dagogtid
DAG OG TID podkast
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Anders Nordstad om norsk landbruk 20.05.2022 29:11
Denne veka er Anders Nordstad gjest. Han er engasjert i landbrukspolitikk og vart i høve jordbruksoppgjeret intervjua i Dag og Tid 13. mai. I denne podkasten fortel han om kva han meiner er gale med norsk landbrukspolitikk. Artikkelen kan du lese her .
Dyrisk: Døyr fe, døyr frendar 13.05.2022 59:21
Dette er del to i podkastserien «Dyrisk». Saman med veterinærane Brit Tørud og Edgar Brun snakkar Arve Nilsen om fiskehelse og oppdrett. Ifølgje rapporten om fiskehelse i Noreg skriv Veterinærinstituttet at det døydde over 100 millionar oppdrettsfisk i 2021. Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i DAG OG TID. Denne veka skriv han om klauvròte. Les artikkelen her (for abonnentar).
Å døy om våren. Ein samtale om sjølvmord med Erlend Skjetne 06.05.2022 24:12
Forfattar og skribent Erlend Skjetne er gjest i podkasten denne veka. Han skriv no ein serie essay i DAG OG TID der han reflekterer kring temaet sjølvmord. Her kan du lese første del «Å døy om våren».
Det franske demokratiet er ikkje som før 29.04.2022 34:00
Etter presidentvalet i Frankrike er det tydeleg at folket er splitta. Korleis har det blitt slik? Og kor mykje makt har presidenten? Gjest er Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid. Les kommentarane hans om same tema: " Politiske oppløysingstendensar " og " Det franske demokratiet er ikkje som før ".
Dyrisk: Kva er eit dyr? 22.04.2022 1:01:59
Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen.
Marit Bjerkeng om russisk språk og kultur 16.04.2022 30:48
Burde me boikotte russisk kultur no? Og har Putin øydelagt den russiske litteraturen? Gjest er Marit Bjerkeng, ho er omsetjar og har undervist i russisk ved høgskular og universitet. I denne episoden fortel ho også om to av "sine" russiske forfattarar, Mikhail Sjisjkin og Ljudmila Ulitskaja.
Kjem snart: ein podkastserie om dyr og dyrevelferd 15.04.2022 0:25
Fredag 22. april kjem første episode av podkastserien «Dyrisk». Veterinær Arve Nilsen snakkar om dyr og dyrevelferd saman med gjester som har mykje kunnskap og spennande meiningar. Følg med i podkastkanalen til DAG OG TID!
Fasade og fadese i Hollywood 08.04.2022 25:31
May Linn Clement, teiknaren i Dag og Tid, fekk innpass på Oscar-utdelinga i Hollywood. I denne episoden fortel ho om opplevinga si. Les reportasjen hennar her (abo).
Intervju med Andrej Kurkov 01.04.2022 22:15
Denne veka var den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov i Oslo, han var invitert av Samtiden og PEN. I DAG OG TID-podkasten fortel han om korleis han opplever situasjonen i Ukraina og kva han meiner om Russland. Kurkov har skrive mange artiklar for Dag og Tid, du kan lese dei her . I DAG OG TID kan du også lese Intervjuet med Mikhail Sjisjkin, som Kurkov hadde ein samtale med på litteraturhuset 28....
Nevrokirurg Haldor Slettebø om hjernen 25.03.2022 27:08
Haldor Slettebø, spesialist i nevrokirurgi, skriv om medisin ein gong i månaden i Dag og Tid. I denne episoden snakkar han om den første artikkelen, «Hjernen er oppskrytt», som stod på trykk 18. mars. Les artikkelen her (abo).
Per Anders Todal om den nye fedrelandskrigen 18.03.2022 27:16
Journalist og forfattar Per Anders Todal er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka. Han seier at leiarane i både Ukraina og Russland nyttar den sovjetiske krigssoga som ammunisjon. Du kan lese artikkel hans her . Er du ikkje abonnent? Prøv DAG OG TID gratis i tre veker med automatisk stopp på dagogtid.no/prov .
Uavhengig journalistikk i Russland 18.03.2022 28:54
Dag og Tid trykker no artiklar av den russiske journalisten Sergej Markelov. I 2020 vart han som fyrste journalist i Russland erklært som utanlandsk agent av russiske styresmakter. Kva går denne lova om utanlandske agentar ut på og kvifor vart ho sett i verk? Journalist i Nordlys og leiar i Barents Press, Amund Trellevik, fortel om situasjonen for uavhengig journalistikk i Russland. Les artikkelen...
Finanskrigen: Jon Hustad om sanksjonane mot Russland 11.03.2022 32:35
26. februar vart valutareservane til Russland kverrsette av europeiske land og Japan. Kva konsekvensar får dette for Russland, og er det lov å fryse andre land sine valutareservar? Jon Hustad er gjest denne veka. Artikkelen om same tema, «Finanskrigen», kan du lese her (abo).
Kvifor gjekk Putin til krig mot Ukraina? 04.03.2022 29:08
24. februar gjekk Russland til åtak på Ukraina. Kva var motivasjonane bak dette angrepet? Og kva betydning har Ukraina for Russland? Russlandskjennar, førstelektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og forfattar av boka Russiske imperium, Kåre Johan Mjør, er gjest denne veka. I Dag og Tid 25. februar vart han intervjua av Per Anders Todal. Les artikkelen her (for abonnentar...
Salamandertesten: Simon Malkenes om norsk skulepolitikk 18.02.2022 30:20
Innføringa av dagens skule byrja i 2001, då kom dei første Pisa-resultata. Dei viste at Noreg ikkje var best, men skåra middels blant OECD-land. Løysinga vart ein ny skulepolitikk, ein skulle disiplinere ungane til å lære meir. I denne episoden av DAG OG TID-podkasten er Simon Malkenes gjest. I fjor kom han ut med boka «Salamandertesten» der han skriv om norsk skulepolitikk i lys av Bjørneboes Jon...
Cecilie Løveid om livet og skrivinga 11.02.2022 29:38
I boka «Kamerat livet» samtalar Kaja Schjerven Mollerin med forfattar Cecilie Løveid. I boka fortel Løveid om alt frå barndomen, familien, det pågåande prosjektet med boka «Piggeple» og hennar forhold til poesi og dramatikk. Denne veka er ho gjest i Dag og Tid-podkasten og fortel om livet og skrivinga. Mollerin vart intervjua i papirutgåva 4. februar, les intervjuet her (for abonnentar).
Siri Helle om vegetarisk middag 04.02.2022 18:02
Det å ete grønt skal vere sunnare for både helsa og miljøet. Men er det eigentleg sunnare å skifte ut kjøtkakene med eit vegetarisk alternativ som skal etterlikne kjøtprodukt? Fast skribent i Dag og Tid, Siri Helle, er gjest. Les spalta «Frå matfatet» om vegetarisk middag her (for abonnentar).
Helene Uri om pronomena «hen» og «dei» 28.01.2022 22:52
Det er ikkje alle som føler at «ho» og «han» passar med deira kjønnsidentitet. For eit par veker sidan skreiv NRK om Ravn Stiklestad Opli som identifiserer seg sjølv som ikkje-binær. Ravn føretrekker å bli omtala med pronomenet «dei». Kva er samanhengen mellom språk og identitet og blir det ikkje forvirrande å bruke «dei» om éin person? Helene Uri, forfattar og språkvitar, fortel om dei kjønnsnøyt...
DAG OG TID lydavis: «Med éin fot i fortida og éin i framtida» 26.01.2022 17:06
I DAG OG TID les me kvar veke inn eit utval av artiklane våre til lydavisa. Her kjem ein smakebit der Håvard Rem les første del i serien om Qatar, « Med éin fot i fortida og éin i framtida », som stod på trykk 21. januar. Har du alt digitalt eller komplett abonnement, kan du laste ned DAG OG TID-appen og lytte til lydartiklar der. Er du ikkje abonnent, kan du gå inn på dagogtid.no/prov og bestil...
Tiåret då det ekstreme blei normalt 21.01.2022 28:22
«Ytre høyres kulturkrigere vil normalisere det ekstreme». Det skriv Carline Tromp, redaksjonssekretær i debattredaksjonen i Klassekampen, i den nye boka si: «Kulturkrig». DAG OG TID publiserte eit forfattarintervju med Tromp 14. januar. I dag er ho gjest i podkasten. I episoden nemner vi teksten til Karianne Solbrække , Nyhetsredaktør i TV 2.
Kva er det som får fotballverda til å gå rundt? 14.01.2022 28:47
Det er 30 år sidan verdas rikaste fotballsystem, Premier League, vart skapt. I denne episoden fortel fotballøkonom Kjetil Kåre Haugen om kva det er som får fotballverda til å gå rundt. Kvifor er 'uncertainty of outcome' så viktig? Haugen vart intervjua av Jon Hustad i Dag og Tid 7. januar. Les artikkelen "Proletariatet vann" her (for abonnentar).
Den grøne vendinga på turbo 23.12.2021 25:44
Me må venne oss til at straumen gradvis blir dyrare. Men kan ein likevel finne noko positivt med høge straumprisar? Og kva er det Europa treng for at me skal ha nok energi framover og samstundes sleppe ut minst mogleg CO2? Jon Hustad er gjest.
Håkon Austbø: Refleksjonar over eit musikarliv 17.12.2021 29:35
Håkon Austbø har vore aktiv pianist i snart 60 år og har no gitt ut memoarboka «Motstrøms – refleksjoner over et musikerliv». I denne podkastepisoden reflekterer han over kva klassisk musikk kan gi oss, han fortel om Messiaen og Skrjabin. Kva ønskjer han sjølv å formidle med musikken? Jan H. Landro intervjua Håkon Austbø i Dag og Tid 10. desember. Artikkelen kan du lese her (for abonnentar). I den...
Erlend Skjetne fortel om reisa i Aust-Finnmark 10.12.2021 21:06
Erlend Skjetne vann i år Brageprisen for ungdomsromanen "Eit anna blikk" som er inspirert av ei tid då han budde i Finnmark. No skriv han ein serie om Aust-Finnmark i Dag og Tid. Reisa startar i Kirkenes og målet er Sværholtklubben. Første del av serien kan du lese her (for abonnentar).
Bergsveinn Birgisson fortel om Island 03.12.2021 25:15
Gjest denne veka er forfattar og skribent Bergsveinn Birgisson. Han fortel om garden til besteforeldra, islandske sagaer og det islandske samfunnet. Kan ein finne noko i sagaene som forklarer korleis folk oppfører seg i det moderne Island? Birigsson melde boka «Island - ei reiseskildring» i Dag og Tid 26. november. Les meldinga her .
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.