Jens Thoresen

Bibelpoden

Religion NO ↓ 350 episodes

Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.

Author

Jens Thoresen

Category

Religion

Podcast website

www.kristkyrkja.no

Latest episode

Jun 14, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Advent 2023. Dag 21. Rettferdssola 21.12.2023

Rettferdssola er eit uttrykk som me finn om Jesus i Malaki 4,2. Det er eit beskrivande uttrykk. Han seier sjølv at han er verdas lys.

Advent 2023, dag 20 20.12.2023

Job såg i si ånd 2000 år før Jesu fødsel at han skulle koma og løysa han ut frå synd, skuld og skam, og for å overvinna døden.

Advent 2023. DAG 18 18.12.2023

I dag snakkar eg om betydninga av at Jesus vart fødd i Efrata, landskapet utanfor Betlehem, der gjetarane var med flokken sin.

Advent 2023. Dag 16 16.12.2023

Dagens hovudtema: Jesu universelle herredøme

Advent 2023, dag 15. Fredsfyrsten 15.12.2023

Jesus skapte fred mellom himmel og jord, og etablerer sin fred i alle truande sine hjarto.

Advent 2023, dag 14 14.12.2023

Kva betyr det når Jesus vert kalla Evig Far. Det prøver eg å svara på her.

Advent 2023. Dag 12 12.12.2023

Kva tyder det at Jesus er Veldig Gud? Det er dagens tema.

Advent 2023. Dag 11. Underfull rådgjevar 11.12.2023

Jesus er den beste rådgjevar både når det gjeld personlege, private saker og i dei store politiske sakene, ja, innafor eitkvart samfunnsfelt.

Advent 2023. Dag 9 09.12.2023

Maria sa ja til Guds kall om å bli Jesu mor. Med sitt ja endra ho heile verdshistoria. Det er sterkt å tenkja på kva godt som kan skje når eitt menneske seier ja til Guds kall.

Advent 2023. Dag 8 08.12.2023

"Herreveldet kviler på hans skuldrar."

Advent 2023, dag 6 06.12.2023

For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven

Advent 2023, dag 5 05.12.2023

Kristus bur i alle som trur på han, slik at dei påverkar menneska dei har rundt utan å anstrenga seg for å vera påverkarar, og dei formidlar alltid lys og håp.

Advent 2023. Dag 4. Advent og misjon 04.12.2023

Evangeliet kjem med frelse og framtidshåp til alle menneske i alle nasjonar.

Advent 2023, del 2 03.12.2023

I Edens hage på den mørke dagen då Adam og Eva synda mot Gud, kom Gud til dei og tente ei stjerne av håp.

Advent 2023. Del 1 02.12.2023

Adventstida er eit utdøyande fenomen for dei fleste. Men i den kristne kyrkja ventar me på at Jesus skal koma attende for å dømma levande og døde, og skapa ein ny himmel og ei ny jord. Advent handlar om håp.

Kven er Jesus? 19.11.2023

Jesus er veldig Gud, evig Far, Fredsfyste, den førstefødde av dei døde, Guds ord, Livsens brød, Guds offerlam, Guds Son, Menneskesonen, verdas lys osv.osv. Historias mest unike person, det er det ingen tvil om. Og det store er, all sin personlege rikdom deler han med alle som vil ta imot.

Salme 119,149-152 13.11.2023

Guds lover er livgjevande på den måten at når me lever etter dei, aukar me sjansane våre til å leva gode liv, og ikkje minst at me vil garantert gjera livet betre for andre.

Jødiske høgtider i kristent perspektiv 06.11.2023

Svanhild Jakobsen går gjennom dei store høgtidene i jødedommen, og dreg linjer fram til evangeliet om Jesus og det kristne livet. Drivande interessant.

Sjå, eg gjer noko nytt. Tale i Zoar 29. oktober 30.10.2023

I Kristus kom Gud som menneske. Det var nytt. Då Jesus døydde, vart syndene våre tekne bort for evig, det var nytt, då han stod opp att, var døden for overvunnen for alle, det var nytt, i den gamle pakt var Guds rike avgrensa til Israels folk, no var alle velkomen inn, det var nytt, og på pinsedag kom Anden og grunnla kyrkjelyden som eit splittert nytt fellesskap, og tok han bustad i kvar enkelt k...

Salme 119,145-148 24.10.2023

Å ta vare på Herrens forskrifter er ikkje berre å forfekta dei, men å leva etter dei av eit villig hjarta.

Di rettferd er alltid rett 17.10.2023

Sanninga og rettferda er objektiv. Det er ingenting som heiter mi sanning eller di sanning. Me kan ha ulike meiningar, men Sanninga er heva høgt over alle meiningar som folk har. Det handlar for den enkelte av oss å koma så nær sanninga som mogeleg når me formar meiningane våre, og Sanninga finn me i Bibelen.

Herrens ord er meir verdfullt enn det reinaste gull 14.10.2023

Kva er det som gjer Guds ord så verdfullt? Det er den krafta det har til å frelsa menneske frå synd, skuld og skam, formidla liv frå Gud og løfta folk ut frå vondskapens maktområde.

Gjer mine steg faste 12.10.2023

Livet er ei vandring, og målet er himmelen, og skal me nå fram må me følgja Jesus resolutt, og ikkje tillata urett å få makt over oss

Rikdomen som me har fått til forvaltning 10.10.2023

Fordi Jesus og hans frelse har ein så høg verdi, også bodskapen som bringer oss inn i fellesskapet den største av alle skattar. Denne rikdomen kom til oss utan at me hadde bestilt han, og har me teke imot han, er det vårt kall å dela han med våre medmenneske. Det er slik Guds rike breier seg ut over i verda.

Apostelen Peter del 2 10.09.2023

Alv Magnus talar her om kven Peter var i utgangspunktet, og kva Jesus fekk gjort han til. Om oppturar og nedturar i Peters liv. Om korleis han reiste seg og vart ein kristen leiar av enormt format.

Listen to the Bibelpoden podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.