Jens Thoresen
Bibelpoden
Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.
Author
Jens Thoresen
Category
Podcast website
Latest episode
Jun 14, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Fem talande møter mellom Jesus og Simon Peter 09.09.2023 1:00:38
Simon Peter hadde sine "ups and downs" i kristenlivet. Men til slutt vart han ein tenleg reiskap for Jesus og Guds rike.
Fire måter å tilnærma seg Gud på, berre ein av dei fører fram. 09.09.2023 58:46
Talen handlar om spirekrafta i Guds ord, og om ulike måtar me menneske tek imot Guds ord på. Dette relatert til såmannslikninga.
Guds ord til vår tid 08.09.2023 57:52
Her kan du høyra kristen undervisning av uvanleg høg kvalitet.
Dine ord gjev lys når dei opnar seg 06.09.2023 7:49
Når me les Bibelen, er me heilt avhengige av at Jesus forklarar ordet for hjarto våre. Difor er det viktig å be før du les om at han må koma deg til hjelp.
Det er tid for å gripa inn, Herre! 04.09.2023 7:28
Det er viktig at folk med makt i samfunnet anerkjenner Guds lover og rettar seg etter dei. Gjer dei ikkje det, innfører dei destruktive retningslinjer for korleis folk skal leva og samfunnet byggjast.
Sæl er den som Herren ikkje tilreknar skuld 28.08.2023 28:36
I denne talen prøver eg å setja versa i Salme 32 i samanheng med kvarandre til ein samla bodskap. Salma er svært sentral i Bibelen, og ligg til grunn for grunntankane i Romerbrevet 4 i Det nye testamentet.
Gå god for din tenar, så det går han vel 12.08.2023 5:47
For å seia ja til oss, måtte Gud, vår gode Far, seia nei til Jesus
Salme 119,115-119 09.08.2023 7:37
Guds lover er sanne og gode. Han vil vraka alle som vrakar dei. Det er eit visst alvor over det.
Tale i Kristkyrkja 6.august 2023 06.08.2023 28:35
Teksten som det her blir talt over er Salme 103,1-5. Denne handlar om gode grunnar til å lova og prisa Herren, vår Gud, og den effekten lovsongen har på liva våre.
Du er mitt vern og mitt skjold 17.07.2023 6:16
Salmisten åtvarar lesaren mot å leva dobbeltliv. Så mange kristne leiarar lever i skjult synd på privaten medan alt ser rett og godt ut i det offentlege. Å forkynna ein standard for andre, og ha ein lågare standard for sitt eige liv, er vegen ut av samfunnet med Gud og Guds rike.
Gjev meg liv slik du har sagt i ditt ord 02.07.2023 11:13
Ingen kan produsera åndeleg liv, det må me få frå Gud, og det blir gjeve til dei som audmjukar seg og ber om det.
Salme 119,105-106 29.06.2023 6:32
Guds ord lyser for oss slik at me ser kor den rette vegen går, den som endar opp hos Gud.
Guds ord er søtt som honning 27.06.2023 6:58
Guds ord er mat for sjela og ei kraftkjelde for trua og livet, og i dag fokuserer med på ordet sin utrustande verknad.
Du gjer meg klokare enn dei gamle 24.06.2023 5:32
Når me er lydige mot Guds ord, blir me kloke kristne. Lever me i ulydnad, blir me ukloke kristne.
Kva var det nye som Kristus kom med? 19.06.2023 19:02
Tale over Jesaja 43,18-21 der Herren lovar Israel å gjera noko nytt. Kva var dette nye? Den Heilage Andens kraftfulle nærvær i alle Jesustruande menneske, og så lenge me drikk av denne velsigninga, vil nytt liv bli skapt rundt oss. Folk blir dregne til Gud, tilgjevne, atterfødde og fylte av Anden, og så skjer det nye igjen med nye folk.
Di lov gjer meg visare enn mine fiendar 16.06.2023 9:33
Den som forkynner Guds lov og vilje må rekna med stor motstand i ei fallen verd. Det er ikkje minst aktuelt på ei tid som dette.
Kort pinsebodskap 28.05.2023 6:20
I denne vesle refleksjonen legg eg vekt på dette med tilgjengelegheit. At evangeliet om Jesus etter første pinsedag er blitt gjort tilgjengeleg for alle jordas folk, og at alle kristne har fått tilkgang til Guds kraft.
Salme 119,89-91. Herrens ord står fast i himmelen 24.05.2023 7:08
Me lever i ei tid då ting endrar seg fort på mange områder. Det er lett å bli svimmel. Men Guds ord står fast, og alle som står fast i Guds ord, står også fast.
Tale 21.mai av pastor Jens Thoresen 24.05.2023 31:18
Å vera kristen er å elska og tilbe Jesus, ikkje å oppføra seg fint og kunna uttrykka kristne meiningar
Pålitelege er alle dine bod 20.05.2023 8:22
Offensive og frimodige kristne får mange motstandarar, særleg dersom dei hevdar at Guds lover faktisk er gyldige for alle mennesker. Slikt kan resultera i ulike grader av forfølging. Det skaper bekymringa for korleis framtida vil bli. Men Gud ber oss om å ta ein dag om gongen.
Noreg, Gud og kristendomen 17.05.2023 30:26
Her får du vita kvifor demokrati berre fungerer i nasjonar som er bygd opp på kristne verdiar, og der Gud vert teken på alvor.
Jesu likning om farisearen og tollaren 14.05.2023 20:05
Dersom me nedvurderer våre medmenneske er det eit symptom på at Gud ikkje bur i oss, eller at han er på veg ut av liva våre. Gud nedvurderer ingen, men bøyer seg ned for å løfta opp alle som ligg nede.
"Eg tærest bort av lengsel etter di frelse!" 05.05.2023 6:40
Guds frelse kjem med Guds ord. Når Gud talar, kjenner me oss adresserte, og lyder me hans ord, blir me frelste, om det er frå synd eller ut av ein eller annan vanskeleg situasjon
Lær meg å halda boda dine av eit heilt hjarta 29.04.2023 4:57
Å halda Guds bod av plikt har sin verdi. Men berre når me held dei av hjarta, vil folk sjå Gud i oss.
Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva 27.04.2023 4:57
Gud fører oss ut i vanskelege ting for å utdanna oss til sjelesørgarar.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.