Firda
Den dama
Kvinnene du møter her er både kjende og ukjende for folk flest, men dei har alle ei sterk stemme. Kvar fredag høyrer du ein ny episode. Programleiarar er Synne Muren Olsen og Cecilie Brendehaug Rysjedal.
¿Dónde escuchar?
Podcasts en la app Replaio Radio Muy prontoLos podcasts llegarán muy pronto a la app. Instálala ahora y sé el primero en descubrir una forma totalmente nueva de vivir los podcasts
Episodios
Ordføraren 07.02.2025 44:51
Stor arbeidskapasitet, opptatt av folk og rasjonell. Slik skildrar Jenny Følling seg sjølv. Men kven er dama bak ordførarklubba? Det får du svaret på i sesongens siste episode. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Kommunikasjonsdirektøren 24.01.2025 40:02
Johanne Viken Sandnes er ikkje redd for å seie ifrå når irritasjonen melder seg. Men eigenskapen ho verdset høgst her i livet, er å vere snill. Sandnes slepp oss inn i både karrieren og privatlivet i denne episoden av Den dama. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Å miste eit ufødt barn 17.01.2025 52:56
Går det an å førebu seg på det utenkelege? I mars 2023 opplevde Karine Hatlem Rønneseth og mannen at babyen dei venta døydde i mors liv. I denne episoden fortel ho ærleg om korleis familien takla tapet, og korleis livet må gå vidare. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Toppidrettsutøvaren 10.01.2025 35:21
Karoline Holsen Kyte har etablert seg som eit av dei største idrettstalenta i Førde. Men trening har ikkje alltid vore noko 31-åringen har vore oppteken av. Først då ho melde seg på eit forskningsprosjekt, losna det for alvor: – Framgangen var sinssjuk, minnest ho. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Fødselskaden som endra livet 20.12.2024 39:39
Då Monica Kjerstad Nilsen kom heim med sitt tredje barn, var lykka stor. Men etter kvart kjende ho at kroppen ikkje hadde det bra. Det vart starten på ein lang kamp for å få hjelp, men også ein døropnar for sjølvutvikling. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Multitalentet 13.12.2024 51:45
Caroline Helle frå Naustdal går aldri sakte, verken på jobb eller privat. Ho må alltid ha mange ballar i lufta. I denne episoden fortel ho ope om oppveksten, den store kjærleiken, barneoppdraging og sjølvsagt; husbygginga «alle» snakka om. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Den ærlege popprinsessa 06.12.2024 35:51
Du har garantert høyrt stemma hennar på radio, eller sett ho på julekonsert. 23-årige Gunn Marit Kvaale syng ærleg om kjærleikssorg og utruskap utan å sjå seg tilbake. For ho er det heilt naturleg å dele det mange ikkje torer å snakke om. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Radiostjerna 29.11.2024 38:19
Arianrhod Engebø satsa alt for jobb i P3 og klarte det. I dag er ho eit kjent namn i radio- og TV-bransjen og har leia fleire store produksjonar for NRK. Men sjølv om det kan vere mykje glitter og glam på jobb, er den private Arian langt meir avslappa. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 13: Det beste frå sesong 1 22.03.2024 22:43
Alt godt har ein ende. Første sesong av Den dama er over, og no startar vi planlegginga av neste. I denne episoden får du eit gjenhøyr frå nokre av episodane som har vore. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 12: Live frå Nynorskhuset 15.03.2024 44:32
Fire kvinner om kvinner, rettar og samfunnet. Gjestar er: Gunn Merete Paulsen, Ingeborg Paulsen Hamre, Margunn Indrebø Alshaikh og Siri Kristina Iversen. Episoden er spelt inn med publikum 8. mars 2024 i Nynorskhuset i samarbeid med Sunnfjord U40 og Teater Vestland. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 11: Kommunikasjonseksperten 08.03.2024 37:13
Ho hadde berre det ho stod og gjekk i då arbeidslivet venta i Oslo på tidleg 2000-tal. Men med mykje guts og hard jobbing, klatra Ellen Katrine Kristensen (44) fort på karrierestigen. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 10: Fastlegen 01.03.2024 38:07
Martine Wolff Nesse skulle ikkje bli fastlege, og i alle fall ikkje bu i Førde. Men etter tre månadar i turnus på sentralsjukehuset hadde ho skifta meining. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 9: Reiselivsguruen 16.02.2024 39:28
I konkurranse med heile verda, jobbar Lillian Herland kvar dag med å få turistar til å kome til fjordkysten og Sunnfjord. Ho tek sjeldan fri, og er stort sett alltid på. – Dette er ein livsstil. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 8: Influensaren 09.02.2024 31:53
Då Anniken Gjørøy var 12 år, byrja ho å blogge om livets opp- og nedturar. Angst og spiseforstyrring prega ungdomsåra hennar, og tidvis var livet tøft. Ein liten gut skulle vise seg å bli vendepunktet. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 7: Politikaren 02.02.2024 37:33
Sara-Marie Horsevik er mamma til tre, jobbar i NAV og sit i Sunnfjord kommunestyre for Ap. Ho brenn for like moglegheiter for alle, miljø og at alle få meir kompetanse om privatøkonomi. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 6: Sjukepleiaren på overgrepsmottaket 26.01.2024 1:01:02
I snitt har overgrepsmottaket i Førde 60 saker i året. Lin Hjelmeland Finjord er ei av dei som står klar for å hjelpe når krisa oppstår. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 5: Etterforskingsleiaren 19.01.2024 50:40
Jeanette Haugsbø sin jobb er å avdekke overgrep mot barn og vaksne: – Når eg byrjar å snakke om jobben min, lukkar folk øyra. Men det har ikkje eg moglegheita til, og ikkje vil eg det heller. Eg har lyst å hjelpe dei som blir utsette for det. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 4: Næringslivstopp og revydronning 12.01.2024 37:10
På dagtid forvaltar Beate Terese Solheim Grønnevik millionar av kroner som økonomisjef i Evoy. Men om kvelden står ho gjerne på scena for å få deg til å le. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 3: Tannlege, hotelleigar og hobbygartnar 05.01.2024 41:25
Randi Sognnæs Aamot skulle aldri drive sin eigen klinikk. No gjer ho både det og bur vegg i vegg med sitt eige hotell. Når ho skal kople av, finn du ho anten i eit blomsterbed eller på konsert med sambuar Per Aki Sigurdsson. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 2: Assisterande banksjef og firebarnsmor 29.12.2023 29:40
– Å ha karriere og barn er ikkje anten eller. Eg har vore mor så lenge eg har vore i yrkesaktiv alder, den eldste kom på studiet, og det har funka fint. Det handlar om innstilling, seier Julie Vårdal Heggøy. I mars ventar den assisterande banksjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane sitt femte barn. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Episode 1: Annette blei mamma åleine 22.12.2023 31:34
Så lenge Annette Hetle kan hugse har ho ønskt seg eigne barn. Etter fleire år med utallige deitar som ikkje førte til noko forhold, kom ho til eit punkt der ho måtte ta eit val. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Podcasts similares
Replaio no es editor de podcasts; los nombres de los programas, las portadas y el audio pertenecen a sus autores y se distribuyen a través de canales RSS públicos