Det Norske Teatret
Språkoppdraget
Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk. Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by. Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål. Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gro...
Autor
Det Norske Teatret
Kategorie
Podcast-Website
Neueste Folge
25. Jun 2026
Wo hören?
Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbarPodcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts
Folgen
Frank Kjosås om stemmebruk, språkval og Ivar Aasen 21.03.2024 53:02
Frank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, og i denne episoden av Språkoppdraget...
Peder Lofnes Hauge om nynorsk, spynorsk og superhelten Ivar Aasen 06.03.2024 50:05
Peder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart nynorskaktivist. Då opplevde han for første gong å v...
Manish Sharma om Haugesund, hindi og Hør her’a 14.02.2024 43:48
I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av skodespelar Manish Sharma, som er premiereklar med stykket Hør her’a i desse dagar. Manish er truleg ein av landets største Haugesund-patriotar, og i denne episoden snakkar han om kvifor han er så glad i heimbyen sin, om korleis han lærte seg hindi, morsmålet til foreldra sine, gjennom å sjå Bollywood-filmar, og om kvifor han misliker at det er så...
Anna Malzer om språk, identitet og å lese seg sjølv på nynorsk 31.01.2024 50:45
Språkoppdraget er tilbake med ein ny sesong i eit nytt år, og den første gjesten i 2024 kjem heilt frå Danmark. Anna Malzer er regissør og dramatikar, og vart Danmarks yngste teatersjef berre 27 år gammal. I desse dagar har ho permisjon frå teatersjefjobben på Mungo Park utanfor København, for å sette opp sitt eige stykke Tatovering på Det Norske Teatret på Rommen. I denne episoden av Språkoppdrag...
Herborg Kråkevik – om juleroser, julesongar og julestemning 20.12.2023 50:51
I denne julespesialen av Språkoppdraget får vi besøk av Herborg Kråkevik. Artisten og skodespelaren har vekt til live det tradisjonsrike litterære juleheftet Juleroser . I år kjem det i si niande utgåve med Herborg som redaktør. Med nye og gamle forteljingar, dikt, julesongar og biletkunst, ønskjer ho at det skal gi ei lomme av høgtid og fred i ei travel førjulstid. Sjølv om Herborg Kråkevik...
Stein Torleif Bjella om ved, vers og visu 15.12.2023 42:53
Vekas gjest i Språkoppdraget har jobba som korrekturlesar, snikkar, lokalavisjournalist og seljar av dører, og han har komme til tredjeprøven på Teaterhøgskolen utan å komme inn. Men Stein Torleif Bjella vart skodespelar likevel. I desse dagar er han å finne på Hovudscenen på Det Norske Teatret kveld etter kveld, framfor fullsette salar av folk som vil sjå på vedarbeid. Truleg har mange av dei tat...
Ina Svenningdal om Frost, Skam og livet i Svingen 24.11.2023 42:04
Skodespelar Ina Svenningdal meiner sjølv ho slurvar fælt når ho skriv og snakkar. Men når ho skal lære replikkar, har ho stålkontroll. Kanskje ikkje så rart, for 27 år gamle Ina har jobba som skodespelar nesten heile livet. No speler ho Disney-prinsessa Anna i Frost sju gonger i veka, ei rolle Ina 5 år ville fryda seg over, og ei rolle Ina (27) har gjort til si eiga med kjensler, varme...
Julian Kirkeby Lysvik om steinaldernorsk og bibelnorsk 20.10.2023 50:33
Kva har mesolittisk, eit konstruert fantasispråk frå om lag 9000 år før Kristus og moderne norsk bibelomsetjing til felles? Jo, vekas gjest i Språkoppdraget jobbar med begge delar. Julian Kirkeby Lysvik er ein ekte språknerd, språkdoktor og bibelnerd frå Kvæfjord i Troms, som fekk språkinteressa vekt gjennom alvespråket i Ringenes Herre og bibelinteressa vekt gjennom gudstrua si. I sommar var...
Olaug Nilssen om titlar, tabu og kjærleiken til musikalar 28.09.2023 51:15
I år er det 25 år sidan Olaug Nilssen debuterte som forfattar, og i desse 25 åra har ho prega norsk offentlegheit som forfattar, redaktør, meiningsberar, litteraturmeldar, podkastvert, biograf, og som ein sterk talsperson for barn med særskilde omsorgsbehov, og foreldra deira. I Språkoppdraget snakkar Olaug Nilssen om den nye romanen sin og kvifor han har ein skrivefeil i tittelen,...
Gísli Örn Garðarsson om å drøyme på norsk, spele Shakespeare på tysk og lage Frost på fem nordiske språk 13.09.2023 46:00
Teater på islandsk er leikhus, og nettopp leiken fyller dagane til årets første gjest i Språkoppdraget. Gísli Örn Garðarsson er skodespelar og regissør frå Island, som har fått den store tilliten frå Disney til å lage musikalen Frost i alle dei fem nordiske landa, på fem ulike språk. Først ute er Det Norske Teatret og Let it go på nynorsk. I Språkoppdraget snakkar han om teatermagi, språkmagi og o...
Kari Veiteberg om tru, teater og tekstane som samlar oss 14.12.2022 42:49
Oslo-biskop Kari Veiteberg må ha eit språk for alle livets fasar, frå bryllaup og dåp, til gravferd og nasjonale kriser. I dei største gleder og dei djupaste sorger skal ho finne orda som samlar, anten vi trur eller tvilar. Kva er likskapen mellom kyrkja og teaterscenen? Er det mogleg å samanlikne kyrkjelyden med eit publikum? Og korleis kan ein bryte gjennom «den fjerde veggen» i Guds hus? Det ha...
Erik Ulfsby om teater, tospråklegheit og kvifor det meste er best på nynorsk 16.11.2022 44:10
Teatersjefen på Det Norske Teatret vaks opp som tospråkleg i Oslo. Han snakka Oslo-dialekt ute og nederlandsk heime, men skjønte ikkje kva han skulle med nynorsken han lærte på skolen. Etter 12 år i sjefsstolen på Noregs største nynorskinstitusjon er han igjen tospråkleg. No vekslar han mellom nynorsk og bokmål i skrift, og han har skjønt at mykje er betre på nynorsk. Erik Ulfsby er også styreleia...
Gunnhild Øyehaug om Kristin Lavransdotter, Ivar Aasen og kritisk lesing 02.11.2022 40:00
Forfattar Gunnhild Øyehaug har alltid kjent ein sterk fellesskap med Ivar Aasen. Ho vaks opp i ein språkmedviten familie i Ørsta, har vore nynorskbrukar heile livet, og trudde på eit tidspunkt at ho var ein reinkarnasjon av Aasen sjølv. I over 20 år har ho vore ei av dei mest særprega nynorske stemmene i norsk litteratur. Sjølv om ho er utropt til ein «master of the short story», har ho med omsetj...
Maja Lunde om skriveglede, språkleik og den fantastiske jula 19.10.2022 40:54
Som forfattar er språket ein av Maja Lunde sine absolutt viktigaste arbeidsreiskapar. Etter fleire år som manusforfattar for film og tv, var det ein flau og krevjande overgang til skjønnlitteraturen. Men 10 år etter bokdebuten, har forteljingane hennar nådd ut til millionar av lesarar i meir enn 50 land. No kan Maja Lunde skrive når og kor som helst, og aller helst skriv ho på toget. I denne episo...
Linda Eide om dikt, dialekt og ufrivillige emojiar 05.10.2022 45:13
Linda Eide har fått norske familiar til å samle seg rundt fjernsynsapparatet på laurdagskvelden, nett som i gamle dagar, med det underhaldande og nyfikne programmet Eides språksjov. Når ho endeleg er gjest hos oss i Språkoppdraget, prøver vi å dykke djupare ned i språket til Linda Eide sjølv. Vi snakkar med Linda Eide om kor viktig dialekten er for identiteten hennar, og spør kven ho ville vore om...
Lars Petter Sveen om frykta for å stamme og lysta til å snakke 22.09.2022 48:33
Forfattar Lars Petter Sveen har levd med stamming heile livet, og like lenge har han prøvd å skjule at han stammar. Han trudde også at han takla det veldig fint, heilt til han svima av under ei opplesing på scenen på Litteraturhuset i Oslo i fjor haust. «Eg håpar ikkje eg stamma», var det første han tenkte på då han kom til seg sjølv igjen. Det andre han tenkte var: «No har frykta for å stamme gåt...
Kjersti Horn om skam, skrekk og Sigrid Undset 07.09.2022 41:32
Å dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar langt teaterstykke. Ideen hennar om å lage teater av alle dei tre banda av Kristin Lavransdotter starta med ein feilsend e-post, og enda opp i ein teatermaraton som har premiere på Hovudscenen på Det Norsk...
Christian Ruud Kallum om Mattis, Moss og vegen til scenen 01.06.2022 49:00
Heilt sidan han var ein liten og sjenert gut i Moss, har Christian Ruud Kallum visst at han skulle bli skodespelar. Men han trudde aldri at han skulle få bruk for nynorsken han lærte på skolen. No er han fast tilsett skodespelar på Det Norske Teatret, for tida aktuell i den enorme rolla som Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Christian om vegen frå sjenert...
Are Kalvø om parodi, popmusikk og vulgær nynorsk 18.05.2022 37:33
Han er ein av verdas mest kjente nynorskbrukarar og har fått omtrent alle nynorskprisane som finst. Men kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når han som er kjent som Noregs 57. morosamaste mann, forfattar og satirikar gjestar Språkoppdraget. Vi snakkar om nynorsk som humorspråk og kvardagsspråk, om inspirasjonen frå populærmusikken, og om kvi...
Unn Vibeke Hol om dialekt, dubbing og eit liv i teateret 06.05.2022 41:52
I nesten eit halvt hundreår har Unn Vibeke Hol vore skodespelar på Det Norske Teatret. Sidan teaterdebuten som Tussie i framsyninga Ole Brumm har ho gjort eit utal roller. Stemma hennar har du garantert høyrt. Kanskje du har møtt henne på skogtur med hunden, medan ho puggar replikkar. Eller på film, som Disney-prinsesse, Teletubbie, Snorkfrøken, tårnfalk eller Meryl Streep. Ho har gjort det meste....
Sara Khorami om Kristin Lavransdotter, dubbing og livet som tospråkleg 20.04.2022 30:41
Når Det Norske Teatret set opp romanverket Kristin Lavransdotter på Hovudscenen, er det skodespelar Sara Khorami som speler tittelrolla. I løpet av 8 timar maratonteater skal ho følgje Kristin frå barndom til grav. I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv å bli dubba på farsi, om skilnaden på å spele i f...
Alfred Fidjestøl om den spektakulære historia til Det Norske Teatret 06.04.2022 30:55
No til dags utspeler det meste av dramatikken på Det Norske Teatret seg på scenane våre. Men slik var det ikkje i oktober 1913, då teateret opna. Den gongen utspelte dei mest dramatiske scenane seg i gatene rundt teateret, der fleire tusen menneske tok del i gatekampar, fleire kveldar på rad. Og det var ikkje teaterframsyningane i seg sjølv som førte til det sterke engasjementet; det var at teater...
Runar Gudnason om rap, teater og gleda ved eit godt rim 23.03.2022 33:39
Runar Gudnason er kjent for mange som rappar i Side Brok, og no er språkmennesket frå heimbygda til Ivar Aasen aktuell som gjendiktar på Det Norske Teatret. Når Into the Woods kjem opp på Hovudscenen denne våren, er det i Gudnason si norske språkdrakt. I denne episoden av Språkoppdraget blir vi med han inn i ein skog og snakkar om jobben med å dikte om den samansette og referansetunge musikalen ti...
Line Norman Hjorth om språket i Orderud-saken og truverd til rettssalen 16.03.2022 39:51
Trippeldrapet på garden Orderud i 1999 er ei av dei mest omtala drapssakene i Noreg. Ingen er dømd for drapa, men fire personar blei dømde for medverknad. Med få tekniske bevis, handla rettssaka i stor grad om truverd. Kva er det som gjer at vi har tillit til nokon, men mistrur andre? Kva rolle speler språket i ei rettssak? Og kva vil det seie å ha truverd til rettssalen? Det er tema for denne epi...
Guri og Olav Vesaas om faren Tarjei Vesaas, om Fuglane og teateret 23.02.2022 57:24
I år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i høve jubileet set Det Norske Teatret opp romanen hans Fuglane i ei ny dramatisering. I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av barna til Tarjei Vesaas, Guri og Olav Vesaas. Dei fortel om Tarjei Vesaas sitt forhold til språket, til teateret og ikkje minst til romanen Fuglane og karakteren Mattis. Vi snakkar også om mor til Guri og Ola...
Ähnliche Podcasts
Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet