solveigogerling

Solveig and Erling Thu

Religion NN ↓ 100 episodes

Vi deler frå livet og fellesskapet med Gud og menneske. Vi tek opp aktuelle emne og deler innsikt og visdom frå eit langt liv.

Author

solveigogerling

Category

Religion

Podcast website

solveigogerling.podbean.com

Latest episode

Jan 27, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Sorger og gleder 21.02.2024

Vi har feira Solveig sin åttiårsdag med stor glede og flott fest saman med familie og venner. Etterpå fekk Erling ei nedslåande melding frå augelegen. Sorger og gleder vandrer til hope, slik syng vi i songen og slik er livet, men vi set vår lit til Herren og håper på hans inngrep til legedom.

Guds evige plan og hensikt 2. 15.02.2024

Eg held fram med å undervisa om Guds evige plan og hensikt. I dag ser vi på korleis Gud arbeider i historia, om korleis han gjer pakt og oppfyller lovnader.

Takk Gud for ein open heim og gode mødrer 12.02.2024

I opne heimar kjem det mange folk innom og vi får gode samtalar og gilde drøser. Morsdagen minnar oss på våre gode mødre som no er heime hos Herren, men som framleis fortener heider og ære!

Å sjå - å vera eit medmenneske og ein god leiar 09.02.2024

Å sjå folk rundt oss og bry oss om andre er heilt grunnleggjande  for å vera eit godt medmenneske og ein god leiar. 

Gode opplevingar i kvardagen 06.02.2024

Solveig deler nokre gode opplevingar og ting ho har skrive. Kanskje dagen er grå, men likevel kan dagen bli lys og fargerik ved Guds nåde.

Guds evige plan og hensikt 1. 01.02.2024

Det er viktig å forstå Guds evige plan og hensikt for opphavet vårt avgjer korleis enden blir. Når vi forstår kven Gud er og kva plan han har, vil vi bli frie og skapande i å avspegla Guds herlegdom i det kristne fellesskapet og i samfunnet vi lever i. Dette er første av fire undervisningar i serien om Guds evige plan.

Oppmuntringar og takk 30.01.2024

No går no dagane på det jamne, men dei er fulle av oppmuntringar. Samlingar med huskjerkå vår i små grupper, i fellessamlingar og festsamlingar er alltid oppmuntrande. 

Takkseiing - vegen inn i Guds nærvær 26.01.2024

Takkseiing er heilt grunnleggjande i det kristne livet. Portane inn til Guds hus heiter lovprisning. Vi går inn gjennom portane hans med takkseiing og inn i føregardane med lovsong. Lat oss stige fram for Gud med takk og glede, for han har skapt oss og held oss i live kvar einaste dag!

Leiarhelg og noko attåt 16.01.2024

Vi held fram å takka Gud for velsigningar i kvardagen og rapporter frå ei veldig god leiarhelg på Brandøy Misjonssenter.

Diamantåret 04.01.2024

Vi har gått inn i eit nytt år. Vi kallar det diamantåret og har store forventingar til kva Gud skal gjera!

Fantastisk førjulstid og.julehelsing 22.12.2023

Vi har vore på Gullbotn og hatt ei flott førjulstid med mange velsigningar. Så gjer vi oss klar til ei ny julehelg og ønskjer alle våre venne ei velsigna Julehelg!

Gud er nær 11.12.2023

Vi har hatt ein svær runde med covid19, men er på beina att. Midt i sjukdom og vanmakt har Gud vore nær. Vi har også fått nokre spennande nye kontaktar som vi får bli kjent med og dela evangeliet med. Gud er god!

Spennande tider 23.11.2023

Livet med Gud er spennande og utfordrande! Gud er tilstades i kvardagen vår og på store samlingar. Gud reiser opp ein ny generasjon av leiarar som tener hans plan i denne tida.

Velsigna reise og velsigna heimkomst med dåp 15.11.2023

Vi har vore i England og Wales og besøkt både vår naturlege og åndelege familie. Det har vore ei stor velsigning å treffa vår to døtrer, svigersøner og barnebarn. I Wales fekk vi også vera med på World Watch - ein misjonskonferanse med svært oppmungtrande rapportar frå kva Gud gjer mange forskjellege plassar.  Då vi kom heim fekk vi vera med å døypa ein ny læresvein, broren til ein ny læresvein so...

Barnevelsigning pluss pluss! 31.10.2023

Vi har hatt ei velsigna veke med mykje å takka for. Eit av høgdepunkta var ei flott barnevelsigning som vi fekk vera med på. Så bruker vi nokre av bønnene frå Den Store Familie Bønneboka til å be for barn og uskuldige som lir i krigane som pågår no.

Profetiske dagar 22.10.2023

Vi lever i profetiske dagar medan krigen herjar i Ukraina og Israel. Uskuldige lir og det går ofte ut over barna. Endetidspekulasjonane er i full gang, men det er ikkje så mykje vi kan gjera med det som skjer ute i verda. Men vi kan leva i fornying og oppleva profetiske dagar til oppmuntring og hjelpd i kvardagen.

Fred - shalom 09.10.2023

Fred er sentralt for den kristne trua. I dag takkar vi for mange velsigningar og for at vi lever i eit land med fred midt i ei uroleg tid med krig i verda. Vi treng å leva i fred med Gud for å kunna leva i fred med oss sjølv, folk rundt oss og vera med å skapa fred og forsoning mellom folk og nasjonar. Det hebraiske ordet for fred, shalom, er eit rikt ord som inneber mykje meir enn fråvær av krig...

Lovsyng Herren! 03.10.2023

Det er godt å lovsyngja Herren. Vi tener han med glede og kjem fram for han med takkesong. Halleluja! Lovsyng Herren, mi sjel. Eg vi lovsyngja Herren heile mitt liv, syngja og spela for han så lenge eg er til.

Naboskap er verdifullt 24.09.2023

Vi takkar Gud for mange velsigningar denne veka og snakkar om kor viktig naboskap er. Gud har velsigna oss med gode naboar og vi har etter beste evne prøvd å vera gode naboar dei plassane vi budd.

Vekkelse i lufta 18.09.2023

Det skjer ei åndeleg oppvakning i landet vårt. "Det er vekkelse i lufta!" Vi ser klare teikn på at Gud er på ferde. Særleg oppmuntrande er det som skjer blant unge menneske i våre dagar. Det er også veldig godt å sjå at fråfalne og folk som av ulike grunnar har kome på avstand no finn vegen tilbake til Gud og kristne fellesskap.

Jesusvekkelsen 03.09.2023

Vi har sett filmen "Jesus Revolution" som tok oss tilbake til det vi opplevde av Jesusvekkelsen i landet vårt tidleg på syttitalet. Dette er samtale emnet vårt i denne podkasten.

Familie, vennskap, fellesskap og det å vera sendt 25.08.2023

Vi takkar for familie, vennskap og det kristne fellesskapet. Samtidig gleder vi oss over å vera sendt av Gud, både til India med alle dei utfordringane det inneber med motstand og forfølging, men utfordrar også til å gå til dei andre.

Sommarrapport 14.08.2023

Sommaren vår har vore full av velsigningar og vi takkar Gud for alle hans velgjerningar gjennom små og store hendingar. 

Velsigna av Guds ord 19.06.2023

Vi har hatt ei god veke med familebesøk og anna besøk, pluss gode samlingar med vår åndelege familie i huskjerkå. Det er stort å vera ein del av eit levande fellesskap. Den daglege bønnelesingar av Salmane og vår daglege bibellesing er også ei stor kjelde til glede.

Framtid og håp 12.06.2023

Vi har hatt ei god veke saman med det internasjonale teamet og fått gode rapportar om kva Gud mange stader. Huskjerkå og The Send har også vore nokre av våre høgdepunkt denne veka. Solveig har feira at det er 60 år sidan ho var russ, men det største er det håpet vi har. Det kristne håpet gjeld både dette livet og den komande verda. Det er godt å vera trygg i trua og håpet.

Listen to the Solveig and Erling Thu podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.