Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Edder & Galle
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.
Author
Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte
Category
Podcast website
Latest episode
Jul 5, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Dramatisk avslutning og gjesten som dukka opp 13.11.2024 1:38:24
Det vart ei dramatisk avslutning på OBOS-ligaen særleg i botnen av tabellen. Me samanfattar siste serierunde og ser litt på kvalikkampane som skal spelast om både opprykk til OBOS og Eliteserien. I tillegg til alt dette kjem gjesten som ikkje dukke opp sist episode, Hans-Øyvind Sagen er klar og fortel meir om kva han har gjort sidan han kom til Bryne som dagleg leiar og kva planane er rundt stadio...
Bryne-opprykk og gjesten som ikkje dukka opp 07.11.2024 55:31
Hobberst og Salte samanfattar OBOS-runden og ser på utsiktene til siste serierunde som er no til helga. Bryne har rykt opp, til den store gleda for gutane og i samband med dette inviterte gutane dagleg leiar i Bryne FK Hans Øyvind Sagen til podkasten, han sa ja men dukka aldri opp.
Framtida til Bryne og Sogndal: Ein episode om håp og kampen for overleving 30.10.2024 1:40:18
I denne episoden av Eder & Galle tar Hobberstad og Salte for seg den siste OBOS-runden. Dei går gjennom kampane, og det er spesielt Sogndal som står i fokus. Laget sliter alvorleg for tida, og guttene sender tankar og støtte til dei som jobbar for å snu skuten. Samtidig er det eit spennande tema som ligg i lufta: Bryne kan vere på veg tilbake til Eliteserien! Det er heile 21 år sidan dei var d...
Lyns imponerande reise og oppsummering av OBOS-runden 25.10.2024 1:35:46
I denne episoden av Eder & Galle tar vi ein dypdykk inn i Lyn sin imponerande reise frå nivå 4 til nivå 2 på rekordtid. Vi har med oss ein gjest frå Lyn-podkasten Vestkantribunalet, som gir oss innsikt i kva som har drivi denne oppgangen og kva spelarar og strategiar som har vore avgjerande. Vi oppsummerer også den førebuande OBOS-runden, der vi ser nærare på nøkkelkampane og dei viktigaste re...
Topplag og bunnlag i skjebnesvangre oppgjør 18.10.2024 1:05:34
I denne episoden av Eder & Galle er Hobberst og Salte endelig tilbake i studio etter haustferien. Dei går grundig gjennom den siste runden av OBOS-ligaen og ser fram mot den komande runden. Med berre fire kampar igjen av sesongen, er det spenning både i toppen og botnen av tabellen. Programleiarane tek seg tid til å fokusere ekstra på sitt kjære Bryne. Vil det bli fest på Jæren til slutt? Dei...
Start, Bryne og OBOS-ligaens drama i fokus 04.10.2024 1:39:40
I denne episoden av Eder & Galle får Hobberstad og Salte besøk av Tom Iversen frå Start en pod . Samtalen dreier seg om klubben Start, spesielt i moderne tid, der det ikkje manglar på drama. Dei diskuterer klubbens reise gjennom både oppturar og nedturar, frå skandalar til håp og tru på betre tider, berre for å oppleve nye skandalar. Episoden gir eit grundig bilete av dei ulike utfordringane S...
Bryne luktar eliteserien, og pølse i vaffel vs farse i to brød 27.09.2024 1:04:38
I denne episoden av Eder & Galle oppsummerer Hobberstad og Salte den siste serierunden med sine skarpe kommentarar og humoristiske betraktningar. Aalesund fekk det beinhardt i hovudstaden – vart dei straffa for hardt? Dei diskuterer òg om Bjørn Helge Riise verkeleg er den rette mannen på Nadderud , og om Sogndal bør frykte nedrykksspøkelset. På Bryne luktar det eliteserien, medan Azar Karadas...
Håp, tru og kaos. Me elskar OBOS-ligaen 23.09.2024 44:15
Denne veka kjem Eder & Galle med to episodar, ein på måndag og ein på den vanlege dagen vår, torsdag. Runden kjem tett, og vi er klare til å halde tritt! I måndagens episode dykkar vi inn i hendingane frå helga. Aalesund tok med seg motorsaga til Kongsvinger og laga kaos, Start klamrar seg til håpet om overleving, og Raufoss er verkeleg i fyr og flamme med forma si. Vi oppsummerer heile runden...
Trenarskifte, opprykksdrama og ekspertanalyse med Joacim Jonsson og Kevin Knappen! 20.09.2024 1:49:25
I denne episoden av Eder & Galle blir det eit skikkeleg dypdykk i OBOS-ligaen, der det no skjer mykje i innspurten av sesongen. Me tek ein prat om Sogndal, EIK og Ranheim, som alle må skifte trenar før neste sesong startar – eit teikn på at klubbar gjerne vil ta nye steg. Det er også kamp om den andre opprykksplassen, der Bryne og Moss ligg tett i tett og gir alt. Spenninga stig, og ingen kan...
Poengkalkylar for topp 6 og Mjøndalens skjebne – med gjest frå Høyt press 13.09.2024 1:07:57
I denne vekas episode tek Hobberstad og Salte for seg dei gjenværande kampane for topp 6-laga i OBOS-ligaen, og reknar ut kor mange poeng kvart lag vil ende opp med når sesongen er over. I tillegg får dei besøk av Ole Petter Letmolie frå Mjøndalen-podkasten Høyt press . Han deler sine tankar om Mjøndalens sjansar for overleving i OBOS-ligaen, og diskuterer kva som må til for å sikre plassen når s...
Brynes formtopp, Sandnes Ulfs fall og Kongsvingers villfaring – OBOS-ligaen oppsummert 06.09.2024 1:33:51
I denne episoden av Eder & Galle byrjar me med å snakke om Bryne, som er i eventyrleg form og ser ut til å få alt til å klaffe. Er det nokon som kan stoppe dei? På andre sida står Sandnes Ulf, som verkeleg slit i motbakkane – er det i det heile tatt håp for dei? Start held fram som ein jojo-klubb, stadig opp og ned, medan Kongsvinger framleis virrar rundt i dei djupe skogane utan å finne veg...
Oslo-derbydrama, Bryne-seier på overtid og utfordringar for Start! 30.08.2024 1:38:00
I denne episoden av podkasten Eder & Galle med Hobberst og Salte, blir det ein grundig oppsummering av den siste runda i OBOS-ligaen. Her får vi høyre om det intense Oslo-derbyet som verkeleg tok fyr, med høg temperatur og mykje dramatikk på bana. Vidare får vi innblikk i Brynes imponerande seier, der dei sikra tre poeng på overtid mot Kjetil Rekdals Aalesund, noko som skapte stor glede hos Br...
Hovudstadsoppgjer, OBOS-drama og VAR-debatt. 23.08.2024 1:11:58
I denne episoden av Eder & galle tek vi ein nærare kikk på den spennande runden i OBOS-ligaen. Ventinga er stor før det etterlengta hovudstadsoppgjeret mellom Vålerenga og Lyn på laurdag. Vi ser òg tilbake på den førre runden, der både Moss og Stabæk melder seg på i kampen om opprykk, medan Mjøndalen, Start og Åsane sikrar seg livsviktige poeng i botnstriden. Diskusjonen går heftig om VAR har...
Konstant drama i OBOS 16.08.2024 1:09:44
I denne episoden av Eder & Galle diskuterer vertane den siste utviklinga i OBOS-ligaen, der Moss verkeleg slit, medan Bryne er i storform. Det kokar i toppen av tabellen med intense kampar om opprykk, samstundes som det brenn i botnen, der fleire lag desperat kjempar for å unngå nedrykk. Hobberstad & Salte diskuterer også dei konkrete planane for Bryne stadion, som skal gjennomførast uavhe...
Drøs og poengrekning 09.08.2024 58:07
Me startar i Egersund, der ting ikkje går som planlagt på Husabø – kva er det som manglar for å lukkast? Vidare hoppar vi på Vålerenga-toget som berre rullar vidare, og diskuterer kva som ligg bak den imponerande forma. Per Tore får velfortent heider etter å ha spådd rett om at ein OBOS-ligatrenar ville miste jobben. Me analyserer korleis lynet bokstaveleg talt slo ned i Bob Bradleys menn på Bisle...
Fotballrunden i OBOS-ligaen 02.08.2024 1:34:46
I denne vekas episode av podkasten Edar & Galle, kan lyttarane gle seg til ei grundig gjennomgang av den siste tida i OBOS-ligaen. Hobberstad og Salte tar for seg dei mest spennande hendingane og analyserer kampane som har prega den siste runden. Ein av dei mest spennande kampane denne veka var Bryne mot Sandnes Ulf. Podkastvertane går gjennom hendingane både på og utanfor banen, og gir lytt...
- Det har vorte ei fin rivalisering mellom Bryne og Sandnes Ulf 26.07.2024 1:24:48
I dag har me med oss dagleg leiar i Sandnes Ulf, Øystein Elvestad. Det er utfordrande tider i sykkelbyen og Øystein står i ein krevjande jobb både med tanke på drift og Sandnes Ulf sportslege situasjon. Det blir òg masse prat om kampen mellom Bryne og Sandnes Ul i morgon i tillegg får du sjølvsagde vekas langskot og vekas Eder og Galle.
Debut og Driblevekk 18.07.2024 1:38:06
Vi ønskjer alle velkomne til den første episoden av Eder og Galle. Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte har besøk av gutane frå podkasten Driblevekk, det blir mykje OBOS-prat så her er det berre å spele av. Hobberstad og Per Tore avsluttar med mykje godt Bryne-stoff.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.