Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
Radio Stryn Podcast
I denne podcasten finn du blant anna Radio Stryn-programma Sport und Spaß, Jabbing om jobb og Vekas utvalde. I tillegg dukkar det frå tid til annan opp ulike temasendingar. Sport und Spaß er ei herleg blanding av sport og fjasing med programleiarane Roy Aron B. Myklebust, Thomas Thaule og Frank Hool.
Koniecznie odwiedź stronę podcastu i wesprzyj twórcę: www.fjordingen.no
Autor
Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast
Kategoria
Strona podcastu
Ostatni odcinek
27 lut 2026
Gdzie słuchać?
Podcasty w aplikacji Replaio Radio Już wkrótcePodcasty trafią do aplikacji już wkrótce. Zainstaluj teraz i jako pierwszy zobacz nowe podejście do podcastów
Odcinki
Jabbing om jobb #24 med sjefen over alle sjefar i Stryn kommune 27.02.2026 34:24
Sjefen over alle sjefar i Stryn kommune, Jon Nesje, er gjest i denne episoden. Han gir eit innblikk i arbeidskvardagen til ein kommunedirektør og fortel om korleis han opplevde overgangen frå det private næringslivet til offentleg forvalting.
Jabbing om jobb #23 med kreative Anndi Bergset 17.02.2026 27:21
Anndi Bergset er ei kreativ dame frå Ohio USA som har gjort "nordsidar" av seg. Ho deler arbeidskvardagen mellom systova Gjensyn og Opera Nordfjord.
Jabbing om jobb #22 med artist og DJ Tungevaag 27.01.2026 47:55
Som liten hadde Martin Tungevåg null interesse for musikk. Men i løpet av ungdomsskulen oppdaga han talentet som skulle gjere han til ein artist, DJ og musikkprodusent med milliardar av avspelingar. 32-åringen frå Stadtlandet er i dag gift og busett i Hornindal.
Jabbing om jobb #21 Ingrid S. Renberg - den nye oppvekstsjefen 21.01.2026 22:27
Ingrid Sylvia Renberg frå Ørsta tok til i jobben som kommunalsjef for oppvekst like før jul. Ho går laus på oppgåvene med høge ambisjonar og stort engasjement.
Førjulskos på Radio Stryn - Ove og Roy Aron med gjester 22.12.2025 1:57:46
Ove Andre Aarskog og Roy Aron B. Myklebust inviterer til ei to timar lang sending med flotte gjester: Espen Rostrup Nakstad, Kjell "Kjellen" Bigset, Malin Ek Bråtene, Anders Magne Vik og Andreas Flo Tonning.
Jabbing om jobb #20 - skyss, klapp og klem med Rogeir Haugen 16.12.2025 38:48
Rogeir Haugen er dagleg leiar i Oldedalen Skyss AS, som nyleg vart heidra med Vestland fylke sin Bedriftsutviklingspris. Han er også låtskrivar og har samarbeidd med kjente musikarar som Rune Rudberg og Anne Nørsti. Dette i tillegg til hans eige musikkprosjekt; Mona Jill's Trio.
#70 Sport und Spaß 10. 12. 2025 -med eldsjela Kjell August Ytre-Eide 11.12.2025 1:05:34
Kjell August Ytre-Eide vart nyleg tildelt Årets eldsjelpris i Stryn fotball. Han legg ned mange, mange timar som keepertrenar og som dommar. Han har også forska på dømming i ein masteroppgåve. Vi tek dessutan ein prat med skiskyttar Ann Kristin Aaland som kjempar for ein plass i IBU-cupen.
Jabbing om jobb #19 med Sølvi Hjelmeland -oppfinnaren 08.12.2025 31:45
Sølvi Hjelmeland har starta bedrifta Pure Wave. Utan fagleg bakgrunn eller bransjekunnskap har ho klart å løyse ei stor utfordring til lands og til vanns - og i lufta med, på toalettfronten!
Jabbing om jobb #18 med Rune Solheim - entreprenøren frå Rake 01.12.2025 45:35
Rune Solheim er ein entreprenør i alle ordets tydingar. Han likar at ting skjer, og er gjerne den som set tinga i gang. Solheim har sett spor både i Stryn og Ålesund, og er van med at folk har meiningar om det han driv med. Men så har han også ein del meiningar sjølv. Bli betre kjent med "mannen bak Kamben".
#69 Sport und Spaß 19. nov. 2025 -Strynefjellseventyret 20.11.2025 1:13:03
Inge Fænn og Per Ytre-Eide med historietime om nesten 90 år med skiaktivitetar på Strynefjellet, i samband med utgjevinga av boka "Strynefjellseventyret". Tidenes mestvinnande alpinist i Norge, Kjetil Andre Aamodt, bidreg også med minner frå fjellet.
Jabbing om jobb #17 med brannsjef John J. Vinsrygg 18.11.2025 36:14
Brannsjef John Jatgeir Vinsrygg om gleda over vedtak om ny brannstasjon, om 33 år i feiar- og brannvesenet og om glade og mindre glade dagar i jobben.
Jabbing om jobb #16 med Marianne Nærø frå HS Bygg 11.11.2025 26:39
Marianne Nærø tok over leiinga i HS Bygg i februar i år. Kven er ho og korleis likar ho seg i bedrifta som feirar 40 år?
#68 Sport und Spaß 22.oktober 2025 - Damenes aften 23.10.2025 42:10
Vi har med oss: Marie Rekdal Johannsdottir, nyopprykka til Toppserien med Molde FK. Maren Hjelmeset Kirkeeide, snart klar for å starte OL-sesongen. Og Heidi Holmlund, direkterapport frå KM-sluttspelkamp i Syril.
Jabbing om jobb #15 med Ingvill Flo og Emil Solheim - frå PwC til Tell 21.10.2025 32:40
Ingvill Flo og Emil Goberg Solheim jobbar ved strynekontoret til PwC. Om kort tid får dei nytt namn og nye eigarar, i selskapet Tell.
Jabbing om jobb #14 KI-gründer Jon Fredrik "Joffen" Hopland 07.10.2025 42:56
Jon Fredrik "Joffen" Hopland er for mange helst kjent som trommeslager. No er derimot notane skifta ut med koding, og saman med ein tidlegare studiekamerat har han starta Altek AI. Dei er i ferd med å etablere seg som ein betydeleg leverandør til hotellbransjen, av tenester som nyttar KI (kunstig intelligens).
Jabbing om jobb #13 Sjømann Kåre Tonning 01.10.2025 23:11
Kåre Tonning har alltid vore fascinert av sjøfart, og i ein alder av 51 år fekk han seg jobb som kokk og lettmatros på ein brønnbåt.
Jabbing om jobb #12 Barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr 23.09.2025 31:48
Bli betre kjent med leiaren for barnevernstenesta i Stryn. 23 år i jobben og klar for nye!
#67 Sport und Spaß 17.september 2025 -Jostein Flo 18.09.2025 1:04:07
Hovudgjest i sendinga er Jostein Flo. 61-åringen takkar for seg etter 29 år i Strømsgodset, der han har vore både spelar, marknadssjef, dagleg leiar og ikkje minst sportssjef. Vi har også besøk i studio av Marie Haugen og Oddny Grete Njøten som oppdaterer oss på ståda i seniorhandballen i Stryn T&IL.
Jabbing om jobb #11 Odd Kåre Hjelmeland 10.09.2025 36:42
Bli betre kjent med Odd Kåre Hjelmeland som har drive gravferdsbyrå sidan han var 21 år gammal.
#66 Sport und Spaß 20. august 2025 -Jump in it! 21.08.2025 54:28
Fotballspelaren bak uttrykket "Jump in it" er med oss frå Nederland! Sondre Holmlund Ørjasæter vart nyleg selt til Twente og vi sjekker ut status for det nye profftilværet. Vi har også besøk i studio av far og son Krossen, som mimrer tilbake til Norway Cup og Ekebergsletta, der G14 bidrog med masse flott fotball og spennande dagar.
Jabbing om jobb #10 Christer Lunde Solberg 19.08.2025 35:11
Christer Lunde Solberg er første gjest i sesong to av serien Jabbing om jobb. Han fortel om korleis han i godt vaksen alder måtte tenkje nytt og omskulere seg, då knea ikkje lenger tillet han å halde fram i jobben som omreisande seljar for Ricco Vero.
#65 Sport und Spaß: Stryn sine "Gutta på tur" 28.05.2025 1:02:33
Mannsterk sending der vi har besøk av Nils Petter Hauge, Terje Walaker, John Rasmus Sæbø og Hallvard Skrede. Ein kameratgjeng som møtes til turar kvar onsdag - og litt til. Vi får også innside-informasjon om "skjeggestuntet på Stryn stadion" av hovudpersonen sjølv, Frank Hool.
Gjesteprogram: Minner frå krigsåra 09.05.2025 1:13:24
Kåre Rake (90) og Egil Solheim (81) gir eit lite innblikk i krigsåra i indre Nordfjord. Rake var sjølv 5 år då krigen braut ut, og far til Solheim, Magnus Solheim, var fenrik og deltok i krigshandlingar i Valdres. I samtalen fortel dei om historier han delte; bombingar i Valdres, fangenskap og rollebytet då freden kom.
#64 Sport und Spaß: Bemer, bibel, Bø og litt Kirkeeide 20.02.2025 54:33
Eivind Skjerven er i studio og demonstrerer Bemer-matte. Klemet Bø er med på telefon frå VM i skiskyting i Lenzerheide og Sigbjørn Kirkeeide har det travelt med å både førebu NC på Ullsheim og følge med på dottera Maren i VM.
#63 Sport und Spaß: Sportskommentator Stoltenberg 23.01.2025 1:03:28
NRK og TV2 kommentator Ole Kristian Stoltenberg er hovudgjest. Utanrikskorrespondent Inge Brynestad er med frå Anterselva og "Thor Gotaas" svingar innom.
Podobne podcasty
Replaio nie jest wydawcą podcastów; nazwy audycji, okładki i audio należą do ich autorów i są rozpowszechniane przez publiczne kanały RSS