dagogtid

DAG OG TID podkast

News NN ↓ 100 episodes

Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.

Author

dagogtid

Category

News

Podcast website

dagogtid.no

Latest episode

Sep 1, 2023

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

DAG OG TID lydavis: Høyr May Linn Clement lese reportasjen sin «Det kjende i det ukjende» 16.12.2022

May Linn Clement sjekkar inn i barndomsheimen til diktaren Jacob Sande og skriv om det i serien «Fjorten dagar i Fjaler». Høyr ho lese første del i reportasjeserien. Ønskjer du å gje Dag og Tid i julegåve? Mottakaren får avisa i fire månader. Les meir på dagogtid.no . Er du ikkje abonnent, men nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov .

Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth 09.12.2022

Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her . Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer d...

Niels Christian Geelmuyden om «Når de døde våkner» 02.12.2022

Å intervjue døde personar – er det mogleg? Statsvitar, journalist og forfattar Niels Christian Geelmuyden har gjort nettopp det i den nyaste boka si «Når de døde våkner». I denne episoden fortel han korleis det har vore å bli kjent med desse døde personane og kva han har lært av dei.

Dyrisk: Kva er eit dyr? 25.11.2022

Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen. Denne episoden vart først publisert 22. april 2022.

DAG OG TID lydavis: Før elektrisiteten kom, var jordkjellaren kjøleskap og grønsaklager 18.11.2022

Denne veka kan du lytte til ein av lydartiklane våre. Vil du høyre fleire? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov  og last ned DAG OG TID-appen!

Dagfinn Nordbø: Eg lagar aldri mat etter oppskrifta 11.11.2022

Denne veka blir du betre kjend med Dagfinn Nordbø. Han skriv om mat og reiser i spalta «Matmonsen».  Treng du inspirasjon til neste middag? Kanskje lam på marokkansk vis? Les førre artikkel her . (abo)

Banksvindel: Per Anders Todal fortel 04.11.2022

Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» he...

DAG OG TID lydavis: Rauland 28.10.2022

I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje. Denne veka er han i Rauland. Høyr han lese del 6 av reportasjeserien, «Rein i fjell og bronse». Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Er du nysgjerrig på lydavisa vår, kan du bestille eit gratis prøveabonnement på...

Shirin Tinnesand om erfaringer frå Moria-flyktningleiren den polsk-ukrainske grensa 21.10.2022

Shirin Tinnesand jobbar som flyktning- og migrantkoordinator og er gjest i podkasten denne veka. Ho fortel om arbeidet sitt på Moria-flyktningleiren på Lesvos og ved grensa mellom Polen og Ukraina. Kvifor er ho skeptisk til både friviljuge bistandsarbeiderar og norsk media?

Aage Sivertsen om Rinnanbanden 14.10.2022

Aage Sivertsen er gjest i podkasten denne veka. Han har skrive bok om Rinnanbanden, ei gruppe nordmenn som støtta tyskarane under krigen. Sivertsen har skrive mange bøker om 'skammens historie'. Kvifor er han så oppteken av slike mørke tema?  

Kim Hiorthøy om boka «Knivtid» 07.10.2022

Kim Hiorthøy er aktuell med boka Knivtid, ei bok med femti korte forteljingar. I denne episoden fortel og les han frå boka. Kva er det han synest er interessant med å skrive? 

DAG OG TID lydavis: Høyr Sjur Haga Bringeland lese spalta «Klassisk» 30.09.2022

Phantasm får fram einskildtrådane i Bachs mangslungne musikalske vev, skriv Sjur Haga Bringeland. Denne veka får du høyre han lese spalta si «Klassisk». Bringeland er musikar, musikkviter og fast musikkmeldar i Dag og Tid. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire artiklar? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov .

Krigen i Ukraina: ein samtale med Andrej Kurkov 23.09.2022

«Eg er imot å publisere mine eigne bøker på russisk fram til slutten på krigen», seier den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov. Han er gjest hos oss denne veka og er aktuell med «Dagbok frå ein invasjon» om tida før og under invasjonen. Intervjuet vart gjort 20. september.  Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov .  

Alt som skranglar: Erlend Skjetne fortel og les frå den nyaste boka si 16.09.2022

Korleis er det å skrive bok om ei dotter som ikkje har språk? Er det greitt? Høyr forfattar Erlend Skjetne fortelje og lese frå den nyaste boka si, Alt som skranglar, i denne episoden av DAG OG TID- podkasten. 

Teaterregissør Kjersti Horn om «Kristin Lavransdotter» 09.09.2022

Trilogien om Kristin Lavransdatter er kanskje dei mest kjende bøkene til Sigrid Undset. Laurdag 10. september er det premiere på «Kristin Lavransotter» på Det norske teatret. Kjersti Horn har regien. I denne episoden fortel ho om korleis det har vore å arbeide med eit teaterstykke som varer i 8 timar. Kvifor har ho valt å skilje publikum og skodespelarane med ein plastfilm?  26. august hadde DAG O...

Kan demens førebyggjast? Høyr nevrokirurg Haldor Slettebø lese spalta si «Medisinsk» 02.09.2022

Denne veka får du høyre ein av lydartiklane våre i podkastkanalen. Nevrokirurg Haldor Slettebø skriv om medisin ein gong i månaden, og denne veka er tema demens. «Demens, det er skrekken», sa Drillo då han nyleg runda 80 og fekk spørsmål om alder og død i eit intervju. Han har eit poeng: Demens kan vere skremmande. Den som er råka, døyr langsamt to gonger, blir det sagt: først i sinn, så i skinn. ...

I kor stor grad har kroppsøving endra seg dei siste åra? Idrettspedagog Maren Bø fortel 26.08.2022

I denne episoden blir du betre kjent med idrettspedagog Maren Bø som skriv spalta «Sport før og no» i Dag og Tid. Tema denne veka er kroppsøving. Du får også høyre Bø lese spalta si som denne veka handlar om skruknottar.

Ansvar for dei sjukaste. Jan Inge Sørbø om psykisk helsevern 15.07.2022

I 1973 var det nesten 14.000 sengeplassar i norsk psykiatri. I 2020 var talet litt over 3000. I seinare tid har ein satsa mykje på førebygging. Gjest denne veka, Jan Inge Sørbø, meiner skuggesida av dette er at ein ser på dagligdagse problem som sjukdom. Les kommentaren hans her . 

Kva betydning har London pub for det skeive miljøet? 08.07.2022

«Ikkje berre ein pub», skriv Kristin Fridtun om London pub i DAG OG TID 1. juli. Denne veka er ho gjest i podkasten vår og fortel om sine eigne erfaringar som skeiv i Noreg. Kva betydning har London pub for det skeive miljøet? Og har Pride blitt for seksualisert? Kommentaren kan du lese her (for abonnentar).

Dyrisk: Kva er ein veterinær? 01.07.2022

Dette er del tre i podkastserien «Dyrisk». Saman med Yngvil Wasteson og Eystein Skjerve, begge professorar ved Veterinærhøgskolen, diskuterer Arve Nilsen kva som er rolla til veterinæren. Kva dilemma møter ein veterinær i arbeidet sitt? Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i DAG OG TID. 

Korleis er situasjonen for LHBT-personar i Aust-Europa? 24.06.2022

Denne podkastepisoden vart spelt inn før fredag 24. juni. Korleis er situasjonen for LHBT-personar og dei som støttar dei i Aust-Europa? Kan ein gå i Pride-parade i Georgia og Armenia? Artikkelen som har vore inspirasjon for denne episoden, «Pride – eit barometer for fridom», kan du lese her (for abonnentar). Ane Tusvik Bonde, seniorrådgivar i Human Rights House Foundation, og Patricia Kaatee, pol...

DAG OG TID lydavis: Fotballcupsommar 2022 – ikkje tida for å henga med leppa 17.06.2022

I DAG OG TID kan abonnentane lytte til fleire av artiklane våre, og i tida framover kan du som podkastlyttar få høyre nokre av desse artiklane. Teiknaren vår, May Linn Clement, har vore på fotballcup og les denne veka reportasjen sin «Cuplivet». Trur du lydavisa kan vere noko for deg? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov . 

”Polakkarbeid” og lågstatusyrke: Tømrar Ole Thorstensen om norsk og polsk arbeidsliv 10.06.2022

Arbeidsinnvandringa svekkjer respekten for praktisk arbeid og undergrev den norske modellen, meiner tømrar Ole Thorstensen. I boka "Bare en jobb" skriv han om polsk og norsk arbeidsliv. I denne episoden fortel han om erfaringar frå då han arbeidde i Polen. Korleis ser han på sitt eige yrke - som av mange blir kalla "polakkarbeid"? Ole Thorstensen vart intervjua i DAG OG TID 3. juni. Les meir her (...

TikTok: Eit usosialt medium? 03.06.2022

TikTok er det raskast veksande sosiale mediet i verda. Når du først er i gang, er det vanskeleg å slutte. Plattforma har blitt skulda for å sensurere innhald, til dømes å ta ut innhald av det dei ser på som «stygge» folk. I tillegg nyttar dei algoritmar til å identifisere kva brukaren likar og er oppteken av, noko som potensielt kan nyttast til å gjere brukaren meir avhengig av appen, men også til...

På reis i Litauen 27.05.2022

Håvard Rem har vore på reis i Litauen. Landet var den første republikken som braut ut av Sovjetsamveldet. I denne episoden fortel Rem om nordisk-baltisk samarbeid, Vilnius, litauisk litteratur og mat. Han fekk også møte litauaren som leidde landet ut av Sovjetsamveldet, Vytautas Landsbergis.  Dei tre første delane av reportasjeserien om Litauen kan du lese i her (for abonnentar).

Listen to the DAG OG TID podkast podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.