Jens Thoresen

Bibelpoden

Religion NO ↓ 350 episodes

Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.

Author

Jens Thoresen

Category

Religion

Podcast website

www.kristkyrkja.no

Latest episode

Jun 14, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Eg frydar meg over dine lovbod 04.01.2023

Når me hevdar Guds lover, blir me eit problem for folk, og me får problem med folk. Då er det viktig å kvila i Guds ord og ha fokus retta mot Jesus. 

Eg er ein framand på jorda 30.12.2022

I dagens podkast kan du høyra om kor avhengig me er av at Gud opnar Skriftene for oss, anten det er rett forståing av Guds lover eller hans løfter. Så ber me for fulanifolket i Nigeria, eit frontierfolk som er heilt avhengig av ekstern misjon for å bli frelst.

Guds ord til alle på alle språk 29.12.2022

Først ser me på kjernebodskapen i Johannes 1,1-14, så ber me for alle som overset Bibelen til nye språk slik at dei kan bli kjent med Jesus og begynna å tru på han, verdas frelsar. 

Velg det gode 23.12.2022

I denne episoden reflekterer eg over Salme 119,15-17, og leider i bøn for Zambia

Guds ord har større verdi enn all rikdom 21.12.2022

Guds ord har verdi på fleire måtar. Det fører oss til Gud, var skapar og Far, som er opphav til all rikdom, det kommuniserer Guds vilje til oss og dersom folk flest respekterer Guds lover, om enn berre i det ytre, sparar samfunnet enorme verdiar.  I dag ber me for Jemen, det krigstrøytte landet sørvest på Den arabiske halvøya. 

Korleis halda stien sin rein? 19.12.2022

Å halda stien sin rein er å leva slik at ein alltid har det rett med Gud og sin neste, at ein lever som eit ærleg og rettsindig menneske. Det kan me ikkje gjera utan å kjenna Guds ord og ha Den Heilage Ande. 

Gjer mine steg faste 16.12.2022

I denne episoden går eg gjennom fem vers frå Salme 119 som handlar om å vera heilhjarta og ærleg i all si ferd, og at Guds gode bodord er perfekt tilpassa menneskelivet slik det eigentleg er. Å følgja dei gjev stor gevinst. Så innheld episoden bøn for dei arabisktalande arabarane i Algerie, det stakkars landet Venezuela og ein forfølgd baptistleiar i Myanmar som heiter dr. Samson. 

Sæl er den som er heil i si ferd 14.12.2022

Å vera sæl betyr å vera lukkeleg samstundes som du er frelst. 

Salme 118,25-29. Bøn for Uruguay og for jødane i landet 12.12.2022

Dei versa eg reflekterer over i denne episoden avsluttar Salme 118, og med det den såkalla "Lovsongen" (Salme 113-118) som jødane song i samband med feiringa av påskemåltidet. Denne må Jesus ha sunge før han gjekk ut i natta for å møta bødlane sine. Han song: "Gje frelse, Herre, lat det lukkast!" Og så gjekk han ut og fullførte frelse for alle. 

Kva Abraham høyrde, trudde og gjorde 11.12.2022

Kristendomen starta med Abraham. Dersom me trur som den truande Abraham, er me kristne. Det les me ut av Galaterbrevet. Heilt frå starten har den kristne trua våre ei global rørsle. Gjennom Abraham og hans etterkomarar ville Gud velsigna alle verdas folkeslag. Det har skjedd, men målet er enno ikkje nådd fullt ut. Å vera kristen er å vera ein globalist fordi den Gud som bur i oss er nettopp det. O...

Eg skal leva og fortelja om Herrens gjerningar 08.12.2022

Hensikten med Guds frelse er ikkje berre å få oss inn på trygg grunn, men også det å gje oss ein bodskap å gå til verda med. 

Salme 118,15-16 06.12.2022

Det er i den lokale kyrkjelyden at Herrens hand er synleg. 

Midt i krigen 30.11.2022

Denne episoden handlar om kampen me kristne står i, og så kan du vera med i ei bøn for aringafolket i Uganda

"Herre, hjelp!" Verdas mest effektive bøn. 28.11.2022

I tillegg ber me i dag for alle turkmenarar i Turkmenistan og andre stader i verda, og for indiske kristne som stadig er utsette for innskrenkingar i trusfridomen.

Det er normalt at kristne er lukkelege 27.11.2022

Jesus brukte ordet "sæl" eller "salig" då han skulle fortelja sanninga om oss kristne. Dette er eit sterkt ord for lukke. 

Evig varer hans miskunn 23.11.2022

Guds miskunn skal proklamerast til alle av alle som ved trua på Jesus tilhøyrer Herren. I denne episoden ber me for Tonga og Trinidad og Tobago.

Salme 117. Bøn for Togo og Kotokoli 21.11.2022

Salme 117 har dette overraskande globale perspektivet som mange salmer i GT har. Også i GT handlar det om frelse for heile verda.

"Han har løyst mine lenker" 17.11.2022

Episoden innheld 4 min med bibelundervisning og 9 minuttar med bøn for Lier kommune, Tanzania og Zaranofolket i Tanzania

Eg løfter frelsens beger 14.11.2022

Dersom det vonde i verda motbeviser Guds eksistens, må det gode i verda bevisa Guds eksistens. Kor er me då?

Herren er nådig, rettferdig og barmhjertig 10.11.2022

I Kristus er syndene våre tatt bort, og Guds godleik kan uhindra fløyma over alle som trur.

Herren høyrer bøner frå folk i stor naud 09.11.2022

Salmisten var døden nær. Han ropte til Herren, og vart berga ut av dødens famntak.

Kven seier folk at Menneskesonen er? 06.11.2022

Peter svara: Du er Messias, den levande Guds Son.  Din identitet er nær knytt til korleis du ser på Jeshua Messias.

Herren er vår hjelp og vårt skjold 04.11.2022

Som son av Gud og menneske, har Jesus vunne seg rett til all mekt i himmel og på jord

Den levande Gud 03.11.2022

Gud uttrykker seg gjennom sine barn

Refleksjon rundt Salme 115,1 02.11.2022

Menneske jaktar på ære. Men kva har me som me ikkje har fått? All ære til Gud!

Listen to the Bibelpoden podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.