Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Be sure to visit the podcast's website and support the creator: www.sunnhordlandpodden.no
Author
Kjetil Fyllingen
Category
Podcast website
Latest episode
Oct 26, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Ingelin Røssland - om Min julefest! - sånn cirka alt du trenger å vite om jul! 17.11.2025 49:15
Forfattar, journalist og Tysnes-patriot Ingelin Røssland er tilbake på heimlege trakter – med juleglede på full guffe. I denne episoden snakkar vi om den nye boka hennar «Min julefest» , ei leiken og lærerik julebok for dei mellom 10–100 år. Vi får òg høyre om skriveprosjektet «Pass dine eigne saker» laga saman med tiandeklassingar på Tysnes, og kvifor blautkokte egg og Bjørn Eidsvåg stadig duk...
Liv Kari Eskeland - om å byggje Samfun, Hage og Hordfast 10.11.2025 52:03
I denne episoden møter vi Liv Kari Eskeland – arkitekt av fag, tidlegare ordførar på Stord og stortingsrepresentant for Hordaland Høgre. Ho er “over snittet” glad i politikk, Hordfast og hage, og fortel om vegen frå studietid og tidlege arkitektprosjekt til å stå i front for lokal utvikling og nasjonal politikk. Vi får høyre om kvifor Hordfast betyr så mykje for Vestlandet, korleis grøn skipsf...
Slankemedisiner kan gi raske resultater – men for Nina ble livet tyngre 03.11.2025 40:37
Nina Maria Seljestad Bakke er en av mange som har brukt vektreduserende medisiner. Det førte til en dramatisk vektnedgang – men også til at livet kom helt ut av balanse. Faktisk gikk det så langt at hun ble innlagt på distriktspsykiatrisk senter for å lære å spise igjen. Nina Marias historie er en av mange. I 2024 brukte over 170 000 nordmenn vektreduserende legemidler ifølge FHI. I dag har mello...
Hjertefred på Tysnes – om sorg, håp og det å finne ro 30.10.2025 33:01
Når livet plutseleg blir snudd på hovudet, og ein mistar nokon ein er glad i – korleis lever ein vidare med det? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Jannike Alvær Lie og Ingebjørg Alvær Lie , som sammen med Jannicke Bjørnevik står bak Hjertefred på Tysnes – ei minnemarkering for alle som har opplevd sorg og sakn. Søndag 2. november inviterer dei til ei varm og inkluderande stund på Ona...
Britt Kjellesvik Rage - om Bringeklutar, Drakthistorie og Levande Kulturarv 27.10.2025 48:26
Britt Kjellesvik Rage brenn for gamle tekstilar, folkedrakter og historia dei fortel. I denne episoden deler ho frå arbeidet med å kartleggja drakttradisjon på Tysnes, boka om bringeklutane , og livet som «viking» i Gudvangen. Vi får høyra om dokkeskulpturane som har reist verda rundt, korleis ho byggjer ein lokal drakt-database, og kvifor tekstilar er mykje meir enn pynt – dei er kulturarv, hand...
Andreas Lavik Frøkedal - Livet med Epilepsi 20.10.2025 38:57
Korleis er det å leve med epilepsi – ein sjukdom som for mange er både usynleg og tabubelagt? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Andreas Lavik Frøkedal frå Tysnes. Han deler ope om korleis livet endra seg då han fekk sitt første anfall berre ni år gammal, og kva for utfordringar han har møtt i oppveksten, ungdomstida og som vaksen. Andreas fortel om både dei tøffe periodane, misfo...
Anne Margrethe Otterå – om Nål & Tråd, Stofflanging og Gründerliv 13.10.2025 58:27
Ho kallar seg sjølv den største «stofflangaren» på Stord – men heldigvis er stoffet hennar heilt lovleg! I over 55 år har Anne Margrethe Otterå vore hekta på nål og tråd, og i dag driv ho butikken Nål & Tråd med både symaskiner, stoff og garn. I denne episoden får du høyra om eit liv fylt med skaparglede, flytteprosjekt, pendling frå Austevoll – og kvifor både sying og strikking kan vera ekte...
Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate 06.10.2025 43:21
Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur? Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg. I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline...
Livepod frå Bømlakonferansen 2025 med Martin Laurhammer 29.09.2025 28:48
Han er mannen som alltid får ting gjort. Martin Laurhammer har fått både Næringsforeningen på Haugalandet sin bragdpris og Haugesund kommunes ærestegn «De fykende måker» , for innsatsen sin. Ein mann med handlekraft, stå-på-vilje – og ei imponerande evne til å finne løysingar der andre ser problem. I denne live-episoden frå Bømlakonferansen 2025 får du høyre Martin dele om oppveksten på småb...
Bonusepisode - Mr. Halloween 26.09.2025 3:43
Her får du ein smakebit av musikken du kan oppleva i Mr. Halloween sin magiske butikk 🎶 Songen Mr. Halloween er skriven og framført av John Ståle Eldøy. Kjøp bilett til Mr. Halloween sin magiske butikk her! Sponsor: Peppes Pizza Stord Peppes Pizza Stord finn du i Hamnegata 4 på Leirvik – ein samlingsplass for alle som elskar ekte pizzaglede! Her får studentar og vernepliktige 20 % rabatt ....
Erik Jørgensen - om Musikken, Galskapen, Dugnadsånda og Mr. Halloween sin magiske butikk 22.09.2025 39:59
Erik Jørgensen – ei ekte eldsjel i kulturlivet på Stord. Han har skrive og sett opp musikalar og teater i fleire tiår, og no er han aktuell med stykket Mr. Halloween sin magiske butikk . Vi snakkar om oppvekst, bandlivet på 70- og 80-talet, korleis Askepott-rocketeateret vart til, og kvifor han aldri har gitt seg med å skape noko nytt. Her får du høyre om galskapen, dugnadsånda og gleda som driv f...
Håkon Rydland Sæbø - om Fellesskap, Fiskehelse og Padling i Fitjarøyane 15.09.2025 1:01:47
Han hadde budd i 13 hus før han fylte 12 år, hoppa på ski i Nord-Noreg, budde lenge i Odda, men landa til slutt på Fitjar. I dag er han veterinær med fokus på fiskehelse, styreleiar i idrettslaget på Fitjar og engasjert i alt frå fellesskap, gardsliv og venelaget for Longøyo. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Håkon Rydland Sæbø – ein mann med mange jarn i elden, eit smittande engasje...
Lena Christensen - Når bicepsen ryk: identitetskrise, rehab og nye mål 08.09.2025 53:00
Ho har løfta tyngre enn dei fleste, teke gull i Noreg og Norden – og drive treningssenter gjennom både pandemi og krevjande år. Så smeller det: biceps ryker i konkurranse, og livet blir snudd på hovudet. I denne episoden fortel Lena Christiansen om vegen frå pall til operasjonsbord, om identitetskrise, rehabilitering og det beinharde mentale arbeidet som må til for å kome tilbake. Vi snakkar òg...
Ulvar Akselsen: Frå Stord-politikk til stortingsambisjonar 01.09.2025 47:18
Kva driv ein 23-åring til å stå i lange møte, banke på dører – og sikte mot Stortinget? I denne episoden får du møte Ulvar Akselsen (Ap), lokalpolitikar på Stord og sjettekandidat i Hordaland. Vi snakkar om kvardagen i utval for rehabilitering, helse og omsorg, lærdom frå oppveksten og samtalane heime med pappa Olav Akselsen, og korleis det er å kombinera studieliv, samboarskap og valkamp. Ulvar d...
Reinert Svanberg om Personleg Fridom og Ansvar, Formuesskatten og Økonomisk Vekst 25.08.2025 1:04:49
Han er litt over snittet interessert i politikk – og kjent for å vere kjapp både i hovudet og i replikken. I denne episoden møter du Reinert Svanberg. Me snakkar om oppvekst i Sagvåg, fagbrev og ingeniørstudier, kvifor han kallar seg «kontrær av natur», og korleis både arbeidsliv, internasjonale erfaringar og lokal industri har prega synet hans på politikk og samfunn. Personleg fridom og ansvar –...
Astrid-Cecilie Flisram – Friluftsglede for Små og Store i Barnas Turlag 18.08.2025 42:26
Ho er over gjennomsnittet glad i både ungar og tur, og no er ho leiar for Barnas Turlag Stord–Fitjar . I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Astrid-Cecilie Flisram , som deler både humoristiske turopplevingar, tips for å få med barn på tur – og kvifor turleiarar og frivillige er så viktige for fellesskapet. Vi snakkar om alt frå knekt tann på crossfit-fest, til å gå ned på «feil side» av...
Rune Valvatne Ask og Olav Tveiten - om Sunnhordland Kampsportklubb, Gratis sjølvforsvarskurs for damer og treningstilbod for ungdom 16.08.2025 54:29
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Olav Tveiten og Rune Valvatne Ask frå Sunnhordland Kampsportklubb. Dei brenn for kampsport og sjølvforsvar – ikkje berre som ein sport, men som eit verktøy for tryggleik, meistring og fellesskap. Her får du høyre korleis klubben blei til, kvifor dei no satsar på ungdomstrening og gratis sjølvforsvarskurs for damer, og kva kampsport har lært dei om d...
André Eide - frå Mobbeoffer til Pianostjerne 11.08.2025 38:09
André Eide er ein pianist med følgjarar frå heile verda – snart 400 000 på Facebook – og blodfansen reiser langt for å høyre han spele. Men han har og ei historie, med mobbing i oppveksten. Og han har utfordringar med svindlarar som misbrukar namnet hans på nett. I denne episoden av SunnhordlandPodden fortel André ope om livet som pianist, kvardagen med konsertar og sosiale medium – og kvifor ha...
Helen Daae Frøyseth - om et skriveliv, refusjonar, nettroll og livet på Tysnes 04.08.2025 57:23
I 2024 debuterte Helen Daae Frøyseth med boka Et skriveliv . I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du høyra ei sterk og ærleg historie om å våga, skriva – og om å bli møtt av både heiarop og motstand. Vi snakkar om skrivelyst, kjærleik til poesi, litterære refusjonar, overgangen frå byliv i Bærum til bygdeliv på Tysnes – og ikkje minst: korleis det kjennest når boka endeleg er ute, og verda s...
Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug - om The Sound of Music, Nynorsk, Edelweiss og litt Matematisk Forvirring 28.07.2025 57:06
I denne episoden får du møte Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug, to sentrale personar bak Bømlo Teater si storsatsing The Sound of Music – for aller første gong på nynorsk og på utescene i majestetiske Moster Amfi. Me snakkar om strekk og sveitte, myggar (altså mikrofonar – ikkje insekt), oversetjingar som både må høyrest fine ut og vere gode å synge, og kvifor Edelweiss fekk gamle karar ti...
Helene Torkelsen - om Leire, Skaparglede og Keramikk 21.07.2025 42:39
Helene Torkelsen frå Moster både brenner for leira – og brenner leira . Ho har skapt sitt eige atelier og univers av vakre bruksgjenstandar i keramikk, midt i ein travel kvardag med tre små ungar og fulltidsjobb som lærar. I denne episoden får du bli betre kjend med Helene, som deler historia si om å gå frå kreativ lærar til sjølvlært keramiker med eige brennerom, eigen nettbutikk – og draumen om...
Svein Arne Sørgård – om Sommerfestivalen Espevær, Gründerliv og Teknologi 14.07.2025 47:31
Svein Arne Sørgård har fartstid frå verdsleiande selskap som Sony, Universal og UFC, og har jobba tett på teknologi, musikk og business i storbyar som Las Vegas og Nanjing. No har han landa midt i havgapet – på den vesle perla Espevær – og byr på sommarens hyggelegaste festivaloppleving! I denne episoden tek han oss med frå barndommen i Kirkenes og DJ-jobb på 80-talet, til livet som gründer, utvi...
Henriette Alsaker – Frå Karateslag til Løpesko: Eit liv i full fart 07.07.2025 1:26:45
I denne episoden møter du Henriette Alsaker , ei energibombe frå Stord. Som åtteåring blei ho hekta på karate, og allereie som 12-åring tok ho svart belte – den første i Noreg som klarte det i så ung alder. Ho reiste heilt til VM i Japan som 13-åring, og fekk seg ein karriere full av trening, NM-gull og tøffe kampar. Du får høyre historia om kraniebrotet som snudde alt , og kvifor Henriette vald...
Anja Hope – om Stabilt Blodsukker, Gründerreise og Naturleg Hudpleie 30.06.2025 42:51
Anja Hope er litt over snittet glad i dyr – og mykje meir enn gjennomsnittet oppteken av kosthald, blodsukker og helse. I denne episoden av Sunnhordlandpodden deler ho si inspirerande reise frå økonom til gründer av Nourish – naturleg hudpleie med produkt baserte på talg frå økologisk storfe. Vi snakkar om IBS, ekte mat, biohacking, katten Kokos, ein protest mot elefantar på sirkus – og om kvifor...
Trine Bekkenes – 25 år med Pepper Hårstudio: ei reise i frisørfaget, fellesskap og lidenskap 23.06.2025 43:05
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Trine Bekkenes , frisøren som i 25 år har bygd opp Pepper Hårstudio til å vere ein salong som handlar om meir enn hår. Trine deler historia om oppstarten, gleda i faget, og korleis ei god hårklipp kan bety langt meir enn berre det ytre. Ho fortel om hårshow, utfordringar og gleder, om å sjå folk og skape tryggleik – og om korleis håret nokre gonge...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.