dagogtid
DAG OG TID podkast
Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
DAG OG TID lydavis: Det militante demokratiet vaknar i USA 01.09.2023 10:04
Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane. I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump. Lytt til kommentaren «Det militante demokratiet vaknar i USA» i denne vekas podkastepisode. Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du og prøve? Ting e...
Melkøya og elektrifisering som klimatiltak 26.08.2023 32:54
Regjeringa har bestemt at Equinor-anlegget Hammerfest LNG skal elektrifiserast frå land. Det vil kutte 850.000 tonn i årlege CO2-utslepp frå gassturbinane på øya. Kva ligg bak denne avgjerda og er det eit godt klimatiltak? Bård Lahn er gjest. Han har forska på norsk og internasjonal klimapolitikk, ressursforvaltning og oljepolitikk. Kva meiner han om elektrifisering som klimatiltak? Og kjem me til...
DAG OG TID lydavis: Eit nytt Midtausten 14.07.2023 15:22
Opp frå krigsruinane stig ein anna Midtausten enn det vi kjenner. Du skal denne veka få høyre ein kommentar av Cecilie Hellestveit. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du lytte til fleire? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov. DAG OG TID podkasten tar sommarferie og er tilbake i august.
Siri Helle om mat, praktisk arbeid og distriktspolitikk. 30.06.2023 29:35
Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid, agronom, snikkar, forfattar og mykje meir. Har ho funne sitt ideelle liv? Og kan ein vere rastlaus og likevel slå seg ned med hus, mann og åker? I denne episoden blir du betre kjent med Siri. Me er innom tema som matproduksjon, praktisk arbeid og distriktspolitikk.
DAG OG TID lydavis: Den som kviskrar på torget 16.06.2023 7:08
Dersom alle mistenkjer motstandarane for å vera løgnarar og kjeltringer, blir det ikkje noko fellesskap av semja, det blir borkarkrig, skriv Jan Inge Sørbø. Høyr heile kommentaren hans på lyd i podkastkanalen vår denne veka. Me les inn eit utval artiklar kvar veke, og er du nysgjerrig på lydavisa vår eller kva DAG OG TID skriv om, ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov .
Kva skjer i Sudan? 09.06.2023 39:42
Gunnar M. Sørbø er sosialantropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I denne episoden fortel han om interessa si for Sudan, bakgrunnen for den pågåande konflikten og kva konsekvensar han kan få. Kvifor er det som skjer i Sudan så viktig for området rundt? Sørbø vart intervjua i Dag og Tid 28. april, les artikkelen her . Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonn...
DAG OG TID lydavis: Festspillene i Bergen 02.06.2023 5:30
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka høyrer du Sjur Haga Bringeland lese frå Festspillene i Bergen. Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov .
DAG OG TID lydavis: Eit anna menneske 26.05.2023 5:12
Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka får du høyre Frank Tønnesen lese spalta «Kunngjeringar». Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov .
Magnus Håkenstad om forsvar og beredskap i Noreg 12.05.2023 34:53
Førre veke la Forsvarskommisjonen fram si innstilling og kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil doble forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode. Magnus Håkenstad er gjest denne veka og fortel om innstillinga til kommisjonen. Han er forskar ved Institutt for forsvarsstudier og har arbeidd med t...
Sverre Tusvik om Hauge-dagbøkene 04.05.2023 28:34
Olav H. Hauge skreiv dagbok i 70 år, frå 1924 til 1994. Nokre år seinare vart bøkene gitt ut på Samlaget. Etter avtale med Bodil Cappelen og Samlaget trykker Dag og Tid no utdrag frå dagbøkene. Tidlegare redaktør i Samlaget, Sverre Tusvik, er gjest i podkasten vår denne veka og fortel om Olav H. Hauge. Kva er det som gjer dagbøkene hans så unike?
Om USA, musikk og litteratur. Intervju med musikkmeldar Øyvind Vågnes 28.04.2023 31:48
Øyvind Vågnes er professor ved Universitetet i Bergen, forfattar og musikkmeldar i Dag og Tid. Han skriv for det meste om amerikansk musikk, eit land han også har budd i. I denne episoden fortel han om opphaldet i USA, den nyaste romanen si «Ei verd utan hestar» og rolla som musikkmeldar. Vågnes les også inn meldingane sine til lydavisa. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid....
DAG OG TID lydavis: Tønnemeisteren 21.04.2023 15:39
Ikkje noko tek vare på edle ropar som gamalt treverk. Men føresetnaden er at nokon veit korleis det skal handsamast. Dag og Tid er med folk på jobb. I denne episoden får du høyre Siri Helle lese artikkelen om bøkkaren Arne-Jøran Øyen. Han lagar tønner til akkevittproduksjon. Fleire av artiklane om yrkesliv kan du lese på dagogtid.no . Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk...
Kva gjer teater med oss? Intervju med teatermeldar Bent Kvalvik 31.03.2023 35:46
På kva måte har teateret endra seg dei siste tiåra? Bent Kvalvik har meldt teater i 30 år og er gjest hos oss denne veka. Les teatermeldingane til Bent Kvalvik i DAG OG TID. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov .
DAG OG TID lydavis: Geitene på Kvist 24.03.2023 7:54
Framtida til ein flokk frittgåande geiter ved Sognefjorden vart brått eit tema på høgt politisk nivå. Argumenta for å la geitene på Kvist leve vidare som villgeiter handlar ikkje særleg mykje om dyrevelferd, skriv veterinær Arve Nilsen. Høyr han lese spalta «Dyrisk». Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonn...
Kva er ein god bassist? Intervju med Ellen Brekken 17.03.2023 43:46
Ellen Brekken er musikar og komponist. Ho fortel om korleis ho enda opp med å spele både tuba, elbass og kontrabass. Me diskuterer rikskonsertane og kva ho lærte etter eit semester i Cape Town. Kva er verdien av ein musikar - og ikkje minst, rolla til bassinstrumentet? Du får også høyre smakebitar på to av låtane frå plata Ambush. Bandet er A Tonic for the Troops. Brekken vart også intervjua i pa...
Ida Gilbert: Tute med de ulver som er ute 10.03.2023 26:14
Ida Gilbert er gjest denne veka. Ho er filosof, skribent og kommunikasjonsrådgivar. I 2020 gav ho ut boksingelen «Rekkeviddeangst» og er no aktuell med romanen «Tute med de ulver som er ute» på Flamme forlag. Romanen har fått gode tilbakemeldingar. I Dag og Tid skriv Oddmund Hagen at «Ida Gilbert skriv både poengtert og treffsikkert om keisarens nye klede, og ho har framfor alt sans for humor og s...
Mellom to kulturar: Susanne Hætta om besteforeldra sine i Siebe 03.03.2023 33:28
Susanne Hætta, forfattar, fotograf og biletkunstar, spør kven ho er, gjennom portrett av besteforeldra og foreldra sine, samiske og norske. Ein oppvekst mellom to kulturar, sett gjennom eit hundreår. I denne episoden tek me utgangspunkt i første del i portrettserien. Hætta fortel om dei samiske besteforeldra sine som budde i Siebe. Me kjem også innom Fosen-saka. Les meir på dagogtid.no. Ikkje abon...
Krigen i Ukraina: Halvor Tjønn om året som har gått 24.02.2023 37:35
Det er gått eitt år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Mykje har endra seg det siste året. Halvor Tjønn ser tilbake på året som har gått. Korleis har krigen endra Russland, og kva med oss, Europa? Vil det framleis vere krig om eitt år? DAG OG TID skriv denne veka fleire artiklar om krigen i Ukraina. Les kommentaren til Halvor Tjønn her (abo). Alle artiklane våre finn du på dagog...
Detaljene: intervju med Ia Genberg 18.02.2023 14:17
Vinnaren av Augustprisen 2022, Ia Genberg, er gjest hos oss denne veka. Ho fortel om den nyaste boka si Detaljene som kom ut på norsk i år.
DAG OG TID lydavis: De åtte fjellene 10.02.2023 4:13
«De åtte fjellene er ei slags maskulin ønsketenking», skriv filmmeldar Brit Aksnes. Høyr ho lese meldinga si i denne podkastepisoden. Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov .
DAG OG TID lydavis: Kongelaksen i Columbia 03.02.2023 17:20
Høyr ein av lydartiklane våre i DAG OG TID podkasten. Hans Morten Sundnes leitar etter laksen og urfolket som nesten forsvann då Columbiaelva i USA blei moderne. Dette er del tre i ein serie på fire delar. Det er Sjur Haga Bringeland som les. Vil du lytte til fleire av lydartiklane våre? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov
Arne Henning Årskaug om «Skap og sørg: eksessar om gørra vi ber på» 27.01.2023 34:43
«Boka er berre på vel 120 sider, med luft mellom tekstane, men likevel sit ein att med inntrykk av at ho inneheld enormt mange ord, og at forfattaren har funne på dei fleste sjølv.» Dette er noko av det bokmeldar Odd W. Surén skriv om boka Skap og sørg – eksessar om gørra vi ber på. Høyr forfattar og bibliotekar Arne Henning Årskaug fortelje og lese frå boka.
DAG OG TID lydavis: Kva kan du om marsvin? 20.01.2023 6:28
Marsvin er dagaktive og nysgjerrige og har også eit rikt kroppsspråk, eit marsvin i godt humør kan hoppe rundt i ekstase (også kalla popkornspretting). Dei har eit godt utvikla språk og kan kommunisere med innfløkte pipe- og brummelydar. Vil du vite meir? Høyr veterinær Arve Nilsen lese spalta si Dyrisk i podkastkanalen vår denne veka. Kvar veke les vi inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil...
Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring 13.01.2023 37:22
Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?
Energiåret 2022 med Jon Hustad 23.12.2022 53:01
Dag og Tid ser tilbake på energiåret 2022. Torv blir selt på svartebørsen i Irland og det føregår ulovleg hogst i Tyskland. Kva har konsekvensane av dei høge straum- og gassprisane vore? Korleis kjem neste år til å sjå ut? Me tar og ein snartur innom klima og Russland. Journalist i Dag og Tid, Jon Hustad, er gjest.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.