Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Author
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Category
Podcast website
Latest episode
Jul 5, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Kva er det som skjer med Bryne? 05.07.2026 1:00:50
Bryne og Sandnes Ulf deler poenga i lokaloppgjeret på Bryne stadion. Podkastduoen legg ikkje skjul på at dei er skuffa over resultatet, og dei saknar større grep frå trenarteamet i eit forsøk på å endre kampbiletet undervegs. I spørsmålsspalta går det att at mange meiner Bryne må vere modigare frå sidelinja. Fleire etterlyser større og meir treffsikre grep under kampane, og meiner laget ofte er fo...
Full brems på Nadderud, no ventar naboen! 29.06.2026 37:07
Etter tre strake sigrar var håpet at Bryne skulle halda fram klatringa, men på Nye Nadderud sa det stopp. 2–0-tapet mot Stabæk blir grundig analysert, og vi er samde om at det først og fremst var den svake førsteomgangen som felte Bryne. Laget var ikkje påskrudd, og Stabæk fekk sjå ut som eit lag som høyrer heime i Eliteserien , kanskje endå høgare. Det finst likevel nokre lyspunkt. Bryne løfta se...
Tre poeng, tippetips og turprat 23.06.2026 33:38
I kveldens episode av Edder & Galle oppsummerer me kampen mot Åsane. Det blir kanskje ikkje den lengste kampgjennomgangen i historia, men det viktigaste er på plass: Bryne sikra seg tre poeng, og det er det ingen som klagar på. Tippetipsa blir òg gjennomgått, og som vanleg gjekk det betre for nokre enn for andre. Panelet tek dessutan ein prat om kontraktssituasjonane i Bryne. Kven bør få ny av...
Bislett-fest, tippefiasko og vind frå alle kantar 18.06.2026 42:15
I dagens episode av Edder & Galle er det mykje å jubla for etter Bryne sin sterke 3–0-siger borte mot Lyn på Bislett. Fleire spelarar skal opp på børsen, og gutane går gjennom prestasjonane som la grunnlaget for tre viktige poeng i hovudstaden. I Tippetipset går det denne gongen diverre ikkje heilt etter planen. Likevel er statistikken framleis solid, og nye tips blir sette med eit klart mål o...
Poenga varma mest 31.05.2026 31:09
Etter to kampar utan siger er vi tilbake på vinnarsporet. Hødd blir slått 1–0, og sjølv om kampen kanskje ikkje går inn i historiebøkene for den store underhaldningsverdien, leverer vi ein solid prestasjon og viser at vi er eit betre fotballag enn laget frå Ulsteinvik. Tre særs viktige poeng er i boks. Samstundes held tippetips-suksessen fram, og vi samlar inn pengar til Barnekreftforeningen. I sa...
Kupongen sat. Resten er framleis diskutabelt. 27.05.2026 42:10
Ny episode av Edder & Galle er klar! Bryne har vore i aksjon igjen, men ny trepoengar lèt framleis venta på seg. Likevel finn Per Tore noko positivt å ta med seg frå kampen i Drammen, medan Ole Morten held litt meir igjen sjølv om også han byrjar å sjå konturane av noko. Duoen går gjennom kampen, prestasjonane og kva som må bli betre framover. I Tippetipsen klaffar det igjen for begge to, og m...
Ei uro har meldt seg 20.05.2026 39:35
Episode to denne veka er ikkje for dei fintfølande sjelene. Etter eit blytungt 3–0 tap borte mot Raufoss, haglar det med krass kritikk frå Edder & Galle-panelet. Mykje manglar i laget, og særleg trenarbenken får hard medfart på børsen denne gongen. Alarmen har gått i klubben, men det blir understreka at ansvaret ikkje kan leggjast på enkeltposisjonar åleine. Det kjem òg inn eitt og to lyttarsp...
Bunad, ball og beinhard kritikk 17.05.2026 54:09
På sjølvaste nasjonaldagen kjem ein ny episode av Edder & Galle. I denne episoden blir det sjølvsagt slakting av ein spelar sitt val denne veka, og me går grundig gjennom kampen på fotballens nasjonaldag. Me meiner Bryne Stadion viste seg frå ei god side. Her er det absolutt mogleg å skapa fotballfest 16.mai. Det blir òg nok ein gong klirrande mynt i tippespalta. Berre å tune inn! Ny kamp vent...
Forrykande start og klassisk Bryne-avslutning 11.05.2026 33:21
Bryne tok endeleg med seg alle poenga heim etter ein sterk bortekamp mot Moss på Melløs. Dei raudkledde opna kampen i forrykande tempo og gjekk til pause med ei solid 3–0-leiing. Sjølv om det blei nokre nervøse minutt på tampen og eit par ekstra tankar i overtida, heldt Bryne unna og sikra ein etterlengta triumf på Austlandet. I denne episoden av Edder & Galle går podkast-duoen gjennom kampen...
Frå cruise control til bremsesvikt i overtida 04.05.2026 58:16
Ein ny episode av Edder & Galle startar med det som skulle vere ein koseleg kveld for Bryne, men som sjølvsagt ikkje fekk lov til å vere det. 3–0 mot Sogndal burde vere spikra og klart, ferdig snakka, takk for i dag. I staden blir det to baklengs langt inn i overtida, og plutseleg sit alle og stirer tomt ut i lufta og lurer på kvifor dette alltid skjer. Det luktar ikkje berre svidd, det luktar...
Ein tung jubileumskveld på Bryne Stadion 27.04.2026 37:13
I denne episoden av Edder & Galle tek me eit tungt oppgjer med kampen mot Odd. Me starta godt, med tru og energi, men så kom utligninga og med ho den snikande kjensla: skal det glippe igjen i dag og? Dessverre fekk den kjensla rett. På verst tenkeleg vis sette Odd inn sigersmålet på overtid, og Bryne stod att med null poeng i sin eigen 100-årsjubileumskamp. Det gjorde vondt. Skikkeleg vondt. S...
Ein start å gløyme men ein episode å høyre 22.04.2026 56:13
I dagens episode av Edder & Galle er stemninga tung etter endå eit tap, denne gong mot EIK. Tre av tre tap i starten av sesongen gjer at praten fort blir prega av frustrasjon, og gutane prøver å setje ord på kva som eigentleg ikkje fungerer. Dei er innom både spelet, enkeltprestasjonar og mangelen på flyt, og det blir tydeleg at dette ikkje berre kan forklarast med uflaks. I spalta anonyme Sna...
Poengtørke for Bryne, men jackpot i tippespalten 17.04.2026 32:50
I denne episoden av Edder & Galle er stemninga prega av frustrasjon etter eit nytt tap for Bryne, denne gongen heime mot Ranheim. I spelarvurderinga må pisken fram att, for prestasjonane held ikkje mål. Sjølv om det finst nokre lyspunkt i laget, er dei for få, og panelet etterlyser meir stabilitet og framgang. Blikket blir retta mot helga, der Bryne skal til Egersund for å møte EIK. Det blir v...
Bitre siffer, nye kampar og historisk drakt 09.04.2026 53:56
I denne episoden av Edder & Galle tek vi føre oss det bitre 3–0-tapet på Gjemselund mot Kongsvinger. Er det grunn til uro, eller lyver resultatet? Det vart heller ikkje full klaff for podkast-duoen i tippe-spalta. Berre ein av to kampar sat. Men dei gir seg ikkje, og prøver igjen! I tillegg snakkar dei om den komande heimekampen mot Ranheim, og den nye 100-årsdrakta blir vurdert og diskutert.
Seriepremiere, spenning og store forventningar 02.04.2026 1:46:49
No er ventetida snart over, og endeleg er det klart for kampar med tre poeng i potten. Bryne serieopnar borte mot Kongsvinger på Gjemselund måndag klokka 14.30, og stemninga byrjar verkeleg å byggje seg opp. For å hjelpe dykk gjennom dei siste dagane før avspark har vi sett saman ein episode stappa med godt innhald. Her får de vårt store tabelltips før sesongstart, dei etterlengta tippetipsa er ti...
Frå cupskuffelse til draktdebatt 23.03.2026 42:58
I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss cupkampen mot Brann, ein kamp som dessverre enda med at Bryne måtte takke for seg i cupen. Me sit att med kjensla av at kampbiletet kunne vore utnytta betre, for det var periodar der moglegheitene var der, men det mangla litt på dei avgjerande vala og det siste trykket framover. Likevel er det ikkje berre svartmaling, laget går av bana med heva...
Cupspesial: Bryne - Brann 16.03.2026 32:35
Bryne er klare for kvartfinale i cupen, der Brann kjem til Bryne Stadion. Tener Bryne på det igjen? Gjer grasmatta det like vanskeleg for Brann som ho var for Rosenborg? Vi håpar det og ladar opp med ein liten cupspesial før kampen. Det er litt skadar i Brann, så kanskje finst det moglegheiter her. Ventar det ein semifinale på Bryne?
Cupdrama på Bryne Stadion og spørsmål frå lyttarane 13.03.2026 56:03
I denne episoden av Edder & Galle høyrar du sjølvsagt om den store snakkisen: cupbragda på Bryne Stadion der Bryne slo ut Rosenborg etter ekstraomgangar. Det var ein skikkeleg cupkamp, intens, nervepirrande og med ein stadion som levde frå første til siste minutt. Me snakkar om atmosfæren på tribunen, dei avgjerande augneblikka i kampen og kva denne sigeren betyr både for laget og for supporte...
Cupspesial: Bryne–RBK 05.03.2026 32:47
I denne episoden av Edder & Galle er det duka for skikkeleg cupstemning! Søndag ventar 4. runde i NM når Bryne tek imot Rosenborg på Bryne Stadion, og me køyrer ein rein cup-spesial. Me startar med siste nytt frå begge leirar før kampen. Korleis står det til med Bryne inn mot storbesøket frå Trondheim? Kva slags form kjem Rosenborg i, og kva kan me venta av kampbiletet når desse to møtest i cu...
Folkets spesial 19.02.2026 58:05
Edder & Galle er endeleg tilbake etter ein pause som vart ein veke lengre enn planlagt. For å ta det igjen køyrer me ein skikkeleg folkets spesial, der heile episoden går rett på innsendte spørsmål. Det har kome inn mange spørsmål i alle variantar. Nokre er gode, andre litt mindre gode. Nokre er lange, andre korte. Uansett svarar me på alt. Det blir snakk om taktikk, kven som bør starta for Br...
Gjest: Ørjan Heiberg 29.01.2026 1:21:39
Vi er så heldige å ha fått besøk av Ørjan Heiberg, Bryne sin nye hovudtrenar. Vi tek opp spørsmåla som har kome inn, og går elles gjennom korleis Ørjan ønskjer at Bryne skal framstå, og kva slags kultur han vil byggje her ute på Jæren. Det er framleis tidleg, så det blir for tidleg å seie for mykje om det sportslege sidan laget berre har vore i gang i nokre veker. Difor har vi brukt denne episoden...
Trenarar, Bondehæren og alt lyttarane lurte på 08.01.2026 1:02:42
Edder & Galle er tilbake, akkurat sånn det skal vera. Denne gongen har me gjort det enkelt og latt lyttarane finna på kva me skal snakka om. Det har ramla inn alt mogleg av spørsmål, og me pløyer oss gjennom bunken med like delar synsing, skråsikkerheit og kødd. Men først: trenarar. Ørjan Heiberg er på plass som hovudsjef i Bryne, og no har han fått med seg Børre Steenslid som assistent. Kva s...
Nedrykket – Del 4: Då alt rakna 02.01.2026 35:39
I den fjerde episoden av Nedrykket følgjer Edder & Galle dei siste, skjøre håpa og augeblikket då alt fell saman. Innspurten i Eliteserien gir eit lite glimt av tru. Resultat andre stader, kvalikplassen innan rekkevidd, og kjensla av at det kanskje kan gå likevel. Tapet mot Sarpsborg 08 svir, men sesongen lever. Så kjem kvaliken, og med den optimismen. Den litt farlege optimismen. For sjølv om...
Nedrykket – Del 3: Spillerflukt, varsler og klubbens håndtering 29.12.2025 38:16
I denne episoden av Edder & Galle ser vi nærare på den dramatiske utviklinga som vi meiner førte klubben til nedrykk. Vi startar med den sterke opninga på Eliteserien, der laget fekk både poeng og sympati, men raskt mista fotfestet på grunn av både sportslege utfordringar og aukande press frå media. Plutseleg blei tre nøkkelspelarar oppsagde utan førehandsvarsel, og salet av årets spelar kom s...
Nedrykket – Del 2: Var det opprykket som skjulte sprekkene? 26.12.2025 30:51
I del to av Nedrykket går me tett på ein av dei mest intense og følelsesladda periodane i nyare Bryne-historie. For kva skjer når suksessen kjem raskare enn nokon hadde trudd? Me startar med kvalikdramaet i 2023. Kampane mot Raufoss, pubane heime som kokte over, Start-fadesen med varmeanlegget – og til slutt straffetapet mot KBK. Trass i skuffinga sat kjensla igjen: Dette er meir enn godt nok. Kan...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.