12 Poeng

12 Poeng

Music NO ↓ 103 episodes

Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!

Author

12 Poeng

Category

Music

Podcast website

www.12poeng.no

Latest episode

Mar 27, 2025

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

MGP 2021 delfinale 2 21.01.2021

Gjensyn med ein (veldig) gammal kjenning, og møte med ein ny venn. Gjensyn med tre unge kjenningar og jammen ein kjenning til, nei dette var triveleg! Og kosestund i koselegaste laget. Te. Ullgensar. Hettegensar i mange fargar. Wow.

MGP 2021 delfinale 1 14.01.2021

Lars har gløymt korleis ein snakkar. Ver budd på nærare ein time med frasene "kva skal ein seie" og "det kan ein seie". Hanne har gløymt korleis ein ler, men prøver seg likevel fleire gongar i løpet av denne første episoden i sesong 3 av 12 poeng. Ver budd på røykedamelatter av høg kvalitet og ein god del ufortent negativitet retta mot dei fire første artistane i MGP 2021. Vel møtt tilbake!

The Grand Final Part 2: Voting 16.05.2020

Finally: The 41 jurors get their say in who will win the 12 Poeng Inaugural and Hopefully Last Makeshift Replacement Contest Audio Only Version 2020! And a very special guest, completing our great Norwegian Legends Interval Act Triad. Enjoy!

Semi Final 1 of The 2020 Grand 12 Poeng Special Replacement Extravaganza 12.05.2020

We listen to the first 17 songs of this year's contest and determine, with the help of an entire continent and more, which ten songs will advance to the final. And for the first time in English! Come for the excitement, stay for the heavy accents and lack of research!

Ukraina 2020 17.03.2020

Vi ynskjer vår gamle ven og nye podcasttema Ukraina tilbake til konkurransen med fleire nittitalsreferanser, meir eller mindre planlagde songinnslag og utruleg dårlege vitsar.

Frankrike 2020 13.03.2020

Dette nydelege dropset frå Frankrike har det kanskje meir i fjeset enn i halsen, men med god svenskehjelp og rikelege modulasjonar må det jo bli ein innertiar, eller? Hanne og Lars viser sine skjønnheitshatande sanne ansikt og laderer stakkars Tom i eit solid kvarter berre fordi han er dødspen. Eller ligg det meir bak? Følg med og sjå.

Litauen 2020 09.03.2020

I ei av våre meir friassosiative episoder er vi innom det meste, frå The Julekalender til den gongen vi ufrivillig øydela karrieren til eit lovande danseband. Alt dette dannar ramma rundt Litauen sitt beste forsøk i ESC på... vel, alltid, kanskje?

Armenia 2020 04.03.2020

Hanne skulle ønske at Lars var freestylerappar. Lars skulle ønske han var litt meir prinsippfast. Athena skulle ønske ho var Beyoncé, men alle kan ikkje få viljen sin heile tida.

Jahn Teigen til minne 29.02.2020

Vi prøver på vårt fattige vis å oppsummere og samanfatte karrieren til den største norske MGP-artisten gjennom tidene. Vi ser på alle bidraga til Jahn Teigen og minnest ei kjempe i norsk musikkliv.

Italia 2020 28.02.2020

Synst DU at MGP er for lite komplisert? Saknar du ein todelt folkejury samt to juryar til? Pluss tre månader med delfinaler for å kåre bidrag som ikkje er med i konkurransen? Synst du det norske demokratiet fungerer for godt? Likar du å bytte statsminister kvar fjortande dag? Då er Italia landet for deg*! *Tilbodet inkluderer innbarka misogynistisk kultur samt ein god del høgreekstremisme!

Latvia 2020 24.02.2020

Kva får du viss du klistrar godterilepper på ei ung Anastacia og skrur volumet til maks samt tida tilbake åtte år? Svaret får du i dagens 12 poeng!

Australia 2020 19.02.2020

Blått hår... Kva blir det neste? 

Spania 2020 13.02.2020

Spania har internutvalgt eit drops av ein mann til årets ESC (lurt), og slepp deretter songen på TikTok (ikkje lurt, det var jo berre flaks at nokon over 14 fekk det med seg). Er Universo bra, eller har Blas Cantó det berre i eksteriøret? Følg med for å få svaret. Spoiler alert: Usemje internt i 12 poeng om kvaliteten på låta! Kven trur du seier bu og kven seier puh?

Albania 2020 09.02.2020

Vi startar for alvor på 2020-sesongen med eit ganske typisk bidrag frå Albania: Ropedame i lakk og lær. Det ryktast at songen skal omsetjast til engelsk, så sans mormålspoeng, er det då noko positivt å seie om Arilena?

MGP 2020 Delfinale 5: Nord-Norge 07.02.2020

Lars byrjar bli trøytt av det som har vist seg å vere ein underveldande MGP-sesong, medan Hanne heltemodig prøver å sjå det positive i "melodiane" frå Nord-Norge. 

MGP 2020 Delfinale 4: Vestlandet 31.01.2020

Vi ynskjer vår første gjest velkommen til 12 poeng og snakkar om nok ei delfinale i MGP 2020. Er denne litt meir nyskapande enn dei førre tre? Hugs å kome med tilbakemeldingar til podcast@12poeng.no eller i talepostkassen vår på https://anchor.fm/12poeng/message

MGP 2020 Delfinale 3: Midt-Norge 22.01.2020

Det er utfordrande å vere vittige podcastvertar med glimt i augo og friske fråspark når det vi har å jobbe med er så inderleg middels. Høyr oss mjaae og njooe oss gjennom dei fire bidraga frå Trøndelagsområdet, akkopagnert av hylande kattar og grinande ungar og send oss gjerne svar på spørsmålet "Kvar finn Sie Gubba kleda sine?" Det er forresten lov å skrive til oss med ris, ros og elles det ein m...

MGP 2020 Delfinale 2: Østlandet 16.01.2020

Til Østerland vill jag fara Där bor allra kärestan min Men det jag inte förtält dig det er att han heter Rein. PS: Vi jobbar med lydkvaliteten, og veit at han framleis er suboptimal. 

MGP 2020 Delfinale 1: Sør-Norge 09.01.2020

Velkommen tilbake til 12 Poeng og denne noko underproduserte hastig laga episoden. Vi skuldar på NRK som PLUTSELEG SKULLE HA MGP I JANUAR og det utan å spesifikt åtvare Noregs beste, fremste og eldste ESC-podcast.  12 Poeng kjem no med enda betre lydkvalitet, men det virtuelle miksebordet vårt har dessverre kutta oss litt av i starten av setningane av og til. Ha tålmod med oss amatørar, det k...

Bonusepisode: Avreagering 2019 07.06.2019

Vi legg ei kontroversiell ESC-utgåve bak oss og reagerer på jurybråk, Feil Låt Vant-påstandar, politiske stunts og eldgamle popstjerner.

Miniepisode: Aserbajdsjan 2019 16.05.2019

Kvifor er Lars misunneleg på Chingiz? Kor gammal er Hanne eigentleg? I denne siste semifinaleminiepisoden får vi svar!

Miniepisode: Nord-Makedonia 2019 15.05.2019

Er alle gode ting tre i ESC? Den Nord-Makedonske artisten har lenger fartstid enn dei fleste andre konurrentane, men er ikkje trommer obligatorisk?

Bonus: Reaksjon første semifinale 2019 14.05.2019

Vår umiddelbare reaksjon etter første semifinale. Kva er det med folk? Estland?

Miniepisode: Noreg 2019 13.05.2019

12 poeng er på heimebane! Fjorårets fiasko rystar oss til denne dag, har det norske folk gjort same tabben i år?

Miniepisode: Russland 2019 11.05.2019

Vi presenterer den hittil lengste miniepisoden med det hittil første lyttarspørsmålet! Kontroversielle utsegn står i kø i denne storpolitiske episoden som dessutan inneheld uventa og upassande caps lock.

Listen to the 12 Poeng podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.