Eilev Erikstein
Diakonalgang
Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei. Oppstarten av serien fekk OU-midler gjennom KA (Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon). No er Diakonalgang ein del av arbeidet til Diakonatet i Vest- Telemark. Her er det prostidiakon Eilev Erikstein som er ansvarleg,
Author
Eilev Erikstein
Category
Podcast website
Latest episode
Mar 3, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Episode 12 - Å få løfta sitt åsyn 08.06.2022 29:41
Som prosjektleiar for «Omsorg ved Livets Slutt», støtta av Kyrkjerådet, trengte diakon Silje Sjøtveit nokon som kunne lage ein promoteringsfilm. Ho fann Knut Inge Solbu og Fenomen Film. Knut Inge Solbu har mellom anna vore produsent for suksessen Rådebank. Solbu vart i tillegg til honorar tilsett som diakonimedarbeider i en kort periode (i eit lite diakon- vikariat) i Tinn for å få gjenn...
Episode 11 - Sorgstøtta 14.03.2022 30:35
Diakon Ole Hafell i Vestfold er ei verkeleg sorgstøtte for mange unge. Gjennom prosjektet Ung Sorg leier han sorggrupper og underviser om tema i skular. Gjennom kunnskap og fellesskap blir barn og unge med sorgerfaring betre i stand til å leva vidare med det triste. Sorggrupper tek ikkje bort det vonde, seier diakonen, men ein blir mindre aleine.
Episode 10 - Å google seg fram til diakon 14.02.2022 38:45
Det fins mange vegar til bli diakon. Åsne Gotuhus Køhn(35) og Helene Sele(25) googla seg fram, likte det dei fann, og har utdanna seg i faget. Eit yrke som ikkje alltid er så lett å forklare, men er viktig i samfunnet. Møt Åsne som er ny diakon i Sauherad og Nes i Midt-Telemark kommune, og Helene som vert ferdig utdanna ved Diakonhjemmet/MF til sommaren.
Episode 9 - Brubyggjar 07.09.2021 42:10
I august gjev Silje Sjøtveit seg som diakon i Tinn. Gjennom elleve år har ho vore ein kreativ og aktiv brubyggjar mellom kyrkje og samfunn her. No blir ho leiar av seksjon for friviljug arbeid i Det Norske Misjonselskap (NMS). I denne episoden blir me meir kjent med Silje og hennar mange diakonale prosjekt. Daghøgskulen, pilegrimsvandringar rundt Tinnsjøen, Cafe Lorentz og diakonale ritual ved liv...
Episode 8 - Å vandre sorga mindre 25.03.2021 35:53
På mange vis har etterlatne etter sjølvmord det ekstra vanskeleg. Gjennom prosjektet «Vandring for forandring» har ein testa ut pilegrimsvandring i sorgarbeidet. Å ta sitt eige liv er eit av våre siste tabu. Ei pilegrimsvandring handlar om å legge frå seg det som tynger. Om det skjer på ei slik vandringa, kan ein berre vone. Men det er sikkert at det er god von i å dele tankar med kvarandre. I den...
Episode 7 - Å gå imellom 20.10.2020 45:19
Sommaren 2020 var Eilev Erikstein så heldig å få jobbe i Preste- og diakonteneste ved Diakonhjemmet Sjukehus i Oslo. I denne podkasten får de bli med inn på sjukehuset, høyre om det arbeidet som Preste- og diakonteamet gjer. – Det viktigaste er å gå imellom, fylle ut der det trengs, seier leiande sjukehusprest Aud Iren Svartvasmo. Elles får ein høyre korleis Gudmund J. Wisløff opplever å arbeide s...
Episode 6 - Det ingen andre gjer 17.04.2020 40:04
En definisjon på diakoni kan være «det som ingen andre gjør.» Det var slik det starta da den første prostidiakonen i Vest-Telemark, Per Emanuelsen, tok tak i arbeidet mellom fangene i Kleivgrend i Fyresdal. Eilev Erikstein tar en prat med han og to av de som har holdt visitortjenesten i skogsleiren i gang siden 1996.
Episode 5 - Siste tur til Kleivgrend 20.03.2020 40:52
Diakon Eilev Erikstein prater med innsatte, ansatte og tidligere justisminister Anders Anundsen, for å bearbeide sorgen over nedleggelsen av Kleivgrend fengsel. I denne episoden får dere bli med inn i et av Norges mest spesielle fengsler. Den vesle skogsleiren i Kleivgrend, langt inne i Fyresdalskogen. En underavdeling av Arendal Fengsel med såkalt åpent soning. Her var det gamle brakker - r...
Episode 4 - Å vandre med håp som pilegrim 15.11.2019 20:32
Det startar alltid med eit steg. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.
Episode 3 - Fri, villig og heit 08.11.2019 19:55
Kyrkja og diakonien stoppar utan frivillige. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.
Episode 2 - Å knekke nakken på fine ord 01.11.2019 18:39
Diakoni er lettare gjort enn sagt. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.
Episode 1 - Diakonen 25.10.2019 22:15
To gamle diakonar snakkar om diakoni, diakonar og sånn. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.