Det Norske Teatret

Språkoppdraget

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk. Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by. Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål. Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gro...

Autor

Det Norske Teatret

Kategorie

Education

Podcast-Website

soundcloud.com

Neueste Folge

25. Jun 2026

Wo hören?

Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbar

Podcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts

Bei Google Play herunterladen Kostenlos installieren Android 5 Mio.+ Downloads · Bewertung 4,8 iOS bald

Folgen

Terje Strømdahl om Pride, Prøysen og Portveien 2 25.06.2026

I denne episoden av Språkoppdraget får du ein meisterklasse i tekst og undertekst av skodespelar og regissør Terje Strømdahl.   Han har jobba med teater, film og TV i ei årrekke, vunne både Heddaprisen og Kritikarprisen, og blitt omtala som eit nasjonalt ikon. Men han er ikkje glad i skryt og komplimentar. Det han derimot likar, er å vere subtilt bitchy på Facebook.   Strømdahl vaks opp...

Marianne Krogh om 50 år i ensemblet og nervane som aldri går over 20.05.2026

Om du har vore på Det Norske Teatret dei siste 50 åra, er sjansen veldig stor for at du har opplevd skodespelar Marianne Krogh på scenen. 19 år gammal starta ho på teaterets elevskole. No er ho 70 år og har ingen planar om å gi seg med det første. Ho har gått frå å vere den yngste i ensemblet til å bli den eldste. I Språkoppdraget snakkar ho om korleis teateret har utvikla seg på desse åra.  ...

Hulda Garborg-spesial med Arnhild Skre 08.05.2026

Det Norske Teatret har alt å takke Hulda Garborg for. Faktisk hadde ho ein finger med i det meste vi i dag tenker på som rotnorsk, sånn som bunaden, folkedansen, norsk tradisjonskost og sjølvsagt nynorsk.   I denne spesialepisoden av Språkoppdraget har vi invitert den fremste eksperten på Hulda Garborg, nemleg Arnhild Skre. Ho er historikar, journalist og biograf. I 2011 gav ho ut den store b...

Fredrik Island Gustavsen om kunstløp, direkteteksting og akrobatikk i språket 19.02.2026

Kva har trippel tålupp og touchmetoden til felles? Begge krev presisjon i lufta og total kontroll i landinga. Det ser leikande lett ut når ein kan det, og smertefullt ut når det går skeis. Men først og fremst har dei dagens gjest i Språkoppdraget til felles!   Fredrik Island Gustavsen jobbar til vanleg i NRK med direkteteksting, men under Vinter-OL er han kommentator i kunstløp. I denne episo...

Marie Blokhus om vaffelrøre, banning og «flink pike»-stempelet 17.02.2026

Kva har nakenbading i vaffelrøre, synestesi og Tverlandet til felles? Marie Blokhus, sjølvsagt. I meir enn 15 år har ho spelt roller på Det Norske Teatret, i alt frå  Hamlet  og antikkens tragediar, til  Fugøetribunalet  og barnelege i livskrise i Lars Noréns siste stykke  Kommunion . Ho har kjempa seg ut av «flink pike»-stempelet, og vunne Heddaprisen. I denne episoden av...

Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn og ein ulovleg salme 23.12.2025

Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn og ein ulovleg salme Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Ragnhild Holmås om rotta som skotta, språkglede og Donald Duck 10.12.2025

Dagens gjest er minst like glad i språk som oss i Språkoppdraget. Ragnhild Holmås skriv bøker om etymologi for både barn og vaksne. Sidan det snart er jul, får vi i denne episoden artige innblikk i julespråkets etymologi. Har bakverket vi et på Lucia-dagen noko med katter å gjere? Sit den fattige jomfrua i eit lønnetre? Er englane i vedskjulet? Og når nettene blir lange, kva gjer eigentl...

Natalie Bjerke Roland om Trump, Pippi og spel 24.11.2025

Dagens gjest har stått på scenen heile livet. Frå den tidlege starten med barnekor og teaterleik, har karrieren gått slag i slag for Natalie Bjerke Roland. Ho har spelt store musikalroller, vore å sjå i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og på film i den politiske satiren «Ingen kommentar».   På Det Norske Teatret står ho for tida på alle tre scenane og speler for utselde hus kve...

Margherita Podesta Heir om omsetjing, Jon Fosse og italiensk grammatikk 24.09.2025

Mange omsetjarar på like mange ulike språk bidreg til å bringe Jon Fosse sin dramatikk og prosa ut i verda. Og med det også eit stykke norsk kultur. Men det er ikkje alt som er like enkelt å få over til lesarar på andre språk. Vi inviterte den italienske omsetjaren til Fosse, Margherita Podesta Heir til Språkoppdraget for å lære meir om korleis ho jobbar. Den dedikerte og erfarne omsetjaren fortel...

#2 Redaksjonsmøte - DIFF, Siri og unnskyldning 05.09.2025

I dagens redaksjonsmøte får vi besøk av kollega, dramaturg og Fossefestival-general Siri Løkholm Ramberg. DIFF står for døra, og Siri tek oss gjennom programmet og alt vi kan gle oss til i årets festival! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Ingerid Stenvold om dialekt, Dagsrevyen og språkstrid 26.08.2025

Sesongens første gjest i Språkoppdraget er kjent frå sjølvaste NRK, der ho har losa oss gjennom sportssendingar, debattar og Dagsrevyen dei siste åra, nemleg Ingerid Stenvold. I denne episoden gir ho oss ei grundig innføring i dialekta si frå Indre Troms, og vi rippar opp i den store språkstriden som vart utløyst då Ingerid var den første som fekk bruke dialekt på Dagsrevyen for 15 år sidan. Det v...

#1 Redaksjonsmøte - Ny sesong! 19.08.2025

Ny sesong av Språkoppdraget, og no i ny drakt! Vi oppsummerer sommaren, kva som skjer på teateret i desse dagar og vi avslører neste gjest. Spørsmål og tips kan sendast til sprakoppdraget@detnorsketeatret.no eller på sprakoppdraget på IG!  God lytt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Frida Ånnevik om cover, knoting og bluesadvokatar 22.05.2025

Frida Ånnevik har komme over frykta for å gå tom for idear, og har minst fem låtar i hovudet som berre skal ut. Den allsidige musikaren og tekstforfattaren har gitt ut seks album og har peishylla full av Spelemannsprisar. Ho jobbar i eit vidstrekt musikalsk landskap med coverlåtar, samarbeid og heilt eigne prosjekt.     For tida kan du oppleve hennar gjendikting av musikalen&nb...

Eurovision-spesial! 07.05.2025

Det er høgsesong for paljettar, vindmaskin og modulasjonar, og Språkoppdraget nyttar høvet til å invitere til ein Eurovision Song Contest-spesial. 17. mai er det finale i Basel, og i studio har vi har fått med oss to av Noregs største ESC-fans, Simen Formoe Hay og Johan Hveem Maurud. Dei står bak suksessframsyninga  Europavisjonar  som speler for fulle hus på Det Norske Teatret. Kven sku...

Peer Perez Øian om prosessar med menneske, maskinar og teaterframsyningar 09.04.2025

Ein ny episode av Språkoppdraget er her, og denne gongen er det regissør Peer Perez Øian som er gjest. Han er halvt amerikansk, er utdanna både skodespelar og regissør og har ei mørk fortida som nynorskmotstandar i Bærum. Dei siste åra har han vore husregissør på Det Norske Teatret og sett opp ei rekke framsyningar her. I denne episoden skal det handle mest om prosessar: Om framsyninga Prosessen m...

Jakob Höglund om irsk musikk, finsk grammatikk og nynorsk romantikk 29.01.2025

Årets første gjest i Språkoppdraget kjem frå Finland, men lærte seg finsk først i vaksen alder. Skodespelar, dansar, koreograf, regissør og teatersjef Jacob Höglund er fødd og oppvaksen i Österbotten i Finland, der finlandssvensk er det dominerande språket. Om lag 300 000 finnar har finlandssvensk som morsmål, og i Språkoppdraget fortel Jacob om korleis det er å vekse opp i Finland utan å sna...

Språkoppdragets julestrømpe! 23.12.2024

Dei rolege juledagane er endeleg her, og kva er vel betre enn å lytte til Språkoppdragets julespesial mens du et noko søtt før frukost? Vi har fylt opp ein liten julestrømpe med juleknask av aller beste sort. Vi snakkar om den jula Ivar Aasen snødde inne i Ørsta og den nyårsaftanen han gjekk seg vill på Oslo Vest, om kvifor Hulda Garborg grudde seg til jul og om kva Arne Garborg hadde imot juletre...

Julehefte spesial 18.12.2024

Dei årlege julehefta er eit viktig element i julefeiringa for mange. Juleheftet har ein lang tradisjon i Noreg, med røter tilbake til 1800-talet. Det første teikneseriejuleheftet, med det amerikanske søskenparet  Knoll og Tott , kom i 1914. Men vi har også fire nynorske hefte som har vore med oss, meir eller mindre årleg, sidan 1940-åra.  I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med...

Gina Bernhoft Gørvell om Sonja, samurai og Snøsøstera 20.11.2024

I denne episoden av Språkoppdraget har vi fått ein ny skodespelarkollega frå Det Norske Teatret i studio. Gina Bernhoft Gørvell kom rett til Det Norske Teatret frå skodespelarutdanninga på KhiO for fem år sidan. Sidan har ho spelt ei rekke ulike roller på alle scenane våre. No før jul er ho aktuell i to roller, Hedvig i Snøsøstera, og den nesten ordlause rolla skuggesøstera i Jente, 1983. Korleis...

Sveinung Rotevatn om maktspråk, jusspråk og nynorsk i Grunnlova 30.10.2024

Dagens gjest er kjent frå ein annan scene enn teaterscenen, nemleg den politiske scenen, men han har også mange andre talent. Han har både sete ved kongens bord og ikkje minst spelt i kongens eige korps. Han er fløytist, pianist og jurist, men er mest kjent som nestleiar i Venstre, stortingsrepresentant og tidlegare statsråd.   I denne episoden av Språkoppdraget tek Sveinung Rotevatn oss med...

Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst 25.09.2024

Endeleg er det sesongopning av Språkoppdraget, og den første gjesten vår denne hausten er ein god kollega, som neste år feirar sølvbryllaup med Det Norske Teatret. Då har nemleg skodespelar Heidi Gjermundsen Broch jobba ved teateret i 25 år. Ho har spelt og sunge store roller i store musikalar, og har også spelt ei rekke andre roller på scenane våre sidan ho byrja jobbe her i år 2000. I denne epis...

Sommarspesial 26.06.2024

Vi rundar av sesongen med ein liten sommarprat internt i Språkoppdraget-redaksjonen. Produsent Ole Herman får kjenne på korleis det er å vere programleiar. Inger Johanne blir avslørt som trønder og Erlend avslører ei fortid i danseband. Vi mimrar tilbake til gullkorn frå vårsesongen, snakkar om ferieplanar og lesetips. I tillegg svarar vi på spørsmål frå lyttarane. Med ønske om ein riktig god feri...

Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar 29.05.2024

Spynorsk. The Musical hadde premiere i april og speler i vår for fulle hus på Det Norske Teatret. I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen, nemleg Nynorsk ordliste. På premierefesten til Spynorsk. The Musical var det to personar som stod i fleire timar og skreiv autografar, og det var dei to redaktørane av nettopp Nynorsk Ordliste. Ei av dei er leksikograf Margunn Rause...

Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess 08.05.2024

Eigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den litt harde kommunikasjonsforma i industrien på Vestlandet, og reiste til Oslo for å komme i kontakt med sine eigne kjensler gjennom dei kunstnarlege prosessane på skolen. I år er det 10 år sidan Preben...

Ingrid Bjørnov om språk, musikk og mikken til pauken 10.04.2024

Som barn av to lærarar er Ingrid Bjørnov oppteken av språk og rettskriving. Men akkurat teiknsettinga er ho berre oppteken av på vekedagar. Ho har vore kjendis sidan ho var tenåring, vore popstjerne med filler i håret, innført stilleståande skigåing som dansetrinn i Grand Prix og blitt bannlyst i Nederland for vanæring av Mozart. No er ho aktuell med ein heilt ny musikal om Ivar Aasen, i tospann m...

Höre den Podcast Språkoppdraget in Replaio

Radio und Podcasts in einer App - kostenlos und ohne Anmeldung. Installiere sie noch heute und verpasse den Start nicht

Bei Google Play herunterladen

Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet