Kjetil Fyllingen

SunnhordlandPodden

Business NO ↓ 433 episodes

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Be sure to visit the podcast's website and support the creator: www.sunnhordlandpodden.no

Author

Kjetil Fyllingen

Category

Business

Podcast website

www.sunnhordlandpodden.no

Latest episode

Oct 26, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android almost 10M downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Ronny Furre – om Motocross, livet som Elektrikar og Redsla for Hundar 16.06.2025

I denne episoden får du bli kjent med Ronny Furre – fagleg ansvarleg i Årskog Elektro, og ein mann som held garasjen like rein som crosssyklane sine.  Me snakkar om korleis det er å vere elektrikar i Sunnhordland, kvifor han valde handverksfaget, og kva som gjer baderomsprosjekt ekstra spennande. Ronny deler òg historier frå oppveksten, draumen om å bli snikkar, redsla for hundar og kva eit godt s...

Vegard Røsland - om Fönt Häär, Sjølvmål, Bolsing og Bømlo Profil 09.06.2025

Møt ei ekte eldsjel frå Rubbestadneset: Vegard Røsland – fotograf, musikar, fotballtrenar og dagleg leiar i Bømlo Profil .  Me snakkar om alt frå AI-genererte bursdagssongar og sjølvmål i Etne Cup, til bolsing, gitarjam og gründerliv i Bømlo Profil.   Klar for ein god dose lokalt pågangsmot, humor og ekte engasjement?  Sponsor: Martech Marine AS – Ekspertar på kompositt! Martech Marine reparerer a...

Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme 02.06.2025

Christian Fitjar Dahl brenn for å vise fram det beste Sunnhordland har å by på. Han er ein av dei som står bak både  Sunnhordland Adventure og Fjordeventyret . No er han i ferd med å lose dei første cruiseturistane i land på Lervik og rundt i Sunnhordland. I denne episoden får du høyre om korleis det heile starta med eit uformelt møte på MS Sunnhordland og utvikla seg til eit omfattande samarbeid...

Liene Tolka - Kirkens Bymisjon på Stord – 15 år med arbeid for Menneskeverd og Fellesskap 26.05.2025

Kirkens Bymisjon på Stord fyller 15 år! Liene Tolka, Tiltakskoordinator Aktivitetshuset Stord, deler både historia til Bymisjonen og si eiga reise frå Latvia via Finnmark – og til Dåfjorden.  Ho fortel varmt om kvardagen i Bymisjonen, kvifor møteplassar og arbeidstilbod betyr så mykje for folk, og korleis lysverkstad og gaterydding kan gi ny meining i livet. Sponsor: Stord Tannregulering   Stord T...

Rune Sandvik – om Framtidsretta Fiskeoppdrett i Sagvåg, Bondeliv og Leiarskap 19.05.2025

I denne episoden får du høyra historia bak Erko Settefisk i Sagvåg – eit moderne settefiskanlegg bygd på ny teknologi og framtidsretta drift. Me får òg bli betre kjent med daglig leder, Rune Sandvik, ein jordnær og engasjert leiar frå Fitjar. Rune deler om reisa med å byggja opp anlegget, utfordringar og stolte augeblikk, og ikkje minst tankar om havbruket si framtid. Sponsor: Alde Akva Alde Akva...

Tonje Stautland - om Vektnedgang, Sjølvbilde og Balanse i kvardagen 12.05.2025

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Tonje Stautland – kanskje betre kjend som  tonje.trener  på Instagram. Her deler ho ærleg og ope om livet sitt: om opp- og nedturar, vektnedgang, spontanabortar, sjølvbilde, og kvardagsglede. Det heile starta med ein impuls og eit lite dytt frå ei veninne – og i mai 2023 trykte ho «opprett konto». No har ho skapt ein kanal som har blitt både friplass...

Grzegorz Gregor Gorczynski - LEGO, Gründerliv og Nye Eventyr 05.05.2025

Grzegorz Gregor Gorczynski reiser land og strand rundt med tusenvis av legoklossar – og ein draum: Å byggje relasjonar, inspirere til kreativitet og spre ekte livsglede. Gregor kom heilt til finalen i  Lego Masters Norge , har starta eiga verksemd med "Gregorski Brickworld", og no er han tilbake i studio! I denne episoden får du høyra: Korleis livet endra seg etter Lego Masters Kva han d...

Christian Hope - om Livsstilsendring, Ketose, Viljestyrke og maraton 28.04.2025

Denne vekas gjest i Sunnhordlandpodden er Christian Hope – ein kar frå Bømlo som verkeleg har gått all in for å legge om livsstilen sin. Vi snakkar om reisa frå overvekt til fullført maraton, om kvifor han valde ketogent kosthald, om viljestyrke , løpeglede – og kvifor Excel faktisk kan vere eit kraftfullt verktøy når du vil endre livet ditt. Christian deler òg erfaringane sine på Instagram der ha...

Ingvill Hystad Kyvik - Livet med barn med spesielle behov, inkluderande samfunn og likeverd 21.04.2025

Korleis er det å vere forelder til eit barn med spesielle behov – med alt frå kvardagsgleder til djupe dalar? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Ingvill Hystad Kyvik, klinikkdirektør i Helse Fonna og mamma til Anders. Ingvill deler ærlig om erfaringar frå kvardagen, overganger, motgang og håp – og korleis små ting, som eit hei på butikken eller ei russejakke, kan bety alt. Dette er ei...

Øystein Hillestad - om Malerboden, Vårpuss, Rekecocktail og Terrortrussel 14.04.2025

Våren er i lufta, og mange vurderer å pussa opp – men kva bør du eigentleg gjera med terrassen, huset eller fargevalet i år? Øystein Hillestad, dagleg leiar for Fargerike Malerboden deler sine beste tips. Dette er ein episode full av praktiske tips, lune skråblikk og gode historier – om alt frå nisemaling og ristemaskin-kaos, til fotball, familiebedrift, rekecocktail med makaroni og terrortrussel...

Britt Heidi Værøy - om Fest i Vest, Dugnadsånd og møte med ein Tarantell 11.04.2025

Kven står bak det som kanskje er Vestlandets koseligaste festival? Bli med når me slår av ein god prat med festivalsjef Britt Heidi Værøy om Fest i vest , som går av stabelen i Sagvåg 27.-28. Juni 2025. Her blir det snakk om ekte dugnadsånd , artistar og sjørøvershow! Du blir og betre kjent med Britt Heidi Værøy som har hjarte for bygda, blikk for detaljar og ei imponerande CV frå både butikkgolv...

Ingvild Eskeland Sæterbø - om Sæterbø - Huset i det stille, Bipolar lidelse og Skam 07.04.2025

Ingvild er aktuell med kontoen @fjellgarden_saeterboe der ho viser fram gamlahuset på Sæterbø som er til leige på airbnb. Ho skriv historie attende til år 1590 frå garden og deler gamle bilete samt krydrar med innblikk i gardslivet med alle dei firbeinte og fjørkledde. Dei som har sett Ingvild forbinder ho nok med eldre hus, oppussing, fargar og interiør, piknik og champagne med utegrisar og rosa...

Vivian Gjøen Helgaland - om Livet, lyset og motet til å satse 🎨 03.04.2025

Vivian Gjøen Helgaland ei kreativ og modig kvinne som 5. april opnar si aller første soloutstilling på Print og Ramme i Lervik sentrum. Med temaet Livet og Lyset deler ho både glede og sorg, oppturar og nedturar.  Du får høyre om oppveksten på Bømlo, kunstnarglede, drillstaven, livet som småbarnsmor, tapet av ektefelle og å finna kjærleiken på nytt.   Vivian deler om å reise åleine til Frankrike f...

Bitta Bøthun Bjørnsdotter – om Malemoro, Kreativitet og Håp på lerretet 31.03.2025

Bitta Bøthun Bjørnsdotter brenn for å gje folk ein kreativ pause i kvardagen. Gjennom konseptet Malemoro på Stord Hotel skapar ho rom for både leik, livsglede og djupare refleksjon – uansett om du har halde i ein pensel før eller ikkje. I denne episoden får du høyra korleis kunsten blei både terapi og levebrød for Bitta etter tøffe helseutfordringar og tap, og korleis ho no brukar erfaringane sine...

Lea Qvistgaard - Butikksjef, fjellgeit og Brasiliansk jiu-jitsu-utøvar med store ambisjonar 24.03.2025

Bli kjent med den energiske og allsidige Lea Qvistgaard – ei dame som kombinerer brasiliansk jiu-jitsu, butikkdrift, fjellturar og lokalt engasjement med eit smil og ein god dose råskap. Lea styrer Joker Onarheim med stødig hand og skaper ein sprudlande og kreativ arbeidsplass midt i bygda. Samtidig brenn ho for lokalt næringsliv, bygdelaget, idretten – og fjellturar med ungane (gjerne med ein kvi...

Cecilie Tingvoll Hope - om Eventyrlyst, Tsunami, Gründerskap på Bømlo og Amundsen Kabel 17.03.2025

Kva gjer du når eventyrlysta tek overhand, og du hamnar midt i ein av dei største naturkatastrofane i moderne tid?  Cecilie Tingvoll Hope frå Sagvåg fekk backpackersekk til konfirmasjonen, reiste åleine til Thailand som 20-åring – og enda opp som snorkelguide. Så, ein dag i desember 2004, vakna ho til eit mareritt: Tsunamien. Høyr om: 🌊 Den dramatiske dagen då tsunamien ramma Thailand ⚡ Amundsen...

Jørund Fjøsne – om do:be, kunst og skaparglede 10.03.2025

I ei tid der skjermbruk blant barn aukar, finst det innovative løysingar som fremjar balansen mellom digital læring og fysisk leik. I denne episoden møter vi Jørund Fjøsne, gründeren bak do:be – ei unik leik- og læringsplattform for barnehagar. Jørund deler si reise frå kunst og design til teknologiutvikling, og vi får høyre om korleis do:be blei til, kva utfordringar dei har møtt på vegen, og kor...

Marianne Helland Vik - Fra Utmattelsessyndrom til Hagespa 03.03.2025

Korleis kan ein hage forandre livet? Marianne Helland Vik fekk ME, og kvardagen blei snudd opp ned. Midt i det krevjande fann ho ro og glede med hagespaden i handa. No inviterer ho til Hagespa på Stord vidaregåande skule søndag 30. mars – ein møteplass for alle som elskar hage, enten du har ein stor hage, ein balkong eller berre ein draum om å starte. I denne episoden av Sunnhordlandpodden deler M...

Remi A. Sortland - om Livet, Sykkel, Mental Helse og Podkast 24.02.2025

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Remi A. Sortland, som brenn for både sykling og mental helse. Han har nyleg lansert to podkastar:  Sunnhordlandstoget , ein nisjepodkast for sykkelinteresserte, og  Korleis har du det, eigentleg? , der han tek opp viktige tema innan mental helse. Remi deler si sterke historie – frå ein utfordrande oppvekst prega, til hans eiga kamp mot depresjon. Han...

Jostein Waage - om Kystkultur, Tradisjonar og Nord-Europas beste boller 17.02.2025

I denne episoden får du møte Jostein Waage, som driv Brandasund Kultur & Fritid og A.L. Waage Landhandel AS – ein mann med eit brennande engasjement for kystkultur, tradisjonar og lokalhistorie. Oppvaksen i idylliske Brandasund har Jostein teke vare på arven frå si bestemor, den legendariske Nillo på Skjære, som dreiv butikk på eit lite skjær. I dag vidarefører han historia gjennom A.L. Waage...

Arild Steinsland - om ungdomssatsing, presteteneste og softis med krokan – ein prat med prosten i Sunnhordland 10.02.2025

Møt  Arild Steinsland , den nye prosten i Sunnhordland! I denne episoden blir du betre kjent med mannen bak prestekragen – frå barndomens fascinasjon for ferjer til kjærleiken for softis med krokan. Arild deler historia om korleis han fann vegen inn i presteyrket, opplevingane sine som prest i Nord-Noreg, og kvifor han ein gong vart  persona non grata  i Romania. Han gir også eit innblikk i kva so...

Anne Lise Haukås – om Helse, Fitjar og Fastlegekrisa 03.02.2025

Anne Lise Haukås er fastlege og kommuneoverlege i Fitjar. Ho deler historia si, frå medisinstudiet i Bergen til turnusteneste på Haukeland og distriktslegepraksis i Finnmark, før familien flyttet til Fitjar i 2023. Anne Lise fortel om kvardagen som fastlege, korleis ho balanserer arbeidskvardagen, og kvifor ho brenn for folkehelse.  Ho gir innsikt i utfordringane og moglegheitene i Fitjar-samfunne...

Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken - Frå Fitjar til Setesdalen: Livet på internatskulen KVS Bygland 27.01.2025

I denne episoden møter du Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken, som deler sine erfaringar med å flytte frå Fitjar til internatskulen KVS Bygland i Setesdalen – 10 mil nord for Kristiansand og 12 mil sør for Hovden. Kvifor valde dei å flytte, og kva skal til for at dei kjem tilbake til Sunnhordland? Dei fortel om korleis det var å flytte heimanfrå, korleis interessa for maskiner og arbeids...

Kurt Inge Larsen - om Livsfilosofi, Fotball, Musikk og Hjerneslag 20.01.2025

Bli kjent med Kurt Inge Larsen, ein mann med ein livsfilosofi som inspirerer: å unngå å angre på det ein ikkje gjorde. Kurt deler historier frå sitt mangfaldige liv som fotballspelar, musikar og gamal revystjerne. Under artistnamnet Kurti Larsen har han skapt musikk som rører, inkludert hans nyaste song, En ny dag, som vart lansert same dag som episoden. Vi får høyre om hans oppvekst ved Kuleseika...

Magnus Hillesvik Valvatna - Frå Mobbing til Musikkglede og Mono-Log festival 3 13.01.2025

Musikken er viktig for Magnus Hillesvik Valvatna. I denne episoden deler han si historie – frå å bli mobba i oppveksten til å finne styrke i musikken som medisin.  Høyr om hans deltaking på Mono-log festivalen, den nye EP’en Framtid Fortid, reisa frå korps til bandmedlem og artist. Magnus fortel også om kampen mot nervar og prestasjonsangst, og korleis han brukar musikken til å gje håp og støtte t...

Listen to the SunnhordlandPodden podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.