Martin Salbu
Stao no Pao
Stao no Pao er ein podkast produsert i samarbeid mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn. Dette er podkasten om Sogndal Fotball frå breidde til A-lag. Den perfekte podkasten for deg som likar å følgje Sogndal Fotball og for deg som har interesse for meir enn berre A-laget. Sogndal FK Damer vil også vere blant innhaldet i enkelte episodar.
Author
Martin Salbu
Category
Podcast website
Latest episode
Jan 31, 2024
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
S3 E1 Terje Skjeldestad 31.01.2024 44:12
Sportssjef Terje Skjeldestad har vore gjest i podkasten vår, og prata om spelarlogistikk inn mot 2024-sesongen. Han har også svara på alle spørsmåla frå lyttarane om mange varierte tema. Alt frå spelarlogistikk med spelarar inn og ut til ambisjonen for 2024-sesongen blir prata om.
S2 E14 Martin Natvig 05.12.2023 31:28
Martin Natvig har vore gjest i den nyaste episoden av podkasten. Her fortel han om alt frå si eiga fotballkarriere til tida i Sogndal Fotball og den nye jobben som hovudtrenar for Sogndal FK Damer frå 2024. Han har dei siste 3 åra jobba i utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball, men skal frå og med 2024 vera hovudtrenar for Sogndal FK!
S2 E12 Tommy Øren 02.11.2023 1:15:09
Tommy Øren er på besøk i studio. Han fortel om karriera si og om rolla si i klubben i dag. Høyr detaljar frå kampen mot Vålerenga i 2000 og om opprykket i 2010. Skaden han fekk i 2001 er også tema. I tillegg kan du høyra meir om NG19 sin siger mot Vålerenga og mykje meir!
S2 E11 Julie Slattum Pettersen 12.10.2023 34:13
Endeleg ny episode, og denne gangen er det Julie Slattum Pettersen frå Sogndal FK Damer som er gjest! Angrepsspelaren fortel om karriera til no, kvifor ho valgte Sogndal, kva lag ho heiar på og mykje anna! STAO NO PAO!
S2 E10 Sondre Holmlund Ørjasæter 17.08.2023 46:44
Sondre Holmlund Ørjasæter er gjest i den nyaste episoden av podkasten! Bli betre kjend med Sondre når han fortel om tida før Sogndal, årets sesng og svara på lyttarspørsmål!
S2 E9 Andreas Hoven 07.07.2023 51:36
Andreas Hoven er månadens spelar i juni kåra av Saftkokaradn. Her gjestar han podkaststudio og fortel om karriera si, tida i Sogndal, årets sesong og mykje meir. Du får også høyra korleis Martin Ødegaard, Trent Alexander Arnold og Mason Mount høyrer heima i denne episoden. God lytting!
S2 E8 Geir Inge Heggestad 11.05.2023 34:15
Geir Inge Heggestad er arrangementsansvarleg i klubben og fortel om Stooka-festivalen, kampdagsarrangementa med 16. mai i fokus og litt om status for Lerum Cup! Det kjem også eit par gode historiar frå tida hans i klubben. Me er også innom dei to episodane med hjartestans på Fosshaugane og litt om rolla til Geir Inge på landslaget.
S2 E7 Maia Lindesteg Øen og Emma Sæbø 05.05.2023 28:51
Denne veka har me besøk av to spelarar frå Sogndal FK Damer, Maia Lindesteg Øen og Emma Sæbø. Dei fortel litt om seg sjølv, litt om den imponerande 2022-sesongen og om kampane i årets sesong. Fristen for å melda seg på borteturen til Åsane er 7. mai. Påmeldingsinformasjon finn du på sogndalfotball.no eller saftkokaradn.no. For å vera med i trekninga av 2 kinobillettar til filen: Birk og Magna - Gr...
S2 E6 Kasper Skaanes 20.04.2023 37:36
Her får du moglegheiten til å bli betre kjend med Kasper Skaanes! Kasper signerte før denne sesongen og har no vore i klubben i litt over 1 månad. Her får du vita alt i frå kva spelartype han er til kva han synst om firkantfar!
S2 E5 Håvard Flo om overgangsvindauget 30.03.2023 36:31
Me er tilbake etter nokre veker pause, og denne veka er det Håvard Flo som er gjest! Han fortel om rolla si i klubben og om korleis han jobbar for å kjøpe og selge spelarar. Han fortel også om overgangsvindauget 2023 og fortel om planane for troppen vidare. Til slutt fekk me tid til eit par gode historiar.
S2 E4 Tore André Flo 02.03.2023 31:00
I denne episoden er det Tore André Flo som er gjest. Han fortel om sesongoppkøyringa, treningsleiren i Spania og treningskampane. Du kan også høyra kva han tenker om cupkampen mot Lillestrøm 12. mars og kva førebuingar laget har gjort før den. Me snakkar også litt om sesongen 2023 og svarar på spørsmåla som har vorte sendt inn av lyttarane.
S2 E3 Supporterkoordinator Therese Langeland 16.02.2023 29:58
Supporterkoordinator i Sogndal Fotball, Therese Langeland, er på besøk i denne episoden av Stao no Pao podkasten. Ho fortel om kva ein supporterkoordinator er, kva oppgåver ho har og litt om dei rollene ho har. Me snakkar også litt om det siste nye i klubben som nysigneringen Martin Andre Sjølstad, landslaguttak for fleire av våre unge og treningsleiren.
S2 E2 Terje Teigen og marknadsavdelinga 03.02.2023 40:20
Terje Teigen er gjest i den fyrste episoden i nytt studio. Episoden er for fyrst gong tilgjengeleg som videopodkast i tillegg til den ordinere lydpodkasten. Her kan du høyra om korleis marknadsavdelinga klarte seg i 2022 og om planar og tankar om 2023. Få eit innblikk i korleis kvardagen er for Terje og korleis denne viktige delen av klubben vert drifta.
S2 E1 Ny sesong 26.01.2023 33:04
Årets fyrste episode og det er klart for ein ny sesong med Stao no Pao-podkasten. Martin og Sondre er tilbake i studio og introduserer året med å gå igjennom det siste nye rundt klubben. Ny spelar, kamp mot Florø, oppkjøringa og terminlista. I tillegg svarar me på spørsmål frå lyttarane.
S1 E37 Årets siste 07.12.2022 28:49
Årets siste episode med Sondre og Martin. Tilbakeblikk på året med podkasten og avslutning av denne sesongen. God jul og godt nyttår til alle lyttarar! Me høyrest igjen i 2023!
S1 E36 Sesongoppsummering med Fykse, Krosshaug og Natvig 24.11.2022 55:16
Nok ein sesongoppsummering. Denne gong med utviklingsavdelinga til Sogndal. Utviklingsansvarleg Erling Ola Fykse, Sogndal 2 trenar Nils Tore Krosshaug og trenar Martin Natvig er vekas gjestar. Her får du ein oppsummering av sesongen for G16, G18 og Sogndal 2. Dei har også nokre tankar om neste sesong.
S1 E35 Sesongoppsummering med Tore André og Per Egil Flo 17.11.2022 1:44:42
I denne episoden fekk me besøk av Tore André og Per Egil Flo. Me gjekk igjennom den fyrste sesongen med Tore André som hovudtrenar frå start til slutt. Høyr kva både han og Per Egil tenker om dei ulike høgdepunkta og dei tunge periodane. Me snakkar også mykje om kva som skal skje til neste år og kva tankar og forventningar dei har til neste sesong.
S1 E34 Sesongoppsummering med Robert og Kristine Hovland 10.11.2022 1:52:34
Ein lang og god episode med trenar Robert Hovland og kaptein Kristine Hovland. Her får du ein fullstendig og grundig sesongoppsummering med alt du treng å vita om 2022-sesongen til Sogndal FK Damer! Du får sjansen til å bli betre kjend med Kristine. Robert og Kristine delar sine tankar om enkeltkampane gjennom sesongen og korleis heile sesongen har vore. Sett av to timar og kos deg med vår lengste...
S1 E33 Vidar Vadseth 27.10.2022 1:21:48
Denne veka har Martin og Sondre besøk av Øyvind Heimset Larsen og Vidar Vadseth. Ein lang og god prat om Vidar, litt historie for Saftkokaradn, NSA og aktuelle saker pluss mykje meir.
S1 E32 Opprykk for Sogndal 2 20.10.2022 23:56
Øyvind Heimset Larsen er vikar for Sondre. Me snakkar om opprykket til Sogndal 2 og dramatikken i kretsligaen, Sogndal sin kamp mot Grorud og andre aktuelle ting. Ein litt kortare episode innimellom fleire lange og innhaldsrike.
S1 E31 Sebastian Kaldestad 13.10.2022 1:24:21
Den lengste episoden i podkasten til no. Sebastian Kaldestad, dagleg leiar og sportsleg leiar i Sogndal FK Damer er vekas gjest. I denne episoden kan du bli betre kjend med han og arbeidsoppgåvene hans, alle dei ulike rollene han har hatt innan fotballen og korleis han enda opp i Sogndal FK Damer. Me snakka også mykje om den imponerande sesongen dei har hatt, og oppsummerte sesongen opp mot...
S1 E30 Månadens spelar: Daniel Gjerde Sætren 06.10.2022 1:13:04
Vekas gjest er månadens spelar for september, Daniel Gjerde Sætren. Den 16 år gamle keeperen har overteke plassen til ein skada Renze Fij og levert varene godt. Spesielt 2-0 kampen var eit høgdepunkt, og i denne episoden kan du høyre Daniel fortelje om nervene og korleis kampen gjekk. Du får også innsyn i kvardagen med fotball og skule, livet som landslagsspelar, og sesongen Daniel har hatt. Ein l...
S1 E29 Johan Flo 22.09.2022 36:03
Vekas gjest var Johan Flo, son av Tore André, og ein del av medieavdelinga til klubben. Han har hovudansvar for plattformane Facebook, Instagram og TikTok og fortel litt om rolla hans i klubben. I tillegg har han mykje å finne på utanom jobb og spelar blandt anna fotball for Fjøra. Du får også litt inside om korleis Tore André er i heimen, og om perioden når det vart klart at han skulle overta hov...
S1 E28 Andrea Henjesand 15.09.2022 33:42
Denne veka fekk me besøk av Sogndal FK damer sin kaptein, Andrea Henjesand. Ho fekk dessverre ein stygg skade i bortekampen mot Frigg, og er ute resten av sesongen. Me snakka litt om kva som skjedde og korleis det går med ho no. Du kan også høyra om vegen hennar frå Syril via Kaupanger og til å vere ei viktig brikka i den nyaste satsinga på damefotballen i Sogn. I tillegg snakka me om sesongen som...
S1 E27 Oppdatering på alle dei ulike laga og siste overgangsdag i Norge! 01.09.2022 28:29
Ein ny episode med oppdatering på alle dei ulike laga. I tillegg til ein liten oversikt og oppsummering av overgangsvindauge som no er avslutta.
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.