Helse Bergen HF

Karpodden

Health EN ↓ 27 episodios

Karpodden er podcasten for deg som har fått ein kar-relatert diagnose, for deg som er pårørande, og for deg som skal bli eller er helsearbeider. Vi tar for oss diagnoser, behandling, og korleis livet med ein karsjukdom kan vere. Podcasten er produsert av dei flinkaste fagfolka Helse Bergen HF innanfor karkirurgi og -sjukdom. Det meiner vi i alle fall sjølv. Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, fagansvarlig er avdelingssjef og overlege i karkirurgi Espen Tyse Gubberud. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Autor

Helse Bergen HF

Categoría

Health

Web del podcast

karpodden.podbean.com

Último episodio

7 de abr. de 2026

¿Dónde escuchar?

Podcasts en la app Replaio Radio Muy pronto

Los podcasts llegarán muy pronto a la app. Instálala ahora y sé el primero en descubrir una forma totalmente nueva de vivir los podcasts

Descárgala en Google Play Instálala gratis Android 5 M+ de descargas · valoración de 4,8 iOS muy pronto

Episodios

Arrbrokk 07.04.2026

Eit arrbrokk er når noko fra innsida av magen (oftast tarm eller feitt) pressar seg ut eit svakt punkt i bukveggen der ein tidlegare har hatt eit operasjonssår (arr): Det kan oppstå etter fleire typar kirurgiske inngrep, ikke berre dei karkirurgiske. Brokk-kirurg Lisa Drange Hole lærar oss om korleis desse oppstår, kvifor, og kva som er behandlinga. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more...

Å gå på puter - eller polynevropati 12.09.2025

Enkelte pasientar med perifer arteriesjukdom - eller røykebein om du vil - opplever at dei blir nummen i beina, får ein følelse av å gå på puter, eller at dei ikkje heilt kjenner underlaget. Dette kan vere teikn på polynevropati og skade på nervane i beina. Professor i nevrologi og ekspert på polynevropati Christian Vedeler har tatt turen i studio for å opplyse oss! Hosted on Acast. See acast.com/...

Å miste eit bein - del 3 08.08.2025

Pasient Petrus fortel si historie og sin veg til å kunne gå igjen. Vi har óg med oss to ekspertar frå rehabiliteringsklinikken Nordås, og vi får høyre om korleis det tverrfaglige teamet jobbar rundt pasienten som har mista beinet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Å miste eit bein - del 2 20.06.2025

Lars Henrik Østevold er sjef i eit ortopedisk firma. Han fortel oss om kva slags ulike proteser som finnes, korleis dei jobber i saman med pasienten og teamet rundt om å få ein best mogeleg protese. Kva skal til for at den som har mista beinet sitt kan kome seg opp og gå igjen? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Å miste eit bein - del 1 13.06.2025

Kva kan føre til at ein pasient med karsjukdom mister eit bein? Kva for tanker gjer kirurgen seg før ei slik avgjerdsle blir tatt? Vi har snakka med karkirurgi Evind Osen om dette, og om korleis inngrepet går føre seg. Kva kan pasienten vente seg i dagane som kjem etter ein amputasjon av eit bein? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Flegmasia - alvorleg blodpropp i beina 25.10.2024

I denne episoden får du høyre Karpoddens egen ekspert, karkirurgi Espen Gubberud skildre korleis dei behandlar blodpropp i beina. Kva er symptom og risikofaktorar og når kan det være skikkeleg alvorleg å få ein utbreidd blodpropp som må behandles raskt og med avanserte metodar. Kva er flegmasia cerulea dolens og kva er venøs claudicatio? Vi gir deg ny innsikt! Hosted on Acast. See acast.com/privac...

(Middelhavs-) Kosthold 23.07.2024

Om du har karsykdom eller ønsker å spise slik som er tilrådd for å forebygge hjerte-karsykdom så bør du høre på dette. Professor Lars Fadnes er vår gjest. Han har forska på effekt av ulike matvaregrupper på hjerte-karsykdom, og korleis ein ved å byte ut skadelege matvarer med andre kan forlenge livet. Om ein gjer endringar i kostholdet ved slike bytte kan ein påverke helsa si positivt både generel...

Livet på karkirurgisk sengepost 31.05.2024

Kva kan du vente deg om du vert innlagd på ei karkirurgisk avdeling? Vi får kjennskap til livet på sengeposten gjennom sjukepleier Helena Økland sine levande forteljingar. Om kva som er utfordrande, kva som gjer arbeidet meiningsfylt og dei gode dagane. Om du er sjukepleier: Bli inspirert :) Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Likfingre - eller Raunaud 30.04.2024

I denne episoden har vi besøk av Eirik Dalheim, som har Raynaud. Han fortel om kva for symptom han opplever, og korleis han har tilpassa livet sitt så han lev godt med likfingrane sine. Karkirurg Einar Andrè Brevik forklarar sjukdomsmekanismen og kva for behandlingstilbud som fins. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Hovudpulsåra som nesten sprakk 19.12.2023

Pasienten vi har besøk av i denne episoden fortel om dei dramatiske dagane då han fekk beskjed om at hovudpulsåra var i ferd med å sprekke. I all hast blei han operert - mens vi tilfeldigvis var til stades og observerte det heile frå utsida. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Fellesepisode - Den grufulle vegen til i dag 31.10.2023

Endelig har Helse Bergen både fått nok podkaster, og klart å få samla gjengen til ein fellesepisode! I denne tverrfaglige bonusepisoden, utgitt den siste dagen i oktober like før sukkeret tar fullstendig overhand, oppsummerer karkirugane, ortopedane, infeksjonsmedisinarane og anestesi- og soveekspertane korleis vi har kome til det vi kjenner som moderne sjukehus og behandling. Som du gjerne gjetta...

Kar + Plastikk = Sant 12.09.2023

Kva er lysken, kvifor er han så vanskelig og korleis kan plastikkirurgi plutselig henge saman med blodårer? Vi har fått med oss plastikkirurg Henrik Løvendahl Svendsen til å fortelle om flytting av hud, muskler og andre ting som du kanskje helst vil ha der det høyrer heime. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Eg blør! - eller karskader 20.04.2023

Veit du kva du skal gjere om du finner nokon på gata, omringa av blod? Eller veit du kva kirurgane gjer når blodårene ikkje held tett? I denne episoden fortel vår åreguru Espen Gubberud om kva som skjer når du har fått ein alvorleg skade på blodårene dine. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Kjempestore klumpebein - eller lipødem 08.03.2023

Lipødem er ein typisk kvinnesjukdom: Rammer berre kvinner, lite og dårleg forskning, få og dårlege behandlingstilbod. Eksperten vår, overlege i plastikkirurgi Hildur Skuladottir, har teke hand om desse damene og styrer eit nasjonalt forskningsprosjekt der pasientane får eit heilheitleg tilbod med oppfølging og operasjon.  Ordforklaringar til denne episoden: Hypertensjon = høyt blodtrykk Varicer =...

Trening av røykebein 10.02.2023

Pasienter med perifer arteriesjukdom – eller røykebein om du vil – har god effekt av noko så enkelt som gangtrening! Strukturert, enkel trening av denne typen kan auke gangdistansen og minke smertene i beina. Høyr kva vår ekspert Elisabeth Bø har av råd om dette. Ho er tilsett i Nasjonal kompetansetjeneste trening som medisin. Lenke til nettsiden deira for meir informasjon: https://stolav.no/fag-o...

Bonusepisode 4: Jul(ematen) på sjukehuset 22.12.2022

Vi har fått besøk av administrerande direktør Eivind Hansen, og han fortel oss korleis livet på sjukehuset er i jula, og kva han sjølv skal ha på middagsbordet på julaftan. Espen gjer sitt beste for å ikkje punktere gleda når han skildrar kva maten gjer med skrotten til Eivind. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Medisinsk behandling ved perifer arteriesykdom 25.11.2022

Kva er risikoen med å ha perifer arteriesjukdom og nedsatt blodsirkulasjon i beina? Kan du dø av det? Kass medisiner bør du bruke og korleis virker dei? Gjest i denne episoden er Henrik Hoel, lege i spesialisering i karkirurgi ved Oslo Universitetssukehus.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Bonusepisode 3: Doktorgrad og rare støvler 25.11.2022

Doktorgradsstipendiat og LIS i karkirurgi Henrik Hoel fortel om reisa til fullført PhD grad, og om trykkstøvelen han har forska på - som kanskje kan hjelpe pasienter med nedsatt sirkulasjon i beina. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Bonusepisode 2: Vårmøtet 2022 25.10.2022

Då karkirurgane vart samla for første gong på over to år var vi tilstades og tok tempen. Kva er stentane som skal halde blodårene åpne laga av? Kvifor sponsar legemiddelfirma desse møtene? Korleis vert karkirugiske operasjonar registrerte? Det, og meir til, fekk vi greie på når vi snakka med: Morten Vetrhus, overlege i karkirurgi Stavanger Universitetssykehus Bernt Harald Berntzen, salgsleder i BD...

Carotisstenose - eller tette halspulsårer 25.10.2022

Tette eller forsnevra halspulsårer er skuld i 20 prosent av alle hjerneslag. Karkirurgen kan operere vekk desse forsnevringene, men korleis gjer dei det? Kva er hensikta med eit slikt inngrep? Dette og meir om forsnevra halspulsårer – eller carotisstenose – lærer vi når vi snakker med karkirurg Egil Hafstad Gleditsch i denne episoden. Nyttige begrep: Carotisstenose – forsnevringer på halspulsåren...

Trening - eller vedlikehald av blodårer 01.07.2022

Kor mykje du beveger deg, og kva du putter i deg påvirkar blodårene dine så vel som resten av helsa, men kva skal egentlig til for å halde seg frisk i åresystemet? Jonny Hisdal er vår pragmatiske professor i fysiologi, som forklarer oss korleis trening virker på blodårene, og korleis vi som er friske enkelt kan trene for å halde blodårene våre i god stand.   "Trenar du tre gonger i veka, då peaker...

Åreknuter - eller vener 20.05.2022

Åreknutar er veldig vanlig, og er gjerne den delen av karsjukdom dei fleste vert kjend med. Men kva er mekanismane bak utviklinga av åreknuter, og kva inneber moderne behandling av åreknutar? Kven får behandlinga dekka av det offentlege?  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Røykebein - eller perifer arteriesykdom 06.05.2022

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

AAA - eller utposing på hovudpulsåra 19.04.2022

Utposing på hovudpulsåra i magen heiter på fagspråket abdominalt aortaaneurisme . Ei slik utposing gjer vanligvis ikkje symptom eller varsel før hovudpulsåra sprekker, og då tel kvart sekund for å redde livet I denne episoden skal overlege i karkirurgi, Espen Tyse Gubberud, ta oss i gjennom årsaker, sjukdom, behandling, og konsekvenser av denne diagnosen.     Nyttige begrep  Aorta - hovudpulsåra s...

Bonusepisode 1: Norsk karkirurgisk forening 19.04.2022

Værsågod, ein heilt gratis bonusepisode der vi presenterer vår hovudsamarbeidspartner Norsk Karkirurgisk Forening. Påtroppande leiar Shakil Aslam og avtroppande leiar Øystein Rognerud tar oss i gjennom kva organisasjonen jobbar med, og kvifor dei har valgt å støtte Karpodden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Escucha el podcast Karpodden en Replaio

Radio y podcasts en una sola app - gratis y sin registro. Instálala hoy y no te pierdas el estreno

Descárgala en Google Play

Replaio no es editor de podcasts; los nombres de los programas, las portadas y el audio pertenecen a sus autores y se distribuyen a través de canales RSS públicos