Kjetil Fyllingen

SunnhordlandPodden

Business NO ↓ 434 episodes

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Be sure to visit the podcast's website and support the creator: www.sunnhordlandpodden.no

Author

Kjetil Fyllingen

Category

Business

Podcast website

www.sunnhordlandpodden.no

Latest episode

Nov 2, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android almost 10M downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Magnus Hillesvik Valvatna - Frå Mobbing til Musikkglede og Mono-Log festival 3 13.01.2025

Musikken er viktig for Magnus Hillesvik Valvatna. I denne episoden deler han si historie – frå å bli mobba i oppveksten til å finne styrke i musikken som medisin.  Høyr om hans deltaking på Mono-log festivalen, den nye EP’en Framtid Fortid, reisa frå korps til bandmedlem og artist. Magnus fortel også om kampen mot nervar og prestasjonsangst, og korleis han brukar musikken til å gje håp og støtte t...

Geir Albert Raknes - Frå Båtmekaniker til Biomekaniker 06.01.2025

Geir Albert Raknes deler sin fascinerande reise frå ein oppvekst prega av energi, lærevanskar og utfordringar til livet som muskelterapeut og massør. Geir opnar opp om korleis ein ADHD-diagnose i vaksen alder vart eit vendepunkt som gav han innsikt og retning i livet.
 Han fortel om korleis interessa for anatomi starta som 14-åring, etter eigne ryggsmerter, og korleis denne fascinasjonen førte han...

Nyttårsforsett og Livsstilsendringar med Monica Ur, Jeanette Roede og Sven Erik Dahl 30.12.2024

I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møte Monica Ur, ein engasjert og erfaren kursleiar som brenn for å hjelpe folk til å oppnå varige livsstilsendringar. Saman med Jeanette Roede og Sven Erik Dahl frå Grete Roede diskuterer ho tema som nyttårsforsett, veiledning og korleis kurs kan støtte folk på vegen mot eit lettare og sunnare liv. Monica deler si personlege reise, inkludert erfaringar...

Johanne Øvstebø Tvedten - om Juletradisjonar, Primstaven og Historieforteljing 23.12.2024

Johanne Øvstebø Tvedten – ei eldsjel innan historieformidling og drama. Johanne deler fascinerande historier frå oppveksten på Nordfjordeid og Stord, utdanninga i USA, og sitt arbeid med kultur- og formidlingsprosjekt ved Sunnhordland museum. I episoden får vi høyre om gamle juletradisjonar i Sunnhordland, artige historier om primstaven, og gripande forteljingar ho har samla frå regionen. Johanne...

Ellinor Austad Bergesen - om Fitjar Frivilligsentral: 25 år med engasjement og samhørighet 16.12.2024

Ellinor Austad Bergesen, leiar for Fitjar Frivilligsentral, har vore drivkrafta bak frivillig arbeid på Fitjar i 25 år. Ho deler sine erfaringar frå å leie frivillige prosjekt, utvikle aktivitetar for alle aldersgrupper, og kor viktig det er å knyte saman lokalsamfunnet gjennom frivillig innsats. Ho fortel om både høgdepunkt og utfordringar, og avslører ei spennande nyheit som kjem til neste år. V...

Susanna Heggland - om Modertreet, Morskap og Mental helse 09.12.2024

Bli kjent med psykologspesialist Susanna Heggland frå Tysnes. Ho deler si reise frå oppveksten på Tysnes til livet som psykolog og småbrukar, og fortel om sitt engasjement for psykisk helse og kvinnehelse, spesielt gjennom graviditet og barseltid. Vi får høyre om hennar arbeid med Modertreet , ein metode som fokuserer på den psykiske vekstprosessen kvinner opplever når dei blir mødre.  Susanne del...

Agnar Aarskog - om Vindmøller, Politikk, Fotball og Kjærleiken til Fitjar 02.12.2024

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Agnar Aarskog  , ein ekte Fitjar-patriot med 24 år i kommunestyret og 8 år som ordførar. Han deler minner frå oppveksten i Fitjar Gattneri og korleis eit ønske om å byggje grasbane førte han inn i politikken. Årskog snakkar om dei store økonomiske utfordringane som ordførar, det kontroversielle vindmølleprosjektet på Fitjafjellet, og engasjementet i...

Kjell-Torodd Fitjar Bremskau - Kva er nøkkelen til å lykkast som gründerbedrift? 25.11.2024

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Kjell-Torodd Fitjar Bremskau frå Alde Akva. Han deler historia bak selskapet, som han starta, saman med Geir Ingolf Strand og Eirik Østerhaug, i 2020, midt under pandemien. Dei hadde jobba tett saman før og såg moglegheita til å skape eit fleksibelt konsulentmiljø innan akvakultur. Kjell-Torodd fortel om oppstarten, utfordringane, og kor viktig støtt...

Ein konteinar full av håp – slik hjelper Stord Cuba 21.11.2024

I denne episoden møter vi Astri Valvatne Granli og Anders Dahl, som fortel om innsamlingsaksjonen kyrkja på Stord har til Cuba. Gjennom eit nært samarbeid med den lutherske kyrkja på Cuba og Nordmisjon, jobbar dei med å sende ein 40-fots konteinar full av nødvendige varer som klede, sko, syklar og møblar. Astri og Anders delar opplevingar frå turen dei hadde til Cuba i januar, der dei besøkte kyrk...

Elin Stenbråten - om Deboras Hage: Omsorg, Fellesskap og Heimelaga mat 18.11.2024

I denne episoden møter me Elin Stenbråten, grunnleggaren av Deboras hage. Elin delar si reise frå å vera misjonærbarn i Japan til å etablera eit hjemmebakeri på Stord med ein større visjon om omsorg og fellesskap. Deboras hage er eit hjemmebakeri som starta som ein draum om å hjelpa menneske. Elin fortel om korleis møtet med ei eldre dame, kalla "Lady M", inspirerte henne til å starta prosjektet....

Hanne Barane - om Nær Døden-oppleving og Nye Vegar 11.11.2024

I denne episoden møter vi Hanne Barane, som etter mange år valgte å satse på drømmen som fotograf. Ho deler historia om korleis ein barndomsdraume blei lagt vekk og kvifor ho til slutt tok sjansen i vaksen alder etter ein dramatisk fødselsoppleving. Samtalen gir innsikt i både dei tøffe vala Hanne måtte ta, og kvardagen hennar som småbarnsmor og fotograf på Stord. Hanne fortel om både gleder og ut...

Roger Røyksund - Fra Heavy Metal til Visesang og Forlist 07.11.2024

Roger Røyksund bur på Karmøy, men lengtar litt heim til Bømlo. Som musikar har han dei siste fire åra jobba fram albumet  Forlist , som blei sleppt på dei fleste strømmetenestene den 6. november. No er han klar for å framføre musikken sin live på Mosterhuset den 10. november. Med sitt unike uttrykk og lange reise innan musikken, frå hard rock til visesong, har Roger mange historiar å dele. Vi snak...

Johannes Sandvik Bø - Gull, Mål og Motivasjon: Møt løpetalentet frå Fitjar! 04.11.2024

I denne episoden av Sunnhordlandpodden får me eit unikt innblikk i livet til Johannes Sandvik Bø, ein lovande løpar frå Fitjar. Berre 18 år gammal har Johannes allereie sikra seg gull i NM og plass på U20-landslaget. Me snakkar om karrieren hans, som starta tidleg, og utfordringane han møter som mellom- og langdistanseløpar. Johannes deler erfaringar frå internasjonale stemne som junior-VM i Peru...

Hildegunn Gram – om Livet, Tilfeldigheiter, Brannsikring og Jobben i Brannvesenet 28.10.2024

Ei dramatisk hending endra livskursen til Hildegunn Gram, men då ei dør lukka seg, opna ei anna dør seg. Høyr om korleis det var å vere den første kvinnelege feiaren i brannvesenet på Stord. Det har vore både utfordringar og gleder i jobben. Hildegunn deler også viktig informasjon om brannsikring, utstyr du bør ha på plass, og ting du bør tenkje på for å førebygge brann. Sponsor: multiSAFE multiSA...

Åge Grutle - Korleis blei ein bømling ambassadør og hoffsjef? 25.10.2024

I denne livepodkasten frå Bømlakonferansen 2024 møter du Åge Grutle – ein mann med omfattande internasjonal erfaring og eit unikt perspektiv på både diplomati og kongehusliv. Åge har hatt ein yrkeskarriere utanom det vanlege, med stillingar som ambassadør, hoffsjef og leiar innan norsk utanriksteneste. Han deler historier frå oppveksten, dei første stega utanfor Noreg, og ei yrkesreise prega av ku...

Sandra Linnèa Lindwall - om The Voice, Musikkprosjekt, Frieri og TAPAS 21.10.2024

Sandra Linnèa Lindwall deler om opplevinga si i The Voice, musikkprosjekt ho jobbar med, og draumane sine for framtida. Ho fortel også om korleis det var å flytte heim til Stord, forlovinga og kjøpet av hus. Du får høyre om korleis det påverka henne å miste faren i ung alder. Snart kjem det ny musikk frå Sandra, så det er verdt å følgje ho på Instagram eller Facebook Sponsor: Stord Dekkservice Sto...

Galleri Giga opnar nytt lokale – Feirar 25 år med kunstglede! 17.10.2024

Galleri Giga feirar 25 år med ny inngang og oppdatert profil! I denne episoden av Sunnhordlandpodden snakkar vi med dagleg leiar Nina Louise Langland om det hektiske innspurten fram mot opninga av dei nye lokala i Bytunet på Stord. Dette blir markert fredag 18. oktober mellom 14:00 og 17:00! Nina deler historier frå galleriets oppstart, korleis ho tok over i 2018, og gleda ved å representere 150 u...

Jakob Særsten - Fra stille gutt på Bømlo til Konsernsjef i LOS Gruppen 14.10.2024

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Jakob Særsten, konsernsjef i LOS Gruppen – eit selskap som har vokse frå eit lite elektrikerselskap til ein stor totalleverandør innan elektroinstallasjon, skipsservice og maskinering. Jakob deler si fascinerande reise frå barndommen på Bømlo til oppstarten av LOS i 1983, og korleis dei har bygd eit konsern med over 500 tilsette. Vi får høyre om utfo...

Menn, Mental Helse og Kunst som Terapi - med Aleksander Isdal Günther og Tor Harlad Rysjedal 10.10.2024

Kunstnaren Aleksander Isdal Günther og fotografen Tor Harald Rysjedal brenn for å bruke kunsten som eit uttrykk for følelsesmessige utfordringar. Dei deler sine erfaringar med å kombinere foto og måleri for å skape sterk visuell kunst som belyser mentale helseutfordringar. Samtalen er innom tema som pillemisbruk, psykologbesøk, einsemd, og viktigheita av open samtale om vanskelege kjensler. Dei fo...

Nina Maria Seljestad Bache - Frå Angst og Sjølvskading til å Følgje Draumen 07.10.2024

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Nina Maria Seljestad Bache, som deler si sterke historie om korleis ho har overkomme store utfordringar i livet, både psykisk og fysisk. Ho har vore gjennom tøffe periodar med angst, sjølvskading, og ein lang prosess etter å ha blitt utsett for overgrep som tenåring. Nina Maria fortel ærleg om korleis ho har funne vegen ut av mørket, med støtte frå r...

Ranjeeta og Sveinung Aarvik - om Aarvik gard, Reiseliv og Lokalprodusert Mat 30.09.2024

Aarvik gard  er eit unikt reisemål som ligg i Fusa. Der kan du sove på handlaga madrasser, spise økologisk mat, og rett og slett senke skuldrene skikkeleg. I denne episoden deler Ranjeeta og Sveinung Aarvik kvifor dei ønskjer å bruke garden på denne måten, og om motivasjonen og draumane dei har for framtida. Du får høyre om urkorn, matproduksjon, utfordringar, hektiske dagar og verdien av ein møte...

Anita Kehr – om Skogens ro, Kronisk Sjukdom og Meistringsfølelse 23.09.2024

I sommar sa Anita Kehr opp jobben i Stord kommune og satsar for fullt på prosjektet «Skogens ro». I denne episoden får du bli betre kjend med Anita og den reisa ho er på. Du får høyra om meistringskjensle, kalde bad, yoga, helse, og feriar som ikkje heilt går som planlagt. Pluss mykje meir. Sponsor: Grete Roede Grete Roede har vore marknadsleiande i Noreg innan kosthald og livsstil i heile 50 år,...

Pablo Barrera – om Leiarskap, Bryllaup, Samfunnsansvar og Haugaland Kraft 16.09.2024

I denne episoden får du møte Pablo Barrera, konsernsjef i Haugaland Kraft sidan hausten 2022. Han vart kåra til årets leiertalent og er eit av få norske medlemmar i det prestisjetunge forumet «Young Global Leaders». Pablo deler sine tankar om livet som toppleiar, samfunnsansvar og kva som skjer i Haugaland Kraft framover. I tillegg får du høyra om hans personlege reise, inkludert bryllaup og vikti...

Ida Lindstrøm Dahl – om Sjølvmordsførebygging, Livslosen og Meistring av Kriser 12.09.2024

WHO estimerer at over 700 000 menneske tek sitt eige liv kvart år. For kvart sjølvmord er det truleg rundt 20 andre som anten har prøvd å ta livet sitt eller har alvorlege sjølvmordstankar. Globalt er det fleire som døyr av sjølvmord enn av drap og krig til saman. Sjølvmord er også den fjerde vanlegaste dødsårsaka blant menneske mellom 15 og 29 år. Ei som arbeider med å førebygge sjølvmord er Ida...

Vegard Bjørnevik - om Kvinnherad, Kontraurbanisering og Livet som Ordførar 09.09.2024

I denne episoden blir du betre kjend med ordføraren i Kvinnherad, Vegard Bjørnevik. Høyr om korleis han kom inn i politikken, korleis det er å balansere rolla som småbarnsfar og ordførar, diskusjonar rundt kontraurbanisering, og kvifor han meiner at fleire bør flytte til Kvinnherad, samt mykje meir. Sponsor: Hydro Husnes!  Ingenting er mulig på Husnes. Ingen CO -utslepp innan 2050 er faktisk mogle...

Listen to the SunnhordlandPodden podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.