Kjetil Fyllingen

SunnhordlandPodden

Business NO ↓ 436 episodes

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Be sure to visit the podcast's website and support the creator: www.sunnhordlandpodden.no

Author

Kjetil Fyllingen

Category

Business

Podcast website

www.sunnhordlandpodden.no

Latest episode

Nov 16, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 10M+ downloads · 4.7+ rating iOS soon

Episodes

Erika Nygård Ormseth - om Nobel, Gründerliv, Mote og Dramatikk 29.04.2024

Erika Nygård Ormseth hadde ein draum om ein klesbutikk som var raus, ekte og fin. Det var starten på gründerlivet og oppstarten av Nobel. No har dei lagt bak seg 5 år med drift, og Erika deler om oppturar og utfordringar. Om moter som endrar seg og om dramatikken då søstera Hedda opplevde akutt hjertesvikt.

Familien Jakarian - om Flukta frå Syria, Vegen til Noreg og den krevjande situasjonen dei er i no 26.04.2024

I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møta Tamar Dankarian og Odd Ivar Vik. Dei fortel om Jakarian-familien si flukt frå Syria og deira reise til Noreg. Du vil høyra om korleis livet var i Syria før 2011 og den dramatiske endringa som skjedde då. Tamar deler historia om korleis dei måtte forlate heimlandet sitt på ein dramatisk måte og korleis det var å kome til Noreg. Odd Ivar Vik fortel...

Vidar Hope – om Kreft, Aktmåling, Redaktørjobben i Sunnhordland og Kulturliv 22.04.2024

I februar 2024 gjekk Vidar Hope inn i ein av dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet, nemleg som ansvarleg redaktør for avisa Sunnhordland. I denne episoden skal du få bli litt betre kjent med mannen bak avisa. Vidar deler om reisa han har vore på, ulike kulturprosjekt han har vore med på å dra i gang som Størjevikfestivalen, Bocciafest og Olsen & Jensens viseklubb. Livet byr på opp- og...

Silje Vatne Ersland - om Kattnakken, Pandemien, Mammarollen, Gründerlivet og Jakta på ein ny dagleg leiar 19.04.2024

Silje Vatne Ersland fortel om korleis det går med Kattnakken, om oppturar og utfordringar. Korleis er det å kombinere gründerliv og mammarollen? Korleis prega pandemien sal av regntøy? Og kor går vegen vidare for Kattnakken? Styreleiar for Kattnakken, Tor-Olav Sunde, er og med i episoden og fortel om si rolle i Kattnakken. Akkurat no er Kattnakken på jakt etter ein ny dagleg leiar. Vil du vidareut...

Jógvan Brimheim Gunnarsson - Frå Bygda til BI, Standup og Kundereiser 15.04.2024

Jógvan Brimheim Gunnarsson har reist frå bygda på Bømlo via BI i Bergen, til Oslo. Han har stått på standup-scener og imponert med imitasjon av blant anna Åge Hareide og Morten Harket. I dag brenn han for gode kundereiser og velferdsteknologi. Høyr om reisa hans, og du får garantert ein god latter. Sponsor: Norwegian Mooring - https://www.normoor.no/ Norwegian Mooring tilbyr inspeksjonstenester in...

Marte Rykkje Halstensen – om Endometriose, Kvinnehelse, Arbeidsliv og Muligheter 12.04.2024

I denne episoden deler Marte Rykkje Halstensen ærleg om livet med endometriose. Men me pratar òg om bryllup, draumen om høns og sjølvdyrking. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno.

Nashmia Sandbugt - om å Flytte Fjell, Kreativitet, Poesi og Musikk 08.04.2024

Nashmia Sandbugt fortel om si reise gjennom livet, utfordringar og erfaringar. Ho deler korleis død, sjukdom og smerte har endra henne, men òg korleis det har gjeve inspirasjon til poesi og musikk. Nashmia fortel om verdien av å tenke positivt og ikkje la jantelova bestemme. Nashmia gav ut ein ny song i januar, "Mountains". Lytt til sangen Mountains her - https://open.spotify.com/track/7...

Ingvild Brekke Myhre - om Læraryrket, Mangfald og Rekruttering 01.04.2024

Ingvild Brekke Myhre har påteke seg eit viktig oppdrag, ho skal leie Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering. I denne episoden får du høyre litt om historien til Ingvild, vegen til å bli lærar og kvifor det er viktig å få fleire inn i læreryrket. Sjekk ut: https://burdebli.no/ https://laererenmin.no/ Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Nasjonalt prosj...

Hilde Susann Hystad Aadland - om Velferdsteknologi, VR-briller og Livskvalitet 25.03.2024

Hilde Susann Hystad Aadland er e-helse konsulent i Stord kommune. Velferdsteknologi handlar om å gi personar med eit hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eigenhand.  Fleire vil trenge tenester frå kommunen i tida som kjem, og me vil mangle arbeidskraft i helse- og omsorgstenesta. Me må tenkje alternativt til dagens måte å gje helsetenester på, og m...

Lisa Hasholt Fosse og Kai Håkon Sunde - om Talentsenter i Realfag og Barn og Unge med Stort Læringspotensial 18.03.2024

Talentsenter i realfag er en sosial og realfaglig møteplass for barn og unge med stort læringspotensial. Fra høsten 2024 starter VilVite opp en satellitt av Talentsenter i realfag i regionen Sunnhordland, i lokalene til HVL på Rommetveit. Kai og Lisa ønsker å samarbeid med skolene, lærerne, foresatte og lokalt næringsliv for å få dette prosjektet til å bli best mulig. Elever med stort læringspoten...

Inga Pedersen Totland - om Drømmejobben, Kvinnefotball og Sportsklubben Brann 11.03.2024

Inga Pedersen Totland frå Bømlo har fått drømmejobben for Sportsklubben Brann. I denne episoden får du høyra om vegen fram til jobben som Innholdsansvarleg for Brann og kva det inneber. Inga fortel òg om si fotballkarriere, studier på Hawai og korleis det er å svømme med delfinar. Du får høyra om Kvinnefotball og Jenter vil meir-kampanjen. Sponsor: OneSource - https://onesource.as/

Aleksander Günther - om Gatekunst, Galleri, Sommerfugl i Vinterland og “Hope For A New Spring” 07.03.2024

Torsdag 7. mars kl. 12:00 lanserte Aleksander Günther med sitt nye trykk “Hope For A New Spring”. I denne episoden får du bli litt betre kjent med Aleksander og hans reise som kunstnar. Du får høyra historia om Sommerfugl i Vinterland, ei reise til Afrika og mykje meir. Sjekk ut: https://gallerigunther.com/ https://www.instagram.com/gallerigunther/ https://www.facebook.com/gallerigunther/ Sponsor:...

Dag Jørund Lønning – om Jordboka for hagen, vårfest i Litlabø samfunnshus og ein tur til Kina 06.03.2024

Dag Jørund Lønning er aktuell med ei ny bok «Jordboka for hagen», og laurdag 9. mars inviterer han til Lanseringsfest og Temadag: Naturbygging i hagen , i Litlabø samfunnshus på Stord. Det blir ei stor vårfest for natur- og hageinteresserte. Kva som skjer der, og kva boka handlar om, får du høyre om i denne episoden, pluss nokre glimt frå Kina. Sponsor: Hageland Stord Hageland Stord finn du på Hei...

Nina Ingvaldsen - om Heimflytting, Næringsliv og sånne ting 04.03.2024

Nina Ingvaldsen er dagleg leiar for Bømlo Næringsråd. I denne episoden vert du betre kjend med reisa til Nina, korleis det var å flytte heim og kva Bømlo Næringsråd held på med. Sponsor: Finnås Kraftlag  

Willie Wågen – om Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre, Bærekraftig Energiteknologi og Pizzabaking 26.02.2024

Willie Wågen leiar Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre på Stord. I denne episoden vert du betre kjend med historia hans og kva Sustainable Energy jobbar med. Du får svar på: Kvifor kastar dei politikarar på sjøen? Korleis bidrar Sustainable Energy til det grøne skiftet? Kva er ein katapult? Kvifor er testfasilitetene på Stord i verdastoppen? Kvifor er det viktig med bærekraftig energitekn...

Stian Tønder - om ein Dramatisk Fødsel, Kreativitet, Kaizers og TikTok 19.02.2024

Stian Tønder jobbar fulltid som rockestjerne, skodespelar og er lærar "på si". Han er ein stille og roleg type, men når han kjem på scena eller framfor eit kamera, då skjer det noko... I denne episoden blir du litt betre kjend med Stian Tønder, og du får høyra om ein dramatisk fødsel, kreativitet, Kaizers, TikTok + mykje meir.

Reidun Hagenes - om Musikken som Former Menneske 11.02.2024

Ho blir omtala som «The Grand Old Lady» når det kjem til kor på Stord, men ho har òg markert seg nasjonalt og internasjonalt. I denne episoden blir du litt betre kjend med Reidun Hagenes, og høyra om korleis musikken kan utvikla heile mennesket. Du får høyra om ballett i barndommen, jobben som telegrafist og livet på sjøen, musikkpedagogisk utdanning ved Bergen Musikkonservatorium og oppstart av k...

Atle Wigum - Del 2 - Straumkrisa, Havneområde og den Politiske Situasjonen 09.02.2024

Dersom Atle var diktator, korleis ville han ha handtert straumkrisa, kommunens bruk av havneområde og mykje meir. Atle deler òg tankar om inflasjon og den politiske situasjonen på Stord. Trur du Atle kjem til å engasjere seg politisk og stilla til val? Svaret får du i denne episoden. Atle skriv om podden: «Når du sliter med å sove, kan jeg anbefale noe som hjelper. Meg på podcast er iallfall billi...

Lars Jostein Rørvik - om Spelejobbar, Rock- og popband i Kvinnherad og Interessa for Historie 05.02.2024

Lars Jostein Rørvik har hatt meir enn 300 spelejobbar i Sunnhordland og Hardanger. Han er litt over snittet interessert i historie og har gitt ut fleire bøker. I denne episoden får du høyre om interessa for fotball, kvifor han heier på Leicester, om å spela opp til dans og mykje meir. Me pratar om bøkene: Jens i Dalen Det illegale Sunnhordland: - motstand og etterretning 1940-1945 Rock- og popband...

Vanja Storetvedt og Vegar Lønnheim – Frå Ynskje til Vilje - Motivasjon for Meir Fysisk Aktivitet 29.01.2024

80% av folket i Noreg er ikkje så fysisk aktive som FHI tilrår. Nokre som ynskjer å bidra til å endre dette er coach Vanja Storetvedt og fysioterapeut Vegar Lønnheim. I februar 2024 startar dei opp med motivasjonsretta kurs. Der kan du lære korleis du går frå ynskje til vilje, og får på plass gode treningsrutinar. Kva dette inneber og korleis det kan bidra til betre folkehelse, får du høyre om i d...

Jo Marius Bøyum Bøyabreen – om å Flytte til Bømlo, Brevann og Sprenging av Rundballer 22.01.2024

Jo Marius Bøyum Bøyabreen er ein mangesidig kar. Han har ein over gjennomsnittet interesse for Bøyabreen, men er òg glad i Bømlo. Høyr litt om historia hans og kvifor han no har flytta frå Sogn til Bømlo. Sjekk ut sprenging av rundball her - https://m.youtube.com/watch?si=80FI0uLCVRyYATj0&v=OZaJx5fQRMA&feature=youtu.be Sponsor: Martech Marine & Industriservice AS Bli med på konkurranse...

Tone Nordtun – om Long Covid og Usynleg Sjukdom 15.01.2024

Dei fleste av oss har kome i kontakt med Covid 19-viruset, men for nokon får det større konsekvensar enn for andre. I denne episoden får du eit glimt inn i historien til Tone Nordtun og korleis tilværet kan endre seg for dei som opplever long covid.

Vilde Stokke - om Bømlo teater, zombie-komedien "De Gjenvendte" og Livet i Filmbransjen 08.01.2024

Den 26. januar har filmen "De Gjenvendte" premiere. I ei sentral rolle i filmen og i distribusjonsteamet er ein Bømling, nemleg Vilde Stokke! I denne episoden får du høyre historia til Vilde. Om Bømlo teater, kulturskulen og vegen vidare inn i filmbransjen. Du får og høyre meir om filmen "De Gjenvendte - Re:Human" og kvifor du kanskje bør sjå den filmen på kino. Vilde er forres...

Aina Thunem – om Mental trening, Livsvisdom og Livet utan Snop 01.01.2024

Lurar du på kva Mental trening er for noko og kven det kan vere aktuelt for? Det får du svar på i denne episoden med Aina Thunem - Thunem Talks. Me tar opp spørsmål som: Korleis utdannar ein seg til mental trenar? Kven er det som kan ha nytte av mental trening? Korleis starte med mental trening? Kan ein få treningsverk av mental trening? Korleis kan eg bli betre på å takle stress og press gjennom...

Takk for 2023 og Godt Nytt År 31.12.2023

Ein stor takk til alle gjester, sponsorar og lyttarar i 2023! Vonar 2024 blir eit flott podkastår!

Listen to the SunnhordlandPodden podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.