Fitjar Sogelag
Fitjarminne
Fitjarminne har som mål å formidle lokalhistoriske lydklipp som me har digitalisert og reinska opp lydmessig, i tillegg til å formidle nye intervju med gjester. Sponsor for podcasten er Fitjar Kraftlag.
Author
Fitjar Sogelag
Category
Podcast website
Latest episode
May 22, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
050: Karl Gloppen intervjuar Tora Brendøy (1997) 22.05.2026 45:16
I denne episoden møter vi Tora Brendøy (1911-2005) i samtale med Karl Gloppen, i eit intervju frå 14. april 1997. Tora fortel om oppveksten på Aga, seinare år som gift på Brendøya, og om tida i Hatlevik før ho til slutt kom inn til Fitjar. Gjennom minna hennar får vi innblikk i korleis kvardagen var for familiar som levde mellom øyane, med skuleveg over sjøen, slått og torvskjering, fiske, husdyrs...
049: Karl Gloppen intervjuar Bjarne Korsvik (1997) 08.05.2026 45:38
I denne episoden møter vi Bjarne Korsvik (1933-2023) i samtale med Karl Gloppen, i eit intervju frå 18. april 1997. Med utgangspunkt i eit grundig manus om bureisinga i Korsvik fortel Bjarne om korleis bruket vart rydda og bygd opp frå grunnen av, om stein, murar, jordkjellar, torvhus og dei første husa som kom på plass. Samtalen gir eit levande bilete av eit liv prega av handemakt, nøysamheit og...
048: Karl Gloppen intervjuar Anne Lise Westvik (1997) - del 2 24.04.2026 45:30
I den andre delen av interjuvet med Anne Lise Westvik flyttar samtalen seg til Straumøya, der ho fortel om tunet, bygningane, drifta og livet på øya. Karl Gloppen nummererer våningshus, løe, sjøbu, naust, vedhus, mindre uthus og kaiar, medan Anne-Lise forklarer korleis staden var bygd opp og brukt. Ho skildrar jordbruket med kyr, kalvar, gris, beite, gjerde, bærhage og potetdyrking, men og kor vik...
047: Karl Gloppen intervjuar Anne Lise Westvik (1997) - del 1 03.04.2026 48:18
I denne delen fortel Anne Lise Westvik om oppvekst og kvardagsliv på Øspøya, medan Karl Gloppen går gjennom kart, stadnamn, hustufter, åkrar, gjerde, stiar og lendingar. Samtalen gir eit levande bilete av eit lite øybruk med våningshus, fjøs, smalahus, utedo, myr, kjelder og slåttemark, og korleis ein utnytta kvar flekk av jorda. Ho fortel om båtbruk, skuleveg over sund og vêrharde farvatn, torvsk...
046: Karl Gloppen intervjuar Ole Ivarsøy (1997) - del 2 27.02.2026 1:00:52
I del 2 av intervjuet med Ole Ivarsøy (7. april 1997) flyttar Karl Gloppen fokuset frå kartarbeid på land til det som Ole meiner er minst like viktig å få med: sjøbruket. Ole fortel fritt om båtane dei hadde – frå færingar og kubåt til skøyter – og om fisket gjennom året med drivgarn, botnagarn og særleg seigarn, i tillegg til heimefiske og hummarfiske. Ein stor del av episoden handlar om rusefisk...
045: Karl Gloppen intervjuar Ole Ivarsøy (1997) - del 1 13.02.2026 47:47
I denne episoden intervjuar Karl Gloppen Ole Ivarsøy i eit opptak frå 7. april 1997. Med kartet framfor seg går dei systematisk gjennom stadnamn, landskap og kulturminne på Ivarsøy: gamle ryddingsspor, steingardar og tunstruktur, og korleis gard og utmark var organiserte. Undervegs får vi også glimt av byggeskikk og gjenbruk av materiale, forteljingar om skulestove før skulehus kom, og spor etter...
044: Karl Gloppen intervjuar Margit Heggøy (1997) 30.01.2026 58:57
I denne episoden høyrer me Karl Gloppen intervjue Margit Heggøy (f. Flatøy) i eit opptak frå 3. april 1997. Margit fortel om åra ho og mannen Håkon budde på Dyrholmen under og etter krigen – ei tid ho sjølv omtalar som tung, og der ho ofte var åleine med små barn medan mannen var borte i arbeid. Med kartet framfor seg peikar ho ut husa på holmen, kvar stiar og ferdselsvegar gjekk, kvar dei hadde l...
043: Karl Gloppen intervjuar Johannes Lars Tufteland (1997) 16.01.2026 1:10:10
I denne episoden møter me igjen Johannes Lars Tufteland, som denne gongen fortel om sitt eige arbeidsliv – frå vegbygging til teneste i Heimevernet. Samtalen gir eit konkret innblikk i korleis vegane på Fitjar vart bygde: frå grusvegar med slaghol til fast dekke, med handboring, sprenging, grøfter, stikkrenner og tungt kroppsarbeid. Johannes fortel òg om faren sin, anleggsarbeidar og skytebas, og...
042: Karl Gloppen intervjuar Johannes Lars Tufteland om Olaf Tufteland (1997) 02.01.2026 26:04
I denne episoden er det Johannes Lars Tufteland som Karl Gloppen intervjuar om Olaf Tufteland (1900–1980) – ein markant bygdekarakter, hard i framtoning, men mjuk og hjelpsam i handling. Gjennom minne og anekdotar får me høyra om sjømannsliv, fiske, båtbygging og handverk, om kvardagsråd og bygdehumor, jakt og skrøner – og om det legendariske 70-årslaget i Myro. Ei levande forteljing om eit mennes...
041: Karl Gloppen intervjuar Torvald Siglen (1997) 24.10.2025 1:35:23
I denne episoden møter me Torvald Siglen, som med levande detaljar og sterk lokal kunnskap fortel om eit liv tett knytt til jord, sjø og landskap på Siglo. Han deler minner frå eit småbruk der torvtekt, slått og fiske var like sjølvsagde delar av kvardagen som kyrne i fjøset. Torvald tek oss med gjennom utskifting og nye eigedomsgrenser, torvmyrer som vart dyrkingsjord, og korleis elektrifisering...
040: Karl Gloppen intervjuar Ole Hovstad (1997) 12.10.2025 1:31:31
I denne episoden møter me Ole Hovstad (f. 1899), som med sine 97 år ser attende på eit liv som spenner over eit heilt hundreår. Han fortel om krigsutbrot, rasjonering og kvardagen under knappheitstida, om barndom og skuleveg i eit samfunn der alt måtte løysast med handkraft og samarbeid. Ole deler levande minne frå segling med potetlast til Bergen og frå tida då seglbåtane konkurrerte med dampbåta...
039: Intervju med Peder Flatøy (1997) 07.07.2025 1:04:47
I denne episoden samtalar Karl Gloppen med Peder Flatøy (1924–2001) om liv, landskap og historie frå øyane kring Fitjar og Flatøy. Dei diskuterer ei rekkje lokale stadnamn og korrigerer feil på kart – eit sterkt uttrykk for lokal kunnskap og identitet. Peder skildrar jordbruk, torvskjering i bratte skråningar, og korleis folk klarte seg med små åkerlappar og lyngtorv. Sjølivet får stor plass – med...
038: Intervju med Rasmus Torsdagsøy (1997) 13.06.2025 1:35:11
I denne episoden fortel Rasmus Olsen (1914–2000) om livet på Torsdagsøy og minne frå Fitjar i førre hundreår. Me høyrer om universitetsstudentar som dokumenterte gamle bygningar på 1960-talet, og om kva som vart teke vare på – og ikkje. Rasmus deler historier om dyrehald, torvmyrer, vågar, fiske og uver som tok med seg båtar. Han snakkar om bygningar, murar og naust – med glimt av humor og undring...
037: Intervju med Borghild Tverderøy (1997) 02.05.2025 1:08:34
I denne episoden vart Borghild Tverderøy intervjua av Karl Gloppen. Borghild fortel om gamle husmannsplassar og torvmyrer på Natterøya, om teigblanding, vatnhenting og uteflorar. Me får høyra om segn knytt til Abrahamsmyro og soluret sør på Natterøyo. Ho snakkar også om lyngbrenning, fiskeplassar og kasteplassar. Vidare deler ho minne frå livet på Tverdarøy – skuleveg, eigedomsforhold, og livet so...
036: Intervju med Sigurd Torget - Del 4 av 4 (1997) 18.04.2025 36:37
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne fjerde og siste episoden vert det fortalt soger og minne frå Slåtterøy og området rundt. Me får høyra om Tjuahidleren, der det vert sagt at Gjest Bårdsen gøymde seg – eit skjul så godt at ein ikkje kunne sjå botnen frå sjøen. V...
035: Intervju med Sigurd Torget - Del 3 av 4 (1997) 04.04.2025 39:28
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne episoden held me fram med torvmyrene før samtalen går vidare til vassleidninga frå Risøyo til Selsøy, bygd på 1980-talet. Me høyrer om stadnamn på Risøyo, om Ola og Salomon Risøy, og om fartøybygging i vika. Vidare får me høyre...
034: Intervju med Sigurd Torget - Del 2 av 4 (1997) 24.03.2025 41:25
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne episoden snakkar dei mykje om stadnamn og tilhøyrande anekdotar på Gisøysida av Brandasundet, og generelt om fiske og fiskeplassar i området der ute. Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga en...
033: Intervju med Sigurd Torget - Del 1 av 4 (1997) 07.03.2025 44:39
Sigurd Torget vart intervjua av Karl Gloppen i februar og mars 1997 over to økter. Dette resulterte i nesten tre timar med opptak, som me har delt inn i fire delar. I denne episoden snakkar dei mykje om stadnamn og tilhøyrande anekdotar frå Selsøyo og Brandasundet. Me tilrår å følgja med på eit kart medan dei snakkar – det gjer opplevinga endå kjekkare. På nordhordlandskart.no/Stadnamn  ...
032: Intervju med Ragnhild Hillesøy (87 år, 1997) 21.02.2025 42:40
I denne episoden får me høyre då Karl Gloppen var i Træ i Storavikjo og intervjua Ragnhild Hillesøy (1915-2006, født Storevik frå Helland), som var 87 år gammal her. Ho gifta seg ganske seint med enkemannen Årstein Pihl Hillesøy og hadde ikkje ungar sjølv, men tre stebarn med etterkomarar som rekna Ragnhild som bestemor og oldemor. Ragnhild fortel både frå livet sitt og garden i Storavikjo.
031: Intervju med Olav Hanøy og John Harald Sortland (1993) 07.02.2025 57:30
Bodil Gjeldnes intervjua tidleg på sommaren 1993 ei rekkje fitjarbuar som hadde tilknyting til Fitjarøyane i høve hovudfagsoppgåva si om fiskarbonden ved Universitet i Bergen. Dette er det siste av desse intervjua og denne gongen intervjua ho Olav Hanøy (f. 1921) og nevøen John Harald Sortland (f. 1946). Dei fortel om Hanøyo og korleis det var å leve her. Podkasten er laga av Fitjar Sogelag og spo...
030: Intervju med Marselius Thorland, Ole Hovstad og Thea Eide (alle 96 år) i 1995 06.12.2024 59:06
I denne unike episoden tek me eit dykk inn i livet til tre 96-åringar som i 1995 var dei eldste i Fitjar kommune: Marselius Thorland, Ole Hovstad og Thea Eide. Desse var alle fødde i 1899 og var dei siste personane frå Fitjar som var fødde på 1800-talet. Marselius og Ole døydde som 99-åringar i 1998, medan Thea døydde som 100-åring i 1999. Gjennom eit intervju arrangert av dåverande skulesjef...
029: Intervju med Ole Havn (1997) 21.11.2024 1:16:34
I dette opptaket frå 14. februar 1997, har Karl Gloppen vitja Ole (1914-2004) og Klara Havn (fødd Tislevoll, 1921-2007). Ole Havn fortel frå livet sitt og dei mange verksemdene sine. Han dreiv butikk og båtekpedisjon i Koløyholmen og starta krabbefabrikken her, oppretta Filialen på Rydland og dreiv det som i intervjuet blir spekulert i å vere den største minkfarmen i Skandinavia. Han var òg ordfør...
028: Intervju med Oskar og Else Bukkholm (1993) 08.11.2024 1:01:25
I denne episoden får me høyra eit intervju med Oskar og Else Bukkholm frå 1. juli 1993, då dei vart vitja av Bodil Gjeldnes. Gjeldnes skreiv på denne tida hovudfagsoppgåve om fiskarbonden ved Universitet i Bergen og intervjua fleire fitjarbuar om livet i Fitjarøyane. Oskar (1917-2005) og Else (fødd Mohn, 1926-2015) fortel om husdyrhald, tang-, tare- og torvuthenting, om båtar og fiske og hus som s...
027: Intervju med August Bod (1997) - del 2 24.10.2024 39:59
I denne episoden får me høyre andre del av intervjuet som Karl Gloppen gjorde med August Bod (1911-1997) i 1997. August fortel her vidare om livet sitt, frå personlege refleksjonar om helse til historier om arbeidslivet og samfunnsrolla si. August deler minne som gir oss eit innblikk i korleis livet var på Fitjar gjennom store delar av 1900-talet.
026: Intervju med August Bod (1997) - del 1 11.10.2024 50:31
12. februar 1997 tok Karl Gloppen turen til Storavikjo for å intervjue den 85 år gamle August Bod. I denne podcast-episoden deler August sine levande minner om familien sin, garden og glimt frå livet hans. August Bod (24. mai 1911 – 13. februar 1997) var gift med Anna Hovstad (10. januar 1914 – 20. desember 1999). Saman fekk dei fire barn, og etterkommarane deira bur framleis på Fitjar i dag. Best...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.