Fitjar Sogelag

Fitjarminne

History EN ↓ 50 episodes

Fitjarminne har som mål å formidle lokalhistoriske lydklipp som me har digitalisert og reinska opp lydmessig, i tillegg til å formidle nye intervju med gjester. Sponsor for podcasten er Fitjar Kraftlag.

Author

Fitjar Sogelag

Category

History

Podcast website

fitjarminne.captivate.fm

Latest episode

May 22, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

025: Intervju med Emma Vestbøstad frå 1977 27.09.2024

Signe Lunestad intervjua i desember 1977 Emma Vestbøstad, fødd Løkling, som på Fitjar var kjend som "Tråd-Emma", fordi ho hadde tøy og trådutsalg her. Ho var gift med Lars Vestbøstad som var blind. Dei gifta seg forholdsvis seint og hadde ikkje barn i lag. Emma fortel her hovudsakleg om tida under krigen på Lykling i Bømlo kommune, der ho og broren Anton var med på å skjule folk på flukt frå tyska...

024: Karl Gloppen snakkar med Ingeborg Vestbøstad om Synningo (1997) 13.09.2024

Den 10. februar 1997 vitja Karl Gloppen Tarald (1925-2013) og Ingeborg Vestbøstad (1931-2018) for ein samtale om Synningo, der Ingeborg og familien hennar budde då ho var ung. I 1997 reiste Karl rundt til mange gardar på Fitjar for å snakke med folk som budde eller hadde budd på desse gardane, i samband med arbeidet med eit mogleg bind 3 av Fitjar Bygdebok. Samtalen dreier seg hovudsakleg om gards...

023: Intervju med Brita Kvarven frå 1993 30.08.2024

I denne episoden frå 1993 møter me Brita Kvarven (1911-2000), fødd Brita Velken i Granvin, som deler minner og erfaringar frå eit langt liv som jordmor og fiskarbondekone på Fitjar. Brita, som var 81 år på tidspunktet for intervjuet, kom til Fitjar i 1938 etter å ha gifta seg med Alfred Kvarven. Saman fekk dei fem born og levde eit tradisjonelt liv prega av arbeid på garden og ved sjøen. Intervjue...

022: Intervju med Marselius Thorland frå 1983 16.08.2024

I denne episoden får me høyre Signe Lunestad intervjue 84 år gamle Marselius Thorland. Fødd i 1899 han var yngst av dei som vaks opp av ein større søskenflokk og dei eldste brørne hans hadde alt reist til Amerika då han var fødd, og han møtte dei ikkje før han var vaksen. Han var nest eldst på Fitjar då han døydde i 1998. Her får me høyre frå livet hans, om gardsarbeid, potetfarten til Bergen og a...

021: Foredrag av Edvard Eikill om Håkon den gode (2021) 02.08.2024

I november 2021 vitja den då 91 år gamle forfattaren og omsetjaren Edvard Eikill frå Stavanger Fitjar kulturhus og heldt eit foredrag om livet til Håkon den gode, som me her får gjengitt i sin heilskap. Eikill starta karrieren som forfattar etter han pensjonerte seg som tannlækjar i 1997 og har nytta pensjonisttilværet til å gje ut romanar og omsett historiske verk frå norrøn tid og mellomalder, o...

020: Intervju med Ingeborg Spissøy frå 1977 18.07.2024

Ingeborg Spissøy vart intervjua av Signe Lunestad hausten 1977. Ho vart fødd Strand på Rimbareid i 1896 og levde fram til 1993. Her fortel ho om ulike tradisjonar på Fitjar knytt til bryllaupsfeiring, husflid og julefeiring. Ho fortel òg om den gongen ho fekk graut med speilegg på som sengjamat. Ingeborg var gift med Karl Olai Spissøy og dei fekk i alt åtte ungar i lag, og har mange etterkomarar e...

019: Intervju med Marta og Mikkjel Hjelmen (1993) 05.07.2024

I 1993 vart Marta og Mikkjel Hjelmen intervju av Bodil Gjeldnes i høve hovedfagsoppgåva hennar om fiskarbonden. Her fortel dei om livet deira og ressursutnyttinga på den vesle øya Hjelmen i Fitjarøyane opp gjennom åra. Mikkjel var fødd på Hjelmen i 1917 og var tredje generasjon i slekta som tok over garden her. Mikkjel levde til 2006. Marta var opphavleg frå Hatlevikjo, fødd 1922, og døydde i 2006...

018: Ingolf Bukkøy fortel - del 5 av 5 19.06.2024

I den siste delen av opptaket som Ingolf Bukkøy gjorde tidleg på 2000-talet får me høyre om då han var på sildefiske, kjøpte eigen motorbåt av splintane for pengane han tente og seinare mista båten. Me får òg høyre om livet til sjøs og nokre fine betraktningar om å arbeide med folk frå ulike kulturar, livet generelt og ein vakker mai-morgon på Fitjar.

017: Intervju med Lilly Alme frå 1993 05.06.2024

Lilly Alme (1923-2017) vart 2. juli 1993 intervju av Bodil Gjeldnes. Gjeldnes skreiv hovudfagsoppgåve om fiskarbonden og førtok i alt seks ulike intervju med folk frå Fitjarøyane på denne tida med fokus på korleis dei utnytta dei avgrensa naturressursane ute i øyane. Lilly fortel her levande om livet på Selsøy, om vavottar og sylteagurkane som bestefaren alltid måtte ha.

016: Intervju med Gunhild Norheim frå 1977 22.05.2024

Gunhild Norheim (27. desember 1904-21. august 1982) vart intervjua av Signe Lunestad i oktober 1977, då ho var 72 år gammal. Ho voks opp på Mækjebakken i Bremnes og flytta sidan til Fitjar. Ho fortel frå barndommen sin på Bremnes og ulike stader ho var før ho hamna på Fitjar. Ho gifta seg aldri, så vidt me veit, og hadde ikkje etterkomarar.

015: Intervju med Kanutta Hauge frå 1977 09.05.2024

Signe Lunestad intervjua Kanutta Hauge i oktober 1977. Ho var fødd i 1893 og døydde i 1991, 98 år gammal. Ho var skreddar i mange år på Fitjar og skal ha sydd hundrevis av brudekjolar og bunadar. Ho fortel om vanskelege barneår i foster hos tanta på Landa og elles frå livet hennar som tok ho til Bergen i skreddarlære, som gift til Nord-Fodno, og inn att til Fitjar, der ho starta verksemda si.

014: Ingolf Bukkøy fortel - del 4 av 5 24.04.2024

I den fjerde delen av opptaka som Ingolf Bukkøy gjorde rundt år 2000 fortel han om lensmannsgarden på Nordfodno, og kjem inn på ymse segner knytta til både garden og stadnamn på og i nærleiken av Fodno. Episoden blir avslutta med kva han som gutunge gjorde på fritida, mellom anna den gongen han vart den første som produserte elektrisk straum i øyane.

013: Intervju med Oluf Torget frå 1993 10.04.2024

Oluf Torget (1914-2004) vert her intervjua av Bodil Gjeldnes. Ho skreiv hovudfagsoppgåve i geografi ved Universitetet i Bergen om fiskarbonden og i 1993 var ho på Fitjar og intervjua fleire fitjarbuar som hadde budd mykje av livet ute i øyane. Her fortel Oluf om gardsdrifta og fiske på garden Torgjo på Selsøyo.

012: Tale av Peder Nilsen Aga (1957) i høve 90-årsjubileet til Fitjar kyrkje 28.03.2024

I november 1957 var det gjenopning av Fitjar kyrkje, etter at ho hadde vore stengd for restaurering i eitt år i høve 90-årsjubileet til kyrkja. I den samanhengen heldt ordførar i Fitjar den gongen, Peder Nilsen Aga, ein tale der han går gjennom historia til kyrkja, frå rivinga av den gamle og fram til 1957.

011: Ingolv Bukkøy fortel - del 3 av 5 13.03.2024

Ingolv Bukkøy held fram soga si om livet sitt på Nordfodno. I denne episoden får me høyre mest om sjølve garden og gardsdrifta her, som torvuttaking og beiting, i tillegg til litt anna.

010: Intervju med Anna Havn frå 1977 28.02.2024

Signe Lunestad intervjua hausten 1977 Anna Havn. Ho var fødd i Dalen på Vestbøstad 10. februar 1892 og døydde 94 år gammal 12. mars 1986. Ho var 85 år gammal då ho vart intervjua. Her fortel ho frå livet sitt med mannen Knut Ingolf Havn på garden Havn på Ålforo og ymse tradisjonar frå kvardagslivet.

009: Intervju med Jakob "Monsa-Jakob" Rimmereide frå 1956 14.02.2024

Dette opptaket med Monsa-Jakoben, eller Jakob Rimmereide, vart gjort i 1956. Han var på dette tidspunktet 103 eller 104 år gammal og eldst i heile Sunnhordland. Født 2. september 1852 fortel han frå livet sitt, frå tida då den gamle kyrkja på Fitjar framleis eksisterte til då han kunne få "ljos i stova med berre å pikka med fingen". Jakob døydde 30. mai 1957, nesten 105 år gammal.

008: Ingolf Bukkøy fortel - del 2 av 5 31.01.2024

Ingolf Bukkøy (1932 - 2009) spelte ein gong inn rundt år 2000 inn sine memoarar frå barndomen på Nordfodno og livet sitt generelt. I alt er det kring tre timar med materiale, som me har delt opp i fem ulike delar. Her er andredelen der Ingolf held fram å fortelja om ungdomsåra sine på Nordfodno, og mykje om livet på sjøen med fiske og handleturar til Fitjar i alt slags vêr.

007: Ingolf Bukkøy fortel - del 1 av 5 18.01.2024

Ingolf Bukkøy (1932 - 2009) spelte ein gong inn rundt år 2000 inn sine memoarar frå barndomen på Nordfodno og livet sitt generelt. I alt er det kring tre timar med materiale, som me har delt opp i fem ulike delar. Her er første delen der Ingolf snakkar om dei yngste barneåra sine på Nordfodno og åra under krigen.

006: Intervju med Helmik Volden frå 1984 03.01.2024

22. februar 1984 gjorde Signe Lunestad eit intervju med Helmik Volden (25. mars 1902 - 5. juni 1988). Han fortel om barndomen på Vodl og Fitjar og mykje om tida til sjøs på rutebåten mellom Fitjar og Bergen, mellom anna soger frå krigen og eit møte med tyskarane. Helmik var gift med Jenny (Klubben) (1910-1998) og dei hadde ein son.

005: Intervju med Sjur Aarskog frå 1977 27.12.2023

Dette korte intervjuet vart gjort av Signe Lunestad med Sjur Aarskog (86 år gammal) hausten 1977. Sjur var gift med Ingeborg (Nesbø) og hadde ti born, og det er mange Aarskog-ar som er etterkomar etter han, inkludert Malvin Aarskog. Han fortel her om potetfarten til Bergen og litt om jordbruk, før opptaket verkar å stoppe ved eit uhell.

004: Intervju med Sara Rydland frå 1977 20.12.2023

Sara Rydland (92 år) vert intervjua av Signe Lunestad hausten 1977. Ho var fødd i 1885 som Sara Haugland og voks opp på Klokkargarden på Fitjar som yngst av ein syskenflokk på 15. Foreldra var begge postopnarar, ei rolle som Sara tok over i 1920. Sara var gift med Knut J. Rydland, som var styrar på amtskulen på Fitjar, og dei fekk fire born og har mange etterkomarar etter seg på Fitjar og andre st...

003: Intervju med Katrine Vestbøstad frå 1977 06.12.2023

14. november 1977 intervjua Signe Lunestad den 80 år gamle Katrine Vestbøstad (1896-1982). Ho hadde ikkje etterkomarar. Katrine arbeidde på Meieret på Fitjar i mange år og far hennar, Knut Andreas Vestbøstad hadde butikk her fram til 1933.

002: Intervju med Jenny Waage frå 1977 22.11.2023

Signe Lunestad intervjua i oktober 1977 den 85 år gamle Jenny Waage (f. Kvarven 1892, d. 1987). Ho var gift med Lorentz Waage. Dei budde i Brandasundet og hadde i alt ni barn, mange barnebarn og oldebarn på Fitjar. Fitjarminne Podkast er sponsa av Fitjar Kraftlag.

001: Intervju med Anton Tangen frå 1977 04.11.2023

Signe Lunestad intervjua i desember 1977 den 91 år gamle Anton Tangen, som fortel om barndommen, oppveksten, skeising og butikkdrift, ispedd litt revytekstar, munnspelspeling og ein song. Fitjarminne Podcast er sponsa av Fitjar Kraftlag.

Listen to the Fitjarminne podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.