Kjetil Fyllingen

SunnhordlandPodden

Business NO ↓ 417 episodes

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Author

Kjetil Fyllingen

Category

Business

Podcast website

www.sunnhordlandpodden.no

Latest episode

Jul 6, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Oddmund Roalkvam – om idrett, konfliktar og eigedomsforhold 17.09.2023

Oddmund Roalkvam er Jordskifteleiar Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett og ein ivrig idrettsmann. I denne episoden får du høyra om idrett, konfliktar og eigedomsforhold. Du får bli betre kjend med korleis jordskifteretten fungerar i praksis. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med: Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett. Aktuelle lenker: www.jordskifte.no og www.domstol.no     ...

Tommy Johansen - om å Stå i Stormen, Jobben som Kommunedirektør og utfordringar for Stord Kommune 10.09.2023

I denne episoden får du eit personleg og nært møte med den nye kommunedirektøren i Stord kommune – Tommy Johansen. Høyr korleis det var å søkja på 200 jobbar, utan å få napp. Om å stå i ulike stormar som toppleiar, og korleis det var å gå av som kommunaldirektør i Bergen. Du får òg ei betre forståing for kva jobben som kommunedirektør inneber, og kva utfordringar Stord kommune står overfor dei kom...

Litt For Ærlig Samtale med Gro Aina Skauge og Nina Østensjø 07.09.2023

Kva får to vaksne damer til å starta ein podkast? Og korleis har reaksjonane vore på at dei deler sin livsvisdom i ein "Litt For Ærleg" podkast? Gro Aina Skauge og Nina Østensjø deler om sin erfaring med å starte podkast. Korleis være ærleg og klok samtidig? Lytt til podkasten "Litt For Ærleg" på Spotify: https://open.spotify.com/show/1JQg8Qcl8zW1KGxGDUFH9g?si=3e2621ed00304160...

Bjørg Thorhallsdottir og Christin Kalve - om Håp, Destinasjon Glede, Fryd og Energi på Stord 03.09.2023

Helga 25.-27. august var ei stor gjeng med damer frå heile landet samla til "Fryd & Energi Retreat" på Stord Hotell. Christin Kalve stod bak arrangementet, og med på laget var Bjørg Thorhallsdottir. I denne episoden fortel dei litt om korleis dette samarbeidet vart til. Du får òg høyre litt om historia til Bjørg Thorhallsdottir, kvifor håp er viktig, og kva grep ein kan ta i livet fo...

Ida Kleppe – om Lundemannsverk, Draumen om eit Småbruk, Lokalmat og Markedshage 27.08.2023

Høyr Ida Kleppe fortelja om historia til Lundemannsverk på Stord. Har du ein draum om eit småbruk? Då har Ida gode tips til korleis draumen kan gå i oppfylling. Høyr om TV produksjon, fordelen med svart belte i Taekwond-do og kvifor lokalmat er viktig og godt. Du blir og kjend med konseptet Markedshage. Ein Markedshage er ein stad der grønsaker, frukt, blomar og andre produkt blir dyrka for sal og...

Linda Bøthun – om å Skapa Glade Arbeidsdagar, Coaching og Endring 20.08.2023

Kva skjer når ein blomsterdekoratør får pollenallergi? Linda Bøthun dreiv Skånevik Blomster og Interiør i mange år, men ein dag sa kroppen stopp. Det vart eit ufrivillig karriereskifte, men førte til ny giv og ein meiningsfull jobb. I dag hjelper Linda både leiarar og team til å oppnå meir, stresse mindre og skape seg fleire glade arbeidsdagar - og gode resultat.   Bli betre kjent med Linda og rei...

Ole Martin Djupvik – om Opning av ny Klatrehall på Nysæter og Stord Tinde- og Klatreklubb 17.08.2023

Den 19. august kl. 12.00 inviterer Stord Tinde- og Klatreklubb til offisiell opning av den nye klatrehallen på Nysæter. Ole Martin Djupvik, leiar i Stord Tinde- og Klatreklubb, fortel om byggeprosessen og kva du finn i den nye hallen. Om klatremiljøet på Stord og kva som er draumen klubben i tida som kjem. Er du interessert i klatring? Då bør du sjekke ut klatrehallen på Nysæter! For meir info: ht...

Kristian Lunde – om Turn, Ein Sprek Alderdom og Fisk på Kroken 13.08.2023

Kristian Lunde er ein av dei sprekaste pensjonistane på Stord. Han er ei eldsjel og eit førebilete for mange. Kristian har stått på som instruktør for Stord Turn i mange år, ja i fleire mannsaldrar. Han driv gubbetrim og er ein entusiastisk fiskar. I denne episoden får du nokre glimt frå karriera som turnar, og du får høyra kvifor turn kanskje er noko alle burde halda på med. Kristian deler òg tan...

Øyvind Kyvik - om Tapet av Faren, Besøk av Kronprinsen og Draumen om å bli Ordførar 06.08.2023

Øyvind Kyvik er på besøk i studio og han fortel blant anna om: Bryllupet Korleis dødsfallet til faren prega livet Jobben som global leder for klima i Aker Solutions. Sætravikjo - Sunnhordland sitt svar på Bordeaux Relasjonen til Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon Politiske ambisjonar og draumen om å bli ordførar Sponsor: Biogy Solutions Vil du vite mer om dette spennende selskapet, følg med på...

Amalie Lepsøy Hansen og Lillianne Drønen Jæger - om Speidaren i Fitjar, Frivilligarbeid og Haugaland KFUK-KFUM 30.07.2023

Speidaren i Fitjar har ventelister med born som vil bli speidarar. Høyr historia om korleis det var å starta opp att med Speidaren i Fitjar. Kva som motiverer leiarane som står på, og kvifor born og unge har det så kjekt på speidaren. Amalie Lepsøy Hansen og Lillianne Drønen Jæger er gjestar i studio og har eit stort engasjement for friluftsliv, speiding og verdien av speidaren. Sjekk ut: https://...

Elisabeth Moberg og Espen Hana – om Kristina frå Duvemåla, Bømlo Teater og Usannsynleg Mykje Meir 27.07.2023

Frå 2. til 12. august er det igjen klart for ei fantastisk førestilling i Moster Amfi. Då vert det nypremiere på Kristina frå Duvemåla. I denne episoden fortel Elisabeth Moberg og Espen Hana om korleis det er å jobbe med eit slikt prosjekt saman med gjengen i Bømlo Teater. Du får bli litt betre kjent med Elisabeth Moberg og Espen Hana og rollene de speler, Fina-Kajsa og Danjel. Får du lyst til å s...

Silje Røksund Johannessen - om Mentalt Overskot, Bevegelse og Tips for ein Gladare Kropp 23.07.2023

Enkle tips for ein gladare kropp Lytt og lær om dei mest effektive tipsa og øvingane for å kome i gong med trening Korleis kan ekstreme treningssituasjonar få det beste fram i deg? Møt den kule og kunnskapsrike Bømlingen og fysioterapeuten Silje Røksund Johannessen som deler korleis du får mentalt overskot ved hjelp av bevegelse. Videosamtale med fysioterapeut Silje: https://satsccvest.bestille.no...

Lars K. Vik - om Revy, Idrett, Humor, Musikk og Livet på Fitjar 16.07.2023

Lars K. Vik frå Skotet har mange artige historier på lager. I denne episoden deler han litt frå eit langt liv på Fitjar. Han er kanskje den som har skrevet flest songar på Fitjar og han har rekorden på 60 meter sprint. Lars har vært ein sentral person på Bedehuset og i musikkmiljøet på Fitjar. Sponsor: Fitjar Kraftlag - https://www.fitjar-kraftlag.no/

Christin Kalve - om Nedlegging av Livsverket Sport-Treff og Vegen Vidare 09.07.2023

I mars 2023 måtte Christin Kalve kaste inn handkle. Sport-Treff måtte begjære oppbud. I denne episoden deler Christin om den tøffe tida før og etter denne vonde opplevinga. SunnhordlandPodden heier på dei som står på i næringslivet, som gründerar, også når det ikkje går slik som ein skulle ønskje. Denne episoden er kanskje ekstra aktuell for alle gründerkvinner som står på! Del gjerne episoden med...

Hannah Valen Hafsmo - om Vegen Til å Bli Tatovør, Ventablack_ink og Gründerliv 02.07.2023

Hannah Valen Hafsmo har starta opp Hafsmo Tattoo - Ventablack_ink i Sagvåg. Men korleis blir ein tatovør? Høyr om gründerreisa til Hannah og lær litt meir om kva som er lurt å tenke på når ein skal ta ein tatovering. Du får svar på: Kva er dei mest smertefulle stadene å få tatovering på? Kan ein tatovering bli fjerna? Og mykje meir! https://www.instagram.com/ventablack_ink/

Magne Rommetveit og Svein Olav Langåker - om Stord – Byen vår, Jubileumsskrift for Stord Kommune 25.06.2023

I 2022 var det 25 år sidan Stord vart by! I denne episoden fortel Magne Rommetveit om korleis det gjekk til. Med i studio er og Svein Olav Langåker som fekk jobben med å skriva Jubileumsskrift for Stord Kommune «Stord – Byen vår». Høyr om: Kvifor skulle Stord bli by? Kva har bystatusen ført til? Kva forskjell er det på ein by og ei bygd? Kva er spesielt med byen Stord? Kva er det som gjer Stord ti...

Anette Rasmussen Lønnheim – om Kvinnehelse, Tabu, Møte med Reptilar og B3 Helse 18.06.2023

Fysioterapeut Anette Rasmussen Lønnheim er godt over gjennomsnittet interessert i kvinnehelse og har sjølv erfaring med store bekkenproblem. I dag hjelper ho andre med å få betre helse. Anette har ifølge ganske sikre kjelder ei "ufrivillig dragning" mot reptil, nærare bestemt slangar. Høyr korleis det gjekk då Anette fekk ein svært giftig slange i fanget. Knipeøvingar, og kjent som bekke...

Glimt frå Folk i Sentrum 2023 14.06.2023

Sunnhordlandpodden hadde ein liten stand på «Folk i Sentrum - Folkehelsedagar». Opptakeren var med og eg fekk ein prat med nokre av dei andre som sto på stand. Her får du høyra litt om arbeidet til: Av og Til - Stord Kommune  Internasjonal Kulturklubb Stord (IKK) Stord Røde Kors Norsk Folkehjelp  BUA Kyrkja på Stord  Odd Fellow Stord Stord Fitjar Demensforening Treffpunkt Sunnhordland - Kreftforen...

Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag – om Pyrografi, Tegneglede og Kreativitet på Tysnes 11.06.2023

Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag fortel om pyrografi! Pyrografi er kunsten å dekorere tre eller andre material ved å brenna inn merker ved hjelp av eit oppvarma verktøy eller instrument, vanlegvis ei oppvarma penn eller tråd. Ordet "pyrografi" kjem frå dei greske orda "pyro" (som betyr eld) og "graphos" (som betyr skrift). Det har også blitt kalla "woodburning&...

Frode Hetlevik – om å få Næringslivet til å Blomstre, Kaktus Krise, Livet som Næringslos for Kvinnherad og Kvinnheradkonferansen 04.06.2023

Frode Hetlevik har lang erfaring som gründer, noko som kjem godt med når han skal være med å finna retninga for næringslivet i Kvinnherad. Frode Hetlevik er nemlig Næringslos for Kvinnherad Næringsservice. Han skal gjera næringslivet breiare og få det opp og fram. Høyr om Frode sin historie, om fotball, blomar og kaktuser. Frode deler om opp og nedturar og kva det har lært han, om gjennomføringskr...

Anne Karin Fossdal og Tove Vikanes Agdestein – om Folk i Sentrum og Folkehelseforum «55+ - ka no?» 01.06.2023

8.–11. juni vert det arrangert «Folk i sentrum» på Stord. Stord kommune saman med næringliv, frivillige lag og organisasjonar står bak arrangementet med mål om å fremja helse, trivsel og fellesskap. 2 av dei som står i bresjen for dette arrangementet er Kommunalsjef Anne Karin Fossdal og Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein. I denne episoden får du høyra litt om historia bak «Folk i sentru...

Kaja Tharaldsen – om Kidnapping, Ein Vond Oppvekst og Ny Start 28.05.2023

Kaja Tharaldsen er ei sterk jente, med ein sterk historie. Oppveksten til Kaja bar preg av omsorgssvikt, rus og overgrep. Ungdomstida var mørk og tung. Mange trudde at Kaja ikkje hadde ei framtid. Men ein dag, på randen av stupet, fekk livet ein ny start. Høyr om - Verdien av venskap - Trening - Livet som sjukepleiarstudent på Stord Følg Kaja på Instagram: https://www.instagram.com/kajatharaldsen/...

Julie Log – om Urt & Ugras, Gründerlivet, Matfilosofi, Pågangsmot og Nugatti 21.05.2023

Julie Log fortel om reisa med Urt & Ugras og korleis gründerlivet kan vere på Stord. Du får høyra om opp- og nedturar i livet, og korleis det å få ein alvorleg diagnose i ung alder påverka ho. Julie deler tips til andre gründerspirer og fortel kva som motiverer henne til å halde fram som gründer. Sjekk ut: https://www.urtogugras.no/ https://www.facebook.com/urtogugras https://www.instagram.com...

Kristian L. Nicholls – frå Bank til Bilder, Print og Ramme, Stord Fotoklubb og Foto Maraton 14.05.2023

Kristian L. Nicholls jobba i bank, men i dag jobbar han med bilder i Print og Ramme. Høyr om korleis den reisa har vært og kva som fekk Kristian til å endre fokus. Vi prater og om foto av hoppeedderkopper, makrofoto, bruk av kunstig intelligens til å forbetre bilder, Stord Fotoklubb og Foto Maraton. Sjekk ut: https://www.facebook.com/stordfotoklubb https://printogramme.no/ https://www.facebook.com...

Anne-Grethe Sandtorv og Torbjørn Brosvik – om Stordkonferansen, Stord Næringsråd og Nye Roller 10.05.2023

Anne-Grethe Sandtorv skal trappe ned etter 15 år som leiar for Stord Næringsråd og Torbjørn Brosvik er klar for å ta øve stafettpinnen. Bli betre kjend med både Anne-Grethe og Torbjørn, lær om kva næringsrådet har fokus på og høyr om det som er på programmet den 8. juni når Stordkonferansen vert arrangert for 23. gong.  Sjekk ut: https://www.stordkonferansen.no/ Episoden er laga i eit kommersielt...

Listen to the SunnhordlandPodden podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.