Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Author
Kjetil Fyllingen
Category
Podcast website
Latest episode
Jul 6, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Håkon den gode kongen - Bjørn Haaland og Christer Stewart Aarbø 03.06.2024 53:40
Den 30.–31. august blir det framført eit heilt nytt teaterstykke i Moahagen på Fitjar. Stykket har fått namnet "Håkon den gode kongen" og det er med både profesjonelle og lokale amatørskodespelarar. - Vi har allereie bestilt godt ver, og vi har vald ein spelplass som vi veit kan vere lun og god sjølv om det kan vere litt vind. Dette blir ei strålande oppleving uansett ver, seier Bjørn...
Få mest ut av bustadsalet: Tips frå eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes 27.05.2024 58:37
I denne episoden av Sunnhordlandpodden har me besøk av eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes. Me dykker ned i bustadmarknaden i Sunnhordland, deler nyttige tips for deg som skal selje eller kjøpe bustad, og gjev råd om korleis du vel den rette eigedomsmeklaren. Ver med og lær korleis du kan få mest ut av bustadhandelen din! 🏡✨ Sponsor: Byrået - https://www.byraet.no Med røter tilbake til 198...
Solveig Meyer Eide - om Nisjebutikkar, Nedlegging og Nye Vegar 22.05.2024 30:21
Solveig Meyer Eide fortel om avgjerda om å legge ned butikken Vevnad. Du får historia om korleis dei fire siste åra har vore, om oppturar og nedturar. Høyr om garnglede, formidling av handverk, lokalt vevmiljø, nisjenettverket, fargar, kreativ boltring, Makalaus Ull, og gode møte med fantastiske menneske, og om kva Solveig no skal finne på.
Kjell Fylkesnes – Skredfare, Gründerliv, Bypass, Bil og Båt 20.05.2024 46:40
Kjell Fylkesnes kunne ha tatt livet med ro og kost seg med flotte bilar og lange båtturar. Men han har sett i gang med eit spanande nytt gründerprosjekt. I denne episoden får du høyre om historia til Kjell, om Fylkesnes Bil, skredfare og kvifor han starta opp selskapet Bypass og jakta på ei framtidsretta løysing for skredsikring. Sjekk ut: https://www.bypass.no Vil din bedrift bli sponsor for Sunn...
Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl – om Skag Profilera, Design, Gründerliv og Fusjon 13.05.2024 54:35
Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl har ein lidenskap for design og profilering som er over gjennomsnittet. Sidan 2016 har dei vore på ein spennande reise som gründerar, og hausten 2022 slo dei seg saman med Profilera og skapte design- og profileringsbyrået Skag Profilera. I denne episoden får du bli betre kjent med Silvia og Anne Grethe, og du vil høyra om både oppturar og nedturar i gründ...
Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen - om Moster 2024, Jubileumsveka og Logistikk 06.05.2024 1:16:46
Det nærmar seg Jubileumsveka på Moster 28. mai – 2. juni 2024. Det er mykje spennande som står på programmet! I denne episoden er Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen med og fortel om kva dei ser mest fram til og korleis dette skal bli ei fantastisk oppleving for alle som kjem til Moster. Du blir også litt betre kjend med Vilde og Jenny, som kan fortelje om alt frå kjøp av Bedehus, DJ-jobb i Los A...
Erika Nygård Ormseth - om Nobel, Gründerliv, Mote og Dramatikk 29.04.2024 37:32
Erika Nygård Ormseth hadde ein draum om ein klesbutikk som var raus, ekte og fin. Det var starten på gründerlivet og oppstarten av Nobel. No har dei lagt bak seg 5 år med drift, og Erika deler om oppturar og utfordringar. Om moter som endrar seg og om dramatikken då søstera Hedda opplevde akutt hjertesvikt.
Familien Jakarian - om Flukta frå Syria, Vegen til Noreg og den krevjande situasjonen dei er i no 26.04.2024 59:57
I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møta Tamar Dankarian og Odd Ivar Vik. Dei fortel om Jakarian-familien si flukt frå Syria og deira reise til Noreg. Du vil høyra om korleis livet var i Syria før 2011 og den dramatiske endringa som skjedde då. Tamar deler historia om korleis dei måtte forlate heimlandet sitt på ein dramatisk måte og korleis det var å kome til Noreg. Odd Ivar Vik fortel...
Vidar Hope – om Kreft, Aktmåling, Redaktørjobben i Sunnhordland og Kulturliv 22.04.2024 37:11
I februar 2024 gjekk Vidar Hope inn i ein av dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet, nemleg som ansvarleg redaktør for avisa Sunnhordland. I denne episoden skal du få bli litt betre kjent med mannen bak avisa. Vidar deler om reisa han har vore på, ulike kulturprosjekt han har vore med på å dra i gang som Størjevikfestivalen, Bocciafest og Olsen & Jensens viseklubb. Livet byr på opp- og...
Silje Vatne Ersland - om Kattnakken, Pandemien, Mammarollen, Gründerlivet og Jakta på ein ny dagleg leiar 19.04.2024 41:48
Silje Vatne Ersland fortel om korleis det går med Kattnakken, om oppturar og utfordringar. Korleis er det å kombinere gründerliv og mammarollen? Korleis prega pandemien sal av regntøy? Og kor går vegen vidare for Kattnakken? Styreleiar for Kattnakken, Tor-Olav Sunde, er og med i episoden og fortel om si rolle i Kattnakken. Akkurat no er Kattnakken på jakt etter ein ny dagleg leiar. Vil du vidareut...
Jógvan Brimheim Gunnarsson - Frå Bygda til BI, Standup og Kundereiser 15.04.2024 1:15:56
Jógvan Brimheim Gunnarsson har reist frå bygda på Bømlo via BI i Bergen, til Oslo. Han har stått på standup-scener og imponert med imitasjon av blant anna Åge Hareide og Morten Harket. I dag brenn han for gode kundereiser og velferdsteknologi. Høyr om reisa hans, og du får garantert ein god latter. Sponsor: Norwegian Mooring - https://www.normoor.no/ Norwegian Mooring tilbyr inspeksjonstenester in...
Marte Rykkje Halstensen – om Endometriose, Kvinnehelse, Arbeidsliv og Muligheter 12.04.2024 54:11
I denne episoden deler Marte Rykkje Halstensen ærleg om livet med endometriose. Men me pratar òg om bryllup, draumen om høns og sjølvdyrking. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno.
Nashmia Sandbugt - om å Flytte Fjell, Kreativitet, Poesi og Musikk 08.04.2024 1:03:44
Nashmia Sandbugt fortel om si reise gjennom livet, utfordringar og erfaringar. Ho deler korleis død, sjukdom og smerte har endra henne, men òg korleis det har gjeve inspirasjon til poesi og musikk. Nashmia fortel om verdien av å tenke positivt og ikkje la jantelova bestemme. Nashmia gav ut ein ny song i januar, "Mountains". Lytt til sangen Mountains her - https://open.spotify.com/track/7...
Ingvild Brekke Myhre - om Læraryrket, Mangfald og Rekruttering 01.04.2024 41:13
Ingvild Brekke Myhre har påteke seg eit viktig oppdrag, ho skal leie Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering. I denne episoden får du høyre litt om historien til Ingvild, vegen til å bli lærar og kvifor det er viktig å få fleire inn i læreryrket. Sjekk ut: https://burdebli.no/ https://laererenmin.no/ Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Nasjonalt prosj...
Hilde Susann Hystad Aadland - om Velferdsteknologi, VR-briller og Livskvalitet 25.03.2024 36:05
Hilde Susann Hystad Aadland er e-helse konsulent i Stord kommune. Velferdsteknologi handlar om å gi personar med eit hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eigenhand. Fleire vil trenge tenester frå kommunen i tida som kjem, og me vil mangle arbeidskraft i helse- og omsorgstenesta. Me må tenkje alternativt til dagens måte å gje helsetenester på, og m...
Lisa Hasholt Fosse og Kai Håkon Sunde - om Talentsenter i Realfag og Barn og Unge med Stort Læringspotensial 18.03.2024 1:05:31
Talentsenter i realfag er en sosial og realfaglig møteplass for barn og unge med stort læringspotensial. Fra høsten 2024 starter VilVite opp en satellitt av Talentsenter i realfag i regionen Sunnhordland, i lokalene til HVL på Rommetveit. Kai og Lisa ønsker å samarbeid med skolene, lærerne, foresatte og lokalt næringsliv for å få dette prosjektet til å bli best mulig. Elever med stort læringspoten...
Inga Pedersen Totland - om Drømmejobben, Kvinnefotball og Sportsklubben Brann 11.03.2024 36:20
Inga Pedersen Totland frå Bømlo har fått drømmejobben for Sportsklubben Brann. I denne episoden får du høyra om vegen fram til jobben som Innholdsansvarleg for Brann og kva det inneber. Inga fortel òg om si fotballkarriere, studier på Hawai og korleis det er å svømme med delfinar. Du får høyra om Kvinnefotball og Jenter vil meir-kampanjen. Sponsor: OneSource - https://onesource.as/
Aleksander Günther - om Gatekunst, Galleri, Sommerfugl i Vinterland og “Hope For A New Spring” 07.03.2024 1:12:21
Torsdag 7. mars kl. 12:00 lanserte Aleksander Günther med sitt nye trykk “Hope For A New Spring”. I denne episoden får du bli litt betre kjent med Aleksander og hans reise som kunstnar. Du får høyra historia om Sommerfugl i Vinterland, ei reise til Afrika og mykje meir. Sjekk ut: https://gallerigunther.com/ https://www.instagram.com/gallerigunther/ https://www.facebook.com/gallerigunther/ Sponsor:...
Dag Jørund Lønning – om Jordboka for hagen, vårfest i Litlabø samfunnshus og ein tur til Kina 06.03.2024 46:13
Dag Jørund Lønning er aktuell med ei ny bok «Jordboka for hagen», og laurdag 9. mars inviterer han til Lanseringsfest og Temadag: Naturbygging i hagen , i Litlabø samfunnshus på Stord. Det blir ei stor vårfest for natur- og hageinteresserte. Kva som skjer der, og kva boka handlar om, får du høyre om i denne episoden, pluss nokre glimt frå Kina. Sponsor: Hageland Stord Hageland Stord finn du på Hei...
Nina Ingvaldsen - om Heimflytting, Næringsliv og sånne ting 04.03.2024 25:47
Nina Ingvaldsen er dagleg leiar for Bømlo Næringsråd. I denne episoden vert du betre kjend med reisa til Nina, korleis det var å flytte heim og kva Bømlo Næringsråd held på med. Sponsor: Finnås Kraftlag
Willie Wågen – om Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre, Bærekraftig Energiteknologi og Pizzabaking 26.02.2024 39:54
Willie Wågen leiar Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre på Stord. I denne episoden vert du betre kjend med historia hans og kva Sustainable Energy jobbar med. Du får svar på: Kvifor kastar dei politikarar på sjøen? Korleis bidrar Sustainable Energy til det grøne skiftet? Kva er ein katapult? Kvifor er testfasilitetene på Stord i verdastoppen? Kvifor er det viktig med bærekraftig energitekn...
Stian Tønder - om ein Dramatisk Fødsel, Kreativitet, Kaizers og TikTok 19.02.2024 1:03:16
Stian Tønder jobbar fulltid som rockestjerne, skodespelar og er lærar "på si". Han er ein stille og roleg type, men når han kjem på scena eller framfor eit kamera, då skjer det noko... I denne episoden blir du litt betre kjend med Stian Tønder, og du får høyra om ein dramatisk fødsel, kreativitet, Kaizers, TikTok + mykje meir.
Reidun Hagenes - om Musikken som Former Menneske 11.02.2024 58:36
Ho blir omtala som «The Grand Old Lady» når det kjem til kor på Stord, men ho har òg markert seg nasjonalt og internasjonalt. I denne episoden blir du litt betre kjend med Reidun Hagenes, og høyra om korleis musikken kan utvikla heile mennesket. Du får høyra om ballett i barndommen, jobben som telegrafist og livet på sjøen, musikkpedagogisk utdanning ved Bergen Musikkonservatorium og oppstart av k...
Atle Wigum - Del 2 - Straumkrisa, Havneområde og den Politiske Situasjonen 09.02.2024 1:37:59
Dersom Atle var diktator, korleis ville han ha handtert straumkrisa, kommunens bruk av havneområde og mykje meir. Atle deler òg tankar om inflasjon og den politiske situasjonen på Stord. Trur du Atle kjem til å engasjere seg politisk og stilla til val? Svaret får du i denne episoden. Atle skriv om podden: «Når du sliter med å sove, kan jeg anbefale noe som hjelper. Meg på podcast er iallfall billi...
Lars Jostein Rørvik - om Spelejobbar, Rock- og popband i Kvinnherad og Interessa for Historie 05.02.2024 55:31
Lars Jostein Rørvik har hatt meir enn 300 spelejobbar i Sunnhordland og Hardanger. Han er litt over snittet interessert i historie og har gitt ut fleire bøker. I denne episoden får du høyre om interessa for fotball, kvifor han heier på Leicester, om å spela opp til dans og mykje meir. Me pratar om bøkene: Jens i Dalen Det illegale Sunnhordland: - motstand og etterretning 1940-1945 Rock- og popband...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.