Martin Salbu
Stao no Pao
Stao no Pao er ein podkast produsert i samarbeid mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn. Dette er podkasten om Sogndal Fotball frå breidde til A-lag. Den perfekte podkasten for deg som likar å følgje Sogndal Fotball og for deg som har interesse for meir enn berre A-laget. Sogndal FK Damer vil også vere blant innhaldet i enkelte episodar.
Author
Martin Salbu
Category
Podcast website
Latest episode
Jan 31, 2024
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
S1 E26 Tonje Norheim Tangerud om juniorsvingen 25.08.2022 41:13
I denne episoden hadde me besøk av Tonje Norheim Tangerud. I tillegg var Geir Marcus tilbake etter ei stund med jobb og skule. Me snakka om juniorsvingen og dei ulike verva til Tonje. I tillegg tok me ein grundig oppsummering av publikumsfesten mot Brann og kampen som dessverre enda med tap. Me snakka også om den neste kampen mot Fredrikstad, Sogndal 2 sin kamp mot Stryn og Sogndal 2 sin neste kam...
S1 E25 Månadens spelar: Emanuel Grønner 18.08.2022 48:15
Månadens spelar for juli, Emanuel Grønner, er vekas gjest! Han fortel om karriera, vegen til Sogndal og sesongen til no. Me fekk også svar på kva han synst om Bergen og me snakka om kampane hans i juli. Den førte til 6 mål og 1 målgjevande der mesteparten av måla kom mot "oslolag". Det røper han også at han var ekstra nøgd med. Du får også høyra litt frå garderoben og om ambisjonane hans som fotba...
S1 E24 Nye signeringar, statusrapport, Brannkampen og meir 11.08.2022 35:28
Øyvind Heimset Larsen var i denne episoden med som vikar. Her får du ein statusrapport for Sogndal, Sogndal FK og Sogndal 2. Me snakka også om dei kommande kampane for Sogndal inkudert lokaloppgjeret mot Brann 20. august. Du får også ein rapport på dei siste overgangane rundt Sogndal. Kryger og Blårud har gått ut, Isaac Twum og Alejandro Diaz har kome inn.
S1 E23 Jørgen Johnsen 04.08.2022 37:59
Denne veka fekk me besøk av Jørgen Johnsen. Han fortel om vegen frå Nøtterøy til Sogndal via både Strømsgodset og Vålerenga. Han fortel også om korleis kvardagen som andrekeeper er og om planane for framtida. Høyr også eit par historiar frå tida på aldersbestemte landslag og frå garderoben i Sogndal!
S1 E22 Månadens spelar: Jónatan Jónsson 28.07.2022 52:26
Månadens spelar for mai, Jonatan Jonsson, var denne vekas gjest. Her fortel han om karriera, korleis han enda opp i Sogndal, om sesongen til no og mykje anna.
S1 E21 Renze Fij 21.07.2022 57:15
Denne veka var Renze Fij på besøk i studio. Her får du nesten ein heil time med prat om karriera hans, sesongen til no, kampane i juni og mykje meir.
S1 E20 Spesialepisode: Håvard Hetle 05.07.2022 40:47
I denne episoden er Håvard Hetle på besøk i Stao no Pao podkasten. Han fortel her om si historie, og intervjuet vert gjort av dagleg leiar i Sogndal Fotball, Lars-Olav Hausberg og Rune Timberlid.
S1 E19 Månadens spelar og siste oppdatering på Sogndal 2 og Sogndal FK 16.06.2022 26:32
I denne episoden får du eit lite intervju med Jonatan Ingi Jonsson som har vorte kåra til månadens spelar for mai. Me tek også ein oppdatering på dei siste kampane til Sogndal 2 og Sogndal FK. Du kan høyra siste nytt om dei neste borteturane og ein oppsummering av sesongen til Sogndal til no.
S1 E18 Robert Hovland og Sogndal FK 09.06.2022 31:07
I denne episoden fekk me besøk av Robert Hovland. Me vart litt betre kjent med han, snakka om opprettinga av den nye klubben, korleis sesongstarten har vore og litt om kva som skal skje framover.
S1 E17 Oppdatering på dei siste kampane til Sogndal, Sogndal FK og Sogndal 2 02.06.2022 32:15
Denne episoden tok Sondre og Martin ein oppdatering på dei siste kampane til Sogndal, Sogndal FK og Sogndal 2. Du får også ein liten skadeoppdatering og ellers siste nytt!
S1 E16 Eirik Bakke om karriera og tida i Sogndal 26.05.2022 1:18:59
Den lengste episoden til no. Denne veka fekk me besøk av Eirik Bakke i studio. Me tok ein lang prat om alt i frå spelarkarriera hans, heile trenarperioden og kva som skjer framover for Eirik. Me er innom alt i frå historiar frå karriera hans som spelar og kva erfaringar han har fått som trenar til tankar om åra han har hatt i klubben og framtida. Du kan også høyra litt om dei framtidige generasjon...
S1 E15 Bortekamp mot KFUM og Start og opning av Fjøra Pub 19.05.2022 21:38
I denne episoden tek me ein oppdatering på veka som har gått. To bortekampar mot KFUM for Sogndal FK damer og Start for Sogndal. I tillegg har det no vore opning for den nye puben i Sogndal!
S1 E14 Månadens spelar for april: Andreas van der Spa 12.05.2022 44:00
I denne episoden fekk me besøk av Andreas van der Spa i studio. Han har nyleg vorte kåra til månandens spelar av Saftkokaradn og fekk utdelt ein liten premie. Her kan du høyra om Andreas si karriere fram til i dag, korleis han opplevde overgangen frå Øygarden til Sogndal, korleis det var på utlån i Arendal og kva som endra seg fram til i dag. Du får og høyre om mykje frå garderoben og korleis Andr...
S1 E13 Bortekampen mot Brann og Sogndal FK damer sin serieopning 05.05.2022 28:47
I denne episoden tok Martin, Sondre og Geir Marcus ein prat om bortekampen mot Brann, den fantastiske stemninga på kampen og serieopninga til Sogndal FK damer. Du kan også høyra klipp frå stemninga på Brann stadion og ein oppsummering av runde 4 i OBOS-ligaen.
S1 E12 Oppsummering av forrige kamp og runden og tankar om storkampen i Bergen 21.04.2022 29:06
I denne episoden gjekk me nok ein gong igjennom vår forrige kamp som enda med seier mot Bryne. Me oppsummerte og resten av OBOS-runden, og snakka om storkampen som kjem på laurdag. I tillegg tok me ein liten statusrapport på troppen og korleis det går med dei som er ute med skade.
S1 E11 OBOS-ligaen runde 2 og viktig info før Brannkampen m/Sindre Myrvang 14.04.2022 35:39
I denne episoden hadde me besøk av Sindre T. Myrvang. Me snakka om bortekampen mot Stabæk, den andre runden i OBOS-ligaen, Bryne-kampen som kjem på tirsdag og Brann-kampen på laurdag. Sindre har og ein del viktig informasjon i forkant av den kampen som du bør få med deg! God påske!
S1 E10 3 poeng i serieopninga og anna nytt 07.04.2022 30:47
I denne episoden kan du høyra om vår fyrste kamp denne sesongen. Me vann 2-0 mot Raufoss og fekk ein god start på sesongen. Me snakka også om dei andre kampane i den fyrste OBOS-runden, neste serierunde og bortekamp mot Stabæk, den forrige kampen til Sogndal G18 nasjonal og Sogndal FK damer.
S1 E9 Tore André Flo om karriera, 2022 og mykje mykje meir 31.03.2022 1:07:52
Den lengste og mest innhaldsrike episoden til no. Var det filming når Norge fekk straffe mot Brasil i 98? Kva var den tøffaste perioden i karriera til Tore André Flo? Og er laget i rute før seriestart? Alt dette og mykje mykje meir kan du høyra når me fekk Tore André Flo på besøk i studio. Det vart ein lang og fin prat om heile karriera hans, kva han har gjort etter karriera, korleis han vart Sogn...
S1 E8 Besøk av Endre Kupen 24.03.2022 28:35
I denne veka fekk me besøk av Endre Kupen i studio. Gjennom episoden kan du høyra litt om karriera til Endre, korleis status er for han no og kva tankar han har om 2022-sesongen. Han har blandt anna større tru på oss enn Brann, og målet er klinkande klart: opprykk!
S1 E7 To nye treningskampar og oppdatering på nyheiter rundt Sogndal Fotball 17.03.2022 17:49
I denne episoden var Martin, Sondre og Geir Marcus samla alle tre for fyrste gong. Det vart ein god prat om dei to siste treningskampane mot Vålerenga og Aalesund. I tillegg kan du høyre ein liten oppdatering på G18 nasjonal og Sogndal FK damer sine siste kampar. Det kjem også litt informasjon om kva som skjer dei neste vekene.
S1 E6 Treningskamp mot Førde og Stryn, ny signering og resten av pre-season 10.03.2022 22:04
I denne episoden tok Martin og Sondre ein liten prat om dei to siste treningskampane mot Førde og Stryn. Du kan også høyra tankar om vår nye spiss, korleis pre-season har vore so langt og korleis resten av pre-season blir for gutta våre.
S1 E5 Erling Ola Fykse og utviklingsavdelinga 03.03.2022 26:45
Denne veka var Sondre Bremer fortsatt vikar for Geir Marcus. Han og Martin fekk besøk av Erling Ola Fykse frå utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball. Gjennom ein informerande og opplysande prat får du høyre mykje om fotballivet til Erling Ola, og om utviklingsavdelinga i klubben. Her får du eit innblikk i korleis dei jobbar i kvardagen og kva utviklingavdelinga består av.
S1 E4 Oppsummering av treningsleir og Sogndal FK damer sin fyrste kamp m/Sondre Bremer 24.02.2022 21:42
Denne veka fekk Martin besøk av Sondre Bremer som vikar for Geir Marcus. Dei hadde ein god prat om Sogndal sin kamp mot Strømsgodset, oppsummering av treningsleiren, den neste treningskampen mot Aalesund, Sogndal FK damer sin fyrste offisielle kamp og sesongen deira.
S1 E3 Terje Teigen og marknadsavdelinga 17.02.2022 30:24
I denne vekas episode har me fått besøk av Terje Teigen i marknadsavdelinga til Sogndal Fotball. Fyrst kan du høyra Martin og Geir Marcus sine tankar om treningskampen mot Kongsvinger. Når Terje kom på besøk til studio hadde me ein god prat om marknadsavdelinga i Sogndal Fotball og kva roller Terje har i klubben.
S1 E2 Øyvind Heimset Larsen og Saftkokaradn 10.02.2022 19:23
Episode 2 av Sogndal Fotball og Saftkokaradn sin podkast. I denne episoden fekk me besøk av vår fyrste gjest, Øyvind Heimet Larsen, leiar for Saftkokaradn. Me snakka om korleis status er for Saftkokaradn i dag, litt om korleis laget ligg an, kva som skal skje i 2022 og mykje meir. Du får også moglegheiten til å bli betre kjend med Øyvind gjennom ein god fotballprat.
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.