Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen og Inger-Kristine Riber
Vågespel
Vågespel - ein podkastserie om dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom 10 episodar fylgjer lyttaren reisa gjennom brev, dagbøker og forteljingar – møte med kvinner som reiv seg opp med rota for å finne noko betre - eller for å sleppe fri? Med dramatiserte opplesingar, historiske refleksjonar og levande lydlandskap vert historiane deira formidla i denne podkasten av Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson. Støtta av Fritt Ord.
Autor
Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen og Inger-Kristine Riber
Categoría
Web del podcast
Último episodio
28 de jun. de 2025
¿Dónde escuchar?
Podcasts en la app Replaio Radio Muy prontoLos podcasts llegarán muy pronto a la app. Instálala ahora y sé el primero en descubrir una forma totalmente nueva de vivir los podcasts
Episodios
E9: Eit lappeteppe 28.06.2025 40:35
I denne episoden vender me blikket mot det kvinnene bygde. Me møter igjen kvinenne frå tidlegare episodar - Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Rakel Tonette Atlaksdatter og fleire som bar kvardagen i det norsk-amerikanske samfunnet – gjennom spinning, baking, saum og song. Gjennom levande skildringar, brev og minne får me eit nært møte med kvinnefellesskapa som voks fram i heimar, kyrkjesalar og kv...
E10: Tankar om migrasjon 28.06.2025 24:10
I denne siste episoden av Vågespel spør me: korleis kan historiane om dei norske utvandrarkvinnene utvida vår eiga forståing av migrasjon i vår tid? I dei tidlegare episodane har me høyrt om norske kvinner frå 1800-talet som våga å kryssa havet, borne av håp og vilje til å skapa seg eit nytt liv i eit framandt land. Også migrantane i det 21. hundreåret søkjer og håpar på eit betre liv i eit fjernt...
E8: Det byrja med eit brev 14.06.2025 36:59
I denne episoden ser me korleis forventningar, kjærleik og fridomen til å ta eigne val vart avgjerande i liva til norske utvandrarkvinner. For nokre låg neste steg som ein invitasjon i eit brev—eit bilete, eit løfte, eit håp. Me får høyre om det enkle præriebryllaupet til Lina Svåi og ekteskapet til Inga Brekke med ein velståande skotsk handelsmann i Sioux Falls. Gjennom historia til desse kvinnen...
E7: Starten på noko nytt 14.06.2025 30:54
I denne episoden fylgjer me unge kvinner som tek steget frå gard til by og finn ei ny byrjing i eit nytt land. Dei kjem med hender som kjenner til arbeid og ryggar vane med ansvar, og får ein kvardag fylt av vaskebøtter, gråtande born, symaskiner – og draumar. Gjennom breva og forteljingane til Ingeborg Marie Brekke og Anna Slinde får me høyra korleis overgangen til bylivet endra kvardagen deira o...
E6: Med sterke hender 24.05.2025 48:53
I denne episoden møter me kvinner som bygde det nye landet med kroppsarbeid, uthald og varme. Gjennom sterke forteljingar og brev etter Lina Svåi, Gjertrud Rumohr Haug, Anna Slinde, Margretha Nesheim og Rakel Tonette Rannestad får me høyra korleis kvinnene bar ein heil kvardag i hendene: matlaging, vasking, barnepass og fjøsstel. Dei var også jordmødrer, sjukepassarar og kulturbærarar. I mangel av...
E5: Møtet med Amerika 10.05.2025 47:21
Etter reisa over havet ventar det verkelege møtet med det nye landet – eit møte som for mange vart brutalt, einsamt og fullt av prøvingar. I denne episoden fylgjer me kvinner som landa i USA med håp og draumar, men som raskt vart møtt med kulde, kolera, arbeid utan løn og eit språk dei ikkje forstod. Gjennom sterke forteljingar frå Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Anna Slinde, Guri Rosseland og Ma...
E4: Vegen vidare vest 26.04.2025 48:52
I episode 4 reiser me vidare vestover. Etter møtet med New York ventar ei ny og krevjande ferd innover i landet. Her handlar det ikkje lenger om båtreise, hav og kyst, men om tog, kanalar og dei endelause præriane. Me fylgjer nykomne kvinner som må finna fotfeste i ei framand verd – mellom språkbarrierar, svindel, sjukdom og brutal natur. Gjennom sterke og gripande forteljingar i brev frå Amerika...
E3: Ei ny verd ventar 05.04.2025 35:18
I episode 2 fylgde me dei modige kvinnene som tok det store steget – som forlet Noreg for eit nytt liv. I episode 3 legg dei ut på sjølve reisa over havet. Å krysse Atlanterhavet var meir enn ein transportetappe – det var eit vendepunkt i livet. Gjennom brev, dagbøker og sterke scener møter me Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Anna Slinde, Rakel Tonette Atlaksdatter og Linka Preus. Dei tek oss med...
E2: Oppbrot 22.03.2025 35:31
I episode 1 såg me på den historiske bakgrunnen for utvandringa – kva som dreiv folk til å reisa, og korleis verda såg ut for dei som tok det store steget. No går me tettare på sjølve oppbrotet. Å forlata Noreg på 1800-talet var ikkje berre ein fysisk overgang, men også eit emosjonelt og sosialt brot. For dei fleste var heimplassen eit livsvarig anker, og å riva seg laus frå ætt, jord og tryggleik...
E1: Vågespel 08.03.2025 20:12
Velkomen til lanseringa av Vågespel , ein podkast som lyfter fram historia om den norske kvinna som utvandra frå Noreg til Amerika mellom 1825 og 1925. Kor mykje veit du om kvinnene som la ut på denne ferda? Korleis opplevde dei reisa, kva var det som dreiv dei, og kva utfordringar møtte dei i det nye landet? Me startar reisa attende med historiske kjelder og samtidsrelaterte perspektiv for å kas...
Podcasts similares
Replaio no es editor de podcasts; los nombres de los programas, las portadas y el audio pertenecen a sus autores y se distribuyen a través de canales RSS públicos