12 Poeng

12 Poeng

Music NO ↓ 103 episodes

Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!

Author

12 Poeng

Category

Music

Podcast website

www.12poeng.no

Latest episode

Mar 27, 2025

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Mjuk start 27.03.2025

Vi rawdoggar første episode og kjem med våre udokumenterte og uopplyste meiningar og dei fire første landa i ESC 2025. Vi startar oss i varmare strok og besøker Albania, Slovenia, Montenegro og Hellas. Marvin Wiseth (katten, ikkje ordføraren) er gjest.

Topp 12 frå 12 Poeng 06.05.2024

No snakkar vi! -24 er eit sterkt år, og no kjem vi til crême de la crême, inkludert eit overraskande antal frå dei fem store, og eit ikkje overraskande antal estiske bidrag.

Heilt middels 05.05.2024

Spørsmålet er: Er det mest keisamt å høyre på noko vi ikkje likar, eller noko som er litt sånn meh? Hanne og Lars går gjennom 24.-13. plass på årets rangeringsfasit, og så kan de sjølve vurdere kva som er mest provoserande. Og hugs: Vi har rett, og de tek feil, med mindre de er samde med oss.

Brejnn i dass! 04.05.2024

Vi tel ned årets 36 bidrag, og byrjar sjølvsagt på botnen, der vi i år finn mykje badedrakt og kahoinkers. Kven stikk av med den tvilsame æra av å vere den mest bedritne songen i år?

Benel... nei, Baltikum 03.05.2024

Seks veker for seint kjem denne episoden, men frykt ikkje, for vi skal likevel rekke å kome gjennom alle bidraga før årets ESC!

The Witching Hour 05.03.2024

Er det ikkje rart at det kvart år dannar seg nokre "tema", tilsynelatande spontant? I starten av kvalifiseringssesongen i år var det påfallande mange heksete songar som melde seg på, og du treng ikkje be Lars to gongar om å støtte den trenden! Men er Hanne like entusiastisk? Hint: Det norske bidraget ER Trondheimsbasert, og det let som regel bra i eit par øyre frå Nardo.

Sjela ligg i puppane 14.02.2024

Hanne har tydelegvis blitt bestefar sidan sist, og Lars sympatiserer med Erdoğan. Har podcastvertane våre gått heilt av skaftet? Følg med, og få litt Albania, Tsjekkia og Frankrike på kjøpet.

Kaukasus og skrikeklem 07.05.2023

Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga. Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og... earwormpop? Sjangervåsalarm og meir livsvisdom frå folk som ikkje er gamle nok til å leige ein bil. Kaukasu...

Las islas bonitas 23.04.2023

Bli med oss på øyhopping når vi besøker små og store på Kypros, Malta og Island på vegen til Liverpool! Hanne lærer oss å lage kokain og Lars har seriøst problem med å hugse sjølv dei enklaste ting. Fekk Hanne lov til å reise på EF Språkreiser som tenåring? Spoiler alert: Nei, så klart ikkje. Vi tek derimot denne episoden som ei språkreise og lærer nye gloser på turen. Saksofon og korps og ein gra...

Nå kommer barnetimen, hysj hysj hysj! 13.04.2023

Vi møter stadig problem i det at vi er så innmari gamle blitt, og vi skjønar ingenting av at deltakarane i ESC no er småungar som vart fødde etter at vi vart vaksne. Vi greier ut om vår djuptgåande kjennskap til Sosiale Media og demonstrerer ei generelt ungdommeleg innstilling. Lars klagar over det verste året i ESC og Hanne er ivrig etter tilbakemeldingar på eigne prestasjonar. Landa vi går gjenn...

Andra chansen 05.04.2023

Nokre får berre ikkje nok av ESC! Vi snakkar om to tilbakevendande artistar, som begge har mykje å leve opp til. Og så miksar vi inn ein enerverande attenåring med ein rotete bodskap. Berre sånn for å bli ferdig med det liksom.

Endeleg skal Rocke-Hanne og Rocke-Lars få! 31.03.2023

Vi handsamar nokre av årets talrike band, og tek i dag for oss dei lengst ute på rockelinja. Ikkje uventa blir det blanda kjensler rundt dette. Hanne Espelid Hovig stiller også med ei lita heimkunnskapsoverrasking! #Tyskland #SanMarino #Australia #ESC2023 #Eurovision #PiñaColada #Alkoholfritt

Den nye podcasten til Sophie Elise. Neida. 17.03.2023

Vi får celebert besøk, og du blir sikkert glad for å høyre at det ikkje er Sophie Elise eller Fetisha, men derimot Marièl og Martin, som er langt å foretrekke spør du oss. Vi snakkar litt om oåoå og Cèline, og deler ikkje synet på finsk techno. Men ellers vil vi karakterisere tonen som gemyttlig, for det meste. #Finland #Käärijä #Frankrike #LaZarra #Monika #Litauen

Frygisk debut 22.02.2023

I dag blir vi presenterte for eit eklektisk utval songar, og før du skriv ein rasande e-post til oss om at vi berre snakka om to bidrag i dag kan vi berolige deg med at joda, du har berre gløymt Irland sitt i midten der. Du gløymde det allereie medan du høyrde det, berre spol tilbake og sjekk, det er der. Kanne Kalse kjem med få og gamle nyhende og møter ein ny kollega. Hotellkapasiteten i Trondhe...

Bakspeil -22 17.05.2022

Vi vurderer årets Eurovisionveke og resultat dagen etter ESC-finalen 2022. Pluss: konkurranseresultat.

Kari og Dylan, siste par ut 09.05.2022

Australia, Norge, semifinale 2 og attpåtil KONKURRANSE. 12 poeng runder av sesong 4 med det som kanskje er den siste episoden, diskuterer livets betydning og gleder seg til Eurovision-uka. Delta i konkurransen DU OGSÅ!

To gode naboar og ein til. 03.05.2022

Sveits, Østerrike og... Romania? står for tur. Etter ein serie oppturar dei siste seks bidraga vi har diskutert må vi dessverre førebu dykk på eit sett som held eit noko meir meh nivå. Men tru ikkje at det stoppar oss frå å vere superunderhaldande. Vi snakkar om kjensler, vi snakkar om nittitalsbandet Mr. President, vi snakkar om tonekjønn, øydelagde scener og Hurtigruta Carglass. Heng deg på i in...

I østen stiger etc. 30.04.2022

Enda ei episode som har ligge på vent i lang tid. Vi har prøvd å fjerne alle referanser til påske, sidan denne vart tatt opp før påske og blir gitt ut veldig, veldig lenge etter påske. Men vi skal besøke aust-Europa i dag i ei av vår meir sjangermessig varierte og -våsete episoder, dessutan litt feil/klønete uttale av namn og anna snacks. Velkommen til Moldova, Polen og Ukraina. Rekn med dei opp-...

Du gamla, du fria etc. 29.03.2022

Vi deler grense med desse tre, men deler vi gleder, deler vi sorger? Deler vi det som betyr noko? Deler vi Eurovisionbidrag? Nei, så klart ikkje! Slutt med det tullet! Deling er for barnehageborn uansett.

Ovo je Balkan 15.03.2022

Ei sunn sjel i ein sunn lekam føreset nok søvn, noko vi absolutt ikkje kan skilte med i denne episoden. Men vi kjem oss gjennom 3/5 av Balkan i dag, og det er Kroatia, Serbia og Montenegro som får prøve seg mot våre kritiske øyre - med blanda hell, kan ein vel seie.

Baltic bitch 07.03.2022

Vi besøker våre naboar i aust, for øvrig kjende for ullgensarar, vottar og andre varme ting, dessutan nydeleg kormusikk, samt ropedama over alle ropedamer, Samanta Tīna. Estland har levert ESC-skattar tidlegare, men Litauen har vakse fram som den neste store aktøren i dette området - kven leverer i år, og kven gjer ikkje? 

Iii! 17.02.2022

Tredje episode, III, tre i-ar. No er vi i gang! Frå aggressiv irsk pønkpop via billig israelsk realitymusikk til nok eit italiensk bidrag som kjem til å blåse mange konkurrentar av banen - her er noko både for dei med og dei utan smak. Pluss ein gjesteopptreden med religiøse svindelforsøk frå middelalderen og Hanne som les opp 60 bidrag i rekkefølge.

Melodi? Grand? Men Prix blir det i alle fall. 15.02.2022

Altså, surmaga har vi vel alltid vore, men i år er det vel ikkje berre oss, eller? Er dette bra nok, NRK? 

Eurovision Song Contest 2021: Debrief 24.05.2021

Bli med på ein lett og ledig peisprat om årets ESC-veke og våre reaksjonar. 

Bulgaria 2021: VICTORIA - growing up is getting old 13.05.2021

Siste song ut i år (i vår tilfeldige rekkefølge) er ei dame utan respekt for store og små bokstavar og deira plass i konvensjonell ortografi. Men ho er desto meir GenX! Lars burde vere glad for at ballader er in, men desse nymotens balladene, er dei noko tess? Dessutan debuterer 12 Poeng med damekorrepertoaret sitt. Hugs å sende inn din profeti for årets topp 26 til podcast@12poeng.no innan 17. ma...

Listen to the 12 Poeng podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.