Bjarte, Ola og Øyvind

PALLPLASS - ein metalpodkast

Music NB ↓ Episoade: 30

Ola, Bjarte og Øyvind tek for seg topp 3 - sjølve pallplassen - av albuma til band dei likar innan heavy.

Vizitează neapărat site-ul podcastului și susține-i creatorul: rss.com

Autor

Bjarte, Ola og Øyvind

Categorie

Music

Site-ul podcastului

rss.com

Cel mai nou episod

20 nov. 2026

Unde asculți?

Podcasturi în aplicație Replaio Radio În curând

Podcasturile ajung în curând în aplicație. Instaleaz-o acum și fii primul care descoperă o abordare complet nouă a podcasturilor

Descarcă din Google Play Instalează gratuit Android 10 mil.+ descărcări · nota 4,7+ iOS în curând

Episoade

030 - OZZY OSBOURNE 20.11.2026

Ozzy Osbourne. The Prince of Darkness. John Michael Osbourne. Kjært barn har mange namn! Det er sjølvsagt den klassiske Black Sabbath-vokalisten sin solokarriere som skal opp på pallen denne gongen, og her er det mykje å ta tak i - både når det gjeld musikken og livet prinsen har levd. Er det dei to første platene som heilt klart er best, eller er kvalitetsstatusen deira prega av at Randy Rhoads o...

029 - EXODUS 13.11.2026

Det femte medlemmet av «The Big Four» innan thrash metal står for tur i denne episoda av PALLPLASS. Eller BURDE dei vore blant dei faktisk store fire? Vi snakkar sjølvsagt om EXODUS. Stødigare og meir produktiv riffhand enn handa til Gary Holt skal du leite lengje etter. Kanskje Metallica «stjal» feil gitarist frå Exodus i si tid? Kva er det med mannen og myta Paul Baloff? Har Bonded by Blood tålt...

028 - SYMPHONY X 06.11.2026

Me må snakka om Symphony X. Michael Romeo har saman med resten av bandet levert ein imponerande diskografi innan neo-klassisk prog metal gjennom tre tiår. Men kva er vel eigentleg prog metal? Og kva er neo-klassisk metal? Burde Dream Theater vere misunnelege på både vokalist og låtskrivinga hjå Symphony X? Kven er vel Michael Romeo? Er Sir Russel Allen faktisk slått til riddar? Kor stor skade kan...

027 - METAL CHURCH 29.10.2026

Metal Church skal på pallen i denne episoden, og det er ikkje berre enkelt å kåre topp 3 med Vanderhoof og kompani. Eller? Kanskje det er ganske enkelt? Er det regelen her òg, som hjå ein del andre band, at det er dei gamle, klassiske albuma som klatrar seg på pallplassen, eller har Kurdt meir å by på gjennom diskografien? Kva vokalist kledde/kler Metal Church best? Lopes? Allen? Munroe? Howe, ell...

026 - OPETH 23.10.2026

Opeth. For eit band! Kva er det med desse svenskane som eigenhendig laga sin eigen sjanger allereie på debutalbumet? Korleis har dei klart å få denne semi-introverte, komplekse death-prog-metal-rocken sin med låtar på pluss/minus 10 minuttar, til å bli allemannseige i metalverda? Kva besetning var/er eigentleg den beste? Eller har ikkje mannskap noko å seia i Opeth all den tid Åkerfeldt er ved ror...

025 - CANDLEMASS 15.10.2026

I episode 25 snakkar vi om ein av pionerane og kanskje DET viktigaste bandet innan doom metal, nemleg Candlemass. Med primus motor Leif Edling som einaste konstante medlem (iallfall i studio) og 13 studioalbum fordelt på 5 vokalistar (eller 6, om du reknar med EPar), er vel diskografien ei salig blanding av hummer og kanari. Eller? Er det eigentleg det? Er Edling-DNAet i musikken nok til at alle 1...

024 - HELLOWEEN 01.10.2026

Det er dei sjangerdefinerande tyskarane i HELLOWEEN som skal setjast på pallen denne gongen. Platene til og med Keeper of the Seven Keys pt. 2 er krutsterke, og spesielt Keeper-skivene er kanskje støypeforma og sjølve definisjonen på power metal - eller tyskarmetall, om du vil. Men har Weikath og kompani meir å by på enn den tidlege (fullengder)troikaen? Slik som f.eks. Pink Bubbles Go Ape med m.a...

023 - CARCASS 26.09.2026

Liverpools store søner i Carcass er episodetema denne gongen. Kva er det med britane og deira grindcore/death metal (og i ei periode heavy metal) som er så eigenarta og feit? Kva betyr eigentleg alle låttitlane? Necrotisism eller Swansong? Reek of Putrefaction eller Symphonies of sickness? Heartwork eller Torn Arteries? Bill Steer eller Michael Amott? Eller Carlo Regadas? Kvifor spelar Ken Owen så...

022 - ACCEPT 17.09.2026

Velkomen til ei ny episode med PALLPLASS! I denne episoden tek vi for oss ACCEPT som har heldt det gåande i imponerande 50 år. Dei har ei ny skive ute med lassevis med gjesteartistar for å feire jubileet, men hamnar denne samlinga med nyinnspelingar på pallplassen? Og fungerer eigentleg Accept utan Udo på vokal? Skulle John Norum spele gitar i Accept? Kor lengje var Arjen Anthony Lucassen gitarist...

021 - SEPULTURA 11.09.2026

Det er fredag, snart helg og sjøøølvsag NY episode med Pallplass der vi snakkar om: SEPULTURA! Kva var det eigentleg som skjedde i Belo Horizonte på 80-talet? Kvifor heiter dei Sepultura? Kva var peak Sepultura - Arise, Chaos A.D. ... eller kanskje Against? Held plåtene seg godt? Kva skjedde då Max Cavalera forsvann – og kunne Sepultura verkeleg halde fram utan han? Kven er den beste Sepultura-tro...

020 - SAXON 04.09.2026

Kva er meir metall enn dongeri og lær? Jau, det er sjølvsagt: SAXON! Kva er det med Biff og kompani som gjer at Saxon er så tidlaust bra? Kva er koplinga mellom Saxon og Dombås? Kan 2000tals-plåtene hamle opp med dei tidlege, klassiske albuma? Kva skjedde med Oliver og Dawson? Kvifor spelte Jörg Michael berre på ei Saxon-plåte? Kva var platedebuten til Biff Byford og kva instrument spelte han der?...

019 - CELTIC FROST 28.08.2026

UGH! Pallplass er attende med morbide forteljingar i podkastformat. I episode 19 er det Celtic Frost som står for tur. Kvifor var desse sveitsarane så innflytelsesrike? Kva æra var best? Glam-æraen eller ugh!-æraen? Eller: Cold Lake eller Morbid Tales? Er Dethroned Emperor tidenes låt? Eller kva med Babylon Fell? Eller kvifor ikkje I Won’t Dance – som er favorittlåta til Øyvind? Kva låt blir prese...

018 - OBITUARY 13.08.2026

Sommarferien er ferdig og det er endeleg duka for ny sesong med PALLPLASS! No går turen til Florida, amerikansk death metal og sjølve pionerane i sjangeren: OBITUARY. For eit band! Kva er vel meir synonymt med death metal-vokal enn vokalen til John Tardy? Og kva syng han eigentleg? Er det lydar eller faktiske ord og setningar? Kvifor stjal dei omslagbiletet dei brukte til Cause of Death, frå Sepul...

017 - PANTERA 10.07.2026

Det er sommar, det er helg og det er ny episode med PALLPLASS! På menyen står kongane av groove- (og glam?) metal: PANTERA. Kva vokalist var best - Glaze eller Anselmo? Jerry Abott eller Terry Date? This Love eller Cemetary Gates? Ride my Rocket eller Down Below? Glam-Pantera eller groove-Pantera? Hugsar Ola kva låt han sang av Dio, med Blaze Bayley-stemme i førre episode? Har Øyvind baka pizza? B...

016 - DIO 02.07.2026

Kor mange DIO-album spelte Doug Aldrich på? Kvifor er riffet i tittellåta på Dream Evil så likt Man on the Silver Mountain? Campbell eller Goldy? Tracy G eller Robertson? Var Jake E. Lee meint å bli med DIO? Er Strange Highways og Angry Machines totalt krise, eller er dei undervurderte perler? Må ein spele trompet for å bli ein legendarisk vokalist? Er DIO eigentleg heilt opphengt i regnbogar? Bur...

015 - DREAM THEATER 25.06.2026

Det er sommar, det er VM i fotball og midt i det heile er det ny episode med Pallplass - aiaiai, for ein troika! Ola er på vestlandsturnè, og vi har fått med oss Dream Theater-leksikon Geir Byre som hedersgjest. Denne gongen er det blueprinten på prog-metall, Dream Theater, som skal på pallen. Er prog-metall bra greier? Er Dream Theater eigentleg bra? Har James LaBrie levert ein bra konsert dei si...

014 - CORROSION OF CONFORMITY 18.06.2026

Det er snart helg og det er ny, rykande fersk episode med Pallplass! Det er Corrosion of Conformity (CoC) som skal i ilden i denne vekas episode. Kva er linken mellom Pepper og Metallica? Spelte CoC eigentleg thrash? Animosity eller Blind? Wiseblood eller Deliverance? Crossover-CoC eller bluesy stoner-CoC? Er Woodroe tidenes mest joviale gitarist? Har Mike Dean pent hår? Er Mystic Festival bra gre...

013 - KYUSS 04.06.2026

... Har Øyvind oppdaga sin nye favorittsjanger? Er det eigentleg eit "Generator-party" - miljø i Ottadalen? Er Ola på på tynn is når Sun&Sail Club får raus omtale? Denne vekas band er sjølvaste Kyuss: pionerane inna Stonerrock/Ørkenrock! Og ikkje minst: kva sang var det Blaze prøvde seg på i dag? Bli med i konkurransa på pallplass.rossehaug.no . Vinylplate av sjølvaste Anal Bros er premien! Kå...

012 - AC/DC 28.05.2026

PALLPLASS is back (in black)! Det er altså klart for ei ny episode med Pallplass. Ei heil veke sidan sist! For lengje seier nokon, for stutt seier andre. AC/DC står på menyen i denne episoda og i den anledning har vi henta inn spisskompetanse på skotsk-australsk RÅKK, nemleg Magnus Al Lilleengen – kjend frå Død Drøm og Black Ice. Kva er det som gjer AC/DC så bra? Er Fly on the Wall eit undervurder...

011 - ATHEIST 22.05.2026

Det er teknisk death metal som er i fokus i vekas episode med Pallplass. Sjangerpionerane i Atheist skal på pallen denne gongen, og det er ikkje berre enkelt å rangere plåtene deira. Kva gjorde Atheist så spesielt? Kvifor blei ein tilskodar bore ut av Rockefeller når dei varma opp for Candlemass? Er det Ola, Bjarte eller Øyvind som er linselus på live-DVDen frå Wacken i 2006? Kva var favorittplåta...

010 - LILLEHAMMER ROCK & SOTDUR 14.05.2026

Øyvind er på øyrevakstransplantasjon i Folldal, og i hans fråver er det duka for festivalSPESIAL i episode 10 av Pallplass. Gjestar i dag er Ståle Rønningen frå Lillehammer Rock og Ove Lilleengen frå SotDur. Felles for gjestane er at dei står bak to feite festivalar i Gudbrandsdalen. Korleis starta desse festivalane opp? Er det eigentleg god line-up på desse festivalane? Kva står i spelaren til Ov...

009 - SLAYER 08.05.2026

Thrash-pionerane i Slayer skal gjennom nålauga i episode 9 av Pallplass. Kva plater er eigentleg verdige av Tom Araya og kompani? Kva har Ola, Øyvind og Bjarte høyrt på sidan sist? "Stjal" Metallica feil gitarist frå Exodus i si tid? Kvifor hadde Tom blått auga under ein turne midt på 80-talet? Har Slayer spelt nu-metal? Er Divine Intervention eit oversett album? Lombardo eller Bostaph? Og ikkje m...

008 - METALLICA 30.04.2026

Ein kjem ikkje utanom gigantane i Metallica når ein har metalpodkast. Få band har vore meir definerande og hatt kommersiell suksess av den storleiken som Metallica har hatt! Men har dei gode album, eigentleg? Og kva album strevar seg opp på pallplassane? Er LuLu ein undervurdert juvel? Er Load det beste Metallica-albumet? Kven spelte bass på St. Anger? Har Lars Ulrich vore på hytteferie i Vågå? De...

007 - TONS TIL FJELLS 23.04.2026

Øyvind er på spa- og hårsekkbehandling i Øystese og i hans fråvêr har vi lånt ut mikrofonen til sjølvaste Marius Haugaløkken, drivar av Gjendesheim og festivalvert for den nye, kolossale metalfestivalen Tons til fjells - ein avart av Tons of rock-festivalen. Korleis blei festivalen til frå idè til realisering? Kva har stått i spelaren til Marius i det siste? Kva har festivalverten til felles med J...

006 - MOTÖRHEAD 17.04.2026

Kva plater kjem på pallplassen når Motörhead, med legendariske Lemmy i spissen er tema i episode 6 med Pallplass? For å finne ut av dette må Ola, Øyvind og Bjarte ha med seg førstemanuensis i Motörhead - Kåre Plassen. Nyt!

Ascultă podcastul PALLPLASS - ein metalpodkast în Replaio

Radio și podcasturi într-o singură aplicație - gratuit și fără înregistrare. Instaleaz-o azi și nu rata lansarea

Descarcă din Google Play

Replaio nu este editorul podcasturilor; numele emisiunilor, coperțile și materialul audio aparțin autorilor lor și sunt distribuite prin fluxuri RSS publice