Jens Thoresen
Bibelpoden
Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.
Author
Jens Thoresen
Category
Podcast website
Latest episode
Jun 14, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
"Den gode del", tale i Kristkyrkja 23.april av pastor Jens Thoresen 23.04.2023 33:44
Å lytta til Jesus Kristus er det einaste som strengt tatt er naudsynt her i verda, og definert av Jesus som "den gode del" i livet.
Lat di miskunn vera mi trøyst 18.04.2023 5:45
Når me speglar liva våre i Guds lov, blir me audmjuke. Då er me komne i posisjon til å ta imot nåde.
Han som bar Kristi kross 07.04.2023 28:45
Simon frå Kyrene visste det ikkje då, men han skjøna det sidan at å få bera Kristi kross var ei stor ære. Men viktigare enn at han bar krossen for Jesus, var det at Jesus bar syndene hans, og dine og mine.
Guds lover er meir verdfulle enn gull og sølv 27.03.2023 5:50
Guds lover er meir verdfulle enn all verdas rikdom. Hadde alle respekterte desse lovene, ville det ha vore meir enn nok sølv og gull til alle.
Det var godt at du audmjuka meg 23.03.2023 6:52
Salmisten hadde vorte utsett for falske skuldingar. Det gjorde vondt. Han vart audmjuka. Då var Herren hos han med sin nåde.
Herre, eg løftar mi sjel opp til deg 19.03.2023 31:36
Desse versa i salme 25 femner store deler av kristenlivet. Det vil du få eit inntrykk av gjennom denne talen.
Kvifor er det så viktig å vera audmjuk? 17.03.2023 5:51
Når Gud audmjukar oss, gjev han oss sunn og sann sjølvinnsikt. Berre når me er sanne med oss sjølve, er me mottakelege for Guds nåde.
Herre, jorda er full av di miskunn 11.03.2023 5:19
Guds miskunn blir formidla til verda gjennom Guds kyrkje
Midt på natta står eg opp og prisar deg 07.03.2023 5:36
Lovlause manglar ikkje lover, dei har berre erstatta Guds lover med sine eigne
Ver meg nådig, slik du har sagt 06.03.2023 5:36
Salmisten ber om Guds velvilje. Det er eit anna uttrykk for Guds nåde. Han har vike av frå Guds veg, og når han ser det, regulerer han straks livet sitt slik at alt blir rett og sant. Slik er han eit førebilete for oss alle.
Herren er min arvedel 04.03.2023 4:51
Alle som trur på Jesus er Guds barn og Kristi medarvingar til det evige riket. Men den store arven, Herren sjølv, får me når me kjem til tru.
Fred frå Gud 26.02.2023 35:51
Gud vil at du skal ha ein djup fred i han. Då må du først ha fred med han, vera ein sann kristen, eit Guds barn. Då blir du eit Kristi vitne, og når du vitnar om Jesus, vekker du motkrefter. Men har du fred med Gud og Guds fred i hjarta, då blir du uovervinneleg i den kampen du kjempar for å fri dine medmenneske ut av djevelens makt.
Dine føreskrifter er mine songar 24.02.2023 9:46
Salmisten opplever at folk hånar han fordi han hevdar at Guds ord er sant og gyldig for alle menneske. Men han vik ikkje av likevel. Han går ikkje på kompromiss. Og Herren trøystar han gjennom sitt ord, og fyller han med sang.
Ditt ord held meg i live 20.02.2023 6:25
Det hender at Gud talar veldig spesielt til kvar enkelt av oss, og gjev oss ord som er veldig personlege. Det skaper tru, glede og oppdrift.
Eg frydar meg over dine bod 13.02.2023 4:46
Guds lover reflekterer Guds kjærlege vesen, difor vil alle som elskar Gud ut frå hans vesen, også elska lovene hans.
Salme 119,46 12.02.2023 5:30
Mektige kvinner og menn har like stort behov for frelse som alle andre, og Gud har sin eigen plan for korleis han skal nå dei.
Før meg ut i ope landskap 09.02.2023 8:46
Guds lover er gode, og nøye tilpassa menneskelivet. Dersom me følgjer dei, blir me lukkelege. Lever me i konflikt med dei, blir me like sikkert ulukkelege menneske.
Herre, lat di miskunn koma til meg 03.02.2023 10:30
Når Bibelen snakkar om frelse, snakkar han ikkje berre om tilgjeving for synd, men også om berging frå alle dei vonde konsekvensane som kjem av synda, inkludert spott frå andre menneske.
Bryllaupet i Kana 29.01.2023 25:10
Jesus er forvandlingens meister. Han kan forvandla vatn til vin, men enno betre: han kan forvandla folk, og alltid til noko betre.
Gud er kjærleik 22.01.2023 39:52
Gud demonstrerte sin kjærleik mot oss ved at Kristus døydde for oss medan me enno var syndarar. I Kristus har me samfunn med Gud og tilgang til hans trune.
Gje meg liv i di rettferd 22.01.2023 10:50
Når me bøyer oss for Guds lover, og sannar syndene våre, då er det liv og frelse å henta hos Gud.
Bøy hjarta mitt mot dine lovbod 18.01.2023 7:55
Me menneske har ein dragning mot det som kan gje oss ei forteneste. Men slikt kan ikkje få styra livet til ein kristen.
Håpets Gud 08.01.2023 40:12
Vårt håp som kristne er 100% knytta opp til den oppstandne Jesus Kristus. Ja, det står rett ut at Kristus er vårt håp, og fordi han det er 100% sikkert at han lever, er vårt håp også 100% sikkert.
Du har gjort hjarta mitt stort 06.01.2023 6:11
Det hender me møter kristne som er varmare og har ein større iver enn andre. Det er forfriskande og fornyande. Det handlar denne refleksjonen om. I bønnedelen møter du dei marokkanske arabarane i Marokko.
Reis meg opp, slik du har sagt 05.01.2023 10:20
Mykjer av det eg las i dette avsnittet førte tankane mine til historia om Jesu liding, død og oppstode.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.