solveigogerling
Solveig and Erling Thu
Vi deler frå livet og fellesskapet med Gud og menneske. Vi tek opp aktuelle emne og deler innsikt og visdom frå eit langt liv.
Author
solveigogerling
Category
Podcast website
Latest episode
Jan 27, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Takkebønner 04.06.2023 20:13
I dag ber vi nokre av dei takkebønnene som vi finn i "Den store familiebønneboka." Nokre av desse bønnene er gamle og slitesterke. Dei har vorte bedne av mange millionar av kristne opp gjennom tidene og er gode for oss å bruka i dag også.
Pinseglede - døypt til å vera éin kropp 29.05.2023 26:59
Pinse er den kristne kyrkja sin fødselsdag som må feirast, men pinse er også noko vi kan leva i kvar einaste dag. Pinseglede er fellesskapsglede. Sjå kor godt og vakkert det er når kristne lever i fred og harmoni og fungerer saman i salvinga frå Den Heilage Ande!
Familie, fellesskap, feiring, frukttre og to leirar 21.05.2023 24:02
Vi har så mykje å takka for. I dag er dette nøkkelorda: Familie, fellesskap, feiring, frukttre og to leirar. Vi er aldri åleine for det er alltid to flokkar eller to leirar som vi er ein del av eller som leirar seg rundt oss.
Samtale om den nye bønneboka 09.05.2023 28:09
I dag deler vi ein samtale som Erling hadde med Siri Johannessen i Valle Radio for nokre veker sidan. Dei kjem inn på mange ulike ting knytt til bønn og misjonsarbeid.
Vennskap med Gud og menneske 02.05.2023 35:37
Vi er skapte for fellesskap og vennskap. Det er ikkje godt for nokon av oss å vera åleine. Solveig og eg snakkar om vennskapen med Jesus og takkar Gud for gode venner i kjøtt og blod. Vi deler innsikt om korleis vi kan vera gode venner og få nye venner.
Kvinnehelg og samling om Guds ord 26.04.2023 22:41
Solveig fortel om ei fantastisk kvinnehelg og Erling fortel om ei fantastisk tverrkyrkjeleg samling om Guds ord. Og innimellom opplever vi mange gode ting som vi har lyst til å dela med andre. Livet med Gud og kvarandre er spennande og utfordringane!
Anden fornyar og forfriskar 18.04.2023 22:53
Vi har hatt besøk av to herlege Guds menn som kom som skyer fulle av Andens forfriskande regn til oss på fellessamlinga i Huskjerkå. Mange fekk eit sterkt møte med Den Heilage Ande. Folk vart åndsdøypt, fornya og forfriska i samlinga, men Gud har også gjort mykje anna godt denne veka.
Påskefeiring i London 11.04.2023 16:55
Vi har vore i England for å feira at Hanna, dotter vår som bur i Leicester, har vorte 50 år ung. Vi fekk også med oss påskefeiring i London i mellom anna Holy Trinity Bromton. Det er kyrkja til Nick Gumble som starta Alfakursa. Men det største er at Jesus vann og vi har vunne!
Påskefest for små og store 03.04.2023 21:30
Vi har vore med på ein fantastisk påskefest der generasjonane har vore saman for Guds andlet. Det starta og slutta med ungdomsleir og fem ungdomar tok imot Jesus som frelsar og Herre. Gud gjer under!
Glede 27.03.2023 16:57
Vi har alltid grunnar til å vera takksame og glade, men gleda i Herren er ikkje avhengig av ytre ting som snø på Jæren i mars. Vi har vore på fleire samlingar og møtt mange gode folk og det gjev oss glede. Bønnekonferansen, Drømmen om Norge, var ei fin oppleving som også skapte glede.
Tolmodig og uthaldande 20.03.2023 17:22
Mange av oss strevar med å vera tolmodige for vi vil at ting skal skje fort. Vi treng å læra at ting tek tid. Det å vera uthaldande og ikkje gje opp er lettare for nokon av oss å forhalda oss til.
Eit hav av kjærleik 13.03.2023 19:23
Gud møter oss med eit hav av kjærleik og gjer kvardagane spennande og fulle av velsigningar.
For ei tid som denne 05.03.2023 16:53
Vi takkar for kvardagane og huskjerkå med unge menneske. Solveig les dikt og vi snakkar om Ester og nokre lærdommar frå Habakkuk.
Under og oppmuntring 27.02.2023 22:06
Vi kan sjå tilbake og takka for mange undergjerningar som Gud har gjort. Spesielt har vi sett Gud gjera store under i India. Men vi kan ikkje berre leva på minner, vi kan oppleva Guds nærvær og hjelp kvar einaste dag. Når vi kappast om å heidra og æra kvarandre blir det mykje oppmuntring og glede i kvardagen.
Fokus på ungdom og grunnvollen 20.02.2023 20:21
Unge menneske er i fokus når Gud i desse dagane renner ut sin Ande, men også vi eldre kan vera med på vår måte i det Gud gjer i denne tida. Vi takkar Gud for det Gud gjer blant unge menneske og at han fører generasjonane saman. Både unge og eldre treng å ha ein skikkeleg grunnvoll i livet slik at vi ikkje byggjer på sand, men på fjellgrunn. Livet vårt må tola stormane som kjem.
Gud er med i storm og stille 13.02.2023 20:36
Denne veka har vi opplevd at Gud er med i detaljane. Både i storm og stille er han ved vår side. Han slepp oss aldri og går ikkje frå oss!
Nytt kapittel 06.02.2023 20:31
No startar eit nytt kapittel med spennade podkastar etter eit lengre opphald.
Slik arbeider eg med Guds ord 09.01.2022 46:39
Martin Sele utfordra meg på Bibeldagen vår å visa korleis eg arbeider med Guds ord. Då vi var saman gav han meg eit avsnitt frå 2 Peters brev. Eg visste ikkje kva avsnitt han ville velja, så eg ikkje kunne førebu meg. Her er eit opptak av det eg tenkte og oppdaga då eg las dette avsnittet
Undrvisning på Bibeldag 8. Januar 2022 frå 1 Mos 1-3 08.01.2022 45:44
I denne undervisninga ser vi litt på at Gud skapte menneska svoltne og gav dei føde. Han gjorde mennesket til sin medarbeidar for å dyrka og odla. Vår. første plikt er å æra og takka Gud og vi ser på syndefallet i lys av dette.
Lovsang og tilbedelse med Sara Thu 29.11.2020 13:31
Solveig og Sara snakkar saman om lovsong og tilbeding.
Avstand og nærleik i koronatider 22.11.2020 12:57
Bibelen snakkar om å halda avstand til synd og urett, men å halda oss nær til Gud og hans folk. Korleis kan vi praktisera dette med dei koronarestriksjonane vi har i dag?
Oppmuntring 14.11.2020 13:52
Bibelen seier at vi skal setja mot i kvarandre kvar einaste dag. VI samtaler om kor viktig oppmuntring er, spesielt i denne tida.
Farsdagsprat 06.11.2020 16:32
Vi snakkar om dei gode fedrane våre og om det å vera far. Sjølvsagt snakkar vi også om vår himmelske Far.
Takk Gud for pinse 02.06.2020 13:48
Vi takka Gud for pinse og mange gilde besøk og glimt av Gud i kvardagen.
Takk Gud. for 75 år med fred, og for daglege velsigningar 19.05.2020 14:47
Vi takkar Gud for daglege velsigningar og for feiring av to store dagar for landet vårt.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.