Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte

Edder & Galle

Sports NO ↓ 93 episodes

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.

Author

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte

Category

Sports

Podcast website

www.buzzsprout.com

Latest episode

Jul 5, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Nedrykket – Del 1: Kva var det som eigentleg skjedde? 22.12.2025

I denne første delen av serien Nedrykket går me tilbake til starten. Før tabellplasseringar, før overskrifter – og lenge før nedrykket i 2025 var eit faktum. Me tek for oss ansetjinga av Kevin Knappen, turbulensen rundt Even Sel, og valet klubben tok mellom styrelogikk og klubbkjensle. Korleis vart avgjerda oppfatta av spelargruppa og supportarane? Og vart det lagt ein grunnmur som seinare skulle...

Eit nederlag me aldri gløymer 15.12.2025

I denne episoden av Edder & Galle tek me føre oss eit blytungt kapittel i Bryne-historia. Trass i ein 1–0-siger i returoppgjeret mot Aalesund, vart det umogeleg å hente inn det brutale 0–4-tapet frå heimekampen. Med 4–1 samanlagt må Bryne gi frå seg plassen i Eliteserien og gjere seg klare for OBOS-ligaen. Me set børs frå kampen i Ålesund og kårar dei tre beste Bryne-spelarane i årets sesong b...

Fullt hus, total forvirring og eit manus som ikkje stemte 10.12.2025

I denne episoden av Edder & Galle sit Hobberst og Salte i studio og prøver å fordøye det som må vere eit av dei mørkaste kapitla i Bryne si nyare historie. Bryne tapte 4–0 heime mot Aalesund i den første av to kvalifiseringskampar mot eit lag frå divisjonen under, og heile Jæren står igjen i sjokk. Programleiarane legg ikkje skjul på frustrasjonen. Dei kallar prestasjonen sesongens desidert sv...

Det går jo bra… eller? 01.12.2025

I denne episoden av Edder & Galle kjem duoen inn i studio med eit breitt glis etter at Bryne slo Haugesund 4–1 på bortebane i araberenes by. Dei prøver riktignok å halde litt igjen når dei set børsen, for motstanden var kanskje ikkje heilt av den skarpaste sorten. Lyttarane har sendt inn haugevis av spørsmål, og guttene svarar på alt dei rekk, frå kven som bør starte neste kamp til kor mykje e...

På veg inn i kvalik: uro, spørsmål og håp 24.11.2025

I denne episoden av Edder & Galle er det merkbart dårleg stemning i studio. Bryne har tapt heime mot Sarpsborg 08, og prestasjonen gav lite å glede seg over. No må laget ut i kvalik for å redde plassen i Eliteserien, men først ventar bortekamp mot FKH i Haugesund. Der handlar det mest om å få tilbake litt sjølvtillit og å bygge opp trua før kvaliken, sjølv om ingen enno veit kven motstandaren...

Edder & Galle lader opp til nervepirrande helg 19.11.2025

I denne vekas episode av Edder & Galle blir det litt prat om landslaget. Panelet er godt nøgde med at Erling Braut Håland skal dra resten av Noreg med seg til VM i 2026. Det blir sjølvsagt også satsa i tippehjørnet, og denne gongen går gutane skikkeleg høgt ut. Lyttarane har sendt inn fleire kjekke spørsmål som blir tatt opp i studio. Til slutt snakkar dei om helgas kamp heime mot Sarpsborg 08...

Håp, tru og litt desperasjon 10.11.2025

I vekas episode av Edder & Galle byr det som vanleg på børs etter eit 5-0 tap nordpå mot Bodø/Glimt. Dei fleste hadde vel lite tru på poeng på Aspmyra, og fasiten vart som venta tung. Hobberstad og Salte kikkar også på det vesle håpet som framleis finst for å unngå kvalik. Ja, vi må kanskje omtale det som eit lite håp, men det er der. Samtidig vurderer dei kven dei helst vil møte dersom Bryne...

Trua er tilbake – kven skulle tru det? 07.11.2025

Bryne slo Brann, og stemninga i studio er på topp! Gutane går gjennom kampen med spelar­børs, og til og med den mest pessimistiske røysta i podkasten er blitt overtydd: Dette laget skal i det minste ta kvalikplassen til Eliteserien. Kanskje kan det til og med bli trygg plass? Lyttarane har sendt inn mange spørsmål. Nokre er urolege for kvar ein eventuell kvalikkamp må spelast, andre lurer på kven...

Drittkamp og dårleg folkeskikk 30.10.2025

I dagens episode må Hobberst og Salte dessverre ta lytarane med gjennom det bitre tapet mot Viking. Stemninga er alt anna enn lystig, og det kjem tydeleg fram i både praten og på børsen, for duoen er slett ikkje nøgde med det dei såg på Lyse Arena. Under tribunene og inne i garderoben etter kampen var det mykje som ikkje heldt mål, og det får så hatten passar. Her blir det slakt, og med rette. Lyt...

Børs, spalter og spenning før hatoppgjeret 23.10.2025

I dagens episode av Edder & Galle tek me for oss Rosenborg-kampen og gir spelarane karakterar på børsen.  Som vanleg er me og innom dei faste spaltene, og denne gongen har me fått inn ein heil haug med gode lyttarspørsmål. Men det alle eigentleg går og tenkjer på, er det som ventar: Bryne skal til Stavanger for å møte Viking. Det store lokaloppgjeret nærmar seg, og stemninga i studio er prega...

Når ballen ligg stille, går kjeften 15.10.2025

I denne veka sin episode er det ingen kamp å analysere, og dermed heller ingen børs å dele ut. Men fortvil ikkje, vi finn sjølvsagt noko å snakke om likevel. Vi er innom landslagsfotballen ein liten tur, men går raskt vidare til spørsmål frå lyttarane. Mykje handlar om sesongen vi står midt i, og korleis avslutninga kan sjå ut. Det kjem ogspørsmål om vi i panelet angrar på nokre av utsegnene våre...

Tap i Sandefjord og oppførsel som ikkje held nivå 09.10.2025

I denne episoden av Edder & Galle tek vi for oss Brynes tap borte mot Sandefjord. Både Hobberst og Salte sat på tribunen, og det dei såg var lite å juble for. Det blir som vanleg tid til faste spalter, nokre korte og andre litt lengre. Denne gongen har gutane også fått inn fleire gode lyttarspørsmål, blant anna om korleis Bryne-supportarane oppfører seg på bortetur. Her blir det ikkje haldne i...

Optimisme på lågt batteri – men vi drar likevel 01.10.2025

I denne veka si episode av Edder & Galle ligg det eit lite slør av optimisme over studio. Etter ein lang og tung periode fekk Bryne-folket endeleg noko å smile av då laget slo Kristiansund 2–0 i bunnoppgjeret på Bryne stadion. Det gir nytt håp i nedrykksstriden og både Hobberst og Salte ser eit lite lys der framme i den elles mørke tunnelen. Som vanleg er duoen innom alle dei faste spaltene fr...

Lys i tunellen – Bryne kjempar vidare i liga og cup 24.09.2025

I denne vekas episode av Eder & Galle pustar gutane i studio endeleg litt lettare ut. Bryne har tent eit lite håpom overleving etter å ha henta eitt sterkt poeng i plankebyen mot FFK. I tillegg er laget vidare til runde fem i cupen med eit naudskrik etter ein dramatisk 2–1-seier borte mot Brattvåg, der sigersmålet kom heilt på overtid. Det nye cupsystemet får forresten gjennomgå skikkeleg i po...

Ingen forsoning å spore 18.09.2025

I denne episoden av Eder & Galle tek panelet for seg kampen mot Tromsø – ein kamp som dessverre ikkje vitna om noko forsoning mellom trenar og spelarar. Det Bryne-supportarane fekk sjå, har skapt uro og fleire spørsmål om vegen vidare, og i studio er det lite tvil om at leiinga kan ha gjort eit feilgrep ved å halde på trenaren. Som vanleg får du dei faste spaltene, med høgdepunktet frå Snapcha...

Når motvinden blæs – må fellesskapet stå fast 10.09.2025

I denne vekas episode av Eder & Galle er dei faste jinglane tilbake, og me får som vanleg ein tur innom både fantasy og tippe-tipsa, der gevinsten går til Barnekreftforeininga. Det har blitt endringar i den interne konkurransen – no er det faktisk ein av Hobberst eller Salte som har teke leiinga! Lyttarane får òg høyre svar på anonyme Snapchat-spørsmål, som denne gongen tek oss med på ein skik...

Vi set ord på stillheita frå Bryne 03.09.2025

I denne episoden av Eder & Galle blir det høg temperatur når bombenyheten frå Bryne Stadion sprekk: Tre spelarar har terminert kontraktane sine, og blant dei – sjølvaste klubblegenda Robert Undheim. Kven visste kva, og kvifor vert det halde tett om avgjerda? Podkast-gutane prøver å setje ord på det som ingen andre vil seie høgt. Sportsjef Roger Eskeland stikk innom for å svare på signeringane,...

Bryne stod opp frå det døde – men får likevel kjeft 27.08.2025

I denne vekas episode av Eder & Galle tek gutane for seg 2–2-kampen mot Strømsgodset. Det starta svakt for Bryne, og på stillinga 0–2 sat mange med hovudet i hendene og lurte på kva i alle dagar som gjekk føre seg. Men etter ein solid opphenting fekk Bryne med seg eitt poeng. Spørsmålet er berre: er det nok til å imponere dei krasse røystene i podkasten og gje spelarane ei grei børs? Som vanle...

Bekymra, men ikkje knekt 20.08.2025

I denne episoden av Eder & Galle er stemninga merkbart meir døyvd enn vanleg. Bryne har nett tapt 1–0 borte mot HamKam. Er det Bryne som har blitt svakare, eller er det berre slik at motstandarane har fått fart på sakene? I byrjinga av sesongen flaut det meste, no sit ein att med fem kampar utan siger – og eit poengsnitt som ser skremmande lågt ut. Hobberst og Salte diskuterer både form, takti...

Søvndyssande kamp, men knallsterke nyheiter: Trykk play! 13.08.2025

I denne vekas episode tek vi eit blikk på kampen mot KFUM – sjølv om vi må åtvara mot at det heile vart ein heller søvndyssande affære. 0–0 og lite underhaldning å spore, men vi oppsummerer likevel det viktigaste frå kampen. Deretter går vi vidare til dei faste spaltene, og i Snapchat-spalta til Per Tore byr vi på ferske rykter og ønskelister inn mot overgangsmarknaden – her kan det kome spanande...

Me analyserer alt – bortsett frå oss sjølve 06.08.2025

I vekas episode tek Hobberst og Salte for seg spelar­børsen etter det sviande tapet mot Molde. Dei går gjennom innsatsen til spelarane i kampen, og ser samstundes på korleis børsen har utvikla seg no som halvspela sesong er eit faktum. Robert Undheim stikk innom for ein ærleg prat om skademarerittet som var nær ved å knekkja både motivasjonen og karrieren. I tillegg får me høyre frå Kristian Skurv...

Ekte hat, surt tap – men me er Bryne 28.07.2025

I kveldens episode av Eder & Galle tek podkastduoen for seg det smertelege tapet mot erkefienden Viking. Det var flotte rammer rundt kampen, og mange hadde gleda seg til eit ekte hatoppgjer i norsk fotball. Men gleda vart kortvarig – for kampen enda som eit sviande nederlag. Duoen legg kampen bak seg, men ser alt fram til moglegheita for hemn mot «driten» i oktober. Alle dei faste spaltene er...

Hatet lever – og no smeller det! 23.07.2025

I denne episoden av Eder & Galle har me mykje å ta tak i – men alt peikar mot det eine: hatoppgjeret mellom Bryne og Viking på ein fullsatt Bryne Stadion søndag kl. 14:30. Det blir krig på graset, og stemninga ligg allereie tjukt i lufta. Me startar med ein kjapp tur innom Nordens Paris, der Bryne gjekk på eit surt 3–1-tap. Me deler ut børs til samtlige spelarar. Deretter rullar me inn i dei f...

Frå jubel på Jæren til vågal optimisme i nord 15.07.2025

Denne veka gjenopplever Hobberst og Salte den sterke sigeren mot Vålerenga. Fleire spelarar får seg eit løft på børsen – nokre klatrar både eitt og to hakk etter innsatsen mot VIF. Salten har også med seg ei heilt ny spalte, podkasten har no teke steget inn på Snapchat. Kva som eigentleg skjer der, får du berre vita om du lyttar til episoden! Mot slutten av sendinga rettar begge blikket mot neste...

Frå krøll mot KFUM til krig mot kongeblå – og kva skjer med Moreira? 10.07.2025

I dagens episode av Eder & Galle er det kampen mot KFUM som vert analysert av Hobberst og Salte. Kva kan Bryne ta med seg vidare?  To spelarar har forlate Jæren – det vert kort nemnt før fokuset skiftar over til overgangsrykter. Kven er det som byr på Moreira? Kven ønskjer duoen seg inn dørene på Bryne stadion? Og har klubben faktisk sendt ut eit konkret bod på ein ny spelar? Det vert også ein...

Listen to the Edder & Galle podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.