12 Poeng

12 Poeng

Music NO ↓ 103 episodes

Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!

Author

12 Poeng

Category

Music

Podcast website

www.12poeng.no

Latest episode

Mar 27, 2025

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Portugal 2021: The Black Mamba - Love is on My Side 10.05.2021

Portugal har tradisjonelt levert tradisjonelle portugisiske greier på portugisisk, og så sender dei altså sitt aller første heil-engelske bidrag i år. Med tekstinspirasjon frå ein nederlandsk sex-arbeidar. Wowza. Og til Hanne si store glede viser det seg at Lars produserer ei overtydande Macy Gray-etterlikning. Vi seier dessutan takk for i år til Kanne Kalse, takk for samarbeidet så langt og velko...

Romania 2021: Roxen - Amnesia 09.05.2021

Stemmer det at dette ikkje er første gongen vi brukar ein ikkje ubetydeleg del av podcasten til å snakke om den kortliva såpeserien Sunset Beach utan grunn? Føler det har skjedd før. Og Hanne har litt problem medd å skilje mellom Billy og Stomperud, noko som heller ikkje har så mykje med det rumenske bidraget å gjere. Kan det vere at bidraget ikkje stimulerer til sakleg samtale, eller ligg problem...

Storbritannia 2021: James Newman - Embers 07.05.2021

Men kvifor er United Kingdom og Great Britain begge oversett med Storbritannia?! 

Russland 2021: Manizha - Russian Woman (Русская женщина) 05.05.2021

Hanne avslører at ho er Jevgenij Pljusjtsjenko-fan, vi kranglar litt om det er Lazarov eller Lazarev og lærer om Tajdsjikistan. Dessutan er vi woke SJWs som tek eit tydeleg standpunkt mot konebanking og for kvinners rettigheiter. 

Australia 2021: Montaigne - Technicolour 03.05.2021

Den n-te 2020-artisten i årets finale sender noko ganske anna enn i fjor, og Hanne endeleg får den glimen i augo som antyder meir enn seks poeng. Men held det til toppscore? Pluss alle dei australske klisjeane framført med utruleg lite overtyding, sjølvsagt.

Sverige 2021: Tusse - Voices 02.05.2021

Eks-mannen vår austanfor har surfa på ei årelang topp 10-bølge, og leverer årvisst glatte og lettlikandes låter som lurer seg inn i dei europeiske juryhjarte, men dei siste åra har tendensen vore svært låge publikumspoeng. Har vi som publikum fått nok av låtskrivarteam på storleik med ein middels ungdomsskule, og hjelper det å sende ein sjarmerande russ med underdog-historie når låta er så... sven...

Nederland 2021: Jeangu Macrooy - Birth Of A New Age 30.04.2021

Vi skal til vertsnasjonen, som tradisjonelt nok ligg i nedre del av bettinglistene, men fortener dei pes i år? Lars er forkjøla, så episoden er litt forseinka, og de får dessutan gleden av å høyre han slafse på ein Fribol. Neida. Det måtte klippast ut, så episoden er endå meir forseinka. Helsingvis er Hanne og Kanne i betre form, så vi får siste nytt pluss vill gjetting rundt beliggenheita til Sur...

Slovenia 2021: Ana Soklič - Amen 26.04.2021

Årets andre Amen kjem frå landet som har gitt oss klassikarane Sebi , Energy og Hvala, Ne! , men kan Ana måle seg med desse? Har gospel ein plass i ESC? Kjem Vasil til å grine av si eiga framføring av Here I Stand ? (Garantert!) Bli med dine favoritt ESC-nesten-nerdar til Slovenia og omegn!

Hellas 2021: Stefania - Last Dance 22.04.2021

Greier vi å presse inn ein Finn Schau-referanse i ein podcast om årets greske bidrag? Den som høyrer får... høyre! Og Kanne Kalse er ute av karantene igjen, så ver budd på siste nytt.

Sveits 2021: Gjon's Tears - Tout l'univers 19.04.2021

Ein av mange andra chansen-artistar i år diskar opp med nok ein ballade større enn livet sjølv. Like stor som heile universet! Bli med på ei reise gjennom heile ESC-historia gjennom gleder og (dei siste 20 åra stort sett) sorger for konkurransens O. G. vinnar Sveits. Og kos deg med vår franskkompetanse som er, i mangel av betre skildringar, tres bien .

Austerrike 2021: Vincent Bueno - Alive 15.04.2021

Mykje bra kjem frå Austerrike - Kommisar Rex, vals og etternamn med to konsonantar på slutten, for eksempel. Og Vincent er jo bueno, eller? Vi dykkar meir ned i det musikkteoretiske i dag, er det eit format vi burde gå vidare med? Lars er Udo, Hannelore er Liesl.

Aserbajdsjan 2021: Efendi - Mata Hari 13.04.2021

Kva diskar dəi opp məd i år, dəssə asərbajdsjanaranə, som alltid har əin svənskə på lur og ər passələg ətniskə på əngəlsk? Å, dəi stillər məd samə song som i fjor? Spanandə!

Tsjekkia 2021: Benny Cristo - Omaga 07.04.2021

Lars har slipt den skarpe tunga si og Hanne imponerer med uventa tsjekkiske replikkar i aust og vest, eller, berre aust blir det vel. Tsjekkia leverer ung og frisk musikk, er det FOR ungt og frisk for eit aldrande podcastvertskapspar?

Estland 2021: Uku Suviste - The Lucky One 01.04.2021

Vi fortset turneen i det sentrale nordaust-Europa og landar i dag i Estland, songens og strikkekunstens land. All grunn til å vere positiv altså! Men greier dei å leve opp til klassikarar som Rändajad og Kuula i år? Og held det å heite noko Åge-liknande for at Hanne skal like songen din?

Polen 2021: Rafał - The Ride 30.03.2021

Den polske ESC-historia toppa seg tidleg og har vore jamnt under middels ei stund. Kan årets bidrag løfte landet opp frå den evige 17.-plassens dal? Også i denne episoda: Kanne Kalse viser seg å ha fleire sider enn vi trudde.

Malta 2021: Destiny - Je Me Casse 26.03.2021

Vi prøver oss på maltesisk, det går dårleg. Ikkje bruk oss som maltesisk-kurs. Malta prøver seg på seier i år, mange veddemålsekspertar held det for sannsynleg. Kva seier ekspertane i 12 Poeng?

Moldova 2021: Natalia Gordienko - Sugar 21.03.2021

Ein suggererande song frå Moldova i år, og den mest sexy sendinga av 12 Poeng på lenge, kanskje nokonsinne! Se bildene! I hovudet ditt, dette er ein podcast.

Georgia 2021: Tornike Kipiani (თორნიკე ყიფიანი) - You 18.03.2021

Hanne er litt av ein spøkefugl i dag (også)! Korleis trur de Lars reagerer? Og kva med Georgia, då, dei som alltid sender noko annleis og spanande, kva har dei funne fram til oss i år? Litt sånn lotto med land som liker å skilje seg ut... Pluss sjokkerande nyhende frå Europas (mellombels) siste diktatur, Kviterussland.

Kroatia 2021: Albina - Tick Tock 16.03.2021

Bli med Hanne og Lars både inn i ein draum og ut på ein jomfrutur!

Spania 2021: Blas Cantó - Voy a quedarme 08.03.2021

Morsmålpoeng ja, velproposjonerte trekk ja, bra falsett ja, men held dette for den lengsttapande nasjonen i Europa? Bør Spania setje inn eit ekstra gir snart, eller er 62+ år mellom kvar siger greitt nok for eit land som ikkje treng å delta i semifinaler? 12 Poeng tør å stille dei vanskelege spørsmåla. Og snakke dei vanskelege språka.

Litauen 2021: The Roop - Discoteque 05.03.2021

Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/ Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/ Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss Kva song er det eigentleg denne minner oss om? Lars er rekonvalesent etter sin første koronatest (som var negativ, slapp av, denne podcasten er smitt...

Tyskland 2021: Jendrik - I Don't Feel Hate 02.03.2021

"Overraskande" nok har vi også denne gongen mykje å seie på artistnamnet - Tyskerane har i år tydelegvis sendt ein artist frå Moltustranda. Hanne har meiningar om nasjonale finaler. Lars er så og seie Justin Timberlake.

Kypros 2021: Elena Tsagrinou - El Diablo 27.02.2021

Vi mimrar over bryllaupsreisa til Kopar-øya, dreg ein god del overtydelege parallellar til Lady Gaga og undrar oss over at alle kypriotar heiter Eleni, tydelegvis. Og viss du lurte er Hanne IKKJE ferdig med Tix-kontroversen.

MGP 2021 delfinale 5 11.02.2021

12 poeng kan avsløre etter grundige undersøkingar at Carina Dahl ≠ Steinar Albrigtsen. Dessutan går vi vidare i føljetongen om Telemark og Grenland. Spanande greier. Og for første gong litt jazzprat, det var på tide... Skal tru om desse delfinalene er ferdige snart?

MGP 2021 delfinale 4 04.02.2021

Diskusjonen går frå norske komiseriar via Grenland til Rune Rudberg sin tiss. Journalistikk på sedvanleg høgt niveau frå 12 poeng denne veka, fire nye semifinalistar og ei lokal finaleklar dame. Dette er grunnen til at vi tener dei ingen pengane på dette!

Listen to the 12 Poeng podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.