dagogtid

DAG OG TID podkast

News NN ↓ 100 episodes

Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.

Author

dagogtid

Category

News

Podcast website

dagogtid.no

Latest episode

Sep 1, 2023

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Det grøne takskiftet 26.11.2021

Teiknaren i Dag og Tid, May Linn Clement, har skifta tak på huset sitt. Trass i at grøn er ein vanskeleg farge, som ho sjølv skriv i reportasjen sin om takskiftet, er det nettopp denne fargen ho har valt på taket. Me snakkar og om rolla hennar som teiknar i Dag og Tid. Har ho ein person ho likar ekstra godt å teikne? Reportasjen om det grøne takskiftet kan du lese her (for abonnentar).

Kviterussland: Bølla i internasjonal politikk 19.11.2021

Kviterussland har i det siste fått mykje merksemd. Først på grunn av demonstrasjonane i samanheng med presidentvalet i 2020, og no på grunn av migrantane og flyktningane som står på grensa mellom Kviterussland og Polen. Tidlegare styreleiar i Raftostiftelsen, Martin Paulsen, er gjest denne veka. Han fortel om Lukasjenko, sanksjonane mot Kviterussland og tilhøvet mellom Kviterussland og Russland. K...

Den tronge porten til Nordfjord 11.11.2021

Håvard Rem skriv no ein ny distriktsserie i Dag og Tid. Denne gongen om Nordfjord. Rem fortel om den gongen han var dreng i Våtedalen, om den tronge porten til Nordfjord og om geiter. Første del i serien kan du lese her (for abonnentar).

Ronny Spaans om det nye Munchmuseet 05.11.2021

«Det verkar som om heile museet er basert på ein dårleg idé på ein dårleg dag i eit dårleg reklamebyrå», skriv Ronny Spaans i meldinga si «Munch i tristesse». I denne episoden fortel Spaans om sjølve museumsbygningen og arkitekturen i Bjørvika. Kva var intensjonen bak denne bydelen? Meldinga kan du lese her (for abonnentar).

Dramaet på Nordaust-Grønland 28.10.2021

Historikar ved Norsk Polarinstitutt, Harald Dag Jølle, har vore på Grønland. Som kvalforskarassistent har han saman med forskarane Christian Lydersen og Kit Kovacs vore på jakt etter grønlandskvalen. I denne episoden fortel Jølle også om «Danmark»-ekspedisjonen frå 1906-1908 der Ludvig Mylius-Erichsen, Niels Peter Høeg Hagen og Jørgen Brønlund omkom. Kva er drivkreftene til dei som risikerer livet...

Korleis er det å ha eit barn med autisme? Olaug Nilssen fortel 21.10.2021

Korleis er det å ha eit barn med autisme? Det har gjesten i Dag og Tid-podkasten denne veka - forfattar, dramatikar og skribent Olaug Nilssen snakka og skrive mykje om. I år fekk ho Fritt Ords Pris saman med forfattarane Jan Grue og Bjørn Hatterud. 

Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria 14.10.2021

Tyrkia har okkupert fleire område i Nord-Syria dei siste åra, kva slags krig fører Tyrkia og kva er målet? Det skriv Erling Folkvord om i artikkelen «Krigsrapport frå landsbyar i Nord-Syria» som stod på trykk i Dag og Tid 8. oktober. Folkvord reiste til Nord-Syria i august og i denne episoden av Dag og Tid-podkasten fortel han om sine inntrykk frå reisa. Han gir oss òg eit overblikk over korleis s...

USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs 07.10.2021

Cecilie Hellestveit er gjest i denne episoden av Dag og Tid-podkasten. Ho fortel om den amerikanske forsvarsstrategien og kvar den militære teknologiutviklinga er på veg. USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs. Kvar skal Noreg plassere seg når USA og Europa får ulike interesser i Midtausten? Artikkelen "Enden på krigen utan ende?", som denne episoden tar utgangspunkt i, kan du le...

Ei klappjakt mot journalistar 30.09.2021

I den nyaste utgåva av DAG OG TID skildrar redaktør Andrej Dynko i tidsskriftet Nasja Niva livet i eit fengsel i Minsk. Ane Tusvik Bonde kjenner Dynko godt og kan mykje om situasjonen i Kviterussland. I DAG OG TID-podkasten denne veka seier ho at det føregår ei «klappjakt mot journalistar». 

Lydartikkelen til podkasten: «Ein kort tur til helvete» 29.09.2021

På torsdag kjem ein ny episode av Dag og Tid-podkasten. Ane Tusvik Bonde, seniorrådgjevar i organisasjonen Human Rights House Foundation, er med som gjest og snakkar om framsidesaka frå den siste utgåva – «Ein kort tur til helvete». Artikkelen er skriven av redaktøren i det kviterussiske tidsskriftet Nasja Niva, Andrej Dynko. Han skildrar livet i Okrestina-fengselet i Minsk. Podkastepisoden kjem p...

Valordning på fjell, myr og skog 23.09.2021

I land med allmenn røysterett er det eit ideal at alle røyster skal telje like mykje, men slik er det ikkje i praksis. I Noreg kjempar idealet om lik røystevekt mot distriktsomsyn og styringseffektivitet. Her spelar arealfaktoren og sperregrensa viktige roller. Gjest denne veka er professor i rettsvitskap Eirik Holmøyvik. Han var medlem av vallovutvalet som i fjor leverte framlegg til ny vallov. D...

Andreas Hompland om stortingsvalet 17.09.2021

Korleis kjem den nye regjeringa til å sjå ut? Og kva er dei grunnleggande trendane i norsk politikk? Andreas Hompland er gjest i DAG OG TID-podkasten denne veka.

Hilde Vesaas om det å melde bøker 09.09.2021

Har bokmeldarar blitt for lite kritiske? Hilde Vesaas, barnebarn til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas – og bokmeldar i Dag og Tid, fortel om det å melde bøker. Kva gler ho seg til å lese i haust? 

Kor lenge skal vi leite? 02.09.2021

Striden om norsk leiteboring handlar om meir enn moral. Journalist Per Anders Todal og finansanalytikar Ole André Hagen snakkar om lønsemda i oljeleiting.

Straumprisen 27.08.2021

Fyllingsgrada i magasina i Midt-Noreg er lågare enn for eit normalår, likevel held kraftselskapa fram med å selje straum til utlandet. Ein ny kraftkabel til England er snart klar. Kva har dette å seie for straumprisen i vinter? Jon Hustad er gjest.

Brit Aksnes om film 19.08.2021

Kva er filmtrendane no, og kven er det som bestemmer kva som blir vist på norske kinoar? Filmmeldar i Dag og Tid, Brit Aksnes, er gjest. 

Ein samtale om kunst med Eva Furseth 12.08.2021

Finst det god og dårleg kunst, og korleis kan me bli flinkare til å sjå på kunst? Kunstmeldar i Dag og Tid, Eva Furseth, fortel om kva kunst betyr for ho og kva rolle kunst har i samfunnet. 

Vestens nei til oljeproduksjon 25.06.2021

Mai vart den kanskje mest dramatiske månaden for vestlege oljeselskap sidan andre verdskrigen. Oljeselskapa får press frå politisk, juridisk, finansielt og statistisk hald. Men kva vil konsekvensane av mindre oljeproduksjon frå vestlege oljeselskap vere? Jon Hustad er gjest denne veka. 

Den usunne hundeavlen 17.06.2021

Aldri før har så mange nordmenn ønskt å skaffe seg hund. Den store etterspurnaden har ført til ein usunn forretningskultur hos nokre oppdrettarar. Dyrevelferda er på eit nivå som vi ikkje kan akseptere. Det seier Arve Nilsen, veterinær, forskar og fast skribent i DAG OG TID, og Torill Moseng, veterinær og president i Den norske veterinærforening og visepresident i Den europeiske veterinærforening....

Arkitektur på villspor 15.06.2021

Dei siste 70 åra har den brutaliserande arkitekturen heimsøkt landet og landskapet vårt. Naturen forsvinn til fordel for invaderande, naturframande og miljøskadelege bygningformer. Ulf Andenæs, som er gjest denne veka, har i fleire tiår vore oppteken av arkitektur og byggeskikk. I denne episoden fortel han kva han meiner om arkitekturen i Noreg. 

Haugalandet 10.06.2021

Håvard Rem er på reis igjen, denne gongen er det Haugalandet som står for tur. Men kva er bakgrunnen for namnet til denne delen av landet? Og kva har Haugalandet å by på?

Kunsten å irritera seg over skrivefeil 27.05.2021

Kvifor irriterer me oss over skrivefeil? Har det noko med personlegdomen vår å gjere? Forfattar og filolog Kristin Fridtun pratar om den nye boka si, Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Ho er òg fast skribent i Dag og Tid der ho skriv språkspalta "Ord om språk". 

Songen som stilna 19.05.2021

Song har god effekt på språktrening, på relasjonsbygging og på læring av kultur. Likevel er songen nemd berre to gongar i læreplanen for norskfaget. Teolog og forfattar, Eskil Skjeldal, snakkar om song i skulen.

Lang covid: Den lange halen til pandemien 12.05.2021

Langtidsverknadene av covid-19 er vanskelege å overskode. Mange ulike plager råkar også unge og spreke menneske, og «lang covid» er framleis eit mysterium. Det snakkar vi om med Nina Langeland, professor i infeksjonsmedisin fra Universitet i Bergen, og Per Anders Todal, journalist i DAG OG TID.

Atle Grønn om sjakk, Russland og Nepomnjasjtsjij 05.05.2021

Jan Nepomnjasjtsjij er Carlsens neste VM-utfordrar. Korleis kjem kampen mellom dei to til å sjå ut? Og kva har sjakk og Lermontovs «Vår tids helt» med kvarandre å gjere? Sjakkekspert og professor i russisk, Alte Grønn, er gjest denne veka. 

Listen to the DAG OG TID podkast podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.