Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Be sure to visit the podcast's website and support the creator: www.sunnhordlandpodden.no
Author
Kjetil Fyllingen
Category
Podcast website
Latest episode
Oct 26, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista 04.05.2026 1:11:17
Magdalena Buchwald Vikanes & Elva Björk Margeirsdóttir brenn for leik, fellesskap og kvalitetsleiker. No har dei opna Leikekista i Borggata på Stord – ein møteplass for småbarnsfamiliar, med leikekafé, utleige av leiker og rom for gode samtalar. I denne episoden fortel dei om vegen frå idé til ferdig lokale, om gründerliv, oppussing på seine kveldar, familieliv, framsnakking og motet til å prø...
Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram 27.04.2026 47:03
Kristin Straume Normann, best kjend som Berre Kristin, deler små setningar med stort innhald – om håp, sorg, angst, glede, tru, skriving og det å finna si eiga stemme. I denne episoden fortel ho om oppveksten på bygda, om å bli mor tidleg, om mørke periodar der skrivinga vart ei livline, og om korleis små handskrivne dikt på Instagram etter kvart vart til bøker, nettbutikk og eit fellesskap med ov...
Kjell Storelid og Henning Nordfonn – om ishall, dugnadsånd, pågangsmot og det å skapa noko saman 20.04.2026 1:07:55
Kva er eigentleg mogleg å få til når folk dreg i lag, held ut over tid og nektar å gi opp ein draum? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Kjell Storelid og Henning Nordfonn til ein inspirerande prat om den nye ishallen på Stord, om skøyteglede, dugnadsånd og kva som kan skje når eldsjeler, næringsliv, kommune og frivillige spelar kvarandre gode. Her får du høyra historia om korleis eit...
Jan Ottar Wiik - om å ta steg ut av komfortsona med podkasten Eiendom og juss 13.04.2026 39:28
Han likar seg helst litt i bakgrunnen, men no er Jan Ottar Wiik aktuell med den ferske podkasten Eiendom og juss . I denne episoden av Sunnhordlandpodden blir vi betre kjende med jordskiftedommaren frå Fitjar, som fortel om kvifor han valde å gå litt utanfor komfortsona og prøva seg som podkastvert. Samtalen handlar om mykje meir enn paragrafar og eigedomsgrenser. Jan Ottar deler korleis interessa...
Ove H. Wilhelmsen - om Breeze Ship Design, leiarskap og korleis ein byggjer kultur og fellesskap 06.04.2026 54:01
Frå eit verdsomspennande konsern med 18 000 tilsette til eit nystarta selskap med berre to på lønningslista. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Ove H. Wilhelmsen, administrerande direktør i Breeze Ship Design. Du får høyra historia om korleis Breeze vart til i 2020, om satsinga som har vakse til eit selskap med rundt 60 tilsette, og om livet som leiar i ei bransje i rask utvikling. Sa...
Korleis skaper ein fellesskap på tvers av språk, kultur og bakgrunn? 30.03.2026 53:04
I denne episoden møter du Veronica Ivanov og Arna Vik Misje frå Internasjonal Kulturklubb (IKK) på Stord – ein organisasjon som heilt sidan 1989 har arbeidd for å skapa møteplassar der folk kan bli kjende, kjenna seg velkomne og høyra til. Du får høyra historia om korleis IKK starta, kvifor arbeidet betyr så mykje, og korleis klubben i dag byggjer bru mellom menneske gjennom språkkafé, inte...
Finnås Kraftlag - 80 år med lys, varme og fellesskap på Bømlo 23.03.2026 53:35
Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo. Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet? Vi snakkar om samfunnsbygging, sa...
Andree Kyrkjeøy – om IBS, mobbing, angst og håp om ein betre kvardag 16.03.2026 44:40
I denne episoden fortel Andree Kyrkjeøy ope om livet med IBS – sterke magesmerter, sosial uro og dumme kommentarar frå folk som ikkje heilt forstår kva sjukdommen inneber. Årevis med mageplager og lite forståing frå omgivnadene gjorde kvardagen krevjande, og stundom førte det til både skam og angst. Samtidig vart trening ei viktig redning. Andree deler korleis han gradvis fann ein veg vidare, og...
Eldsjelene bak Stord Maritime Museum - om motorar, skipsbygging og hermetikk 09.03.2026 34:07
Kva betyr den maritime historia for Stord og Sunnhordland i dag? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Gunnar Bjørk og Magne Gravdal frå Stord maritime museum – to eldsjeler som brenn for å ta vare på og formidla ei viktig side av historia vår. Me snakkar om motorar, skipsbygging, hermetikk, HSD, krigshistorie og kvifor Lervik har vore ein så sentral stad i regionen. Du får høyra korleis...
Stord Bygdekvinnelag – ein viktig beredskapsorganisasjon med rom for fleire 02.03.2026 47:51
Rigmor Vikane og Sissel Bjelland frå Stord Bygdekvinnelag deler engasjerande historier om inkludering, beredskap og møteplassar på tvers av generasjonar. Me får høyra om samarbeidet med asylmottaket, språkkafé, skule og frivillig arbeid – og korleis enkle tiltak kan skapa ekte fellesskap i lokalsamfunnet. I over 100 år har Bygdekvinnelaget arbeidd for betre kår for kvinner og levande bygder. I dag...
Andreas Fjellandsbø - om Ekspedisjonsreiser, Safarispesialisten og kva som skal til for å nå toppen av Kilimanjaro 23.02.2026 38:49
Han er eventyraren som trivst både over skyene og midt i vill natur – men som alltid vender heim att til fjord, fjell og kvardagsro i Kvinnherad. I denne episoden blir vi betre kjende med Andreas Fjellandsbø , gründer av Ekspedisjonsreiser og Safarispesialisten. Sidan 2016 har han sendt nordmenn ut på turar utanfor allfarveg – til Kilimanjaro, Himalaya, Inka-stien og andre ikoniske destinasjonar....
Simen Skarpnes Røyrøy - om Fitjar, Fotball og FpU 16.02.2026 24:52
Han er ung – men engasjementet for Fitjar, fotball og politikk er stort. I denne episoden møter vi Simen Skarpnes Røyrøy frå Fitjar: ungdomspolitikar, fotballentusiast og ein tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Vi snakkar om kvifor han har valt å engasjere seg politisk, korleis det er å vere med i FpU, og kvifor ungdomsrådet faktisk spelar ei viktig rolle. I tillegg blir det prat om fotballglede, s...
Ingvild Eikeland – fotterapi, fothelse og kvardagen som fotterapeut i Stord Helsepark 09.02.2026 47:25
Føter ber oss gjennom heile livet – likevel er fothelse noko mange tek på alvor altfor seint. I denne episoden møter du Ingvild Eikeland , autorisert fotterapeut og gründer bak Eikelands Fothelse , med klinikk i Stord Helsepark . Vi snakkar om kvifor så mange slit med fotplager, kva sko eigentleg har å seie for kroppen vår, og kvifor problem i føtene kan forplante seg heilt opp til kne, hofte o...
Uttara Mari og Terje Andreassen - om Bømlo Hundepensjonat og Miriams Gard og Hav 02.02.2026 45:55
Kva skjer når to som er litt over snittet glad i hund – og litt over snittet opptatt av gode råvarer – bestemmer seg for å satse skikkeleg? I denne episoden møter du Uttara Mari og Terje Andreassen. Dei driv Bømlo Hundepensjonat , med plass til både hund, katt og smådyr – og fortel om kvardagen i ein “hundebarnehage” der trivsel, tryggleik og hundespråk står i sentrum. Du får òg høyra om seriøst...
Kristoffer Reimers – om å byggje livet på nytt, Energy Fitness og å hjelpe andre 26.01.2026 36:59
Energy Fitness opnar på Stord – og bak satsinga står Kristoffer Reimers og Malene Hauge. I denne episoden får du bli betre kjend med Kristoffer, ein av gründerane bak det nye treningssenteret som opnar på Leirvik i april, i gamle Sporttreff-lokala. Kva er det som gjer Energy Fitness annleis? Kva kan dei tilby – og kvifor satsar dei så stort? Vi snakkar om kvalitetsutstyr (ja, «Ferrarien» av tren...
Når barnet ditt lærer “for fort”: Her er eit tilbod få kjenner til - Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland 19.01.2026 45:05
Kva gjer vi med dei elevane som lærer raskt, spør mykje og ofte ligg fleire år føre fagleg – men som likevel kan bli understimulerte i ein vanleg skulekvardag? Eitt svar er Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland , der elevar frå heile regionen samlast på HVL fleire gongar i året for to intense dagar med problemløysing, programmering, kreativitet og samarbeid. I studio møter du Maria...
Hudlege Judit Kiss: Dette bør du faktisk vite om hud, sol og føflekkar 12.01.2026 40:47
I denne episoden møter du hudlege Judit Kiss – legeutdanna ved Semmelweis Universitetet i Budapest, med spesialistutdanning i hud- og veneriske sjukdommar og doktorgrad (PhD) med fokus på malignt melanom . Judit har jobba som hudlege i Noreg i mange år, mellom anna ved Revmatismesjukehuset i Haugesund. I dag jobbar ho privat, og ein gong i månaden kjem ho òg til Velværetunet på Stord . Me snak...
Kurt Grundvold og Per Inge Sætrevik - om Utdanningsmessa på Stord, Rotary - å gagne andre 05.01.2026 34:57
Den 21.–22. januar 2026 blir den 34. utdanningsmessa på Stord arrangert på Vikahaugane – i regi av Stord Rotaryklubb . Men kvifor finst denne messa, og kvifor er ho blitt så viktig for ungdom i heile Sunnhordland? I denne episoden får du bli betre kjend med både utdanningsmessa og Rotary – og med to av dei som står midt i arbeidet: Kurt Grundvold (ansvarleg for utdanningsmessa) og Per Inge Sætrev...
Kosthald, hormon og motivasjon som varer - med Jeanette Roede og Monica Ur 29.12.2025 43:25
Korleis kan du spele på lag med kroppen – i staden for å kjenne at han saboterer? I denne episoden møter du Jeanette Roede (dagleg leiar i Grete Rode) og Monica Ur (kursleiar på Stord). Vi snakkar om hormon, søvn, stress og cravings – og kvifor mange kjenner på skam når det eigentleg handlar om kroppens mekanismar. Du får konkrete tips til korleis du kan byggje vanar som varer lenger enn til mid...
Kristine Sele – om juleminne, krambu og ei livslang skriveglede 22.12.2025 1:19:16
Kristine er aktuell med ei heilt fersk bok om Kristian Eidesvik : fiskeskipperen som blei ein sentral næringslivsleiar – og som mange hugsar som ein skikkeleg, varm og driftig mann. Du får høyre om livet til Kristine, frå oppveksten på handelsplassen i Øklandsvågen med krambu, rutebåtar og juleutstillingar i vindauget – til livet som journalist i ei tid då ein skreiv for hand og sende filmrullar m...
Tørre auge? Slik får du hjelp – med optikar Arnhild Myklebust 15.12.2025 32:08
Optikar Arnhild Myklebust er tilbake i studio! I denne episoden får du høyre om alt frå korleis Brilleriet planlegg å ekspandere i 2026, til korleis tørre auge har blitt eit stadig større problem. Kjetil deler sine eigne erfaringar med «sandpapir-auger» og korleis ein enkel sjekk hjå optikar kan gjere ein enorm forskjell. Arnhild forklarar kva som faktisk skjer i augo våre, kva som påverkar tårefi...
John Håvard Livden - om draumelivet på gård, juletresal og farlege ting 08.12.2025 38:01
John Håvard Livden har flytta med familien frå Arna til gardsliv på Digernes på Stord – med sauer, juletre, eigne poteter og gutar som bygg trehytter i skogen. I denne episoden får du høyra om korleis han kombinerer livet som bonde og yrkesfaglærar, kvifor han brenn for grindbygg og tradisjonshandverk, og kva han har lært av å ta over slektsgarden. Vi snakkar om livet tett på natur, om ansvar, liv...
Ingmar Søreide – rørleggar, gründer og draumen om ein brannstasjon 01.12.2025 50:21
Ingmar Søreide er rørleggjaren frå Sagvåg som har gjort lidenskapen for rør, vatn og baderom om til eigen arbeidsplass gjennom Søreide Rør AS. Me pratar om vegen inn i rørleggaryrket, korleis det er å starte for seg sjølv, kvifor han elskar rehabilitering av bad, og kvifor han meiner fleire unge bør bli rørleggarar. Og ikkje minst - kvifor han har ein draum om å kjøpe ein brannstasjon. Du får òg...
Margrete Lauksund Almås - om Julegato Sagvåg, tradisjon, dugnad og ekte engasjement 24.11.2025 31:10
I år skal Sagvåg verkeleg skinna i adventstida. Julegato i Sagvåg blir større enn nokon gong – med aktivitetar kvar søndag i advent, boder, musikk, lys, og overraskingar for både små og store. Bak mykje av engasjementet finn me Margrete Lauksund Almås , leiar for Sagvåg Forum, småbarnsmamma og organisasjonskonsulent ved Høgskulen på Vestlandet. I denne episoden får du møta Margrete – ei varm, i...
Magnus Hillesvik Valvatna og Ian Kolstad - om Konsert, Håp og ny kulturstove på Stord 19.11.2025 35:22
Magnus Hillesvik Valvatna og Ian Kolstad inviterer til konserten Håp på VikjoScenen laurdag 22.11. Med støtte frå Subshore får 40 ungdommar gratis billett, og kvelden byr på både nyskriven musikk, musikkvideo-premiere og support frå unge Lola Linda Poder . Gjennom praten får du vite meir om historia bak låten Håp , korleis samarbeidet med Stord VGS vart til, og kvifor Magnus brenn for å gi...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.