Eilev Erikstein

Diakonalgang

Religion NN ↓ 37 episodes

Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei. Oppstarten av serien fekk OU-midler gjennom KA (Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon). No er Diakonalgang ein del av arbeidet til Diakonatet i Vest- Telemark. Her er det prostidiakon Eilev Erikstein som er ansvarleg,

Author

Eilev Erikstein

Category

Religion

Podcast website

podcasters.spotify.com

Latest episode

Mar 3, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

DIAKONI ER VENSKAP 03.03.2026

Sidan 2003 har Ivar Solbu ( 75), diakon emiritus,  vore ein fast gjest i Estland.  Gjennom møtet med Tiina Klement( 52), ein gong elev ved Sagavoll, no prest i Mustapee- kyrkjelyden i Tallin etablerte Ivar og Tiina kontaktar som framleis lever, sjølv om det formelle venskapskyrkjelydtida er over. I denne podkasten høyrer me deira tankar om diakoni og venskapsband. Diakoni er vennskap, seier Ivar o...

EIN GONG DIAKON- ALLTID DIAKON? 15.02.2026

  Kva skjer når seks gamle, i ordets rette forstand, menn med diakonutdanning  frå 1980-talet på Diakonhjemmet, set seg ned for å reflektere over kva for verdiar dei fekk med seg den gongen? Bakgrunnen for samlinga var at ein god kamerat Jan Gustav Hollund, kull januar 1982  ved Diakonhjemmet nett gjekk bort (1959-2026) og denne episoden av Diakonalganger til til eigna han som takk for kameratskap...

PÅ HEILAG GRUNN 20.01.2026

Diakonane i Kristiansand driv eit omfattande felles sorggruppearbeid. Ein av dei som har vore med i mange år, er Arild Tjørve (42), diakon i Vågsbygd. I denne utgåva av Diakonalgang fortel han om kva som kan skje i slike grupper. – Eg kjenner meg ofte på heilag grunn, seier diakonen.

DETTE Å VERE I LIVET 20.11.2025

Eg synest det er fint når møtet med menneske får meg til å tenkje på dikt. Reint konkret: Halldis Moren Vesaas sitt dikt «Dette å vere i livet». Dette: å vera i livet, open for alt ikring, bunden med sterke røter til menneske og til ting, gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik, var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik. Ho som leier meg inn i Vesaas sine poetiske...

EI HAMN I STORMEN 14.10.2025

Når sjukepleiarstudent Merethe Jørgensdotter Reinskås (45) denne hausten følgjer prostidiakonen i Telemark, nokre dagar får ho innblikk i kva ein diakon gjer i Vest-Telemark. Samstundes er ho i praksis ved DPS i Seljord , ein av dei plassane som høyrer til det diakonale arbeidet til prostidiakonen. No er DPS truga av nedlegging grunna mangel på psykiater. – DPS er ei livline for dei som treng den...

Å SAMLAST GJER GODT 2 29.08.2025

I denne epsiodenen møter ein Lisabeth- Kvalvåg Holm, prostidiakon i Ringsaker, Åse Gudrun Tortveit, prostidiakon frå Bygland og oppover Setesdalen, og tilslutt Maggi Hatløy, i Stavanger domprosti som er prostidiakon for 15 diakonar i Stavanger.

Å SAMLAST GJER GODT 1 29.08.2025

Det var ei tid då prostidiakonane heldt sine fagsamlingar i telefonkioskar, men den tid er forbi. Denne veka var kremen av norske prostidiakonar, det vil seie alle, samla på Haukelifjell. I denne første av to epsisodar møter ein diakonnestor Per Emanuelsen, Atle Eikeland , Søndre Follo prosti og Janne Kristine Eng, Karmøy prosti.

OSCAR OG EG 24.06.2025

Den Norske Kyrkja har om lag 1200 kyrkjelydar. La oss seie at halvparten har Diakoniutval. Somme av utvala har noko større ansvar, og støttar opp om ein heil prostidiakon. Oscar J. Garnes frå Vinje, KFUM-ar, tidlegare kyrkjeverje og KA- tilsett var i tretti år min næraste føresette i diakonien, og absolutt ein å ha med på foreldre samtaler og kontakt-møter. Denne Diakonalgangen, den trettiande, få...

EIN DIAKON KJEM HEIM 13.06.2025

Sigrid Flaata er 55 år, opphaveleg frå Ål, har lang røynsle som diakon, både på grunnplanet og som kyrkjebyråkrat. Noer ho blitt prosjekt- eller stiftelsesdiakon ved Diakonhjemmet/VID. Då ho ville ut verda hamna ho i Kviteseid, og no skal ho binde saman mangt og mykje under den store utbygginga på  Diakonhjemmet på Steinerud. Den gamle diakoni definisjonen, å vera ein go-betweenar, høver godt på S...

INKLUDERANDE, TRYGG, MOTSTANDSDYKTIG OG BEREKRAFTIG 26.05.2025

Om du synes overskrifta høyres ut som eitav FN sine berekraftsmål så er det det. Nummer 11. Men det kan og passe på diakon Torbjørg Aalborg( 66)  i Trefoldighetskirken, nett komen tilbake frå tre månadar iLedsager programmet i Betlehem.  

SIRI 2.0 08.02.2025

For eit år sidan var Siri SeltveitDanielsen (39) frå Rauland med i denne serien. Då handla det om at ho var nyvigsla diakon i Skien kyrkjelege fellesråd. Sist haust oppdaga ho ein kul på halsen. Det synte seg å vera kreft. Behandlinga gjekk bra ho er no frisk. -Eg valde  å vera mest mogleg opne om sjukdomen. For ein munnleg « bearbeidar» som meg, funka det godt. No er det Siri 2.0.

PROSTIDIAKONMØTE 07.01.2025

Prostidiakonar er noko for seg sjølve, men gjer likevel mest som andre diakonar.  Likevel i større område, og med litt fleire sokn og stabar å samarbeide med. I denne episoden er det Atle Eikeland (62) prostidiakon i Søndre Follo prosti dei siste åtte år som fortel om gleder og sorger i teneste, og korleis diakonien kan hindre ein i kynisme.

FRÅ DIAKONFORBUND TIL SPIR 04.12.2024

Det vert skrive diakonihistorie om dagen. Det gamle Norske Diakonforbund (DNDF) , stifta i 1915, slår seg saman med med Presteforeininga (PF) og Kirkelig Undervisningsforbund ( KUFO) til Spir. Frå 1 januar 2025 er Diakonforbundet er DNDF historie. I denne Diakonalgangen fortel leiar for Diakonforbundet Asbjørg Sagstad ( 66) om sine tankar om samanslåinga, om gleder, sorger og utfordringar.

DIAKONI ER HÅP 30.10.2024

Møt Per Emanuelsen (72). Han var landets fyrste prostidiakon. I Vest- Telemark i 1985. Seinare starta han same type stilling i Otredalen og Aust- Nednes. Truleg var Per født diakon, men den formelle sjukepleier og diakonutdanninga fekk han på Diakonhjemmet. Per har hatt spesielle evner som ein kreativ og nyskapande diakon. Få trudde at slike stillingar kunne fungere.   Den raude tråden i diakoniar...

OM BRØYTESTIKKER OG DIAKONI 09.10.2024

Eg vert jamt litt lei når dei raude brøytestikkene kjem på plass. Då er det haust. Samstundes veit eg og at eg kjem til å vera takksame ein blåsande vinterdag, til dei som sette opp desse stikkene, og som berga meg frå å køyre ut. Velkomen til denne utgåva av Diakonalgang, som snakkar litt om brøytestikker, men mest om gleda i diakonien.

Å FÅ VERA SEG SJØLV I FELLESKAPEN 17.07.2024

Konfirmantopplegget Ønsket og Elsket i Øvre Telemark prosti har mange engasjerte leiarar. Ei av dei er Tone Susanne Kvasjord (26) frå Fyresdal. VG sitt Helgemagasin vigde nett seks sider til Tone Susanne sin veg mot nye mål.  Ved sida av vera ein aktiv Senterungdom er ho og leiar i Ungdomsrådet i Agder og Telemark Bispedøme. Gjennom hjelp frå Rehabiliteringssenteret AIR i Rauland har ho funne ny t...

MED PILEGRIM PÅ TIMEPLANEN 18.06.2024

- Pilegrim er ein metafor og metode for livsmeistring, seier lærar ved Kvitsund Gymnas Hamish Moor. Sidan 2018 har pilegrim stått på timeplanen ved skulen i Kviteseid. Gjennom tre år får går elevane vestover mot Røldal. Kvart år har sine ulike tema. Fyrste året handlar det om bli kjend og bygge felleskap, andre året om å tole livet, medan tredje året handlar om framtida og livet etter Kvitsund.

Å ARBEIDE MED DØDEN GJER EIN MEIR GLAD I LIVET 16.05.2024

Det er ei diakonal glede er å ha mange gode folk å samarbeide med. Det minkar og einsemda i jobben, og sikrar betre kvalitet. I denne utgåva av Diakonalgang møter de Silje Merete Småbrekke, kreftkontakt i Tokke i Vest- Telemark som fortel om sitt arbeid og kor viktig tverrfagleg samarbeid for å gjera avslutninga på livet beste mogleg.

Å KOME HEIM- Diakonalgang nummer 19 27.03.2024

I denne utgåva av Diakonalgang møter me Siri Seltveit Danielsen ( 38) frå Rauland. No i mars var ho vigsla til diakon i Nenset. Med denne vigslinga går ein fjorten år gamla draum om å bli diakon i oppfylling. Høyre hennar tankar om jobb og liv, og kjensla av diakonien har vore som å kome heim.

OM DIAKONI OG SÅNN 09.02.2024

Ein kald vinterdag på Gjøvik, vert utruleg mykje varmare når ein har fått ein god prate med diakon Kari Karsrud Korslien. Mange kjenner henne som høgskulelektor på VID/ Diakonhjemmet. Men de seks siste åra har arbeidd som diakon ved Diakonihuset i Gjøvik. Her har ein samla mange resssursar, som samarbeider og aldri er i beit for idear.

KVA SKJULER SEG BAK ABV? 27.01.2024

ABV er ikkje eit nytt bremsesystem, eller ei løyndomsfullt fellesskap i den Norske Kyrkja.  Men vegleiing som kan gje  prestar, diakonar, kateketar, kantorar og andre tilsette høve til å reflektere over eigen praksis i ei tverrfagleg gruppe.   I denne utgåva av Diakonalgang får de møte Lars Peder Holm (52) , til dagleg  sokneprest på Tromøya, men også fagleg ansvarleg for ABV i Agder og Telemark b...

USYNLEGE HENDER LEIER OSS 19.01.2024

USYNLEGE HENDER LEIER OSS Kven er det som har gjort av me er dei med er? Kven har vore førebileta våre ? I denne utgåva av Diakonalgang er den gamle og gode, no pensjonerte Sauherad- diakonen Ivar Solbu (72) attende for ein prat om desse usynlege hendene, med Jon Foss sine ord, som leier oss. 

ALDRI ALEINE 19.12.2023

ALDRI ALEINE I haust byrja Hanne Salvesen(39) som generalsekretær i Det Norske Diakonforbund. Diakonforbundet er eit fagforbund som organiserer diakonar og diakoniarbeidar. I denne podkasten fortel ho om sin veg fram til å bli diakon, og sitt ønske om at Diakonforbundet skal hjelpe diakonar til å kjenne seg mindre aleine i arbeidet, Hanne Salvesen er den åttande generalsekretæren, og overtok for L...

SELFI MED SORGA 27.10.2023

SELFI MED SORGA Helgemesse er blitt ein stadig viktigare dag i vår kyrkje. Frå vera ein rein minnedag for helgenar, er dagen no også ein minnedag for dei døde. I denne utgåva av Diakonalgang   får de bli med på  refleksjonar over sorg og liv ved Helgemesseleite. Mitt namn er Eilev Erikstein, 63, år diakon som deler tankar om sorg, liv og von mellom gravstyttene på kyrkjegarden i Bø.    

Håp i ein skog - Diakonalgang 13 13.09.2023

HÅP I EIN SKOG   Eivind Aalborg (62)  har jobba i Kirkens Nødhjelp i over 25 år. Dei siste sju åra som leiar for arbeidet i Etiopia. Kirkens Nødhjelp er store og verdsette i internasjonal diakoni. I denne samtala fortel Eivind om håp og gleder i arbeidet, kvar han finn mot og von i arbeidet. Her er det ikkje berre von i hangande snøre, men også i dret å plante tre. Opptaka er gjort under ein studi...

Listen to the Diakonalgang podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.