Jærmuseet
Ting - frå Jærmuseet
I podkasten "Ting – frå Jærmuseet" får du historiene om gjenstandane du kan oppleva i Jærmuseet sine samlingar. Kvar episode tar utgangspunkt i éin konkret ting – alt frå kvardagslege reiskapar til unike gjenstandar – og lar denne gjenstanden opna døra til større historier om livet, menneska og utviklinga på Jæren. Programleiar Christian Gilsvik inviterer til samtalar med fagfolk og lokale forteljarar som opnar skattekistene med historier frå Jærmuseet. Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Tidenes jærbu: Garborg eller Haaland? 08.06.2026 34:20
Kven er eigentleg størst av Garborg og Haaland? I denne episoden kastar vi oss rett inn i ein uventa duell mellom to jærske profetar – på kvar si side av historia. I det eine hjørnet: Arne Garborg. Språkbyggjaren, tenkjaren, nasjonsformaren frå Jæren. I det andre hjørnet: Erling Braut Haaland. Målmaskina som har sprengt grenser og blitt ei av dei største stjernene i verdas største idrett – ein mod...
Krigen: Den hemmelege jula hos Øglænd - eit augeblikk av fred 11.12.2025 35:15
I denne spennande episoden av Ting frå Jærmuseet dykker me ned i dei farlege okkupasjonsåra for å fortelja historia om to enkle, raude julekuler med utklipt kristtorn. Julekulene i Vitenfabrikkens museumsmagasin er beviset på ei hemmeleg og risikabel samling på Jonas Øglænd-fabrikken i 1944. Jonas Øglænd AS var eit stort konsern, mellom anna kjent for sykkelmerket Den Beste Sykkel (DBS). Dei t...
Auksjonshammaren – sorg, pengar og pels 31.10.2025 29:35
For pelsdyrbøndene symboliserte slaget frå auksjonshammaren både uro og håp. I denne episoden av Ting frå Jærmuseet fortel me historia om norsk pelsdyroppdrett – frå glanstid til avvikling . Me ser tilbake på den Klondike-liknande æraen då Noreg var verdsleiande på sølvrevproduksjon. Høyr om tider då ein mutasjon kalla platinareven oppnådde den utrulege prisen på 11 000 dollar i New York. Pelsdyrn...
Jagerflygarar på Sola – spionasje og kald krig 19.09.2025 31:56
I den nye episoden av "Ting frå Jærmuseet" skal vi dykke ned i ein litt annleis og ganske farleg del av norsk historie – noko som ikkje vert snakka så mykje om: kvardagen til dei norske militærflygarane under den kalde krigen. Denne tida forma ikkje berre forsvaret, men òg dei som sat i cockpit og flaug dei raskaste og mest moderne flya vi hadde. For å kaste lys over denne litt skjulte sida av his...
Amerikafanen frå Gjesdal – lengsel og samhald 04.07.2025 28:17
Kva betyr eigentleg ei fane for dei som reiste frå Gjesdal til Amerika? I denne episoden av «Ting frå Jærmuseet» dykker vi ned i historia bak Amerikafanen frå Gjesdal – eit stolt symbol som samla utvandrarar i det nye landet. Vi fortel om korleis fanen blei til, kven som laga han, og kvifor slike faner var så viktige for å halde på identiteten og fellesskapet blant norsk-amerikanarar. Bli med når...
Mysteriet om Arne Garborgs tresko 20.06.2025 23:08
I denne episoden av "Ting – frå Jærmuseet" får du høyre den utrulege historia om treskoa til Arne Garborg – eit par tilsynelatande enkle tresko som har reist lengre enn dei fleste jærbuar. Kva skjedde då treskoa forsvann frå Knudaheiå og plutseleg dukka opp på andre sida av Atlanteren? Kvifor vart dei så viktige for både lokalbefolkninga og samlarar i USA? Og kva slags symbolverdi har dei i dag?...
Snart kjem ny podkast frå Jærmuseet 16.06.2025 0:33
I denne podkasten får du høyra historiene om gjenstandane på Jærmuseet. I kvar episode vil ein av dei tilsette ved museet fortelja ei unik historie knytta til ein av tinga som me kan oppleva på Jærmuseet sine museumsavdelingar. Følg og abonner på podkasten - så får du vita når det kjem nye episodar. Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.