei går gjennom kampen, kven som utmerka seg, og korleis Bryne klarte å sikre seg tre viktige poeng. Ein del av praten går òg til dette mykje omtalte lammet som vart gitt som premie til banens beste – eit stunt som har skapt både latter og diskusjon i fotballmiljøet. Gutane komme...
Cup, Eliteserie og 2003: Kvar står klubben no? 16.04.2025 1:13:52
Spørsmålsbonanza! I tillegg: 🥔 Me ser tilbake på cupkampen mot Varhaug – blei det cupfest eller meir slit enn magi? 🏟️ Det kjem mange spørsmål om stadion, og me tek ein grundig prat om tribunene og kva som må på plass for å halda nivået oppe på stadion på kampdag. ⚽ 2. påskedag er det klart for kamp igjen – me ser fram mot heimeoppgjeret mot FK Haugesund i Eliteserien. 📅 Me samanliknar klu...
Tapet på Nordmøre, Varhaug og Skrettingpølser i cupen 10.04.2025 55:34
I denne episoden av Eder & Galle får alle Bryne-spelarane poeng etter 2-1-tapet på Nordmrøe. Hobberst og Salte diskuterer også om Bryne er heldige som ikkje har tapt meir mot Kristiansund. Når det gjeld straffesituasjonen på slutten, er dei sa,de om hendinga. Begge meiner det er eit klart straffespark. Så vender gutane blikket mot den kommande NM-runden mot Varhaug. Det er ein viss optimisme...
Er Bryne betre enn Olympiakos? 04.04.2025 1:11:05
I denne episoden av Eder & Galle tar Hobberst og Salte eit dypdykk i Bryne si serieopning mot Bodø/Glimt. Dei diskuterer kampens høgdepunkt, kva som fungerte bra, og kva som kan bli betre. Vidare går dei gjennom lyttarspørsmåla som har komme inn. Det blir tid til å snakke om fantasy-laga deira og korleis dei har prestert så langt, samtidig som dei reflekterer over korleis det står til i fantas...
Eliteserien 2025, nye spaltar og Fantasy-satsing! 27.03.2025 1:11:01
I denne episoden av Eder & Galle tippar Hobberst og Salte Eliteserien 2025. Episoden startar med Bryne, der ein spelar er på veg ut, medan ein annan er på veg inn. Nye spaltar skal presenterast, og Oddsen er ein ny spalte i samarbeid med ein sponsor, der all gevinst vil gå til Barnekreftforeningen. Som ein ekstra godbit har vi også ein ny spalte med Eliteserien Fantasy . Gutane presenterar lag...
Fullt hus 21.03.2025 1:49:36
I denne episoden av Eder & Galle får Hobberst og Salte besøk av Sondre Norheim, Axel Kryger og Kevin Knappen. Samtalen dreier seg mykje om den kommande sesongen i Eliteserien, og dei diskuterer alt frå forventningar til utfordringar. Kevin er med på å gå gjennom treningskampane, og gir innsikt i korleis laget har forberedt seg før seriestarten. Axel deler også sine tankar om den dramatiske kam...
Er Bryne og Bryne Stadion klar for Eliteserien? 07.03.2025 1:18:42
Hobberst og Salte har fått tema frå folk der ute. Dei diskuterer nye spelarar, går i gjennom dei siste treningskampane og tek siste nytt om Stadion. Mange der ute reagerer litt på løysingane som blir gjord, for å få innsikt i dette har me med oss dagleg leiar Hans-Øyvind Sagen for å belysa synet til klubben, som gutane nødvendigvis ikkje er samde i.
Treningskampar og nye tribuner 21.02.2025 34:31
I denne episoden av Eder & Galle tek Hobberst og Salte ein gjennomgang av Bryne sine treningskampar mot Sandnes Ulf, Åsane og HamKam. Det er også ny prøvespeler innom hos klubben, han har eitt fantastisk etternamn som Hobberst lovar å synleggjera om det viser seg å vera ein habil fotballspelar. Hobberst har teke seg tid til å besøke Bryne Stadion, og han deler sine inntrykk av den nye sittetri...
Nicklas Strunck Jakobsen 07.02.2025 50:27
I denne episoden av Eder & Galle er Hobberst og Salte tilbake og dei er klare til å oppsummere dei siste treningskampane til Bryne. Dei deler sine inntrykk frå kampane og diskuterer kva dei har sett av laget, både på den positive og negative sida. Det blir og snakka om spelarane som har kome inn, med fokus på dei nyaste overgangane. Ein spennande del av episoden er intervjuet med danske Nickla...
Sondre Norheim 24.01.2025 58:49
I årets første episode av Eder & Galle er vertane Hobberst og Salte endeleg tilbake, og denne gongen har dei med seg den solide midtstopparen Sondre Norheim. Dei tek ein grundig prat om det fantastiske opprykket til Eliteserien, og ser med spenning fram mot den komande sesongen i 2025. I tillegg får Sondre svara på fleire interessante og engasjerande lytterspørsmål som har kome inn. Episoden i...
Nei til VAR, ja til Bryne! 22.12.2024 51:44
I den ferskaste episoden av Eder & Galle er det mykje spennande på agendaen! Først og fremst, vi jublar for at medlemmene våre stemte mot VAR i norsk fotball! Eit stort steg for fotballen, seier vi! Men vi stopper ikkje der. Vi går også gjennom overgangane og signeringane i vintervindauget. Kanskje nokon rykter også er på sin plass? Og så, ein stor gratulasjon til Bryne FK! Dei har nett blitt...
Sødal om karrieren og Hobbersts stolte øyeblikk 11.12.2024 59:39
I denne episoden av Eder & Galle får lytterne ein rask gjennomgang av kvalifiseringskampen mellom Moss og FK Haugesund, der resultatet enda med at FKH skal spele vidare i Eliteserien 2025. Etter å ha oppsummert denne spennande kampen, kjem Lars Erik Sødal, Bryne-spelaren, på besøk til podkasten. Sødal deler sine erfaringar frå tida i Bryne og fortel om sine opphald i V*k*ng, Sandnes Ulf og EIK...
Kvalikkampene og slakting av Bryne-styret 05.12.2024 54:27
I dag startar me med å diskutere kvalikkampen mellom Jerv og Mjøndalen, som vart eit avgjerande oppgjer for å sikre plassen i OBOS-ligaen. Deretter får me besøk av Christian Thuessen frå Moss-leiren, som kjem inn for å bidra med innsikt og spådommar om den spennande kampen mellom Moss og FKH. Dette er eit oppgjer som avgjer kven som får den siste plassen i Eliteserien 2025. Til slutt i denne episo...
Kvalikkampane og poengfest: Me gir Bryne-spelarane karakter 25.11.2024 1:26:19
I denne episoden av Eder & Galle tek gutane for seg kvalikkampane. I tillegg blir det det årlige ritualet der Bryne-spelarane får poeng for sine prestasjonar. Kven har verkeleg utmerkt seg? Alt dette vert diskutert med godt humør, skråblikk og skarpe kommentarar, slik berre Eder og Galle kan levere.
Bryne, Kongsvinger og spelarforhandlingar 22.11.2024 1:22:59
I den nyaste episoden av Eder & Galle tek vi eit dykk i Bryne FK si pågåande spelarforhandlingar og kva som ventar for klubben i framtida. I episoden diskuterer vi sjølvsagt dei ferskaste kontraktsforlengingane med Igor Spiridonov og Jens Husebø. Det er også spennande å snakke om når det gjeld spelarane som står utan kontrakt etter denne sesongen. Kven blir verande, og kven ser vi ikkje i klub...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.